torsdag 10. november 2022

"Ja til fortsatt debatt om avkriminalisering"

 Innlegg i Sogn Avis pr. 10.11.2022.

*********************************************

Dordi Lerum meiner vi skal legge avkriminaliseringsdebatten død.

Det er eit veldig dårlig forslag.


Før vi grunngjer kvifor, så må vi sjå litt nærare på hennar innlegg.


Det er rett at den forrige regjeringa sitt forslag gikk ut på at ein ikkje skulle bli straffa for bruk og erverv, det som i dag vert ramma av Legemiddellova. Men ALT av salg, innførsel, produksjon og oppbevaring skulle framleis være ramma av straffelova. Dessutan; ALT av mindre kvanta, dvs. erverv til eige bruk, kunne også inndragast av politiet.

Forslaget fra Solberg-regjeringa var ein svært konservativ reform, støtta av bl.a. FN, WHO m.fl.


Lerum påstår at det er sjeldan at ein i dag er på fest utan at det vert nytta t.d. MDMA eller hasj. Dette rimer ikkje med opplysningane som kjem fram i t.d. Ungdata, da bruken har vore stabil i mange år. Dessutan, hvis det er tilfelle som Lerum hevdar, at hasj, MDMA, eller "kokain som flyter" så er det berre ei stadfesting på at Norges mangeårige strategi, som SP vil fortsette, ikkje fungerer. Hvis det verkeleg er slik at ungdomar er lagt inn på rusavvenning etter russetida, så er det eit resultat av den politikken vi har valgt: Nemleg å la organisert kriminalitet styre marknaden 100%. Det kan jo ikkje gå bra.


Lerum hevdar så at "H og V ville gjere narkotika lovleg". Dette er anten heilt misforstått, evt. blank løgn. Det var ingenting i reformforslaget som nevnte "legalisering". Det var aldri ein del av mandatet å vurdere det ein gang. Narkotika skulle fortsatt være ulovleg, men bruk og besittelse av brukerdoser(erverv) burde ikkje straffes, var konklusjonen.


Det er sjølvsagt bra at SP og AP vil satse på førebygging, men det har vi tross alt prøvd i over 50 år nå. Verkemidla har vore forbod, stigmatisering og straff. Hvis vi skal hjelpe og førebygge, så kan vi ikkje inkludere straff all den tid det ikkje har dokumentert effekt og vert frarådd av dei nemde internasjonale organ.


Tyskland legaliserer cannabis i streng statleg regi om eit drygt år. Tsjekkia følgjer etter. Luxembourg sameleis, Malta har legalisert, og fleire andre europeiske land vurderer det samme, ikkje minst Danmark. Det er eigentleg berre eit spørsmål om tid før også Norge innser at vi reduserer skadene ved å tilby eit regulert og kontrollert marked, istaden for å la kriminelle ha monopol. Dei kriminelle har alltid opent, null aldersgrenser og ingen krav til kvalitet eller styrkebegrensning. 
Det er skadereduksjon som er målet, det oppnår vi ikkje ved forbod. Vi veit det, fordi vi har prøvd det før, med alkohol. Det var ein dundrande fiasko. Vi burde ha lært av det.


Bruken forsvinn ikkje ved forbod og straff. Da hadde den gjort det for lenge sidan.


I Canada, der cannabis vart legalisert i 2018, vart dette gjort nettopp for å redusere skadene og for å redusere mindreårige sin kontakt med dei kriminelle miljøa.. Fire år seinare ser vi resultata: Totalbruken har hatt ein beskjeden økning, medan ungdomsbruken er halvvert. Det er nemleg ikkje så kult å fyre ein joint når foreldra kan gjere det heilt lovleg i si eiga stove. Dessutan har det legale salgsapparatet no erobra det meste av omsetninga.


Som pårørande og etterlatt, som ein direkte følge av vår farlige og destruktive narkotikapolitikk, er det ei hån mot oss når Lerum vil legge avkriminaliseringsdebatten død. Med ein avkriminalisering på plass for nokre år sidan, så hadde vi vore fulltallige rundt middagsbordet. Istaden vil det for alltid være ein tom plass. Det at SP vil fortsette ein politikk som tok fra oss kjære familiemedlemmer, er å spytte oss i ansiktet.


Så nei, vi gir oss ikkje med avkriminaliseringsdebatten. Det er altfor mange som fortsatt lir under forbuds- og strafferegimet, og vi ønskjer ikkje at fleire skal lide samme lagnad som oss. Stigmatiseringa som følgjer av forbudet og kriminaliseringa er i verste fall dødelig.
Slik vi fikk erfare.


Samtidig vil vi også arbeide for at bruken vert tryggast mogleg, i form av streng statleg regulering. Det er nemleg det motsatte av "fri hasj". Det er i dag vi har det slik, der alle som vil ha kan kjøpe 24/7 på Snapchat. Eit forbod er ingenting anna enn sponsing av kriminelle.


Det er dei uungåelege konsekvensane av SP sin ruspolitikk.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar