fredag 28. oktober 2022

"Jentetur" - filmomtale

 Alle har høyrt om "jenteturer". Dette fenomenet der meir eller mindre ungdommelige "jenter", eller damer som er den rette betegninga, skal slippe fri fra mann og/eller barn for ei helg. 
For oss middelaldrande menn er "Jentetur" eit ukjent fenomen, omtrent som "Yeti" eller "Atlantis"; Vi har høyrt om det, men vi veit ikkje om det er noko sanning i det. Kanskje det er ei myte?

Vel; Enter den norske filmen "Jentetur", som hadde premiere nå i oktober, og når eg vart invitert med, på kino altså, ikkje jentetur med innlagt fyllekalas, så kunne eg jo ikkje sei neitakk.


Handling:
Vi møter Linda (Janne Formoe), nydumpa og utflytt av det heller fasjonable huset ho delte med ektemannen og datter. Eksmannen har såklart funne seg ei ny dame; Unge, spreke, velståande Jeanett (Ida Ursin-Holm) er influencer og vellykka. Ho har heller ikkje berre overtatt mannen, men er i ferd med å innynde seg hos dotter til Linda også.
OK, det er ille å miste hus, mann og barn, men når bestevenninna til Linda, Sigrid (Line Verdal), også står på nippet til å svikte Linda til fordel for den meir levedyktige Jeanett, så får det være nok.

Linda må komme seg ut av den nedstøva toroms-saken i brunt som ho no disponerer, og kaprer seg inn på ein tur med dei to andre "venninnene" for ein helgetur til Norefjell.
Ja, for Sigrid har ein god grunn til å reise på hotellweekend; Ho har nemleg eit godt auge til Linda sin kollega Peter (Kåre Magnus Bergh), da hennar ektemann er berre opptatt av å trene med "gutta".

På Norefjell er Linda og Peters kollegaer godt i gang med firmaaktivitetane, men våre tre dameheltar har andre gjeremål. 
Bl.a. ein tur i boblebadet, med innlagt champagne, før filmens høgdepunkt står på menyen; Ein voksing med Anne-Kat Hærland i rolla som bikinilinjetrimmer. Oh. My. God.

INGENTING går Lindas veg, akkurat som vi forventa. Bikkja til sjefen får sitt, den innleigde motivatoren likeså, kollegane får ein videosamtale av det, skal vi sei, heller sjeldne slaget (Får vi håpe).
Til alt hell har Jeanett omtrent ubegrensa tilgang på alkohol, og for VIRKELEG å komme i stemning, så sper våre tre heltinner på med partydop, rett fra Jeanett si eksklusive håndveske. 

Ingenting er som ein blandingsrus av sprit og MDMA.

Natta blir morsom, men gudane må vite kva som skjedde.
Dagen derpå blir derfor eit forsøk på å nøste opp alle løse trådar som våre damer har brukt natta på, og ikkje minst må Sigrid få somle seg til å ...... ja fikse ekteskapet sitt.


Ja, det er morsomt til tider, iallfall såpass at det er ein smule kleint og pinlig, men stor humor og underholdning er ikkje desse 90 minuttane. Joda, eg smålo her og der, men det var ikkje Oscar-materiale akkurat. Knapt nok til ein Amanda-nominasjon.
Jovisst er Janne Formoe ein habil humorist, men den evinnelige banninga og fokus på kjønnslig omgang blir faktisk litt kjedelig i lengda. Nei, eg er ingen puritaner. Det blir berre litt kjedelig å høyre om "knulle det bort" gang etter gang. 

Uansett, heilt grei tidtrøyte, men garantert ikkje ein film eg kjem til å sjå fleire ganger.



Høgdepunkt: Anne-Kat Hærland i omtrent fri dressur. Hadde ho i det heile tatt nedskrevne replikkar, eller tok ho alt slik som det kom?

Lavmål: Ordet "knulle" i ein komedie mister futten når det blir sagt ca. 50 ganger. Den første halvtimen.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar