onsdag 24. august 2022

The Sandman - serieomtale

 Omsider.
Over 30 år sidan Neil Gaimans tegneseriemesterverk kom ut på papir, så er det endelig laga ein TV-serie om Drøm, Morfeus, Oneiros, Ole Lukkøye, eller som vi nå kjenner denne figuren; The Sandman.



Det er faktisk Netflix som har slått til med ein påkosta kvalitetsserie om Drøm av De Evige, ein av totalt sju søsken som omhandler våre eigenskaper på godt og vondt.
De Evige er eldre enn alle gudar, dei har eksistert fra før verda vart til, og vil være der etter at den tek slutt. Men nei, dei er ikkje guder, slik som vi kjenner fra mytologien, dette er ein adskillig meir kompleks historie.

Bakgrunnen er altså Gaimans eminente tegneserie fra slutten av 1980-talet og fram til 1996. I eit enormt univers av tid, rom, personar, fiksjon og fakta, tek Gaiman oss med på ei fantasyreise som vi neppe har sett maken til på papir. At det i det heile tatt var mogleg å få dette universet omgjort til film/TV har det vore strid om i mange år nå, og for å yte serien rettferd, så måtte det altså lagast ein TV-serie. Med rette; Ein film ville aldri klart å yte denne serien rettferd.

Første sesong, av det som forhåpentligvis blir mange (iallfall heile serien) kom ut nå 5. august, og Netflix slapp i kjent stil heile sesongen laus på verda i eitt jafs. Dvs, to veker etter premieren kom ein bonusepisode, med frittståande fortellingar fra The Sandman-komplekset.

Sesong ein tar for seg dei 20 første kapitla fra tegneserien. Det er da Preludier og Nocturner, Dukkehuset og Drømmelandet. Ja, eg bruker dei norske titlane her, sidan eg faktisk har heile samlinga på norsk, men er heldigvis i gang med å skaffe meg komplett i engelsk innbunden versjon også.

Serien er usedvanleg trufast mot serien, men det fins nokre unntak av mindre betydning. Drøms vikar medan han er i fangenskap er blitt til Lucienne, istaden for Lucien. John Constantine er blitt til Joanna Constantine, og ein morderisk lege på konferanse har også blitt til kvinne.

Desse små endringane fungerer heilt ok.

Dessutan er nokre av birollene nå blitt til farga engelskmenn/kvinner framfor det reinedyrka kvite ensembelet vi møter i tegneserien.

Persongalleriet er enormt i The Sandman. Det kryr av personar og figurar som kjem og går, nokre vil vi forhåpentligvis sjå att i seinare sesongar, og vil da få ei mengde nye brikker på plass.
Det er spesielt ein figur som er gitt ei langt større rolle i TV-serien enn i romanen, og det er Korinteren. Dei som har lest serien, og av ein eller annan merkeleg grunn framleis ikkje har fått somla seg til å binge TV-serien vil forstå kva eg meiner.
Det å gi Korinteren meir plass, var eit vellukka grep.

Ellers kryr det av kjente og mindre kjente fjes, ikkje minst Tom Sturridge i tittelrolla som goth-inspirert og mutt Drøm. Vi får eit hyggeleg gjensyn med Charles Dance som ond magiker på 1920-talet, eit enda hygglegare møte med hans medspelar fra GoT, Gwendoline Christie som Lucifer Morgenstjerne (AKA djevelen) og ikkje minst David Thewlis fra Harry Potter-filmane som den heilgale psykopaten John Dee.


Det er mest uråd å fortelle noko om handlinga, men kort kan vi da nevne at Drøm av De Evige blir tatt til fange i 1920-talets London, i datidas magikermiljø. OK, dei onde magikarane skulle eigentleg fange storesøster Død, men ein feil i ritualet gjorde altså at dei måtte nøye seg med lillebror Drøm.

Etter 100 år i fangenskap kjem Drøm seg ut, til sitt rike i sterkt forfall, og uten sine krefter og reiskap. Dette må han få på plass, noko som innebærer ein tur i rusmiljøet i London, ein svipp til Helvete, og ein uforgløymeleg tur på ei vegkro.

Men alt dette er berre starten, for hans fravær har nemleg satt sine spor, og i dei siste episodane får vi møte ei ung dame som kan øydelegge heile drømmeland, eit såkalla Drømmesluk.
Vi treffer også deltakarar på ein mildt sagt merkverdig konferanse, før ein slags normalitet melder seg.

Vel, det er da djevelen dukkar opp att, heilt på slutten av episode ti, og la oss berre håpe at det blir noko av sesong to, for Nøkkelen til Helvete som tar for seg store deler av kva som så vil skje....er dei beste kapitla i heile Sandman-eposet.


The Sandman er ikkje lett TV. Det er tvert om ein tung, kompleks og utfordrande sak, med som sagt eit enormt galleri av figurar i alle variantar. Men er du, som meg, ein stor fan av tegneserien, så har du stor underholdning framfor deg. Eg vil nok anbefale å lese dei 3000 tegneseriesidene først, hvis du klarer å vente så lenge da. 

Så, i motsetnad til den briljante TV-serien om The Watchmen fra eit par år tilbake, så er dette ein svært tro kopi av romanen. Men både The Watchmen og The Sandman er på kvar sine måtar noko av det beste som er kome på TV som eg kan huske. 

Igjen, dette er ikkje TV for dei som synes at Paradise Hotel og Ex on the beach er suuuupermorsomt. The Sandman er likevel den beste TV-serien sidan nevnte Watchmen, uten at eg vil sette nokon av dei øverst nå. 

Konklusjon: The Sandman er eit meisterverk innan fantasy/horror genren, og har alt fått gode kritikkar, og er med rette gått heilt til topps på Netflix si liste over dei mest sette seriane. La oss berre håpe at produksjonskostnadane ikkje skremte Netflix fra å komme med oppfølgarsesonger. 


Meisterleg TV!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar