torsdag 10. november 2022

"All quiet on the western front" - filmomtale

Vi hoppar rett over på den tyske originaltittelen med ein gang: Im Westen nichts Neues.
Denne versjonen er, som alle versjonane før den, basert på boka av samme navn. Det er ein såkalla "episk anti-krigs fortelling", om dei horrible felttoga på vestfronten under første verdskrig.



I denne nye, og ganske så påkosta versjonen, som vi kan finne på Netflix, er det ikkje spart på verkemidla. 

Handling:
Vi vert i 1917 kjent med 17-åringen Paul, som saman med sine ferdigutdanna klassekameratar verver seg til den tyske hæren. Der skal dei få marsjere mot Paris, i eit storstilt og suksessrikt felttog, vert dei fortalt av rekrutteringsmannskapa. 
Etter tildeling av meir eller mindre passande uniformar, og ei militæropplæring av det heller symbolske slaget, vert desse unggutane sendt til fronten.

Og krig er langt meir romantisk på avstand, enn det viste seg å være når dei kom til frontlinja.
Noko marsjering mot Paris kan dei sjå langt etter, knapt nok til næraste landsby.
I 1917 har skyttargravskrigane allereie pågått eit par år, med ein nærast fastfrossen front fra Nordsjøen til Alpane.
På kryss og tvers gjennom det sørlege Belgia, og nordlege Frankrike snirklar tusenvis av kilometer med skyttergraver seg, i ein slags forsmak på korleis dommedag kan komme til å være.
Millionar av menn på begge sider kjempar ein blodig, nytteslaus kamp, der unge soldatar vert behandla som kanonføde. Med gamaldags krigføring, og moderne våpen, som stridsvogner, maskingevær, tungt artilleri, flammekastarar og ikkje minst giftgass, så døyr menn som fluger.

Paul sine unge kameratar forsvinn, den eine etter den andre. Skoten av franske eller britiske snikskyttarar, plaffa ned av maskingeværa, knust under beltene til dei allierte stridsvognene, eller av dei tallause epidemiane som sprer seg i dei uhyrlege skyttargravene.

I dette marerittet på jord, er det kun menn og rotter som kan klare seg. Og om menneska lider, så lever rottene herrens glade dager; Dei har meir enn nok av mat, og fins soveralt. Eg meiner; OVERALT.

Som menig soldat vert Paul sendt ut på det eine meiningslause stormangrepet etter det andre. Han forstår vel knapt sjølv korleis han overlever gang på gang. 

Parallellt med dei menige slaktofra sitt trøystelause tilvære blant rotter, rotnande lik, latriner, bomber og granater, så vert vi også kjent med den tyske forhandlingsdelegasjonen, som hausten 1918 innser at krigen er i ferd med å knekke Tyskland. USA er kome inn i krigen på dei allierte si side, og tyske toppolitikarar ser korleis det vil gå. Det handlar no berre om å redde så mange liv som mogleg før våpenkvila.
Franskmennene er dog lite interessert i dei tyske vilkåra, og står på sitt. 
Og medan forhandlingane pågår, så fortset ærgjerrige generalar å pøse ut soldatar i nye, meiningslause masseangrep.

Tapstala er enorme.


Om det vert ein happy ending? 
Kva får deg til å tru det?


Etter å ha sett den franske TV-serien "Apokalypse: 1.verdenskrig" på NRK fleire ganger, samt den briljante dokumentaren "They shall not grow old" og episke "1917",  var det på tide med ein film som skildrar krigshistoria fra den andre sida også. Dette er nemleg ein tysk film, basert på ein roman skreven av ein tysk soldat som opplevde dette sjølv. Boka kom ut i 1928, vart ein stor suksess, og sjølvsagt forboden og brent da nazidiktaturet tok makta nokre år seinare. Eg har dessverre ikkje lest boka enda, men etter denne filmen, så bør eg gjere det.

Men det vi iallfall kan forstå, er at uansett, om du var tyskar, brite, franskmann, canadier, amerikaner, fra koloniane eller kva det enn måtte være; Livet i skyttargravene må ha vore eit sant helvete.
Det vi ser her, så brutalt det enn er laga, er skildra enda verre i dei nemnde dokumentarane.

Vi har liksom ikkje visst så mykje om den første store katastrofen på 1900-talet, for over 100 år sidan. Til alt hell har vi slike bøker som denne filmen er basert på, samt gamle filmopptak som er pussa opp og restaurert. Takk og lov for det.
For einkvar med ein viss historisk interesse, så er denne filmen på 147 minuttar eit must. Hvis du føretrekk romantiske komediar, så styr laaaaaangt unna. Ein større kontrast til rosa nusse-kose filmar enn dette krigseposet kan ein vel knapt komme.

Skodespelarane er for meg ukjent, men gjer ein fantastisk jobb. Slagscenene er meisterlege, rottene kryr overalt, og generalane er akkurat så kyniske som vi kunne ane i "Apokalypse".

"Im Westen nicht neues" anno Netflix 2022 er eit sant meisterverk, av den brutale sorten. 

Høgdepunkt:
Når krigen tek slutt, kl. 1100, 11. november, 1917.

Lavmål:
Ein får lyst til å kvele generalane.















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar