tirsdag 1. november 2022

Koppenbergcross - føromtale

 Som eg nevnte ein gang i vår, så fins det fire sykkelritt som einkvar middels sykkelinteressert MÅ få med seg i løpet av sesongen.
Dei to første er Flandern Rundt og Paris-Roubaix, begge svært gamle og prestisjefylte landevegsritt.

Begge desse to er i utgangspunktet nokre av dei mest underholdande sykkelritta som fins på kalenderen, derom er det ingen tvil.

Så har vi dei som vil sei at Tour de France og VM er absolutt påbudt å få med seg. Noko som forsåvidt er rett det også, men både touren og VM KAN bli kjedelig innimellom.

Så kva gjer vi nå, da landevegssesongen er på pause?
Jo, vi ser på sykkelcross!

Og 1.11. går eit av årets store happeningar av stabelen innafor den litt sære greina av sykkelsport.
1. november er fast dato for Koppenbergcross, sjølv om det har vorte flytta ein dag fram og tilbake hvis det har kollidert med verdscupen.

Kva er det som er så spesielt med Koppenbergcross?

Jo, det går av stabelen ......i Koppenberg!
Dette er ein av dei mest kjente av alle dei små, men gjerne veldig bratte, bakkane som er ein del av Flandern Rundt. Og forutan å være ein av dei mest kjente, så er det også den desidert mest berykta. Faktisk så berykta at arrangøren av Flandern Rundt måtte avstå fra å bruke den i mange år, etter ein svært dramatisk episode i 1987. 

Koppenberg er rett nok kort, men smal, består av heller skral brustein, og ikkje minst er det bratt. 
Dei tørre fakta er at bakken er 600 meter lang, og stig 64 meter. Det gir eit snitt på ca. 11%, noko som ikkje er heilt ille, hvis det ikkje var for det dårlege underlaget, og ikkje minst den brattaste biten på 22%

Landevegssyklar kunne tidlegare få store problem med å ta seg opp denne bakken, og Koppenberg var ein av dei få bakkane der ein faktisk kunne sjå verdas beste syklistar måtte GÅ med sykkelen sin.

Nå til dags er syklane heilt noko anna, og kun tekniske problem gjer at syklistane må spasere opp.

Men 1.11. er det altså tale om sykkelcrosss opp denne kjende brusteinsbakken. Ryttarane startar heilt i botn av bakken, der er det ikkje så bratt heller, og målgang er på toppen. Sidan dette er eit rundbaneritt, som alle crossritt, så tek syklistane av på toppen av bakken, bryt av til høgre, og deretter nedover, og bortover eit jorde som er ved sidan av bakken. Kvar runde tek ca. 8 minuttar, give or take alt etter vær og føre.
Det betyr at kvinner elite sykler fem-seks rundar, medan menn elite syklar sju-åtte.

Koppenbergcross vert rekna som kanskje det tøffaste av alle crossritt, saman med Namur, som i år skal arrangere EM kommande helg. Og Namur er jo nettopp det fjerde store sykkelarrangementet som du MÅ få med deg :-)

Sidan Koppenberg er så bratt og tøff, så er det gjerne dei klatresterke som vinn her. Ved målgang er syklistane så utslitt at dei knapt kjem seg over mållinja, og langt dei fleste må trillast vekk etter målgang. Det er såleis ein syretest som vi neppe finn maken til heile sykkelsesongen. 
Ja, cross er full guffe heile vegen, men med denne brutale målbakken, så vert det enda verre. 

Hvis du vil ha ein smakebit, så kan de leite her for fjorårets utgåve.

Det er også ein litt spesiell historie for dameklassen, som må nevnast.
Midt på 2010-talet vart Koppenbergcross vunne av Jolien Verschueren. Ho var liten og lett, ein ekte klatrespesialist som trivdes i denne beintøffe løypa. 
Så fikk ho kreft på hjernen, og kjempa i fleire år mot denne, før ho til slutt måtte gi tapt i 2021. Tross sjukdommen fikk ho være med på Koppenbergcross, endatil høsten 2020, kun nokre månader før ho døydde, nærast som ein hyllest. Alle visste at ho aldri ville komme til start igjen neste år.

Ho er å sjå, langt bak resten av feltet, på dette klippet, ca. 2:45 ut i videoen. Helsa er openbart ikkje den beste.

Året etter vart dameutgåva omdøypt til GP Jolien Verschueren.


Så, there it is. Kanskje årets mest underholdande sykkeltime for herrer, og ditto ca. 50 miutt for damene.

Enjoy!!

Rittet går på Eurosport, Discovery og GCN. Hvis du ikkje vil sjå dette spektakulære crossrittet, så er du eigentleg ikkje særleg sykkelinteressert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar