mandag 31. oktober 2022

"Barbarian" - filmomtale

 Av og til, faktisk ganske sjeldan, dukker det opp små filmperler, gjerne fra heilt uventa hald.
Joda, mesteparten av alle grøssarar og skrekkfilmar som blir laga er dusinvare, like fort gløymt som dei er laga.
Men altså, AV OG TIL, kjem det nokre små fine grøssarsaker dalande inn på TV-skjermen.














Fra kinovisning, med ganske så bra suksess i heimlandet USA, kjem så "Barbarian". Men nei, frykt ikkje. Dette er ikkje om "Conan, The Barbarian". Vi skal derimot til eit heller skrøpeleg nabolag i den tidlegare bilhovedstaden Detroit. OK, filmen er spela inn i Bulgaria, og gudane må vite kor dette lugubre nabolaget vart funne.


Handling:
Vi møter Tess, ung jobbsøkar som skal på intervju ang. eit filmprosjekt ho har pågåande. Grunna ein konferanse i byen er alt av hotell og pensjonat i sentrum opptatt, og ho har kun fått tak i eit Airbnb-husvære i eit mildt sagt tvilsomt område av byen.
På ei sein og regnfull natt kjem ho til huset der ho skal bu, men trøtt og lei finn ho ut at huset faktisk er dobbeltbooka. Ein ung herremann har alt tatt inn. Det er Keith, sist sett som skummel klovn i "IT", så ja, det er svenske Bill Skarsgård. 
Etter litt småforviklingar finn dei ut at Tess kan få sove der denne første natta.

Ei uroleg natt toppar seg med at døra til Tess sitt soverom brått står open, og er det slik at Keith verkeleg ligg der ute på sofaen og søv dei uskuldiges søvn?

Tja, dei to vert enige om å dra til kvar sine oppdrag neste morgon, og vi får følge Tess på intevjuet. Det er først når ho er heime igjen at huset viser seg å inneholde meir enn ho muligens var klar over.

Neste akt kjem når vi møter sitcom-skodespelar AJ ute på ein eller annan Californisk motorveg. Med nedfelt tak og mobilen på handsfree mottek han ein dyster beskuldning som gjer at han må skaffe kroner (OK; dollar da). Fort.

Til alt hell eig han tilfeldigvis eit hus i Detroit, og skulle du ha sett; Det er jammen det huset som Tess og Keith har leigd. Kven skulle vel tru det?
AJ må ta flyet til Detroit, sørge for eit salg, noko som ikkje er så lett i dette miserable strøket, og så skal eg ikkje sei så mykje meir om kva som måtte befinne seg inne i det tross alt vesle huset.


"Barbarian" er ein veldig fin liten grøssar, som kanskje ikkje finn opp krutet for sjangeren, men inneheld nok guffen stemning, samt nokre fiffige jump-scares til å tilfredsstille grøssarfans.
Joda, vi har nok ei aning om kva som kan skje, men det var likevel ein overraskande tvist her og der.

Vi ser at det fins klassejus i USA også, ifall nokon tvila på det. Det lokale politiet er ikkje akkurat overvettes begeistra for å finne "slitne junkies", som VG ville ha sagt i 2017, og markerer seg mest ved å være akkurat så lite serviceinnstilt som amerikanske filmpolitifolk kan være.

Rollelista er kort. Persongalleriet er såleis ikkje så mangfaldig at det gjer noko. Eigentleg er det nesten berre Tess, Keith og AJ som seier meir enn tre setningar i heile filmen, med nokre små unntak i ein behjelpleg uteliggar og dei nemnde politifolka.

Men er det ein god film? Kan denne anbefalast på mørke høstkveldar?

Definitivt JA.

Dette er ein ny og fin grøssar ala såvidt forskjellige filmar som "The VVitch" og "Hereditary", for å nevne to eksempel fra dei siste åra. Lavmælte grøssarfilmar, med uventa vendingar og skummel stemning er lysår bedre enn haugevis med slakta tenåringar. Nei, eg har ikkje sett Terrifier2 enda, men må vel sjå den også snart.

Så, kvar finn du denne "Barbarian" da? Jo, av alle plasser på..... Disney+.
Langt borte fra alt du måtte forbinde med Andeby, Donald og Mikkes klubbhus.


Høgdepunkt:
Det er kanhende noko rart i kjellargangen. Og ja, den er ikkje spesielt opplyst.

Lavmål:
Nokre logiske brister her og der. Bl.a. vanntårnet.


Alt i alt er "Barbarian" ein skikkelig guffen og fin sak, som trygt kan anbefalast. Hvis du ikkje er grøssarvant, så vil eg anbefale ei pute i nærleiken. 

Antagligvis årets beste grøssar sålangt!




fredag 28. oktober 2022

"Jentetur" - filmomtale

 Alle har høyrt om "jenteturer". Dette fenomenet der meir eller mindre ungdommelige "jenter", eller damer som er den rette betegninga, skal slippe fri fra mann og/eller barn for ei helg. 
For oss middelaldrande menn er "Jentetur" eit ukjent fenomen, omtrent som "Yeti" eller "Atlantis"; Vi har høyrt om det, men vi veit ikkje om det er noko sanning i det. Kanskje det er ei myte?

Vel; Enter den norske filmen "Jentetur", som hadde premiere nå i oktober, og når eg vart invitert med, på kino altså, ikkje jentetur med innlagt fyllekalas, så kunne eg jo ikkje sei neitakk.


Handling:
Vi møter Linda (Janne Formoe), nydumpa og utflytt av det heller fasjonable huset ho delte med ektemannen og datter. Eksmannen har såklart funne seg ei ny dame; Unge, spreke, velståande Jeanett (Ida Ursin-Holm) er influencer og vellykka. Ho har heller ikkje berre overtatt mannen, men er i ferd med å innynde seg hos dotter til Linda også.
OK, det er ille å miste hus, mann og barn, men når bestevenninna til Linda, Sigrid (Line Verdal), også står på nippet til å svikte Linda til fordel for den meir levedyktige Jeanett, så får det være nok.

Linda må komme seg ut av den nedstøva toroms-saken i brunt som ho no disponerer, og kaprer seg inn på ein tur med dei to andre "venninnene" for ein helgetur til Norefjell.
Ja, for Sigrid har ein god grunn til å reise på hotellweekend; Ho har nemleg eit godt auge til Linda sin kollega Peter (Kåre Magnus Bergh), da hennar ektemann er berre opptatt av å trene med "gutta".

På Norefjell er Linda og Peters kollegaer godt i gang med firmaaktivitetane, men våre tre dameheltar har andre gjeremål. 
Bl.a. ein tur i boblebadet, med innlagt champagne, før filmens høgdepunkt står på menyen; Ein voksing med Anne-Kat Hærland i rolla som bikinilinjetrimmer. Oh. My. God.

INGENTING går Lindas veg, akkurat som vi forventa. Bikkja til sjefen får sitt, den innleigde motivatoren likeså, kollegane får ein videosamtale av det, skal vi sei, heller sjeldne slaget (Får vi håpe).
Til alt hell har Jeanett omtrent ubegrensa tilgang på alkohol, og for VIRKELEG å komme i stemning, så sper våre tre heltinner på med partydop, rett fra Jeanett si eksklusive håndveske. 

Ingenting er som ein blandingsrus av sprit og MDMA.

Natta blir morsom, men gudane må vite kva som skjedde.
Dagen derpå blir derfor eit forsøk på å nøste opp alle løse trådar som våre damer har brukt natta på, og ikkje minst må Sigrid få somle seg til å ...... ja fikse ekteskapet sitt.


Ja, det er morsomt til tider, iallfall såpass at det er ein smule kleint og pinlig, men stor humor og underholdning er ikkje desse 90 minuttane. Joda, eg smålo her og der, men det var ikkje Oscar-materiale akkurat. Knapt nok til ein Amanda-nominasjon.
Jovisst er Janne Formoe ein habil humorist, men den evinnelige banninga og fokus på kjønnslig omgang blir faktisk litt kjedelig i lengda. Nei, eg er ingen puritaner. Det blir berre litt kjedelig å høyre om "knulle det bort" gang etter gang. 

Uansett, heilt grei tidtrøyte, men garantert ikkje ein film eg kjem til å sjå fleire ganger.



Høgdepunkt: Anne-Kat Hærland i omtrent fri dressur. Hadde ho i det heile tatt nedskrevne replikkar, eller tok ho alt slik som det kom?

Lavmål: Ordet "knulle" i ein komedie mister futten når det blir sagt ca. 50 ganger. Den første halvtimen.





søndag 23. oktober 2022

"Rettsstaten Norge"

Oppdatert 3.12.2022:

Nokon av oss hugser kanskje for eit par år tilbake, da vi hadde ein rusreform på gang. Debatten var ganske så intens, og det var ufine skuldingar fra "begge sider".

Men ein ting er anonyme "libberale" som vil røyke jointen sin i fred. 
Noko heilt anna er det når maktpersonar uttaler seg. Gjerne på TV.

Vi har t.d. uttaler fra Ap sin nestleiar i justiskomiteen, Maria Aasen-Svensrud som har utmerka seg ved nokre høve i rusdebatten. Ho har sagt at det er ingen som sitter i fengsel for bruk og erverv åleine.

Eller vi kan ta eit enda verre eksempel. Vår finansminister som under ein TV-debatt meinte at det var "farlig å si at politiet har for mye makt".

Det er derfor uten stor skam eg kan sei at desse to tok......feil.

Det er avdekka at MINST 4000 personar har vorte fengsla for såkalla bøtesoning, dvs. at vedkommande ikkje har hatt evne eller vilje til å betale sine bøter. Svært mange av desse 4000 er ilagt bøter for, ja nettopp, bruk og erverv.

Det verste? Dette er ikkje alt. 
Riksadvokaten beordra i oktober alle sine statsadvokatembete om å finne ut kor mange personar som hadde sona ulovleg. Og årsaka til at det har vore ulovleg soning, er at soninga er bestemt av politifolk, ikkje påtalemakta. Slikt er det ikkje høve til, dvs. lovbrot. 
Over 4000 personar er altså sendt til soning, ulovleg, fra 2015 til 2022....

Politidistrikta skulle innrapportere sine funn innan 30. november, og av ein eller annan grunn er eg ikkje eit snev forbausa over at Vest politidistrikt er eitt av dei fire her i landet som ikkje klarde å overholde fristen. 
Troms, Trøndelag og Innlandet er dei tre andre distrikta, så talet 4000 er da sannsynlegvis enda verre.

Dette er ein skandale langt verre enn NAV-historia for nokre år sidan. Der vart det avdekka at nokre titalls personar måtte sone fengselsstraff, utan at det var grunnlag for det.

Nå snakkar vi altså om tusenvis.

Da eg byrja i politiet på slutten av 1980-tallet, så hadde eg god tru på vårt rettsapparat. Du kan sei det slik at den trua har fått seg nokre alvorlige kilevinkar siste åra.

Men korleis har dette kunne skje?

Eg vil tru at ein del av forklaringa ligg i ein overdriven tillit til polituet.

Norsk politi har opp gjennom historia hatt høg tillit i befolkninga. Iallfall blant dei av oss som ikkje har hatt noko å gjere med dei. Men det er jo ikkje nødvendigvis dei lovlydige som skal føle tillit til ordensmakta. Det må i like stor grad være lovbrytarane, i form av korrekt saksbehandling først og fremst. Når vi sender folk til soning, uten å ha lovheimel for det, så er dette graverande, og i einkvar annan instans hadde dette ført til at hovud har måtte rulle.

I politiet skjer det foreløpig ingenting. Kun nokre "beklager" her og der. INGEN må gå, sjølv om det burde være hopetall. 

Dessutan vil eg anta at dette har kunne skjedd fordi mange av dei ramma er rusbrukarar, gjerne med små eller ingen ressursar. Ingen med fyldig nok konto ville sjølvsagt godtatt å bli sendt til soning utan at det var heimel for det, men nåpr det gjeld samfunnets mangeårige pariakaste, rusbrukarane, så "er det liksom ikkje så nøye". Vi såg det jo seinast i eit par uttaler fra NNPF-nestleiar Evanger "Er det så nøye om de blir stigmatisert da?", og fra IOGT-leiar Widnes i denne glimrande dokumentaren .





Eg har sagt det før, og seier det igjen: Det er så innihelv**e provoserande å høyre slike utsagn.
Svaret til Vedum, Widnes og Evanger er:   JA.

Folk døyr.

Det burde være grunn god nok til å avslutte denne destruktive politikken vi har ført i mange tiår nå.

Når vi i tillegg sender tusenvis av menneske i fengsel utan at vi har lov til det, så burde det OMSIDER få Stortingsfleirtalet til å våkne. 

Skjønt, eg tviler.



************************************************************


Som eit liberalt demokrati er Norge i all hovedsak ein fungerande rettssat. Ja, det har sjølvsagt vore einskildepisodar, men dette er unntaket snarare enn regelen.

Vi har vel alle vore av den oppfatning at sidan okkupasjonen fra 1940 - 1945, så har vi vore nettopp ein rettsstat, ein god og rettvis kontrast til politistaten vi såg i dei fem okkupasjonsåra.


Iallfall har eg, og sikkert dei aller, aller fleste med meg, levd i den tru at Norge har vore ein velfungerande rettstat, noko som slett ikkje er vanleg i mesteparten av verdas sjølvstendige statar. Flesteparten av all verdas land ER nemlig ikkje ein rettsstat, og vi treng ikkje reise lenger enn til vårt  store og aggressive naboland i aust for å sjå det.

Men denne posten skal ikkje handle om barbarstaten Russland, og deira overfall på fredlige naboar.

Den skal handle om at rettstaten Norge har fått nokre alvorleg knekkar siste tida. Dei er svært grove, dei har fått alvorlege følgjer, og ei opprydding trengs.

Fredag vart som kjent Viggo Kristiansen i praksis frikjent for sin part i det uhyrlige dobbeldrapet i Baneheia i 2000. Eg hugsar, som alle som på den tid, svært godt den saka, og internt i politiet snakka vi varmt om kor godt inntrykk daværande kriminalsjef i Kristiansand, Arne Pedersen, gjorde på TV.
Etterkvart som åra har gått, så har tvilen meldt seg meir og meir hos mange av oss, og da Gjenopptagelseskommisjonen OMSIDER lot saka få ei ny og oppdatert etterforskning, så var Riksadvokatens avgjerd fredag ikkje til å komme utanom.

Gjennom fleire rettsinstansar, og med fleire forsøk på gjennopptaking, så har Kristiansen vorte framstilt som eit monster. Ein pedofil barnemordar, lågare kan ein ikkje komme.

Og så viser det seg at han er uskuldig....

Fordi at politiet har gjort ei dårleg etterforskning, ikkje lagt fram bevis i saka som kunne tjent til Kristiansens fordel, det er gøymt unna bevis/indisiar som kunne ha vore til hans gunst.

Det er f**n meg ikkje til å tru.


Og er dette ei særskild hending?

You wish.

Hugsar du Liland-saka?

Per Liland vart i 1970 dømt for dobbeltdrap, men vart  frikjent mange år etterpå, og det er verdt å merke seg at påtalemakta gjekk sterkt i mot gjenopptaking og frifinning. Men nye bevis i saka gjorde saka klar, Per Liland var uskuldig dømt. Han fikk 21 års fengsel og ti års sikring, den strengaste dom som var mogleg på den tid. Og han var altså ein uskuldig mann, som måtte forlite seg på frivillige medhjelparar, da politi og påtalemakt stakk alle kjeppar som var mogleg i hjula for at han skulle frifinnast.

Liland-saka vart kalla det største norske justismord i det århundre.

Ikkje nok med Liland, vi har også historia om Fritz Moen. I likskap med Liland var også han dømt for dobbeldrap på 1970-talet. Moen var bortimot døv, og sleit med helseutfordringar, og vart eit lett bytte for politets manipulerande avhøyrsmetodar. Han vart på byrjinga av 1980-talet dømt til lovas strengaste straff. 
Først i 2006, året etter at Moen var død, vart han endeleg frikjent, da ein annan mann vedgikk begge drapa.

Kritikken var massiv mot politi og påtalemakt enda ein gang, men det skulle altså ikkje gå så altfor mange år til før altså Baneheia-saka fikk eit nytt justismord fram i søkelyset.


Så vil den alminnlege borgar kanskje tenke at "Kun tre saker? Det er da ingenting. Tenk på alle dei kriminelle som går fri".
Altså, det er det dummaste eg høyrer. Kjennetegnet på den nå mykje omtale rettsstaten er jo nettopp at vi ikkje dømmer uskuldige til strenge straffer. At nokre luringar går fri, får eit fungerande demokrati tåle.


Men desse svært alvorlege sakene er da ikkje åleine når det gjeld siste års politiskandaler. Tengs-saka på Karmøy har vore ein verkebyll i over 25 år nå, og ærevære dei pårørande til den først domfelte, nære slektningen til Birgitte Tengs. Jo, fetteren vart frikjent for straffesaka, men dømt i sivilsaka, og i åra etterpå har også her politi og påtalemakt gjort sitt for å oppretthalde stempelet som gjerningsmann. 
Nå er ein ny mann sikta i Tengs-saka, og da burde vel omsider fetteren og familien få den orsaking og den erstatning som dei så vitterleg fortjener. 

Forutan desse kjente sakene, så pirka Riksadvikaten også opp ein annan heilvill historie nå på fredag. 
Dette gjeld såkalla "bøtesoning", dvs. dersom ein bøtelagd person ikkje har pengar eller vilje til å betale bota vedkommande er ilagt, så må vedkommande sone ei kort fengselsstraff istaden. Og nei, det å sitte i fengsel er langt fra så hyggeleg og avslappande som mange trur.
Eg har vore i svært mange fengsel, og har vore sjeleglad kvar gang eg har kome meg ut derfra. Brrrr.

Eg skal ikkje gå innpå det forvirrande systemet med at straff ikkje virker i denne omgang, for det er ikkje det saka handlar om. Nei, det viser seg altså at folk er sendt til bøtesoning, beslutta av politiet, ikkje påtalemakta. Dette er i strid med lova. Praksisen er ikkje ny, og det betyr at i åras løp kan tusenvis av personar vore sendt til soning, utan at det har vore heimel for det.

Det. Er. F**n. Ikkje. Til. Å. Tru.

Som om ikkje dette er nok, så har vi sjølvsagt den pågåande og etterkvart langvarige skandalen der politiet har brukt ulovlig tvangsmiddel mot rusbrukarar, så som gjennomgang av mobiltelefonar, ransaking, pågriping m.m. Til tross for tallrike oppslag fra NNPF-medlemmer utkledd i politiuniform siste halvanna år, om at dei nå "har mista verktøya sine", så blir det ikkje meir lovleg for det. At NNPF ikkje vil innrette seg etter lova, men klager over endring og innskrenking er berre ekkelt. Dei må, som alle andre, innordne seg lovverket, eller dei bør finne seg noko anna å gjere. Køyre taxi, bli gartner, legge asfalt,.... eit eller anna som ikkje involverer at dei må i kontakt med andre menneske meir enn nødvendig. 

Forresten, nemde eg at NNPF har motsatt seg og trenert eitkvart samarbeid med granskningskommisjonen, som skulle legge fram sin rapport i høst? Grunna manglande samarbeidsvilje fra NNPF, så er rapporten utsatt til utpå nyåret. Dvs. dei dyttar problem litt framfor seg, i håp om at vi, borgarane, og ikkje minst #narkotwitter skal gløyme heile saka. Det gjer vi ikkje.


I boka mi fra 2018, så skreiv eg at deler av politiet er blitt ein stat i staten, og at den delen som skal påsjå at norsk politi gjer som dei skal, Politidirektoratet, er eit supperåd. 
Eg synes det er vorte meir og meir stadfesta sidan den gang. 

Da eg søkte opptak på Politiskolen, som det heitte dengang, nærast for moro skuld tilbake i 1987, så hadde eg stor tru på og sympati med norsk politi og rettsvesen.
Vi vart i den da eittårige perioden på Politiskolen, ganske så indoktrinert om at VI hadde rett, og alle andre hadde feil. Det gjeldt spesielt advokater, professorar, helsepersonell m.m. som ytra seg kritisk til korleis etaten gikk fram. Kva visste vel desse "forståsegpåarane" om korleis livet EIGENTLEG var? Dei sat jo berre på kontor og "forstod folk", medan vi, politiet altså, var dei som verkeleg kjente korleis samfunnet var.
Løysinga på alle samfunnsproblem var: Meir ressursar til politiet, strengare straffar og omtrent frie tøyler i kampen mot kriminalitet. "Frie tøyler" var det dog ingen som heilt fikk, med unntak av den berykta "Uro-patruljen", som var ein eigen etat i etaten(!). Uro er til alt hell nedlagt forlengst. 
I byrjinga av min yrkeskarriere, så vart eg tidvis vitne til episoder som forhåpentligvis aldri hadde blitt godkjent i dag. Som ung, nyutdanna såg eg t.d. bevisst planting av bevis i høve ei varetektsfengsling. Vedkommande hadde ALDRI blitt varetektsfengsla utan denne plantinga. Eg såg pågrepne personar få seg nokre slag med Mag-Liten, omtrent uten grunn..... Dritnødige personar som ikkje fikk lov å gå på do..... Folk som gret fordi dei ikkje fikk røyke....Dårleg mat vart servert til arrestantar....Dårleg skjulte hentydningar om rusbruk....
Samt haugevis med andre saker.

Gudbedre for eit galehus.

Den gang var eg alltid yngstemann, og turte rett og slett ikkje ta til motmæle. Det hadde betydd den sikre, karrieremessige død i form av utfrysing og uvennskap. 

Da Politiskolen vart omdanna til høgskule, og med eit meir fagleg innhold utover å kunne skrive rapportar, eit snev av strafferett samt pumping av jern, så skulle ein tro at ting bedra seg.

Og utdanninga er nok langt bedre i dag, men det er ein inngrodd ukultur som den gamle etatsutdanninga etterlot seg, og som framleis set altfor djupe spor. I mi tid, med "store, sterke bondesønner" og legg gjerne til "enkle", som vart politi, så kunne det ikkje gå bra i lengda. Resultatet ser vi nå. 
Tusenvis av ulovlige overgrep mot personar som ikkje har gjort noko anna enn å velge andre rusmiddel enn alkohol. Folk, også tusenvis, er sendt til bøtesoning, utan at det har vore heimel for det.
Vi har tre grove justismord, samt ein historie fra Karmøy som kunne blitt det, hadde det ikkje vore for ståpåviljen til advokatar. 

Mi tru på rettsstaten Norge har også personleg fått ein alvorleg knekk, i.o.m. det vi opplevde fra 2015 og fram til i dag. Politiets nidkjære vilje til å straffe hasjrøykarar og ta fra dei førarkort utan at dei nokon gang køyrde i påverka tilstand, kosta oss svært dyrt. Eitt år etterpå, der politiet sin praksis vart dømt ulovleg, så har dei framleis ikkje klart å beklage til oss. Legg der til at ransakinga, og bruken av tvangsmiddel som vart forøva mot oss, ei heller er beklaga anna enn fra overfladisk hold.

Problemet ligg imidlertid ikkje på ei rekke Politiskole-utdanna småkongar, som lever i den tru at dei veit best. I ein oppegåande organisasjon, så hadde slike blitt luka ut forlengst. Men dette er politiet, og der blir slike holdningar ikkje berre akseptert, dei har endatil blitt godkjent og oppmuntra til fra øverste hold.

Det er ei lita trøst at min generasjon med kun etatsutdanning, dvs. desse "store, sterke, enkle bondesønnene" HELDIGVIS nærmer seg pensjonsalder. Når alle desse er ute, så kan dei fortsette sine sutreorgiar som "pensjonert ditt og datt" i diverse aparte lokalaviser, men da er vi heldigvis ingen som gidder å høyre på dei lenger. Hell, vi gidd knapt høyre på dei NÅ.


Løysinga? Jo, det må ei totalopprydding til. Vi har nå ein oppegåande Riksadvokat, og eit domstolsapparat som har tatt grep. Vi har derimot ei tafatt regjering, og til justisminister Mehl sitt forsvar skal det seiast at ho neppe visste kva rottereir ho vart satt til å styre.
Politidirektoratet må gjerne bestå, men ikkje med dagens toppleiing. Bjørndal har hverken evne eller vilje til å rydde opp, og hennar næraste undersottar er vel knapt eit dugg bedre.

Vi må også få eit skille mellom påtale og politi. Slik det er i dag, er påtalemakta altfor involvert i politiarbeidet, og politiet blander seg for mykje inn i påtalearbeidet.

Det å påvirke juristane til å gjere slik som VI vil er eit kjent grep innad i etaten.

Skillet burde vore på plass for fleire tiår sidan, og det er vel openbart kven som har stritta mest i mot....Det er sjølvsagt dei som har hatt mest å tjene på det.



Nye koster feier som kjent best, og den som venter på noko godt, venter neppe forgjeves.
Det går seint, men det går framover. Politidinosaurane er på veg til å bli feia ut, og godt er det.