torsdag 3. november 2022

EM i cyclocross - ein kort føromtale

 Ja, da er det meisterskapshelg att. 
Nye fine meistertrøyer skal delast ut, om enn ikkje fullt så fine som regnbogetrøya som verdsmestaren får bruke. 

For eit par dagar sidan gikk Koppenbergcross av stabelen, som eg tidlegare har betegna som eitt av totalt fire sykkelritt som ein over middels sykkelinteressert MÅ få med seg.

Og nå til helga kjem sanneleg det neste. Ikkje det at EM i seg sjølv er så fantastisk spennande, men dette året går meisterskapet av stabelen i Namur, ei beinhard løype som kun den sterkaste kan finne.

I Koppenbergcross kan ein landevegssyklist klare seg bra, men i Namur vil den same gjerne være sjanselaus. OK, vi har multitalent som kan klare alle, men løypa rundt om citadellet i Namur kan tildels passe like bra for terrengsyklistar som landevegssyklistar. 
Som i Koppenberg er det ein brutal stigning ut fra start, og så går det opp og ned, og eg kan garantere at her må deltakarane av her og der. Det vil neppe være kunstige hinder her heller, da traseen er kanskje den mest utfordrande som er gjennom heile crossensongen.

Normalt pleier Namur å avholde verdscupritt her, langt uti desember, og vi vil nok sjå at det ikkje blir så vått, kaldt og brutalt som det har vore ved nokre høve siste åra. Du VEIT at det er tøft når ein elitesyklist som Eli Iserbyt må stå av fordi det var FOR kaldt. Det seier det meste. 

I det heile er traseen her eit eiendommeleg skue. Vi har bratte brusteinsbakkar, dritbratte skråningar både opp og ned. Skråsykling, bruer, asfalt, grus, gras (les: Gjørme ifall dårleg vær).
Kort sagt årets crosshøgdepunkt saman med Koppenberg.

Men kven som skal være med?

Heile meisterskapet starter med veteranklassane, og der har eg ikkje startlistene.
Men gledeleg nok har vi faktisk ein norsk deltakar også, endatil i herrer elite. Det er terrrengsykkelspesialist Mats Tubaas Glende, og dersom han kan få fullføre uten å bli tatt ut, så skal vi være superfornøgde. 
Ellers finn vi deltakarar fra mange europeiske nasjonar, noko som fortel meg at cross er nok større enn vi kunne tru. Og det fine er at det faktisk er ein viss sjanse for at nokon andre enn ein nasjon kan dominere også. 
Uansett, vi kjem ikkje utanom Belgia og Nederland. Dette er crossens desiderte kjerneområde, og derfra finn vi favorittane i omtrent alle klassar også. Vi har dog nokre outsiderar fra Frankrike, Storbritania, Spania, Sveits, Tsjekkia og Ungarn, men Belgia og Nederland vil antaglevis raske med seg det meste av medaljar. 

I både VM og EM har vi også ein ekstra klasse som vi aldri ser ellers, nemleg U23 for damer. Det er litt synd at UCI ikkje har pålagt arrangørane ein eigen klasse for U23 i eks. verdscupen, slik at meisterskapstrøya kunne bli vist fram iallfall nokre ganger.  Dessutan er damer elite ofte eit svært stort felt, så det kan med fordel delast opp ein smule. 
Det kule med U23 damer er at der har vi nokre av storfavorittane til å vinne eliteklassen. Årets komet, Fem van Empel fra Nederland, er kun 20 år, og har valgt å starte i eliteklassen. Ho må faktisk finne seg i å være den desiderte favoritten der også, så god som ho har vært. Supplerer vi med Blanka Vas fra Ungarn, Anne Marie Worst og Marianne Vos fra Nederland, samt multifenomenet Pauline Ferrand Prevot, så har vi nok vinnaren nevnt. Prevot må starte bakerst, men til hennar fordel er altså at feltet er såpass lite. Følg med på dette franske sykkelfenomenet på lørdag ettermiddag!

I herrer elite sender Belgia som vanleg ein heil armada med ryttarar som i utgangspunktet KAN vinne. Men det som er så fint i år, er at hverken Van Aert, Van der Poel eller Pidcock starter, slik at da byr det seg ein sjanse for andre også. Det er som kjent (nesten) aldri nokon andre som vinner når dei tre nevnte er med. 
Fjorårsvinnar fra Nederland, Lars van der Haar må finne seg i å være favoritt. Dog kan han finne på å slite ein smule i denne svært tekniske løypa, kanskje spesielt dersom det blir regn. 
Hans hovedutfordrar må bli Eli Iserbyt, verdas beste crossryttar denne sesongen og Europameister for to år sidan. 
Michael Vanthourenhout fra Belgia må også nevnast, og muligens Kevin Kuhn fra Sveits også. Uansett får vi nå eit adskillig meir spennande meisterskap enn når van der Poel var med, og køyrde fra alt og alle på den andre runden. Frykt likevel ikkje. Både Pidcock, van Aert og van der Poel er tilbake om nokre få veker etter ein pause fra landevegssesongen. 

Kvar kan du sjå dette meisterskapet?
Hvis du ikkje er i belgiske Namur denne helga, så kan eg anbefale Eurosport og GCN.


Laurdag er det kvinner junior, menn U23 og kvinner elite, før vi på søndag får menn junior, kvinner U23 og til slutt menn elite.

Lykke til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar