søndag 23. oktober 2022

"Rettsstaten Norge"

Oppdatert 3.12.2022:

Nokon av oss hugser kanskje for eit par år tilbake, da vi hadde ein rusreform på gang. Debatten var ganske så intens, og det var ufine skuldingar fra "begge sider".

Men ein ting er anonyme "libberale" som vil røyke jointen sin i fred. 
Noko heilt anna er det når maktpersonar uttaler seg. Gjerne på TV.

Vi har t.d. uttaler fra Ap sin nestleiar i justiskomiteen, Maria Aasen-Svensrud som har utmerka seg ved nokre høve i rusdebatten. Ho har sagt at det er ingen som sitter i fengsel for bruk og erverv åleine.

Eller vi kan ta eit enda verre eksempel. Vår finansminister som under ein TV-debatt meinte at det var "farlig å si at politiet har for mye makt".

Det er derfor uten stor skam eg kan sei at desse to tok......feil.

Det er avdekka at MINST 4000 personar har vorte fengsla for såkalla bøtesoning, dvs. at vedkommande ikkje har hatt evne eller vilje til å betale sine bøter. Svært mange av desse 4000 er ilagt bøter for, ja nettopp, bruk og erverv.

Det verste? Dette er ikkje alt. 
Riksadvokaten beordra i oktober alle sine statsadvokatembete om å finne ut kor mange personar som hadde sona ulovleg. Og årsaka til at det har vore ulovleg soning, er at soninga er bestemt av politifolk, ikkje påtalemakta. Slikt er det ikkje høve til, dvs. lovbrot. 
Over 4000 personar er altså sendt til soning, ulovleg, fra 2015 til 2022....

Politidistrikta skulle innrapportere sine funn innan 30. november, og av ein eller annan grunn er eg ikkje eit snev forbausa over at Vest politidistrikt er eitt av dei fire her i landet som ikkje klarde å overholde fristen. 
Troms, Trøndelag og Innlandet er dei tre andre distrikta, så talet 4000 er da sannsynlegvis enda verre.

Dette er ein skandale langt verre enn NAV-historia for nokre år sidan. Der vart det avdekka at nokre titalls personar måtte sone fengselsstraff, utan at det var grunnlag for det.

Nå snakkar vi altså om tusenvis.

Da eg byrja i politiet på slutten av 1980-tallet, så hadde eg god tru på vårt rettsapparat. Du kan sei det slik at den trua har fått seg nokre alvorlige kilevinkar siste åra.

Men korleis har dette kunne skje?

Eg vil tru at ein del av forklaringa ligg i ein overdriven tillit til polituet.

Norsk politi har opp gjennom historia hatt høg tillit i befolkninga. Iallfall blant dei av oss som ikkje har hatt noko å gjere med dei. Men det er jo ikkje nødvendigvis dei lovlydige som skal føle tillit til ordensmakta. Det må i like stor grad være lovbrytarane, i form av korrekt saksbehandling først og fremst. Når vi sender folk til soning, uten å ha lovheimel for det, så er dette graverande, og i einkvar annan instans hadde dette ført til at hovud har måtte rulle.

I politiet skjer det foreløpig ingenting. Kun nokre "beklager" her og der. INGEN må gå, sjølv om det burde være hopetall. 

Dessutan vil eg anta at dette har kunne skjedd fordi mange av dei ramma er rusbrukarar, gjerne med små eller ingen ressursar. Ingen med fyldig nok konto ville sjølvsagt godtatt å bli sendt til soning utan at det var heimel for det, men nåpr det gjeld samfunnets mangeårige pariakaste, rusbrukarane, så "er det liksom ikkje så nøye". Vi såg det jo seinast i eit par uttaler fra NNPF-nestleiar Evanger "Er det så nøye om de blir stigmatisert da?", og fra IOGT-leiar Widnes i denne glimrande dokumentaren .





Eg har sagt det før, og seier det igjen: Det er så innihelv**e provoserande å høyre slike utsagn.
Svaret til Vedum, Widnes og Evanger er:   JA.

Folk døyr.

Det burde være grunn god nok til å avslutte denne destruktive politikken vi har ført i mange tiår nå.

Når vi i tillegg sender tusenvis av menneske i fengsel utan at vi har lov til det, så burde det OMSIDER få Stortingsfleirtalet til å våkne. 

Skjønt, eg tviler.



************************************************************


Som eit liberalt demokrati er Norge i all hovedsak ein fungerande rettssat. Ja, det har sjølvsagt vore einskildepisodar, men dette er unntaket snarare enn regelen.

Vi har vel alle vore av den oppfatning at sidan okkupasjonen fra 1940 - 1945, så har vi vore nettopp ein rettsstat, ein god og rettvis kontrast til politistaten vi såg i dei fem okkupasjonsåra.


Iallfall har eg, og sikkert dei aller, aller fleste med meg, levd i den tru at Norge har vore ein velfungerande rettstat, noko som slett ikkje er vanleg i mesteparten av verdas sjølvstendige statar. Flesteparten av all verdas land ER nemlig ikkje ein rettsstat, og vi treng ikkje reise lenger enn til vårt  store og aggressive naboland i aust for å sjå det.

Men denne posten skal ikkje handle om barbarstaten Russland, og deira overfall på fredlige naboar.

Den skal handle om at rettstaten Norge har fått nokre alvorleg knekkar siste tida. Dei er svært grove, dei har fått alvorlege følgjer, og ei opprydding trengs.

Fredag vart som kjent Viggo Kristiansen i praksis frikjent for sin part i det uhyrlige dobbeldrapet i Baneheia i 2000. Eg hugsar, som alle som på den tid, svært godt den saka, og internt i politiet snakka vi varmt om kor godt inntrykk daværande kriminalsjef i Kristiansand, Arne Pedersen, gjorde på TV.
Etterkvart som åra har gått, så har tvilen meldt seg meir og meir hos mange av oss, og da Gjenopptagelseskommisjonen OMSIDER lot saka få ei ny og oppdatert etterforskning, så var Riksadvokatens avgjerd fredag ikkje til å komme utanom.

Gjennom fleire rettsinstansar, og med fleire forsøk på gjennopptaking, så har Kristiansen vorte framstilt som eit monster. Ein pedofil barnemordar, lågare kan ein ikkje komme.

Og så viser det seg at han er uskuldig....

Fordi at politiet har gjort ei dårleg etterforskning, ikkje lagt fram bevis i saka som kunne tjent til Kristiansens fordel, det er gøymt unna bevis/indisiar som kunne ha vore til hans gunst.

Det er f**n meg ikkje til å tru.


Og er dette ei særskild hending?

You wish.

Hugsar du Liland-saka?

Per Liland vart i 1970 dømt for dobbeltdrap, men vart  frikjent mange år etterpå, og det er verdt å merke seg at påtalemakta gjekk sterkt i mot gjenopptaking og frifinning. Men nye bevis i saka gjorde saka klar, Per Liland var uskuldig dømt. Han fikk 21 års fengsel og ti års sikring, den strengaste dom som var mogleg på den tid. Og han var altså ein uskuldig mann, som måtte forlite seg på frivillige medhjelparar, da politi og påtalemakt stakk alle kjeppar som var mogleg i hjula for at han skulle frifinnast.

Liland-saka vart kalla det største norske justismord i det århundre.

Ikkje nok med Liland, vi har også historia om Fritz Moen. I likskap med Liland var også han dømt for dobbeldrap på 1970-talet. Moen var bortimot døv, og sleit med helseutfordringar, og vart eit lett bytte for politets manipulerande avhøyrsmetodar. Han vart på byrjinga av 1980-talet dømt til lovas strengaste straff. 
Først i 2006, året etter at Moen var død, vart han endeleg frikjent, da ein annan mann vedgikk begge drapa.

Kritikken var massiv mot politi og påtalemakt enda ein gang, men det skulle altså ikkje gå så altfor mange år til før altså Baneheia-saka fikk eit nytt justismord fram i søkelyset.


Så vil den alminnlege borgar kanskje tenke at "Kun tre saker? Det er da ingenting. Tenk på alle dei kriminelle som går fri".
Altså, det er det dummaste eg høyrer. Kjennetegnet på den nå mykje omtale rettsstaten er jo nettopp at vi ikkje dømmer uskuldige til strenge straffer. At nokre luringar går fri, får eit fungerande demokrati tåle.


Men desse svært alvorlege sakene er da ikkje åleine når det gjeld siste års politiskandaler. Tengs-saka på Karmøy har vore ein verkebyll i over 25 år nå, og ærevære dei pårørande til den først domfelte, nære slektningen til Birgitte Tengs. Jo, fetteren vart frikjent for straffesaka, men dømt i sivilsaka, og i åra etterpå har også her politi og påtalemakt gjort sitt for å oppretthalde stempelet som gjerningsmann. 
Nå er ein ny mann sikta i Tengs-saka, og da burde vel omsider fetteren og familien få den orsaking og den erstatning som dei så vitterleg fortjener. 

Forutan desse kjente sakene, så pirka Riksadvikaten også opp ein annan heilvill historie nå på fredag. 
Dette gjeld såkalla "bøtesoning", dvs. dersom ein bøtelagd person ikkje har pengar eller vilje til å betale bota vedkommande er ilagt, så må vedkommande sone ei kort fengselsstraff istaden. Og nei, det å sitte i fengsel er langt fra så hyggeleg og avslappande som mange trur.
Eg har vore i svært mange fengsel, og har vore sjeleglad kvar gang eg har kome meg ut derfra. Brrrr.

Eg skal ikkje gå innpå det forvirrande systemet med at straff ikkje virker i denne omgang, for det er ikkje det saka handlar om. Nei, det viser seg altså at folk er sendt til bøtesoning, beslutta av politiet, ikkje påtalemakta. Dette er i strid med lova. Praksisen er ikkje ny, og det betyr at i åras løp kan tusenvis av personar vore sendt til soning, utan at det har vore heimel for det.

Det. Er. F**n. Ikkje. Til. Å. Tru.

Som om ikkje dette er nok, så har vi sjølvsagt den pågåande og etterkvart langvarige skandalen der politiet har brukt ulovlig tvangsmiddel mot rusbrukarar, så som gjennomgang av mobiltelefonar, ransaking, pågriping m.m. Til tross for tallrike oppslag fra NNPF-medlemmer utkledd i politiuniform siste halvanna år, om at dei nå "har mista verktøya sine", så blir det ikkje meir lovleg for det. At NNPF ikkje vil innrette seg etter lova, men klager over endring og innskrenking er berre ekkelt. Dei må, som alle andre, innordne seg lovverket, eller dei bør finne seg noko anna å gjere. Køyre taxi, bli gartner, legge asfalt,.... eit eller anna som ikkje involverer at dei må i kontakt med andre menneske meir enn nødvendig. 

Forresten, nemde eg at NNPF har motsatt seg og trenert eitkvart samarbeid med granskningskommisjonen, som skulle legge fram sin rapport i høst? Grunna manglande samarbeidsvilje fra NNPF, så er rapporten utsatt til utpå nyåret. Dvs. dei dyttar problem litt framfor seg, i håp om at vi, borgarane, og ikkje minst #narkotwitter skal gløyme heile saka. Det gjer vi ikkje.


I boka mi fra 2018, så skreiv eg at deler av politiet er blitt ein stat i staten, og at den delen som skal påsjå at norsk politi gjer som dei skal, Politidirektoratet, er eit supperåd. 
Eg synes det er vorte meir og meir stadfesta sidan den gang. 

Da eg søkte opptak på Politiskolen, som det heitte dengang, nærast for moro skuld tilbake i 1987, så hadde eg stor tru på og sympati med norsk politi og rettsvesen.
Vi vart i den da eittårige perioden på Politiskolen, ganske så indoktrinert om at VI hadde rett, og alle andre hadde feil. Det gjeldt spesielt advokater, professorar, helsepersonell m.m. som ytra seg kritisk til korleis etaten gikk fram. Kva visste vel desse "forståsegpåarane" om korleis livet EIGENTLEG var? Dei sat jo berre på kontor og "forstod folk", medan vi, politiet altså, var dei som verkeleg kjente korleis samfunnet var.
Løysinga på alle samfunnsproblem var: Meir ressursar til politiet, strengare straffar og omtrent frie tøyler i kampen mot kriminalitet. "Frie tøyler" var det dog ingen som heilt fikk, med unntak av den berykta "Uro-patruljen", som var ein eigen etat i etaten(!). Uro er til alt hell nedlagt forlengst. 
I byrjinga av min yrkeskarriere, så vart eg tidvis vitne til episoder som forhåpentligvis aldri hadde blitt godkjent i dag. Som ung, nyutdanna såg eg t.d. bevisst planting av bevis i høve ei varetektsfengsling. Vedkommande hadde ALDRI blitt varetektsfengsla utan denne plantinga. Eg såg pågrepne personar få seg nokre slag med Mag-Liten, omtrent uten grunn..... Dritnødige personar som ikkje fikk lov å gå på do..... Folk som gret fordi dei ikkje fikk røyke....Dårleg mat vart servert til arrestantar....Dårleg skjulte hentydningar om rusbruk....
Samt haugevis med andre saker.

Gudbedre for eit galehus.

Den gang var eg alltid yngstemann, og turte rett og slett ikkje ta til motmæle. Det hadde betydd den sikre, karrieremessige død i form av utfrysing og uvennskap. 

Da Politiskolen vart omdanna til høgskule, og med eit meir fagleg innhold utover å kunne skrive rapportar, eit snev av strafferett samt pumping av jern, så skulle ein tro at ting bedra seg.

Og utdanninga er nok langt bedre i dag, men det er ein inngrodd ukultur som den gamle etatsutdanninga etterlot seg, og som framleis set altfor djupe spor. I mi tid, med "store, sterke bondesønner" og legg gjerne til "enkle", som vart politi, så kunne det ikkje gå bra i lengda. Resultatet ser vi nå. 
Tusenvis av ulovlige overgrep mot personar som ikkje har gjort noko anna enn å velge andre rusmiddel enn alkohol. Folk, også tusenvis, er sendt til bøtesoning, utan at det har vore heimel for det.
Vi har tre grove justismord, samt ein historie fra Karmøy som kunne blitt det, hadde det ikkje vore for ståpåviljen til advokatar. 

Mi tru på rettsstaten Norge har også personleg fått ein alvorleg knekk, i.o.m. det vi opplevde fra 2015 og fram til i dag. Politiets nidkjære vilje til å straffe hasjrøykarar og ta fra dei førarkort utan at dei nokon gang køyrde i påverka tilstand, kosta oss svært dyrt. Eitt år etterpå, der politiet sin praksis vart dømt ulovleg, så har dei framleis ikkje klart å beklage til oss. Legg der til at ransakinga, og bruken av tvangsmiddel som vart forøva mot oss, ei heller er beklaga anna enn fra overfladisk hold.

Problemet ligg imidlertid ikkje på ei rekke Politiskole-utdanna småkongar, som lever i den tru at dei veit best. I ein oppegåande organisasjon, så hadde slike blitt luka ut forlengst. Men dette er politiet, og der blir slike holdningar ikkje berre akseptert, dei har endatil blitt godkjent og oppmuntra til fra øverste hold.

Det er ei lita trøst at min generasjon med kun etatsutdanning, dvs. desse "store, sterke, enkle bondesønnene" HELDIGVIS nærmer seg pensjonsalder. Når alle desse er ute, så kan dei fortsette sine sutreorgiar som "pensjonert ditt og datt" i diverse aparte lokalaviser, men da er vi heldigvis ingen som gidder å høyre på dei lenger. Hell, vi gidd knapt høyre på dei NÅ.


Løysinga? Jo, det må ei totalopprydding til. Vi har nå ein oppegåande Riksadvokat, og eit domstolsapparat som har tatt grep. Vi har derimot ei tafatt regjering, og til justisminister Mehl sitt forsvar skal det seiast at ho neppe visste kva rottereir ho vart satt til å styre.
Politidirektoratet må gjerne bestå, men ikkje med dagens toppleiing. Bjørndal har hverken evne eller vilje til å rydde opp, og hennar næraste undersottar er vel knapt eit dugg bedre.

Vi må også få eit skille mellom påtale og politi. Slik det er i dag, er påtalemakta altfor involvert i politiarbeidet, og politiet blander seg for mykje inn i påtalearbeidet.

Det å påvirke juristane til å gjere slik som VI vil er eit kjent grep innad i etaten.

Skillet burde vore på plass for fleire tiår sidan, og det er vel openbart kven som har stritta mest i mot....Det er sjølvsagt dei som har hatt mest å tjene på det.



Nye koster feier som kjent best, og den som venter på noko godt, venter neppe forgjeves.
Det går seint, men det går framover. Politidinosaurane er på veg til å bli feia ut, og godt er det.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar