mandag 28. november 2022

"Kravet avvises"

Ja, så enkelt kan Staten gjere det.

Etter at den samme instansen har påført oss ein død 18-åring, ein delvis ufør far, tre brødre som alle har sitt å slite med, samt den generelle sorgen over å ha mista ein svært snill og oppegåande ung mann.

Mange av oss vil kanskje huske at Riksadvokaten og Høgsterett siste året har sagt at det vi var utsatt for i 2015, det var faktisk ikkje lov.

Så i vår gikk ein statssekretær fra justisdepartementet ut og beklaga den praksis som hadde vært i årevis. 

Ikkje nok med det, ass. politidirektør gikk ut med samme beklagelse.

Prikken over "i-en" fikk vi da politidirektøren kalla dette innlegg for "stusselig", men ho lova iallfall å rette opp dei feil som var gjort. 


Kva skulle vi så gjere for å få ein smule oppreisning, utover halvkveda beklagelsar fra NK i h.h.v. justisdepartement og politidirektorat?
Til alt hell har vi ein justisminister som kunne gi oss gode råd; Vi kunne anmelde saka til Spesialenheten, eller vi kunne søke om erstatning via Statens Sivilrettslige Forvaltning. Det var derfor ingen grunn til å opprette eigne ordningar, når vi hadde slike fra før, iflg. justisminister Mehl.

Vel, eg veit jo at Spesialenheten henlegger alt likevel, men eg kunne gi det eit forsøk, berre for å vise verda at dette ikkje gikk.
Anmeldelse vart sendt, eg fikk ein hyggelig telefon fra Spesialenheten (Nei, det er ikkje ironi), og dei lova å vurdere saka seriøst. 
Som forventa vart straffesaka henlagt, men vi kunne påklage til Riksadvokaten. Det gjorde eg også, men resultatet var det samme der.

Henleggelsesgrunn: Foreldelse.  Det betyr at det var gått for lang tid sidan lovbrotet, så det kunne ikkje skje noko meir her. Det var ein viss kritikk mot Vest Politidistrikt, men kritikk hjelper jo lite, sålenge det ikkje får følger.


Neste punkt var dermed å søke erstatning fra Statens Sivilrettslige Forvaltning. Når justisministeren hadde sagt at vi måtte gjere det slik, så burde det da være eit snev av forståelse å hente der? Kanskje ein lovparagraf som kunne nyttast i eit slikt trist tilfelle som vårt?

Svara kom fredag 25.11.2022, etter usle fire månaders behandlingstid. 

Eg skal ikkje gå inn på den etterlatne brorens avslag, men skal kort referere kvifor vi som etterlatte ikkje fikk erstatning.

Eg søkte om erstatning på vegne av Kristoffer, som vart utsatt for ulovleg ransaking, pågriping og uheimla førarkortinndragning. Dette er ikkje noko eg dikter opp, rettspraksis er nå klar. 

Men søknaden vart avslått fordi..... han er død..... Det er kun den sikta sjølv som kan søke erstatning, ikkje vi som etterlatte. Sjølv om det var nettopp dei lovbrot som politiet gjorde, som var den direkte årsaka til at han ikkje lever lenger.

Eg limer inn fra avslaget:





Så mykje for  justisministerens "råd" om å søke erstatning på vegne av Kristoffer altså.

Vel, guten er død, ingenting kan få han tilbake.
Så kanskje det kunne være eit håp for oss som pårørande da?

Nei, skulle du ha sett. Jammen vart det avslag der også. 

Årsak: Statens Sivilrettslige Forvaltning sysler ikkje med slike saker. Vårt tilfelle er ikkje omfatta av dei erstatningsordningar som denne instansen kan gi. 

Eg limer inn eit utdrag til:




Eg kan dermed oppsummere at justisminister Mehl sine "råd" om å anmelde til Spesialenheten og evt. søke erstatning hos Statens Sivilrettslige Forvaltning var......verdilause. 
Vi byrja denne prosessen i mars, og nå, åtte måneder etterpå, så får vi svar om at alt dette var bortkasta arbeid. Vi falt mellom dei stolar som var:
Straffesaka var forelda.
Kun levande personer kan søke erstatning.
Som etterlatte er vi ikkje omfatta av ordninga.

Altså...... Det skal rygg til, for å tåle det vi har gått igjennom fra før. Som eit ekstra dolkestøt, så viste det seg at "råda" vi fikk, var null verdt. Vi kan såleis konkludere med at også denne justisministeren er udugleg i jobben sin.
Slik som sju av hennar åtte siste forgjengarar, berre for å vise at ho ikkje er heilt åleine om det. 

Eg lurer på; Kva er vitsen med å holde oss for narr på denne måten? Kvifor skal vi søke om erstatning hos allereie eksisterande ordningar, når det er null å hente der?
Vi HAR blitt utsatt for ulovlige handlingar.
Ass.politidirektør har beklaga.
Politidirektøren har lova å rydde opp.
Justisministerens eigen statssekretær har også beklaga.

Og resultatet?

Null

Niks

Nada


Eg er eigentleg ikkje trist lenger. Vi liker derimot ikkje å bli holdt for narr, slik som Mehl har gjort med oss i denne saka. Ho bør gå av, helst i går, og etterfølgaren kan gjerne ringe meg, og sei "Vi beklager", og gi oss ei krone i erstatning. 

Da er eg ferdig med saka, om enn vi aldri kan få Kristoffer tilbake. Det var jo så viktig å ta han, han hadde tross alt røyka hasj nokre ganger.   

Eg håper verkeleg at justisministeren, politidirektøren, politimeisteren, politijuristen i Florø, og tjenestemennene i Sogndal/Luster som fikk han til å vedgå hasjbruk, er stolte av det dei fikk til.
De fekk ein tilståing og ei oppklart sak.

Samt ein nedverdiga og stigmatisert 18-åring som de dreiv i døden. 

Ord kan ikkje beskrive kva eg meiner om dykk alle.

fredag 25. november 2022

Legaliser! Nå! - Bokomtale

Skrekkpropagandaens tid om narkotika og deira demoniske eigenskaper er på veg ut. Løgnene vi har blitt fortalt heilt fra ca. 1970 og fram i fem tiår er på vikande front, og grunnen er at nå kan vi avsløre påstander som det dei er; Løgn og atter løgn.

Mi eiga bok fra 2018 var meir om opplevingane vi hadde etter at vi mista eit kjært familiemedlem, og kun deler av den var om norsk narkotikapolitikk. 
I dag hadde eg nok vore enda meir kritisk enn eg var den gang, da vi ser kor ille politikken har behandla ikkje berre oss, men tusenvis av andre personar også.


Det som svingar pendelen i rett retning er stadige bidrag fra folk som har ein smule gjennomslagskraft.
Vi har t.d. sett slike oppslag, noko som hadde vore utenkeleg berre for nokre år sidan.
Eg kunne dratt fram haugevis med andre oppslag også, men sidan eg har brukt svært mykje tid på dette tidlegare, så skal eg la det være.

Det var derfor med ei viss interesse at eg såg Jan Arild Snoen si splitter nye bok "Legaliser! Nå" kom ut nå i høst.
Undertittelen fortel eigentleg det meste; "Kampen om narkotikapolitikken".

For det er akkurat ein kamp det har vore, endatil "krig" har blitt brukt som betegnelse på den mangeårige, og kan vi nå trygt sei, fånyttes kampen mot narkotika.

Snoen er ikkje ein levning fra Woodstock, der "love and peace", og "make love not war" var  gode motto.
Han er på min alder, samfunnsdebattant, forfattar og skribent i meir konservative tidsskrift som Minerva og Aftenposten. Vi snakkar altså ikkje om ein "libberal jævel", som Wam og Vennerød udødliggjorde det i "Lasse og Geir".

Boka er på knappe 180 sider, utgitt på Dreyer forlag, og tek for seg vårt lands lite ærerike "kamp mot narkotika".  Bakteppet er stemningsskiftet som har endra debatten til dei grader siste fire-fem åra spesielt. Fra at avholdsfolket og forbodstilhengarane hadde monopol på ALL debatt i fleire tiår, ser vi nå eit paradigmeskifte no less. Sterke og kunnskapsrike debattantar og politikarar kjem på bana og argumenterer for at vi må legge om vår katastrofale ruspolitikk.

Snoen tar oss med på korte tilbakeblikk i norsk narkotikapolitikk, kvifor den vart som den vart fra midten av 1960-talet, og heilt fram til i høst. Snoen refererer også ofte til den mykje omtala, og dessverre nedstemde rusreforma som vart lagt fram for Stortinget i fjor. 
Personleg likte eg veldig godt dei historiske tilbakeblikka om kvifor politikken er som den er, og kvar "krigen" stammar fra. Det er neppe alle forbodstilhengarar i dag som veit at den stammer fra rabiate ytrehøgre krefter i USA, med meir enn eit snev av rasisme i seg. Ei heller at "war on drugs", dette berykta sitat fra president Nixon, ikkje har vore noko anna enn ein krig mot FOLK, som var ein smule anleis enn det som samfunnskreftene ønska. 

Det er også svært interessant å lese seg opp på erfaringane som vi no etterkvart kan høste fra amerikanske delstatar, og ikkje minst land som Canada og Portugal. Kva modell skal vi bruke når (ikkje om) legaliseringa kjem? Hint: California og Nederland er ikkje å etterape. 
Og Snoen leiker ikkje butikk i denne boka. Det er side opp og side ned med kildehenvisningar, og eg tør påstå at noko meir veldokumentert enn dette skal du leite lenge etter. 

Samtidig er det lesing også for oss som ikkje har utdanning stort meir enn utover.... tja... gymnaset...(Teller Politiskolen i det heile som utdanning??? Eg må nesten tvile, 33 år etter at eg gikk der)
Språket er lettfatlig, forbausande enkelt og forklarande og einkvar tvilar bør etter å ha lest denne ramle ned på rett side av gjerdet. Med "rett side" meiner eg sjølvsagt dei av oss som ønsker ei eller anna form for kontrollert og regulert narkotikaomsetning, fjernt fra dagens anarki der kun kriminelle og avholdsorganisasjoner (pluss NNPF) kan tjene seg søkkrike på. 

Snoen trekker også gode samanlikningar med forbodstida på alkohol, både her heime og ikkje minst i USA. Det er jo ein årsak til at vi ikkje lar kriminelle stå for alkoholomsetninga her i landet lenger; Det skada langt meir enn det gjorde nytte.  Og; Det er neppe tilfeldig at vi byrja å "ta" dei "narkomane" omtrent på den tida da løsgjengerloven vart avskaffa. Nokre avvikarar måtte ein jo bruke samfunnets voldsmonopol på!

For oss som ikkje har delteke i debatten så lenge som Snoen openbart har gjort, så er boka svært nyttig å ha med seg. Eg lærte mykje, og eg tør påstå at det ville svært mange på Stortinget ha gjort også. 
Det er tross alt dei som skal lage lover her i landet, om enn Høgsterett og Riksadvokat har tatt grep når Stortingsfleirtalet surra det til. 


Kan boka anbefalast? Såklart. Men ikkje berre til oss som vil ha legalisering av cannabis og andre narkotiske stoff. Dei som ikkje kan så mykje, men som ønsker å lære, bør iallfall lese denne, som eit slags pensum.
Dei som er mot liberalisering, vil neppe endre syn okke som, men eg treng ikkje gå lenger enn til meg sjølv i så måte. Eg har gått vegen fra innbitt forbuds og straffetilhengar, via avkriminalisering, og nå til legalisering/reguleringstilhengar fullt ut. Årsaken til min ferd, er sjølvsagt i hovedsak tragedien vi opplevde i 2015, men også fordi eg har turt å være open  for at eg kunne ha tatt feil. LITT lærte eg da på ex.phil ein gang på 1990-tallet.


Så; om du ønsker å lære litt om bakgrunnen for narkotikapolitikken vår, og kvifor vi bør endre den, så bør du kjøpe denne. Du trenger eigentleg ikkje fleire bøker om temaet, hvis du ikkje tilfeldigvis er akademiker da.
Eg bestilte direkte fra forfattaren, om det var fra twitter eller messenger husker eg ikkje nå. Berre send Snoen ei melding på ein av dei nemnde SOME, så sender han sikkert eit signert eksemplar til deg også.

Boka vert anbefalt på det varmaste, den har eigentleg berre ein feil: Den kunne godt ha vore mykje tjukkare, fordi den var så lettlest og kunnskapsbasert. 

Til slutt; Trudde du at folk brukte rusmiddel fordi dei ville ha det ille? Da tar du feil, som Snoen påpeiker i boka si. Folk bruker rusmiddel, illegale eller legale, for å få det bedre, ha det moro, få nye sanseopplevelser. Alt med rus er ikkje ille og farlig, ein kan faktisk ha det utruleg moro, det gjelder berre å ikkje la rusen ta overhand, og være trygg på rusmiddelet. Du kan t.d. lære mykje på denne nettsida, som eg anbefaler sterkt.
Det kan ikkje gå bra for alle, når vi synes det beste er å la mafia selge dyr og dårlig dop til alle som vil ha 24/7.

Eg kjenner etterkvart SVÆRT mange som har brukt illegale rusmiddel, og tru meg; ALLE er godt fungerande menneske, i motsetning til det vi er blitt fortalt i alle år. Du veit, løgnene og skrekkpropagandaen fra avholdsfolk, partikaniner og straffelobbyen. Deira dommedagstid er over. Kunnskapstoget har gått, og dei står igjen på stasjonen.  Godt er det. 

PS: Vår historie er nevnt i boka. Eg håper den kan få nokon til å ta inn over seg kor ille dagens straffepolitikk kan virke.

fredag 18. november 2022

Elbiler eg har prøvd

Del 1:

Bilinteressa har vakna til live igjen, etter å ha vært i dvale i nokre tiår.


Årsaken er den ikkje lenger så nye teknologien som heiter "Elbil". Dette er omtrent 100 ganger så interessant som diesel og bensinbilar. Dessverre er hydrogenbilar eit mininisjeprodukt, og ser ut til å forbli slik også.

I kveld byrjar ein ny post om forskjellige typar elbilar eg har prøvd, og fordeler og ulemper med kvar av dei.

******************************

Den første elbil eg prøvde, i 2014 var det vel, var ikkje overraskande ein Nissan Leaf. Det var ein førstegenerasjons sak, hugsar ikkje om det var 24 eller 30 kw batteri, og ikkje er det så nøye heller.
Det var ein litt rar bil, men ein som etter den tids målestokk kunne brukast på ein nyttig måte.
Tidlegare hadde elbilar kun vore noko sært, men med denne første utgåva av Nissan Leaf så byrja det å endre seg. Jo, vi hadde hatt elbilar før også, men dei var gjerne sportsbilar som var uråd å nyttegjere seg for "vanlige folk".



Denne første utgåva av Leaf kunne ein liten familie ta ein tur i, om enn ikkje så langt, og heller ikkje med altfor mykje garasje. Den skulle vise seg å bli ein stor suksess her til lands, og det var ei merkeleg 
kjensle å oppleve den umiddelbare reaksjonen når ein tråkka gasspedalen i botn. Dette var gøy! 
Og da var det eigentleg gjort. Med Nissan Leaf si første utgåve var bilinteressa tilbake.

+  Praktisk, driftssikker, enkel og grei

- (I dag) kort rekkevidde, litt snål

******************************

Elbil nr. 2 måtte sjølvsagt bli den store pioneren på fronten, Tesla S. Joda, deira Roadster hadde herja litt eit par år før, men det var ein total uaktuell bil for ein familie. Roadster var og er ein gimmick for å vise at elbiler kunne gå fort og langt. 
Det var først med Tesla S at vi fikk ein skikkeleg konkurrent til fossilbilane. Den kunne nå langt på ei lading, den lada fort på Tesla sitt eige ladenettverk, den var stor og romslig, og ikkje minst såg den veldig fin ut. 


Sidan model S kom på marknaden for ca ti år sidan, så har den endra design utvendig ganske betydleg.
Men det er framleis ein svært fin bil, den finaste i Tesla-familien iallfall. Den kunne alt i 2015 gå like langt som mange elbilar fra andre fabrikkar kan i dag. Tesla var elbilen som endra heile industrien, og da eg fikk prøve denne for første gang, så kunne eg knapt tru kva eg satte meg inn i. Den gikk som ei kule, eg satt godt, og det var MORO å køyre bil igjen :-)

+ Stor fin bil, lang rekkevidde, ladenettverket

- Elon Musk

******************************

Elbil nr. 3 meiner eg vart Nissan sin familiebil i første generasjon, den såkalla Evalia. Ein stor og romslig familiebil, med tonnevis av plass til barnevogner, ski, akebrett og you name it. 
Samt eit lite batteri som tok bilen eit stykke på veg, men ikkje langt nok, ikkje ein gang i 2014. Sidan den gang har den kome med større batteri, og er no eit greit alternativ for dei småbarnsfamiliar som har bruk for ein slik doning. Enormt praktisk er den iallfall!


Nissan Evalia gav eit godt inntrykk. Den var enkel og grei i bruk. Ein solid arbeidshest som tok deg fra A til B med bilen full av ungar, ting og tang. Skulle du til C og D derimot, da vart det verre.

+ Plassen. Enkel og solid.

- Batterikapasiteten og dermed rekkevidda.

************************

Så fikk eg prøve datidas nye elektriske stridsvogn, Tesla X. Om model S var stor, så var og er model X eit digert beist av ein bil. Kollosal plass, opptil sju seter, der det faktisk går an å sitte så nokolunde komfortabelt. Dette vart også ein av dei aller første elbilane som kunne dra hengar, kanskje det VAR den aller første? Det var forresten ganske nyttig, for dei såkalla måkevingedørane er alt anna enn særlig nyttige. Dei tek vekk ein del av takplassen, men det såg i det minste litt kult ut da dei kom.

Til tross for at bilen ser stor og tung ut, så gikk den som ei kule. Hundrevis av HK var putta inn i denne store bilen, og den nærast kunne flyge avgarde fra den stod i ro. Og plassen innvendig er berre heilt fantastisk. Ein kan danse inni her. 

+ Plassen. Ladenettverket.

- Måkevingdørene, og såklart Elon Musk

****************************

I 2018 kjøpte eg meg min eigen elbil, ikkje overrasknda vart det ein Nissan Leaf, som nå hadde kome i ny og oppdatert versjon. Heldigvis. Designet var oppgradert ganske betydleg og det nye batteriet kunne nå ta meg til Bergen (iallfall Trengereid...) på ein god sommardag, hvis eg køyrde SVÆRT økonomisk.
Nå har bilen gått 80000 km, og eg har brukt denne på familieturar til Trondheim, Oslo, Haugesund, Porsgrunn.... Jo, den har sine begrensingar i bagasjeplass og rekkevidde, men generelt er eg veldig nøgd med Nissan Leaf. 


Den er enkel i bruk, driftssikker og ganske så behaglig på vegen. Nei, det er ikkje ein prangande statusbil, men det var eg aldri ute etter heller. Det som skulle være min pendlebil på reiser rundt om i fylket, vart istaden ein heilt grei familiebil når eg ikkje kunne fungere i den gamle jobben min lenger.

+ Driftssikker. Den er god, enkel og kjapp nok.

- Rekkevidden om vinteren. Chademo-ladesystem. Appen er dritelendig.

*****************************



Sålangt har det gått i Nissan og Tesla. Det er derfor berre rett og rimleg at neste bil blir .....Tesla3
Dette er den mest effektive elbilen eg har prøvd, og uten tvil den som har gitt mest km. pr. krone.
Det har da også vore ein stor salgssuksess, ikkje berre her til lands, men faktisk også i andre land.
Kven skulle vel tru det? Verda er tross alt ikkje som Norge, der ALT av nybilhandel dreier seg om elbilar.
Model3 er ein sedan, av den heller lave typen. Ein sitter liksom nede på asfalten, og alt unødig krimskrams er som blåst bort innvendig. Nokre vil sei at det er nesten FOR tomt, men det kjem an på auget som ser. 
Personleg likte eg bilen veldig godt, iallfall køyreeigenskapane. Men den hadde sine feil, bl.a. ein altfor liten bagasjeromsopning, eit golv i framseta som kjentes ut som det gikk opp i kupeen, og så får det som sagt bli opp til kvar einskild å vurdere kor bra bilkjøp dette er. 

+ Den mest effektive elbilen på marknaden. Superladenettverket. Det minimalistiske interiøret.

- Det minimalistiske interiøret. For lav. Og sjølvsagt; Elon Musk.

************************

Det er omsider på tide med eit nytt merke, og det vert den godt mottekne Kia E-Soul.
Ein artig liten bil, som er adskillig større inni enn det ser ut som. E-Soul er oppdatert fleire ganger sidan  den kom på marknaden, og nå kan vi få denne i utgåver som klarer over 40 mil. Det er slett ikkje verst! Den er forbausande gor å køyre, og i motsetnad til model3, så får du ikkje kjensla av å sitte på golvet. Neida, her sitter du forholdsvis godt og høgt. 

Eg har høyrt mange som synes E-Soul ser litt snål ut, omtrent som ein gammel Leaf, men eg er ikkje einig. Det er ein sjarmerande og grei bil, sjølv om du ikkje kan drasse med storfamilien og eit lass med bagasje på ferietur. God å køyre er den også, og som sagt får du nå denne med god rekkevidde til ein rimeleg penge.

+ God rekkevidde for pengane. Artig utsjånad.

- Lite bagasjerom.

******************************

Neste doning er kanskje den flottaste elbil eg har prøvd, og med flottaste meiner eg den som er finast å sjå på.
Det nye bilmerket Polestar har vore ein suksess, og for eit par år sidan hadde eg gleda av å prøve deira Polestar 2. Denne bilfabrikanten er som kjent deleigd av Volvo, og etter nokre innkøyringsvanskar har denne superflotte bilen verkleg slått an. Stor var forventninga da eg skulle teste denne, og det å køyre den var ein draum. Fantastisk behagleg, og den gikk som ei kule, denne også. Elbilar gjer jo gjerne det. 


Men om førarplassen var ypperleg, og komforten i framseta likeså; Bakseta skuffa kapitalt. Denne bilen har, som Leaf, ein bjelke midt gjenom golvet, som gjer bakseteplassen mykje trangare enn ein kunne forvent. Det er, etter mi meining, ein firesetar. Dessutan var det veldig trangt å komme inn i baksetet. 

+ Flott utsjånad, fantastisk god å køyre.

- Trang i baksetet, og trange bakdører. Svært upraktisk på det viset.

***************************

Siste års aller største bilsuksess her til lands er Tesla Y. Det er forståeleg. Den er større enn model 3, billigare enn S og X, men har enormt med plass. Dette er da heller ingen sedan som lillebror model 3, her kan du laste inn omtrent det du vil, iallfall hvis du legger ned bakseta.
Model Y er da eigentleg berre ein forvokst model 3, da bilane er bygd på akkurat samme plattform, men alt etter kva ein har behov for, så får ein velge den model ein ynskjer.
For mitt vedkommande vil eg velge Y anytime.  Uansett er dette ein bil som har slått an til dei grader.

 

Dette er førebels det næraste ein kan komme den perfekte elbil her til lands. OK, den koster jo sine kroner, men kva bil gjer ikkje det? Den har god rekkevidde, tilgang på det beste ladenettverket som fins, og som sagt ein innvendig plass der ein kan arrangere folkemøter inni. 

+ Ladenettverk. Plass. Minimalistisk interiør.

- Det må bli minimalistisk interiør her også. Og såklart; Elon Musk.

****************************

Maxus Euniq 6 er ein ny modell fra eit nytt bilmerke her i landet. Kinesiske Maxus har kome med sine bidrag, og ein kan jo undre på kor mange bilmerker(som vi aldri har høyrt om) fra Kina vi har plass til på den vesle norske marknaden. 
Maxus Euniq 6 var likevel ein positiv overraskelse. Det er ein SUV, der du sitter høgt og oversiktleg, og det er ein ganske så hyggeleg pris. Plassen er gedigen, og eg ser for meg at dette kan være eit godt alternativ som ein familiebil, for dei som ikkje gidder å bruke altfor masse kroner på bil. 
Dog; Prisen kjem med visse vilkår. 

Køyreeigenskapane er ikkje dei beste. Rekkevidda er ikkje den lengste på marknaden, og det fins ikkje app som du kan styre/førebu bilen med. 
Men ser du bort fra desse, så får du svært mykje bil og plass for pengane. 

+ Pris. Plass.

- Køyreeigenskaper. Ingen app.

*******************************

Audi GT e-tron er den einaste sportsbilen eg har prøvd. Ja, nokon vil sikkert rynke litt på nasen av at eg kaller dette sportsbil, men hvis vi snakker om bilar som har ein heilt avsindig akselerasjon, og som ligg på vegen som ein klegg, så må det være denne. Dette er ikkje ein billigbil akkurat, og eg synes nok ikkje dette er ein særleg familievenleg sak heller. Men køyreeigenskapane er som vi kjenner fra Audi; Excellent!

At bilen også ser svært flott ut, er da heller ikkje nokon ulempe. 
Som nevnt er dette ikkje ein bil for familiar i etableringsfasen, men for entusiastar og dei som har bil som stor interesse, så må dette være himmelen. 

+ Komfort, fart og køyreeigenskaper

- Bilen er låg, for låg etter min smak. Den koster flesk

*************************

Nissan Ariya er Leaf sin etterlengta, og etterkvart ganske så forsinka oppfølgar. Dette er ein heilt annan type bil enn pioneren Leaf. Dette er ein SUV/crossover, med heilt anna rekkevidde, plass og ikkje minst komfort. Eg har kun prøvd 63 kw utgåva, som vert sagt å ha ein WLTP på dryge 400 km, men det er nok den mest komfortable elbil eg har prøvd i ein såpass grei prisklasse. 
Fantastisk god å sitte i, regelrett behagleg å køyre, om enn det ikkje var det fartsmonsteret som vi kjenner fra t.d. TeslaY. 



Bilen har med rette fått gode kritikkar, og Nissan er nå på bana att med denne flotte og svært komfortable bilen. Leveringstida derimot, den er ikkje så bra. 10-12 mnd var det eg fikk opplyst, og så lenge gidder eg aldri vente på ein ny bil. Skal eg kjøpe Ariya, så må leveringstida kortast ned MYKJE.

+ Aldeles fantasisk god å køyre. CCS-lading som iflg. testar er svært god. God plass for personar.

- Bagasjeplassen er litt snau. Leveringstida. 

****************************

Ford Mustang Mach-E er nok den finaste elbilen som er på marknaden, spør du meg. Den ser altså så utruleg flott ut, sjølv om Mustang-entusiastar av bensintypen aldri vil kalle dette ein "Ekte" mustang. 
Det var uansett ein liten genistrek å dra inn dette smått legendariske namnet av Ford, og bilen har slått svært godt an. 
Det er høgst forståeleg, for dette er ein klassebil. Den har god plass, både til passasjerar og bagasje, om enn bagasjerommet er forbausande snaut. Men her har Ford ein stor frunk, og det oppveger mykje. Interiørmessig er Mach-E nesten perfekt etter min smak. Den er minimalistisk, men ikkje SÅÅÅÅ skrapa som Tesla Y, som er den naturlege konkurrenten. 


Eg tør også påstå at ein her får mange km. rekkevidde for kronene, spesielt dersom du går du Long Range med bakhjulsdrift, og spør deg sjølv; Kor mange ganger har du eigentleg bruk for AWD? Eg har ikkje hatt det anna enn på eit par ruskebilar, og har klart meg heilt fint på dei ein million km. eg har køyrt bil i mitt liv.

+ Fantastisk flott bil, både utanpå og inni. 

- Tja, eg kjem nesten ikkje på nokon.

**************************************

Del 3:

BMW i3 er prøvd. Denne vesle bilen fra statusmerket BMW var den tyske bilfabrikanten sin første store salgshit på elbilfronten. Den er ikkje lenger i produksjon, men i det minste så fekk BMW introdusert seg ein smule på det vaksande elbilmarkedet.
Det er i praksis ein firesetar, med det som eg syntes var eit forunderleg interiør. Køyremessig var den lysår unna dei fossil-BMW`ar eg har køyrt tidlegare, noko som må skuldast den korte akselavstanden.
Litt morsomme dører, der framdøra slo den "vanlege" vegen, medan bakdøra var hengsla i bakkant. Dette gjorde at inngangen vart betydleg større, og det måtte til for i det heile tatt å komme inni.

Ein populær og morsom bil var det iallfall.


BMW i3 var noko bortimot den perfekte bybil. Liten, hendig, grei nok rekkevidde, men til langkøyring var den heller skral. Bagasjerommet er omtrent som ein postboks, og komforten var heller sparsommeleg. Men artig introduksjon fra BMW som elbilprodusent!





























torsdag 17. november 2022

"Ueinig" RUS

 Det har tatt si tid, men omsider stilte #nnpf opp i ein diskusjon. Joda, dei takka nei først, men stilte opp i NRK sin nye, og såvidt eg kan bedømme, ganske så vellykka serie "Ueinig".

Dagens tema var "rus", og ingen ringare enn #nnpf sin nestleiar, statsadvokat Geir Evanger var den "utskremde" medarbeider.

Fra motsatt side stilte RIO med Kenneth Arctander Johansen, og som programmleiar altså Ingunn Solheim.


Det skulle vise seg å bli eit interessant ordskifte, langt bedre enn frykta, og ikkje den kjeklinga som ein ofte forbinder med polititske duellantar ala "Gro og Kåre", for dei av oss som hugser det. Nåja, i dag ser "Gro og Kåre" rimelig tamt ut, men det er ein annan historie.


Evanger sitt hovedargument for å fortsette straff, er altså den førebyggande biten, det som vert kalla almennpreventive virkemiddel. Med straff forstår vi at det er eit påtenkt onde, som staten påfører enkeltindividet nettopp i den hensikt for at det skal føles ubehagelg. Såleis skal borgarane avstå fra å bryte lova, fordi dei ellers vil få det ubehagleg når følgene av lovbrotet, altså straffa, rammar dei. 


Dette er straffetilhengarane sitt kronargument, det har alltid vore det, og ser ut til å fortsatt være det.
I gamle dagar skulle straff fungere som ein slags hevn ovanfor lovbrytaren, men den tankegang har heldigvis forsvunne meir og meir.

I ein moderne rettsstat ser vi nå tendensar til at straff som førebyggande verkemiddel er på veg ut.
Det er bra.
Det fins sjølvsagt tilfeller der samfunnet må beskyttast mot farlege personar, og at vi av omsyn til den alminnelege borgar må sperre folk inne, men dette høyrer likevel til unntaka. Straff som førebyggande verkemiddel er i det heile ein gammeldags tankegang spør du meg. 

Straff som verkemiddel ovanfor personar som ikkje har gjort noko anna enn å påføre seg sjølv skade er, som Johansen også så korrekt påpeikte, utan verknad og hensikt. Kvifor skal vi vel straffe nokon for å innta ein potensielt farlig substans, om så substansen er legal eller illegal?  Det er 50 år sidan vi slutta å straffe dei som brukte for mykje legale rusmiddel.   
Som påvist i NOU-en "Fra straff til hjelp", så har ikkje straff nokon nevneverdig påverknad i det heile tatt på om folk ruser seg eller ei. 
Tilhengarane av straff påstår at vår "lave" narkotikabruk her i landet er eit bevis på at vi gjer noko rett her i landet, dvs. straff fungerer som forebyggande tiltak. 
Men narkotikabruk har vore forbode i omtrent alle europeiske land, i mange tiår, og det har ikkje redusert bruken. tvert om så har bruk av illegale rusmiddel auka. 

Ikkje berre det at straff ikkje fungerer førebyggande, den er endatil skadeleg.

Dette er det viktige punktet som Evanger og #nnpf ikkje vil innsjå. Vårt samfunns mangeårige jakt på brukarar av andre rusmiddel enn alkohol, har i #nnpf sine auge vore ein suksess, og det har, framleis iflg. Evanger, vore nærast eit MÅL at folk SKAL bli stigmatisert som følge av straff for rusbruk. 
Joda, Evanger og Johansen var einige om at dei tunge rusavhengige skal slippe straff. Berre det er eit kvantesprang innan forbodstilhengarane sin tankegang. Før i tida burde rusavhengige tvingast til avrusing, og nei; Eg tuller ikkje. Vi kan t.d. sjå på diskusjonsprogram fra 1990-talet. Det er ikkje pent å sjå.

Men kvifor skal vi ha eit skille mellom dei "tunge rusavhengige" og "dei andre"? Kor skal skillet gå?
Kor mykje kokain, heroin, amfetamin, hasj, felinsopp, LSD, crack eller diverse legemiddel må ein person ta før ein skal reknast som avhengig, og såleis slipper straff?

Det er det INGEN som har kome med eit svar på enda. Og, skal vi tru diverse oppslag fra politiets evigjamrande gråtekoner, bl.a. fra deira eigen fagforening Politiets Fellesforbund, så er det heller ikkje så lett. Heller ikkje Evanger hadde noko svar på kor skillet skal gå.

Nei, det var akkurat det vi sa fram til AP, SP og FrP stemde ned rusreforma i fjor sommar. ALIKEVEL klarte dei tre nemde parti å surre det til, antaglegvis fordi dei høyrde på nettopp #nnpf

Det provoserte meg imidlertid ikkje så reint lite da Evanger nærast bagatelliserte dette med stigmatiseringa som straff gir, dvs. til dei som ikkje er rusavhengige.

Eg kjente det kokte da. 


"Ærre liksom så nøye da?"



JA. Det er eit digert problem. Det tar livet av oppegåande og heilt friske menneske. Og det er meg f**n totalt uforståeleg at nokon skal forsvare ein politikk som TEK LIVET AV FOLK!!



Eg har sagt det mange ganger før: Dei som argumenterer for straff, må også vite, og forhåpentligvis forstå kva følgjer politikken deira får. Eg har ingen håp om at ekstremistane i #nnpf skal forstå dette, men det er eit håp om at fleire og fleire i Storting og (om tre år) Regjering innser kva følger straff kan få.

Den tek livet av folk, som ikkje har gjort noko anna enn å bruke eit rusmiddel som er langt mindre farleg enn alkohol. 


Vinnar av "duellen" i "Ueinig"? Vel, det er unødvendig å spørre. Johansen var lysår bedre, og lavmålet fra Evanger, bortsett fra dette "Er det et problem?" kom da han antyda at vi skulle sjå bort fra forskninga, og heller "SYNES", dvs. komme med personlige betraktningar. Altså, det er da vi forstå kor feilslått ruspolitikken vår er; Den er basert på kjensler og synsing, istaden for forskning, og nå har altså #nnpf stadfesta det sjølv.

Så mykje for deira bidrag som premissleverandør i narkotikadebatten siste 30 år. Den er altså bygd på antagelsar og personlege meiningar, og ikkje fakta.

Det har eg innsett forlengst, og fleire med meg. Det er snart kun Frp sin vaksenavdeling, moralistane i Krf og (dessverre) regjeringspartiet SP som ikkje har forstått det av dei som tross alt skal bestemme hovedkursen. 


"Ueinig" er oppsummert eit godt konsept, som eg syntes var eit godt tiltak.
Spørsmålet til NRK må jo bli: Kvifor har de ikkje kome på dette før?



tirsdag 15. november 2022

"This week in police"

Onsdag, 7.12.2022:

Det er eigentleg synd og trist det som skjer med justissektoren. 
Eg finn ikkje andre ord for alt det tullet som politi og rettsvesen står oppi, og nye saker dukker opp nærast til dagen.
Kvar skal vi begynne i dag?

Kva med den pågåande Tengs-saka? Denne nitriste historien går sin gang, og i dag følgde eg deler av vitnet Asbjørn Rachlew si forklaring. Han er avhøyrsekspert og arbeider til dagleg ved PHS. 
Skandalen rundt den forrige tiltalte vart om mogleg enda verre etter Rachlews forklaring, og dette bildet oppsummerer meir enn eg nokon gang kunne fått ned på papir. Øh....tastatur.


Personleg prestisje gikk framfor det å belyse saka på ein korrekt måte. Det er ille å sjå på.


Kva anna?
Tja, kanskje vi kan bruke nokre linjer på justisministerens varslingsombud fra i sommar? De husker sikkert fagforeininga som frarådde politansatte om å varsle om kritikkverdige tilhøve i etaten. Det skulle justisministeren fikse.

Sa ho.

Nokre månader etterpå er heile historien lagt på is. Godt gammeldags spel for galleriet kallar vi slikt, og her er eg faktisk heilt på linje med PF. Undra si tid er altså ikkje forbi. La oss håpe Stortingsfleirtalet tvinger eit eige ombud på plass, da regjeringa ikkje ser ut til å være i stand til det.
Ta gjerne med politijuristane også. Dei har sikkert noko dei vil ha sagt.
Hvis det er ein etat som verkleg kunne ha bruk for eit varslingsombod, så må det være politiet. 



Den tredje triste, og smått rystande saka i dag er om politiinformanten som vart drepen.
Ein tragisk sak om kor ille det kan gå.
Det er så ein nesten ikkje forstår korleis slikt kan gå an.
Nå opnar Spesialenheten etterforskning, så da får vi sjå kva som skjer.
Det vil dessverre ikkje forbause meg om det dukkar opp at narkotikaomsetning har vore ein del av bakteppet her. I "krigen mot narkotika" har politiet generelt og NNPF spesielt vore uten skruplar.


Sak fire må bli dette aldeles hjelpelause utspelet fra ein av mine gamle kullkamerater fra Politiskolen 1987-1989. 
Artikkelen er så full av tullball at det vert vanskelig å vite kor ein skal begynne, men vi kjenner igjen påstandane om at mange politifolk nå ikkje veit korleis dei skal operere mot rusbrukarane. Dette er sjølvsagt berre tull, for talet på brukarsaker har gått drastisk ned, noko som tyder på at langt dei fleste politifolk faktisk forstår reglane veldig godt. Det er sjølvsagt nokon som strittar imot, og ikkje overraskande er det ALLTID NNPF-medlemmer, forkledd som politifolk som er på bana
Politifolk flest forstår altså regelverket veldig godt, og forstår at det ikkje er noko nytt som har skjedd. Det er berre det at politiet i mange år har brote lova ved uforholdsmessig bruk av tvangsmiddel. Det er som vi har sett, ikkje så lett for gamle narkokrigarar å forholde seg til loven.

Innlegget i Politiforum skildrar også alt som er galt med norsk narkotikapolitikk, om at unge ned i ungdomsskulealder kan få tak i stadig sterkare stoff, så lett som ingenting. Og nettopp derfor må vi fortsette å bruke straff og tvang som verkemiddel.... Altså; Vi bruker samme oppskrift som vi har gjort i 55 år, og håpe på eit nytt resultat.

Dette er å holde seg sjølv for narr, men be my guest.

At dei som har klokketru på straff og forbod som førebyggande middel, ikkje kan sjå på suksessen vi har hatt med tobakk, er meg komplett uforståeleg. Tobakkspolitikken er ein einaste stor suksesshistorie. Til alle narkokrigarar vil eg sei; Sjå og lær av den strategien vi har fulgt der. 


Til slutt: Gladnytt!

#løgnfabrikken #nnptaper medlemmer. Og det FØR årsrapporten deira for 2022 kjem ut. Naturleg nok. 2022 er jo ikkje over enda, så da må eg sei eg er spent på korleis det har gått. Og nesten enda bedre, korleis den kommande rapporten fra Rolleforståelsesutvalget vil bidra på medlemstalet. Det ser vi ikkje før i 2024 eingang.

Men verda går framover som vi ser.


I 2019 var det 3316 medlemmer, ein liten nedgang fra 3340 i 2018. 2795 politiansatte, og det utgjer ein mykje mindre del av antall politifolk enn ein skulle tru. Politiets Fellesforbund t.d. har over 17000 medlemmer. OK; det er ikkje rett å sammenligne ein fagforening og ein "frivillig og ideell rusorganisasjon", men du ser poenget. 

Vel, i 2021 var medlemstalet gått nedover enda meir, og med adskillig større fart. Noko som eg set stor pris på.



Etter ein liten medlemsoppgang fra 2019 til 2020, så vart NNPF adskillig meir omdiskutert i media i høve rusreforma, og resultatet vart gledeleg nok ein nedgang i medlemstalet på 319 stk, derav 220 politiansatte. 
Nå i 2022 har foreninga vore i søkelyset som aldri før, med oppslag om trenering av Utvalgets arbeid, samt ein del uheldige (for dei) opptrednar i media. Ein kommande rettssak om satireplakater i Oslo vil neppe hjelpe på omdømmet heller.
I mi krystallkule ser eg at medlemsantallet vil minke med nokre hundre til, hvis ikkje heile foreninga vert dømt så nord og ned for sitt samrøre med politiet, at den finn det best å legge ned.

"There is hope in a hanging snore", som Eggen sa.
*****************************************************

Torsdag, 1.12.2022:


Da er vi inne i desember, og kva er vel da bedre enn å drive lett harselas over forunderlege og beint ut uforståelege hendingar og utsagn fra norsk politi generelt, og NNPF spesielt. Vi trenger ikkje leite lenge for å finne slikt.

For eit par veker sidan var Kriminalteknisk Forum ute i Politiforum og klaga sin nød over kva som KAN komme til å skje når Rolleforståingsutvalget legg fram sin (forhåpentligvis knusande) rapport utpå nyåret. 
KTF frykter at rapporten kan bety kroken på døra for kriminalteknisk arbeid, da dette er ein frivillig og ulønna organisasjon. 
Problemet er ikkje at det er frivillig verv, neida. Dei fryktar å legge ned fordi dei (drrrrumrrrroll) ikkje får drive på med dette i arbeidstida....

Yes, det er sant. Frivillig og ulønna arbeid vert altså utført i.....arbeidstida. 
Eg har vært med i idrettslag, jakt og fiskelag, turlag, sykkelklubbar, LEVE, bygdelag og you name it. Men eg har ALDRI brukt arbeidsdagen min på frivillig organisasjonsarbeid. 

Ja, eg satt nokre timar på kontoret mitt og laga quiz, men det var etter arbeidsdagens slutt. 

Det er nemleg det som er vitsen med frivillig og ulønna arbeid; At det skal skje utanfor arbeidstida. Hvis du bruker arbeidsdagen på slikt, ja da snylter du faktisk på arbeidsgivaren din, uansett om du bedriv dette av ideelle årsaker. KTF er ikkje i nokon særstilling når det gjeld frivillig arbeid. Hvis så er, da kan vi og rekne verv i idrettslaget som "førebyggande".


Det er nesten som ein ikkje trur det er sant. 



Men parodien går mot nye høgder i politi og påtalemakt utpå nyåret.

Da er det beramma ein rettssak for å....... (hold tight).....henge opp plakater.
OK, personleg har eg kanskje ikkje allverdens sans for desse plakatane, men really?? Påtalemakta tar altså ut tiltale mot ein eksadvokat som har hatt det litt moro og hengt opp desse satiriske plakatane rundt om i Oslo. Ved å lage ei sak om dette, har Politiforum bidrege til enda meir publisitet, men det er nå så. Det som VAR eit marginalt stunt i Oslo, er nå omtalt (m/bilder) i mange riksmedia, og da ikkje minst i etatens eige fagblad.

Nå skal ikke eg være bedre/verre enn andre, så derfor ber eg om at desse bilda ikkje vert spredt vidare :-)


Evanger er til dagleg Statsadvokat og klager over at kallenavnet "Goggen" og denne "etterlysninga" vil forfølge han resten av livet. Dette er samme mann som i eit TV-program påstod at "er det så nøye med denne stigmatiseringa da?"



Eg trudde at utdanna jurister og statsadvokater hadde ein smule sjølvinnsikt og hjerne, men der tok eg feil gitt. Evanger har nok heller ikkje kjennskap til dette med "ytringsfridom", spesielt mot "Statsmakten". Hvis ein vanleg borgar ikkje kan ytre seg kritisk mot ein politioverbetjent (som i det minste har hatt skamvett til å holde ein låg profil i denne saka) og ein statsadvokat, så er vi på ville vegar. Det er ein føresetnad for ein demokratisk rettsstat at slike ubehaglige ytringar skal kunne framsettast. Politiet tillot for eit par år sidan nynazistar å marsjere i Kristiansand, men satireplakatar mot dei sjølve, skal det altså reagerast mot.

Prikken over "i(diotien)" kjem når Evanger forlanger kr. 50 000,- i oppreisning også...

You can`t make this shit up.



Nei.
Det er altså ikkje måte på kor hårsåre representantar for vårt voldsmonopol kan bli når det går utover dei sjølve. 
Vi skal til Finnmark, distriktet der politimeisteren ikkje veit forskjellen på avkriminalisering og legalisering. Det som skjer der, har eg nesten problem med å tru er ekte. Det er så bortreist at eg har vanskar med å tru det er sant, og eg er framleis ikkje overbevist om at dette er tilfelle.

Som kjent vart lister over medlemmer i NNPF utgitt til privatpersonar i fjor ein gang. Dette var etter offentlighetsloven, og såleis ikkje noko å sutre over. Slik er det nå ein gang, når ein har vært så dum at ein lar medlemskontingenten bli trekt over lønna, istaden for å t.d. vippse, slik som dei fleste andre frivillige organisasjoner og lag gjer i vår moderne, digitale kvardag. 





Min første tanke er, hvis dette er tilfelle..... Hvis du er så korka som avsendaren av dette avviket inn til Datatilsynet tyder på, da håper eg virkeleg at norsk politi ikkje får generelt løyve til å bære våpen. 
Påstandane i denne avviksmeldinga er så hinsides, at ein må være busatt under ein stein for å finne på noko slikt.
Nåja, at NNPF i Finnmark har adresse i Oslo er morsomt nok, Torggata 1 er hovedsete for norsk avholdsrørsles høgborg. Der er dei samla alle.
Det som står i avviksmeldinga er også feil. 
Det var ikkje anna enn navn og politidistrikt som stod oppført. Ingen adresse, ingen e-post, ingen tlf. og iallfall ingen f.dato. Ei god gammeldags løgn altså.
Eg har nemleg listene sjølv, og eg har nok ikkje tjent ei krone på å selge dei. Hell, no. Har faktisk ikkje delt dei med nokon. Kanskje eg burde dratt inn nokre lappar på dette likevel? 
Neida.

Og listene er solgt på DarkWeb?? Til Hells Angels??? (Året 1997 kaller)

Wow. Når kven som helst kan be om å få listene gratis, på det vanlige nettet, via heilt lovlige metodar, så er det ingen som betaler for å få dei på det mørke nettet. 

M.a.o. løgn her også.

At NNPF har blitt nedlagt i Finnmark, og at foreininga har tapt omdømme, skal vi være glade for. 
Dei kan ikkje skulde på andre enn seg sjølv, så mykje løgn som dei har spredd, det er tross alt #løgnfabrikken vi snakker om her.


Det verste?

Det er at slike saker som dette øydelegg for alle i norsk politi som GJER ein skikkelig jobb. Det er heldigvis fleirtalet av norsk politi som ikkje er involvert i NNPF. Det er berre det at NNPF skriker og hyler så j****g..... Akkurat som grisen når den skal slaktast. NNPF forstår vel at dei synger på siste verset dei også.  Mest mulig skrik før dei forsvinn altså. 

*************************************************************


Tirsdag, 15.11.2022

Som tidlegare politiansatt og utdanna fra fortidas Politiskole, så er det mest fascinerande å lese kva som nå skjer i etaten. Eller rettare; Det som har skjedd siste året.

Feil og tabbar ramler ut av skapa i eit slikt tempo at det går ikkje an å holde følge lenger, så i dag bestemte eg meg for å starte enda ein tråd, som risikerer å bli lang.

Det blir forresten litt feil å kalle det ein tråd om "Norsk Politi", for det vil i hovedsak dreie seg om ruspolitikken, men det vert garantert nokre skråblikk i fall det er nokre babuuu-historiar ellers også.

La oss sjå kva som har skjedd. I dag.
Ein kan knapt tru at slike ting skjer i norsk politi, but here goes.


Skal vi starte med verste først, men også det enklaste, og endatil uten rus involvert?

Vi skal til vårt nabofylke i Nord, der ein "betrodd medarbeider" skal ha tatt med seg diverse politieigd utstyr for nesten 700 000,- NOK
Vedkommande vart suspendert, og har i ettertid sagt opp.
Sikkert like greit, da det jo vil bli pinlig å bli fradømt jobben i tillegg.

Men eg lurer verkeleg på kva som har klikka for denne politiansatte. Slikt går ikkje an; Ta med seg politiutstyr, og så selge det, med fortjeneste rett i eigen lomme.

Det er verkeleg ille, og ikkje eingang Spesialenheten kunne la være å reagere denne gang.

Det seier jo litt.


Hending nr. to i dag, skjedde på Politiets Fellesforbund sitt årsmøte, og det er smått surrealistisk å lese. 
Kamuflert som tillitsvalgt i KRIPOS, går ein politimann på talarstolen og anklager Riksadvokaten for "snikinnføring" av terskelverdiar. Etter hans vurdering er det eit brot på maktfordelingsprinsippet når Høgsterett og Riksadvokat  har handla som dei har gjort. 


The ego is strong in this one.

Vedkommande er utdanna fra Politiskolen, forhåpentligvis med nokre kurs ekstra, men når han, som politimann, faktisk påstår at Riksadvokat og Høgsterett ikkje kan jobben sin, så er min første reaksjon; Pensjoner deg. Nå. Aller helst i går.

Og tillitsvalgt for KRIPOS?
Det gir eit skinn av seriøsitet, men han er såklart medlem i #nnpf, og Politiets Fellesforbund har dessverre forfalt til å bli eit talerør for dei, all den tid #nnpf ikkje vil/tør uttale seg lenger.

But wait! There is more!
Samme mann som påstår at Høgsterett og Riksadvokat ikkje forstår maktfordelingsprinsippet, klarer altså ikkje å forstå eit enkelt regelsett om korleis ein skal handheve tvangsmiddel. 

OK, hvis du ikkje framstod som tverr, og ikkje så reint lite dum fra før, så gjer du det iallfall nå. 

Det er også den vanlige sutringa om at Riksadvokatens nye retningslinjer er uklare, noko som seier SVÆRT mykje om vrangviljen der i gården. Reglane, som ikkje er nye, men presisert, har blitt brukt ulovleg i mange år, og det er sjølvsagt hardt for gamle narkotikakrigarar å innrette seg etter nye tider. Reglane er, som eg har skreve om før, ikkje vanskelige i det heile tatt. Det er viljen til å følge dei som er vanskelig. Du kan lese heile Riksadvokatens skriv her.

Oppsummert: #nnpf i tillitsmannsforkledning viser at dei ikkje vil innordne seg nye tider, og for oss andre så er inntrykket at dei gjer seg sjølv til idiotar. Dei treng da ikkje gjere seg dummare enn dei er. 


Sak nr. 3 denne tysdagen er av meir intern karakter, men eg synes den er ganske alvorleg likevel.
Det går meir på etatens holdning til dei som meiner noko anna enn det som har vore deira syn. Med "etaten" så burde eg vel presisere at det i bunn og grunn er #nnpf vi snakker om.

Før i høst vart min kollega i LEAP Scandinavia  utsatt for ein slags ...tja... spøk (?) da eit medlem i #nnpf hengte opp ein plakat om #nnpf sin såkalla "utdanningskonferanse". Denne saken fikk eit hyggelig utfall, heldigvis.
Men så må sjølvsagt ein løknisse henge opp ein ny plakat, på kveld/natt, uten at vedkommande har ryggrad til å stå fram, ikkje enda iallfall.
Du kan følge saken på twitter forresten.

Slikt er kanhende morsomt på det interne fyllejulebordet som #nnpf snart skal ha, iallfall første gangen. Når det skjer for andre gang, så ber det preg av mobbing på arbeidsplassen.

Men dette er #nnpf sin modus i eit nøtteskall: Plage, sjikanere, håne og spre regelrett løgn om sine meiningsmotstandarar. Dei avstår fra einkvar diskusjon, men blokkerer, ignorerer og regelrett herser med andre politifolk som har eit anna syn på narkotikapolitikken vi fører.

Gudbedre for ein gjeng, og det er forferdelig å tenke på at eg var medlem i denne bedritne organisasjonen heilt fram til eg slutta i politiet. Eg skammer meg virkelig over det.

Og Politidirektøren??
Gjer ingenting. Årsak: Ho har tidlegare støtta #nnpf sitt syn, og gjer det vel sannsynlegvis enda. 
Det er på overtid, men #bjørnlandmågå



torsdag 10. november 2022

"Ja til fortsatt debatt om avkriminalisering"

 Innlegg i Sogn Avis pr. 10.11.2022.

*********************************************

Dordi Lerum meiner vi skal legge avkriminaliseringsdebatten død.

Det er eit veldig dårlig forslag.


Før vi grunngjer kvifor, så må vi sjå litt nærare på hennar innlegg.


Det er rett at den forrige regjeringa sitt forslag gikk ut på at ein ikkje skulle bli straffa for bruk og erverv, det som i dag vert ramma av Legemiddellova. Men ALT av salg, innførsel, produksjon og oppbevaring skulle framleis være ramma av straffelova. Dessutan; ALT av mindre kvanta, dvs. erverv til eige bruk, kunne også inndragast av politiet.

Forslaget fra Solberg-regjeringa var ein svært konservativ reform, støtta av bl.a. FN, WHO m.fl.


Lerum påstår at det er sjeldan at ein i dag er på fest utan at det vert nytta t.d. MDMA eller hasj. Dette rimer ikkje med opplysningane som kjem fram i t.d. Ungdata, da bruken har vore stabil i mange år. Dessutan, hvis det er tilfelle som Lerum hevdar, at hasj, MDMA, eller "kokain som flyter" så er det berre ei stadfesting på at Norges mangeårige strategi, som SP vil fortsette, ikkje fungerer. Hvis det verkeleg er slik at ungdomar er lagt inn på rusavvenning etter russetida, så er det eit resultat av den politikken vi har valgt: Nemleg å la organisert kriminalitet styre marknaden 100%. Det kan jo ikkje gå bra.


Lerum hevdar så at "H og V ville gjere narkotika lovleg". Dette er anten heilt misforstått, evt. blank løgn. Det var ingenting i reformforslaget som nevnte "legalisering". Det var aldri ein del av mandatet å vurdere det ein gang. Narkotika skulle fortsatt være ulovleg, men bruk og besittelse av brukerdoser(erverv) burde ikkje straffes, var konklusjonen.


Det er sjølvsagt bra at SP og AP vil satse på førebygging, men det har vi tross alt prøvd i over 50 år nå. Verkemidla har vore forbod, stigmatisering og straff. Hvis vi skal hjelpe og førebygge, så kan vi ikkje inkludere straff all den tid det ikkje har dokumentert effekt og vert frarådd av dei nemde internasjonale organ.


Tyskland legaliserer cannabis i streng statleg regi om eit drygt år. Tsjekkia følgjer etter. Luxembourg sameleis, Malta har legalisert, og fleire andre europeiske land vurderer det samme, ikkje minst Danmark. Det er eigentleg berre eit spørsmål om tid før også Norge innser at vi reduserer skadene ved å tilby eit regulert og kontrollert marked, istaden for å la kriminelle ha monopol. Dei kriminelle har alltid opent, null aldersgrenser og ingen krav til kvalitet eller styrkebegrensning. 
Det er skadereduksjon som er målet, det oppnår vi ikkje ved forbod. Vi veit det, fordi vi har prøvd det før, med alkohol. Det var ein dundrande fiasko. Vi burde ha lært av det.


Bruken forsvinn ikkje ved forbod og straff. Da hadde den gjort det for lenge sidan.


I Canada, der cannabis vart legalisert i 2018, vart dette gjort nettopp for å redusere skadene og for å redusere mindreårige sin kontakt med dei kriminelle miljøa.. Fire år seinare ser vi resultata: Totalbruken har hatt ein beskjeden økning, medan ungdomsbruken er halvvert. Det er nemleg ikkje så kult å fyre ein joint når foreldra kan gjere det heilt lovleg i si eiga stove. Dessutan har det legale salgsapparatet no erobra det meste av omsetninga.


Som pårørande og etterlatt, som ein direkte følge av vår farlige og destruktive narkotikapolitikk, er det ei hån mot oss når Lerum vil legge avkriminaliseringsdebatten død. Med ein avkriminalisering på plass for nokre år sidan, så hadde vi vore fulltallige rundt middagsbordet. Istaden vil det for alltid være ein tom plass. Det at SP vil fortsette ein politikk som tok fra oss kjære familiemedlemmer, er å spytte oss i ansiktet.


Så nei, vi gir oss ikkje med avkriminaliseringsdebatten. Det er altfor mange som fortsatt lir under forbuds- og strafferegimet, og vi ønskjer ikkje at fleire skal lide samme lagnad som oss. Stigmatiseringa som følgjer av forbudet og kriminaliseringa er i verste fall dødelig.
Slik vi fikk erfare.


Samtidig vil vi også arbeide for at bruken vert tryggast mogleg, i form av streng statleg regulering. Det er nemleg det motsatte av "fri hasj". Det er i dag vi har det slik, der alle som vil ha kan kjøpe 24/7 på Snapchat. Eit forbod er ingenting anna enn sponsing av kriminelle.


Det er dei uungåelege konsekvensane av SP sin ruspolitikk.


"All quiet on the western front" - filmomtale

Vi hoppar rett over på den tyske originaltittelen med ein gang: Im Westen nichts Neues.
Denne versjonen er, som alle versjonane før den, basert på boka av samme navn. Det er ein såkalla "episk anti-krigs fortelling", om dei horrible felttoga på vestfronten under første verdskrig.



I denne nye, og ganske så påkosta versjonen, som vi kan finne på Netflix, er det ikkje spart på verkemidla. 

Handling:
Vi vert i 1917 kjent med 17-åringen Paul, som saman med sine ferdigutdanna klassekameratar verver seg til den tyske hæren. Der skal dei få marsjere mot Paris, i eit storstilt og suksessrikt felttog, vert dei fortalt av rekrutteringsmannskapa. 
Etter tildeling av meir eller mindre passande uniformar, og ei militæropplæring av det heller symbolske slaget, vert desse unggutane sendt til fronten.

Og krig er langt meir romantisk på avstand, enn det viste seg å være når dei kom til frontlinja.
Noko marsjering mot Paris kan dei sjå langt etter, knapt nok til næraste landsby.
I 1917 har skyttargravskrigane allereie pågått eit par år, med ein nærast fastfrossen front fra Nordsjøen til Alpane.
På kryss og tvers gjennom det sørlege Belgia, og nordlege Frankrike snirklar tusenvis av kilometer med skyttergraver seg, i ein slags forsmak på korleis dommedag kan komme til å være.
Millionar av menn på begge sider kjempar ein blodig, nytteslaus kamp, der unge soldatar vert behandla som kanonføde. Med gamaldags krigføring, og moderne våpen, som stridsvogner, maskingevær, tungt artilleri, flammekastarar og ikkje minst giftgass, så døyr menn som fluger.

Paul sine unge kameratar forsvinn, den eine etter den andre. Skoten av franske eller britiske snikskyttarar, plaffa ned av maskingeværa, knust under beltene til dei allierte stridsvognene, eller av dei tallause epidemiane som sprer seg i dei uhyrlege skyttargravene.

I dette marerittet på jord, er det kun menn og rotter som kan klare seg. Og om menneska lider, så lever rottene herrens glade dager; Dei har meir enn nok av mat, og fins soveralt. Eg meiner; OVERALT.

Som menig soldat vert Paul sendt ut på det eine meiningslause stormangrepet etter det andre. Han forstår vel knapt sjølv korleis han overlever gang på gang. 

Parallellt med dei menige slaktofra sitt trøystelause tilvære blant rotter, rotnande lik, latriner, bomber og granater, så vert vi også kjent med den tyske forhandlingsdelegasjonen, som hausten 1918 innser at krigen er i ferd med å knekke Tyskland. USA er kome inn i krigen på dei allierte si side, og tyske toppolitikarar ser korleis det vil gå. Det handlar no berre om å redde så mange liv som mogleg før våpenkvila.
Franskmennene er dog lite interessert i dei tyske vilkåra, og står på sitt. 
Og medan forhandlingane pågår, så fortset ærgjerrige generalar å pøse ut soldatar i nye, meiningslause masseangrep.

Tapstala er enorme.


Om det vert ein happy ending? 
Kva får deg til å tru det?


Etter å ha sett den franske TV-serien "Apokalypse: 1.verdenskrig" på NRK fleire ganger, samt den briljante dokumentaren "They shall not grow old" og episke "1917",  var det på tide med ein film som skildrar krigshistoria fra den andre sida også. Dette er nemleg ein tysk film, basert på ein roman skreven av ein tysk soldat som opplevde dette sjølv. Boka kom ut i 1928, vart ein stor suksess, og sjølvsagt forboden og brent da nazidiktaturet tok makta nokre år seinare. Eg har dessverre ikkje lest boka enda, men etter denne filmen, så bør eg gjere det.

Men det vi iallfall kan forstå, er at uansett, om du var tyskar, brite, franskmann, canadier, amerikaner, fra koloniane eller kva det enn måtte være; Livet i skyttargravene må ha vore eit sant helvete.
Det vi ser her, så brutalt det enn er laga, er skildra enda verre i dei nemnde dokumentarane.

Vi har liksom ikkje visst så mykje om den første store katastrofen på 1900-talet, for over 100 år sidan. Til alt hell har vi slike bøker som denne filmen er basert på, samt gamle filmopptak som er pussa opp og restaurert. Takk og lov for det.
For einkvar med ein viss historisk interesse, så er denne filmen på 147 minuttar eit must. Hvis du føretrekk romantiske komediar, så styr laaaaaangt unna. Ein større kontrast til rosa nusse-kose filmar enn dette krigseposet kan ein vel knapt komme.

Skodespelarane er for meg ukjent, men gjer ein fantastisk jobb. Slagscenene er meisterlege, rottene kryr overalt, og generalane er akkurat så kyniske som vi kunne ane i "Apokalypse".

"Im Westen nicht neues" anno Netflix 2022 er eit sant meisterverk, av den brutale sorten. 

Høgdepunkt:
Når krigen tek slutt, kl. 1100, 11. november, 1917.

Lavmål:
Ein får lyst til å kvele generalane.















torsdag 3. november 2022

EM i cyclocross - ein kort føromtale

 Ja, da er det meisterskapshelg att. 
Nye fine meistertrøyer skal delast ut, om enn ikkje fullt så fine som regnbogetrøya som verdsmestaren får bruke. 

For eit par dagar sidan gikk Koppenbergcross av stabelen, som eg tidlegare har betegna som eitt av totalt fire sykkelritt som ein over middels sykkelinteressert MÅ få med seg.

Og nå til helga kjem sanneleg det neste. Ikkje det at EM i seg sjølv er så fantastisk spennande, men dette året går meisterskapet av stabelen i Namur, ei beinhard løype som kun den sterkaste kan finne.

I Koppenbergcross kan ein landevegssyklist klare seg bra, men i Namur vil den same gjerne være sjanselaus. OK, vi har multitalent som kan klare alle, men løypa rundt om citadellet i Namur kan tildels passe like bra for terrengsyklistar som landevegssyklistar. 
Som i Koppenberg er det ein brutal stigning ut fra start, og så går det opp og ned, og eg kan garantere at her må deltakarane av her og der. Det vil neppe være kunstige hinder her heller, da traseen er kanskje den mest utfordrande som er gjennom heile crossensongen.

Normalt pleier Namur å avholde verdscupritt her, langt uti desember, og vi vil nok sjå at det ikkje blir så vått, kaldt og brutalt som det har vore ved nokre høve siste åra. Du VEIT at det er tøft når ein elitesyklist som Eli Iserbyt må stå av fordi det var FOR kaldt. Det seier det meste. 

I det heile er traseen her eit eiendommeleg skue. Vi har bratte brusteinsbakkar, dritbratte skråningar både opp og ned. Skråsykling, bruer, asfalt, grus, gras (les: Gjørme ifall dårleg vær).
Kort sagt årets crosshøgdepunkt saman med Koppenberg.

Men kven som skal være med?

Heile meisterskapet starter med veteranklassane, og der har eg ikkje startlistene.
Men gledeleg nok har vi faktisk ein norsk deltakar også, endatil i herrer elite. Det er terrrengsykkelspesialist Mats Tubaas Glende, og dersom han kan få fullføre uten å bli tatt ut, så skal vi være superfornøgde. 
Ellers finn vi deltakarar fra mange europeiske nasjonar, noko som fortel meg at cross er nok større enn vi kunne tru. Og det fine er at det faktisk er ein viss sjanse for at nokon andre enn ein nasjon kan dominere også. 
Uansett, vi kjem ikkje utanom Belgia og Nederland. Dette er crossens desiderte kjerneområde, og derfra finn vi favorittane i omtrent alle klassar også. Vi har dog nokre outsiderar fra Frankrike, Storbritania, Spania, Sveits, Tsjekkia og Ungarn, men Belgia og Nederland vil antaglevis raske med seg det meste av medaljar. 

I både VM og EM har vi også ein ekstra klasse som vi aldri ser ellers, nemleg U23 for damer. Det er litt synd at UCI ikkje har pålagt arrangørane ein eigen klasse for U23 i eks. verdscupen, slik at meisterskapstrøya kunne bli vist fram iallfall nokre ganger.  Dessutan er damer elite ofte eit svært stort felt, så det kan med fordel delast opp ein smule. 
Det kule med U23 damer er at der har vi nokre av storfavorittane til å vinne eliteklassen. Årets komet, Fem van Empel fra Nederland, er kun 20 år, og har valgt å starte i eliteklassen. Ho må faktisk finne seg i å være den desiderte favoritten der også, så god som ho har vært. Supplerer vi med Blanka Vas fra Ungarn, Anne Marie Worst og Marianne Vos fra Nederland, samt multifenomenet Pauline Ferrand Prevot, så har vi nok vinnaren nevnt. Prevot må starte bakerst, men til hennar fordel er altså at feltet er såpass lite. Følg med på dette franske sykkelfenomenet på lørdag ettermiddag!

I herrer elite sender Belgia som vanleg ein heil armada med ryttarar som i utgangspunktet KAN vinne. Men det som er så fint i år, er at hverken Van Aert, Van der Poel eller Pidcock starter, slik at da byr det seg ein sjanse for andre også. Det er som kjent (nesten) aldri nokon andre som vinner når dei tre nevnte er med. 
Fjorårsvinnar fra Nederland, Lars van der Haar må finne seg i å være favoritt. Dog kan han finne på å slite ein smule i denne svært tekniske løypa, kanskje spesielt dersom det blir regn. 
Hans hovedutfordrar må bli Eli Iserbyt, verdas beste crossryttar denne sesongen og Europameister for to år sidan. 
Michael Vanthourenhout fra Belgia må også nevnast, og muligens Kevin Kuhn fra Sveits også. Uansett får vi nå eit adskillig meir spennande meisterskap enn når van der Poel var med, og køyrde fra alt og alle på den andre runden. Frykt likevel ikkje. Både Pidcock, van Aert og van der Poel er tilbake om nokre få veker etter ein pause fra landevegssesongen. 

Kvar kan du sjå dette meisterskapet?
Hvis du ikkje er i belgiske Namur denne helga, så kan eg anbefale Eurosport og GCN.


Laurdag er det kvinner junior, menn U23 og kvinner elite, før vi på søndag får menn junior, kvinner U23 og til slutt menn elite.

Lykke til.