fredag 26. august 2022

Strøm

Oppdatert 15.9.2022: 

Jaja, da vart det tilbud om fastpris på straumkundane i Luster. Som så mange andre har eg sjølvsagt takka ja til dette gode tilbodet, det er ikkje mogleg å sei nei. 
Det medførte dessverre at eg måtte avbestille solcelleanlegget mitt, da det ikkje lenger ville være særleg lønnsomt å installere. På den positive sida, får vi håpe at slike anlegg vert bedre og billigare med åra. 

Såklart ein straumpris på kr. 62,5 øre pr. kw er bra i desse tider. Det er ein eventyrleg god pris, som  store deler av landets befolkning berre kan drøyme om.

Men eg har tenkt litt; Er dette verkeleg så smart i lengda??

Joda, kommunen skal være innbyggarane sine tjenarar og tilretteleggarar, og sjølvsagt er det makelaust flott for oss som bur her.
Dog: Det er ikkje råd å komme vekk fra tanken om at dette var litt snargjort. Det vil garantert gi vann på mølla til dei som hevdar at kraftinntektene må fordelast meir rettvist (etter deira syn). Sjølv meiner eg at vi såvisst kan ha billig straum i ein slik kraftkommune, men kva eg måtte meine er det nok ingen som bryr seg om på Storting og i departement. 

Straumstøtta fra staten er god, om enn den gir seg merkverdige utslag slik som i vårt tilfelle, der vi, som har fastpris fra i fjor, kan TJENE, på å bruke ekstra mykje straum nå i oktober. Det er jo heilt absurd. Nå har ikkje eg tenkt å la alle vindauge stå opne med varmepumpa på full guffe, og eg vasker heller ikkje opp ein og ein sokk, slik som ein luring ned på sørvestlandet stod fram i avisa og ville gjere. 

Men eg gidd iallfall ikkje fryse heller, og med alle panelovnar forlengst ute av huset, og garasjen tom for ved enn så lenge, så får heller varmepumpa gå ein time for dagen. 


Eg lurer meg på om Luster kommune kunne vore bedre tjent med å la straumstøta fra staten være god nok, og heller gå inn med lokale støtteordningar til t.d. solcelle og vindmølleanlegg, både private og bedrifter. Ja, eg veit at Enova har slike allereie, men dei ordningane er faktisk ikkje så innmari gode. Av mitt planlagde anlegg til ca. 230 000,- så ville eg få ca. 25 000,- fra Enova, og det er ikkje all verda.

Dessuten bør nå kommunen gå i føraarsetet og installere solcelleanlegg på fleire kommunale bygg, t.d. Rådhuset. Nei, det er ikkje mange minuttar med sol der 20. desember, men det vil uansett være ei investering for framtida.
Ellers, i min planlagde ladepark med destinasjonslading for elbilar (hø-hø) nede ved Gaupnetunet eller på "Sirkusplassen", så bør vi også få solceller på taka som bør byggast over dei ladande bilane. For ikkje å snakke om ei vindmølle eller to nedanfor Fylkesvegen, der det jo bles ein dritkald vind fra oktober til mars. Den vinden må da kunne utnyttast på eit slags vis?


Vel, solcelleanlegget mitt måtte vente, så da får eg berre håpe på bedre tider for dei av oss som vil lage noko straum sjølve. Prisen som Luster kommune kunne tilby, var altså for god til å takke nei til. Så får vi sjå da, om ikkje dette gode tilbodet blir enda ei spikar i kista til dei "søkkrike" kraftkommunae. Det er nok av dei som ergrar seg grønn over det godet som vi her i Luster fikk nå.

*********************************************************



Nei, det er ikkje snakk om å strømme musikk eller film. Som er to av mine interesser her i livet.

Nei, nå gjelder det noko mykje viktigare for mange av oss, nemleg elektrisk kraft.

Prisen går mot nye høgder, solcelleutbyggarane melder om køar til utpå nyåret, og rop om auka utbygging av vasskraft, vindkraft og endatil nyvinninga atomkraft blir seriøst diskutert.
Personleg meiner eg vi burde snakke mykje meir om atomkraft, som eit svært gunstig og seriøst alternativ til vasskraft, solenergi, bølgekraft og ikkje minst vindmøller, men det er nå meg da.
Det ser dessverre ut til at det ikkje er politisk evne eller vilje til å ta opp dette kontroversielle temaet på riksplan.

Men eg skal ikkje la det gå for mykje ut på nasjonalt nivå i kveld. 
Vi har jo ei regjering som tek heile landet i bruk, og til alt hell er det oss, vanlige folk, sin tur nå. derfor følger dei sikkert nøye med, og vurderer fortløpande....
Dette høyres jo fint ut, men handling er likevel bedre enn flosklar.
Vi kan vel knapt forvente anna fra den kanten.

Men lokalt kan vi kanskje få til noko?

I dagens lokalavis fant eg fram noko om strømprisen. Ganske så interessant var det også.

Prisen går til himmels, og til tross for at regjeringa fekk somla seg å komme med støtteordningar til private, så løyser ikkje det problemet for "vanlige folk" på sikt.

Kva kan vi i Luster gjere?

La oss sjå først på kva prisar på strøm vi har nå i vår sone.



I morgon ser vi altså ein topp på 6,46 kr. pr. kwt.
Dette er noko som ingen kunne sett føre seg for eit år sidan.
I fjor på denne tid tegna eg til alt hell fastpris på 90 øre pr. kwt. noko som ikkje var spesielt gunstig i august 2021. Vi hadde til alt hell flaks med den, for å sei det slik.

Uansett kor mykje staten gir oss i strømstøtte, så vil det for "vanlige folk" bli ein heftig vinter.

Derfor er det interessant at i to andre Sognekommunar, så tilbyr kommunen strøm til sine innbyggarar til konsesjonspris. Årdal kommune tilbyr 80 øre pr. kwt, og i Aurland, ein stor kraftkommune, tilbyr heilt ned på 40 øre pr. kwt.




    Det er på høg tid at Luster kommune får på plass det samme tilbodet til sine innbyggarar. Vi bur i ein stor kraftkommune, med Leirdøla, Fortunsanlegget og Jostedalsanlegget som døme på det. I tillegg har det poppa opp med ei rekke småkraftverk, samt det lokale energiverket sitt anlegg i Dalsdalen.
Det er definitivt ikkje kraftmangel her.

Og som ikkje det var mykje kraftproduksjon her i kommunen, så har vi også eit eige energiselskap.
Luster Energi har eg stor sans for. dei har klart seg som ein liten kraftprodusent i ein marknad der dei store sluker dei små før frokost. Det er Luster Energi til stor ære at dei har klart å bestå som lokal hjørnesteinsbedrift, for eg kjenner meg rimeleg sikker på at det ikkje har mangla på friarar som vil ha dei med i portefølgen sin.

Det beste med Luster energi er altså den lokale eigarskapen. Det kryr av mange små andelseigarar, men dei også dei klart to største er lokale.


Som vi ser; Det burde ikkje stå på den lokale tilhørigheita iallfall.


Men ikkje nok med det: Luster kommune og Luster energi er også eigarar i Sognekraft. Ja, faktisk eig kommunen og energiverket ein ganske betydleg eigarandel i Sognekraft, ca. 20%



Kva er så poenget med å vise dette?
Jo, det er for å klargjere at både Luster Energi og Luster kommune har gode og store eigenandelar i det som unektleg må være ein lukrativ bransje nå for tida.

Og eg vil derfor stekt oppfordre Luster kommune til å tilby sine innbyggarar konsesjonskraft, på samme måte som i Årdal og Aurland. Det treng ikkje være på 40 øre, eg kjenner meg rimeleg sikker på at lustringane hadde inngått langvarige fastprisavtaler på ei krone pr. kwh hvis dei hadde fått tilbod om det i dag.

Eg veit at dette har vore diskutert i dei politiske partia her lokalt. Så derfor; Kva venter de på?

Det er NÅ de må vise handlekraft. Alle kommunar kan styre i medgangstider og dytte dei upopulære vedtaka framfor seg. Men med dette grepet vil de gjere oss, dvs. innbyggarane i Luster, ei kjempeteneste og de vil garantert få masse goodwill i retur. 

Ok, eg ser at kanskje de kan gå glipp av ein del inntekter, men som folkevalde er de innbyggarane sine tillitsvalde, og nå trenger vi at de handlar.

Senterpartiet har reint fleirtal i kommunestyret. Hvis dei verkeleg meinte noko med dei fagre orda som dei har sagt på riksplan, så hadde de fått på plass dette tilbodet forlengst.  Det vil også være eit fint minne for vår populære ordførar no som han er inne i sitt siste år som kommunens fremste tillitsmann.

Gjer noko. Nå.

PS: Eg har fått pris på solcelleanlegg, og satser på å få det på plass i løpet av ettervinteren, så lang leveringstid er det som sagt blitt. Skulle hatt eit vindmølle også. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar