fredag 18. november 2022

Elbiler eg har prøvd

Del 1:

Bilinteressa har vakna til live igjen, etter å ha vært i dvale i nokre tiår.


Årsaken er den ikkje lenger så nye teknologien som heiter "Elbil". Dette er omtrent 100 ganger så interessant som diesel og bensinbilar. Dessverre er hydrogenbilar eit mininisjeprodukt, og ser ut til å forbli slik også.

I kveld byrjar ein ny post om forskjellige typar elbilar eg har prøvd, og fordeler og ulemper med kvar av dei.

******************************

Den første elbil eg prøvde, i 2014 var det vel, var ikkje overraskande ein Nissan Leaf. Det var ein førstegenerasjons sak, hugsar ikkje om det var 24 eller 30 kw batteri, og ikkje er det så nøye heller.
Det var ein litt rar bil, men ein som etter den tids målestokk kunne brukast på ein nyttig måte.
Tidlegare hadde elbilar kun vore noko sært, men med denne første utgåva av Nissan Leaf så byrja det å endre seg. Jo, vi hadde hatt elbilar før også, men dei var gjerne sportsbilar som var uråd å nyttegjere seg for "vanlige folk".



Denne første utgåva av Leaf kunne ein liten familie ta ein tur i, om enn ikkje så langt, og heller ikkje med altfor mykje garasje. Den skulle vise seg å bli ein stor suksess her til lands, og det var ei merkeleg 
kjensle å oppleve den umiddelbare reaksjonen når ein tråkka gasspedalen i botn. Dette var gøy! 
Og da var det eigentleg gjort. Med Nissan Leaf si første utgåve var bilinteressa tilbake.

+  Praktisk, driftssikker, enkel og grei

- (I dag) kort rekkevidde, litt snål

******************************

Elbil nr. 2 måtte sjølvsagt bli den store pioneren på fronten, Tesla S. Joda, deira Roadster hadde herja litt eit par år før, men det var ein total uaktuell bil for ein familie. Roadster var og er ein gimmick for å vise at elbiler kunne gå fort og langt. 
Det var først med Tesla S at vi fikk ein skikkeleg konkurrent til fossilbilane. Den kunne nå langt på ei lading, den lada fort på Tesla sitt eige ladenettverk, den var stor og romslig, og ikkje minst såg den veldig fin ut. 


Sidan model S kom på marknaden for ca ti år sidan, så har den endra design utvendig ganske betydleg.
Men det er framleis ein svært fin bil, den finaste i Tesla-familien iallfall. Den kunne alt i 2015 gå like langt som mange elbilar fra andre fabrikkar kan i dag. Tesla var elbilen som endra heile industrien, og da eg fikk prøve denne for første gang, så kunne eg knapt tru kva eg satte meg inn i. Den gikk som ei kule, eg satt godt, og det var MORO å køyre bil igjen :-)

+ Stor fin bil, lang rekkevidde, ladenettverket

- Elon Musk

******************************

Elbil nr. 3 meiner eg vart Nissan sin familiebil i første generasjon, den såkalla Evalia. Ein stor og romslig familiebil, med tonnevis av plass til barnevogner, ski, akebrett og you name it. 
Samt eit lite batteri som tok bilen eit stykke på veg, men ikkje langt nok, ikkje ein gang i 2014. Sidan den gang har den kome med større batteri, og er no eit greit alternativ for dei småbarnsfamiliar som har bruk for ein slik doning. Enormt praktisk er den iallfall!


Nissan Evalia gav eit godt inntrykk. Den var enkel og grei i bruk. Ein solid arbeidshest som tok deg fra A til B med bilen full av ungar, ting og tang. Skulle du til C og D derimot, da vart det verre.

+ Plassen. Enkel og solid.

- Batterikapasiteten og dermed rekkevidda.

************************

Så fikk eg prøve datidas nye elektriske stridsvogn, Tesla X. Om model S var stor, så var og er model X eit digert beist av ein bil. Kollosal plass, opptil sju seter, der det faktisk går an å sitte så nokolunde komfortabelt. Dette vart også ein av dei aller første elbilane som kunne dra hengar, kanskje det VAR den aller første? Det var forresten ganske nyttig, for dei såkalla måkevingedørane er alt anna enn særlig nyttige. Dei tek vekk ein del av takplassen, men det såg i det minste litt kult ut da dei kom.

Til tross for at bilen ser stor og tung ut, så gikk den som ei kule. Hundrevis av HK var putta inn i denne store bilen, og den nærast kunne flyge avgarde fra den stod i ro. Og plassen innvendig er berre heilt fantastisk. Ein kan danse inni her. 

+ Plassen. Ladenettverket.

- Måkevingdørene, og såklart Elon Musk

****************************

I 2018 kjøpte eg meg min eigen elbil, ikkje overrasknda vart det ein Nissan Leaf, som nå hadde kome i ny og oppdatert versjon. Heldigvis. Designet var oppgradert ganske betydleg og det nye batteriet kunne nå ta meg til Bergen (iallfall Trengereid...) på ein god sommardag, hvis eg køyrde SVÆRT økonomisk.
Nå har bilen gått 80000 km, og eg har brukt denne på familieturar til Trondheim, Oslo, Haugesund, Porsgrunn.... Jo, den har sine begrensingar i bagasjeplass og rekkevidde, men generelt er eg veldig nøgd med Nissan Leaf. 


Den er enkel i bruk, driftssikker og ganske så behaglig på vegen. Nei, det er ikkje ein prangande statusbil, men det var eg aldri ute etter heller. Det som skulle være min pendlebil på reiser rundt om i fylket, vart istaden ein heilt grei familiebil når eg ikkje kunne fungere i den gamle jobben min lenger.

+ Driftssikker. Den er god, enkel og kjapp nok.

- Rekkevidden om vinteren. Chademo-ladesystem. Appen er dritelendig.

*****************************



Sålangt har det gått i Nissan og Tesla. Det er derfor berre rett og rimleg at neste bil blir .....Tesla3
Dette er den mest effektive elbilen eg har prøvd, og uten tvil den som har gitt mest km. pr. krone.
Det har da også vore ein stor salgssuksess, ikkje berre her til lands, men faktisk også i andre land.
Kven skulle vel tru det? Verda er tross alt ikkje som Norge, der ALT av nybilhandel dreier seg om elbilar.
Model3 er ein sedan, av den heller lave typen. Ein sitter liksom nede på asfalten, og alt unødig krimskrams er som blåst bort innvendig. Nokre vil sei at det er nesten FOR tomt, men det kjem an på auget som ser. 
Personleg likte eg bilen veldig godt, iallfall køyreeigenskapane. Men den hadde sine feil, bl.a. ein altfor liten bagasjeromsopning, eit golv i framseta som kjentes ut som det gikk opp i kupeen, og så får det som sagt bli opp til kvar einskild å vurdere kor bra bilkjøp dette er. 

+ Den mest effektive elbilen på marknaden. Superladenettverket. Det minimalistiske interiøret.

- Det minimalistiske interiøret. For lav. Og sjølvsagt; Elon Musk.

************************

Det er omsider på tide med eit nytt merke, og det vert den godt mottekne Kia E-Soul.
Ein artig liten bil, som er adskillig større inni enn det ser ut som. E-Soul er oppdatert fleire ganger sidan  den kom på marknaden, og nå kan vi få denne i utgåver som klarer over 40 mil. Det er slett ikkje verst! Den er forbausande gor å køyre, og i motsetnad til model3, så får du ikkje kjensla av å sitte på golvet. Neida, her sitter du forholdsvis godt og høgt. 

Eg har høyrt mange som synes E-Soul ser litt snål ut, omtrent som ein gammel Leaf, men eg er ikkje einig. Det er ein sjarmerande og grei bil, sjølv om du ikkje kan drasse med storfamilien og eit lass med bagasje på ferietur. God å køyre er den også, og som sagt får du nå denne med god rekkevidde til ein rimeleg penge.

+ God rekkevidde for pengane. Artig utsjånad.

- Lite bagasjerom.

******************************

Neste doning er kanskje den flottaste elbil eg har prøvd, og med flottaste meiner eg den som er finast å sjå på.
Det nye bilmerket Polestar har vore ein suksess, og for eit par år sidan hadde eg gleda av å prøve deira Polestar 2. Denne bilfabrikanten er som kjent deleigd av Volvo, og etter nokre innkøyringsvanskar har denne superflotte bilen verkleg slått an. Stor var forventninga da eg skulle teste denne, og det å køyre den var ein draum. Fantastisk behagleg, og den gikk som ei kule, denne også. Elbilar gjer jo gjerne det. 


Men om førarplassen var ypperleg, og komforten i framseta likeså; Bakseta skuffa kapitalt. Denne bilen har, som Leaf, ein bjelke midt gjenom golvet, som gjer bakseteplassen mykje trangare enn ein kunne forvent. Det er, etter mi meining, ein firesetar. Dessutan var det veldig trangt å komme inn i baksetet. 

+ Flott utsjånad, fantastisk god å køyre.

- Trang i baksetet, og trange bakdører. Svært upraktisk på det viset.

***************************

Siste års aller største bilsuksess her til lands er Tesla Y. Det er forståeleg. Den er større enn model 3, billigare enn S og X, men har enormt med plass. Dette er da heller ingen sedan som lillebror model 3, her kan du laste inn omtrent det du vil, iallfall hvis du legger ned bakseta.
Model Y er da eigentleg berre ein forvokst model 3, da bilane er bygd på akkurat samme plattform, men alt etter kva ein har behov for, så får ein velge den model ein ynskjer.
For mitt vedkommande vil eg velge Y anytime.  Uansett er dette ein bil som har slått an til dei grader.

 

Dette er førebels det næraste ein kan komme den perfekte elbil her til lands. OK, den koster jo sine kroner, men kva bil gjer ikkje det? Den har god rekkevidde, tilgang på det beste ladenettverket som fins, og som sagt ein innvendig plass der ein kan arrangere folkemøter inni. 

+ Ladenettverk. Plass. Minimalistisk interiør.

- Det må bli minimalistisk interiør her også. Og såklart; Elon Musk.

****************************

Maxus Euniq 6 er ein ny modell fra eit nytt bilmerke her i landet. Kinesiske Maxus har kome med sine bidrag, og ein kan jo undre på kor mange bilmerker(som vi aldri har høyrt om) fra Kina vi har plass til på den vesle norske marknaden. 
Maxus Euniq 6 var likevel ein positiv overraskelse. Det er ein SUV, der du sitter høgt og oversiktleg, og det er ein ganske så hyggeleg pris. Plassen er gedigen, og eg ser for meg at dette kan være eit godt alternativ som ein familiebil, for dei som ikkje gidder å bruke altfor masse kroner på bil. 
Dog; Prisen kjem med visse vilkår. 

Køyreeigenskapane er ikkje dei beste. Rekkevidda er ikkje den lengste på marknaden, og det fins ikkje app som du kan styre/førebu bilen med. 
Men ser du bort fra desse, så får du svært mykje bil og plass for pengane. 

+ Pris. Plass.

- Køyreeigenskaper. Ingen app.

*******************************

Audi GT e-tron er den einaste sportsbilen eg har prøvd. Ja, nokon vil sikkert rynke litt på nasen av at eg kaller dette sportsbil, men hvis vi snakker om bilar som har ein heilt avsindig akselerasjon, og som ligg på vegen som ein klegg, så må det være denne. Dette er ikkje ein billigbil akkurat, og eg synes nok ikkje dette er ein særleg familievenleg sak heller. Men køyreeigenskapane er som vi kjenner fra Audi; Excellent!

At bilen også ser svært flott ut, er da heller ikkje nokon ulempe. 
Som nevnt er dette ikkje ein bil for familiar i etableringsfasen, men for entusiastar og dei som har bil som stor interesse, så må dette være himmelen. 

+ Komfort, fart og køyreeigenskaper

- Bilen er låg, for låg etter min smak. Den koster flesk

*************************

Nissan Ariya er Leaf sin etterlengta, og etterkvart ganske så forsinka oppfølgar. Dette er ein heilt annan type bil enn pioneren Leaf. Dette er ein SUV/crossover, med heilt anna rekkevidde, plass og ikkje minst komfort. Eg har kun prøvd 63 kw utgåva, som vert sagt å ha ein WLTP på dryge 400 km, men det er nok den mest komfortable elbil eg har prøvd i ein såpass grei prisklasse. 
Fantastisk god å sitte i, regelrett behagleg å køyre, om enn det ikkje var det fartsmonsteret som vi kjenner fra t.d. TeslaY. 



Bilen har med rette fått gode kritikkar, og Nissan er nå på bana att med denne flotte og svært komfortable bilen. Leveringstida derimot, den er ikkje så bra. 10-12 mnd var det eg fikk opplyst, og så lenge gidder eg aldri vente på ein ny bil. Skal eg kjøpe Ariya, så må leveringstida kortast ned MYKJE.

+ Aldeles fantasisk god å køyre. CCS-lading som iflg. testar er svært god. God plass for personar.

- Bagasjeplassen er litt snau. Leveringstida. 

****************************

Ford Mustang Mach-E er nok den finaste elbilen som er på marknaden, spør du meg. Den ser altså så utruleg flott ut, sjølv om Mustang-entusiastar av bensintypen aldri vil kalle dette ein "Ekte" mustang. 
Det var uansett ein liten genistrek å dra inn dette smått legendariske namnet av Ford, og bilen har slått svært godt an. 
Det er høgst forståeleg, for dette er ein klassebil. Den har god plass, både til passasjerar og bagasje, om enn bagasjerommet er forbausande snaut. Men her har Ford ein stor frunk, og det oppveger mykje. Interiørmessig er Mach-E nesten perfekt etter min smak. Den er minimalistisk, men ikkje SÅÅÅÅ skrapa som Tesla Y, som er den naturlege konkurrenten. 


Eg tør også påstå at ein her får mange km. rekkevidde for kronene, spesielt dersom du går du Long Range med bakhjulsdrift, og spør deg sjølv; Kor mange ganger har du eigentleg bruk for AWD? Eg har ikkje hatt det anna enn på eit par ruskebilar, og har klart meg heilt fint på dei ein million km. eg har køyrt bil i mitt liv.

+ Fantastisk flott bil, både utanpå og inni. 

- Tja, eg kjem nesten ikkje på nokon.

**************************************

Del 3:

BMW i3 er prøvd. Denne vesle bilen fra statusmerket BMW var den tyske bilfabrikanten sin første store salgshit på elbilfronten. Den er ikkje lenger i produksjon, men i det minste så fekk BMW introdusert seg ein smule på det vaksande elbilmarkedet.
Det er i praksis ein firesetar, med det som eg syntes var eit forunderleg interiør. Køyremessig var den lysår unna dei fossil-BMW`ar eg har køyrt tidlegare, noko som må skuldast den korte akselavstanden.
Litt morsomme dører, der framdøra slo den "vanlege" vegen, medan bakdøra var hengsla i bakkant. Dette gjorde at inngangen vart betydleg større, og det måtte til for i det heile tatt å komme inni.

Ein populær og morsom bil var det iallfall.


BMW i3 var noko bortimot den perfekte bybil. Liten, hendig, grei nok rekkevidde, men til langkøyring var den heller skral. Bagasjerommet er omtrent som ein postboks, og komforten var heller sparsommeleg. Men artig introduksjon fra BMW som elbilprodusent!





























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar