fredag 12. august 2022

"Prey" - filmomtale

 Høstmørket.
Det betyr film og TV-tid, i enda større grad enn tidlegare, og etter å ha latt tastaturet kvile siden i vår, så går vi i gang med tema som måtte interessere meg, dvs. musikk, film, sykling, ruspolitikk...osv. Til neste år tar eg kanskje opp Topptrimmen igjen, hvis beina tillet fleire fjellturar.

På filmfronten treng ein kun ein TV-skjerm og ikkje spretne bein, og nyaste tilskot på ferdigsette filmar vart eit hyggeleg gjensyn med ein gamal travar, Predator, først sett i tidenes beste B-action/sci-fi film fra 1987, "Predator"(!!!) med Arnold i rolla som einaste overlevande (Spoiler) den gang.


1987-filmen gav oss etter kvart ei mengde oppfølgarar, som kvar for seg prøvde å dra inn kroner på suksessen til den første. Dessverre er omtrent ingen av dei spesielt bra, og lavmålet vart nådd da ein eller annan smarting fant ut at dei skulle parre Predator-serien med Alien. Javel, den første, liksom fra Bouvetøya, var nå ok, men resten? Oh. My. God.

I motsetnad til Alien-franschisen som fekk eit gedigent løft med Prometheus og Covenant, så sank Predator ned i myra.

Iallfall fram til nå.

Handling:

"Prey" er lagt 300 år tilbake i tid, i dei store villmarker i Nord-Amerika, der vi treffer ein busetnad av First Nation, som lever slik nomadefolk kanskje gjorde i Amerika på den tid.
Vi vert kjent med Naru, ei ung kvinne i stammen, som er meir interessert i å gå på jakt med hunden sin enn å gjere dei typiske "dame-tinga", dvs. lage mat, sy klede, passe barn, medan dei unge jamngamle menn er ute på spennande fangstoppdrag.

Nærast i skjul har Naru tilegna seg gode jaktkunnskaper. Ho kan fange byttedyr, nytte skogens urter og vekster til helbreding av såra og skada, ja, ho er ganske så oppvakt til kvinne å være, og kan derfor ikkje ignorerast av dei mannlige ego i stammen.

Ein dag vert ho merksam på eit slags underleg fenomen på himmelen, og vi, TV-tittarane, veit sjølvsagt at dette markerer ankomsten til noko stort og farlig. Kunne det være ein slags.....Predator.... mon tru?

I den storslagne villmarka møter stammen og Naru mange farlige skapningar på fire bein. Fjelløver (puma), ulv og ikkje minst bjørn. 
Men alle desse topprovdyra vert som smårusk å rekne når skapningen fra skyene byrjar å jakte. tross alt er vedkommande eit rovdyr, derav navnet "predator", sant?
Dog, dette rovdyret jakter ikkje for mat, men som tidsfordriv.

Etter å ha blitt utsatt for puma, ulv og bjørn, møter Naru mykje verre skapningar; Franske pelsjegrar. Det er mange av dei, dei er akkurat så usympatiske som kun franske pelsjegrar anno år 1719 kan være, og dei tek null hensyn til dyreliv og naturen. For dei handler dei endelause amerikanske skogane kun om å slakte ned så mange dyr som mogleg for å tjene mest mogleg kroner, eller franc, kva veit eg.

Som vi kanskje forstår; Naru og den nyleg ankomne superjegeren får litt å bite i.


Det er Amber Midthunter som spelar rolla som Naru, og det klarer ho med bravur. Ho framstår handlekraftig, klok, og ganske truverdig, sjølv om det er nokre plotholes som gaper mot oss. Men dette er ikkje ein film som er meint å redde verda. Det er derimot ein svært sjåverdig oppfølgar til 1987-filmen. 
Nei, alt er ikkje like bra. Nokre CGI-effekter er litt for fake, og comanche-stammen til Naru snakker gjerne litt for mykje engelsk ala 2022 for å være heilt sannsynlige.
Predatoren er superkul, med nokre nye våpen vi ikkje har sett før, sjølv om dei gjerne er litt meir primitive enn vi har sett i andre filmar i serien. Men igjen; Vi er tross alt i 1719, altså ein slags prequel til dei andre filmane.

Naturen er storslått, Naru er heilt konge på haugen og Predatoren brutal som få.

Kan vi eigentleg forlange meir da?


Filmen kom ut forrige fredag, av alle plasser på Disney+, og har fått gode kritikkar. 
Den kunne gjerne vore litt lenger for min del. 100 minuttar går fort når underholdninga er så god som her.

Er det lov å håpe på meir Predator i samme klasse? Som sagt er dette den beste i serien på 35 år, og den har da også med ein hyllest/referanse til den i form av ein klassisk replikk derfra. Du forstår det når du høyrer det, men eg kan sei så mykje at det er ikkje "GET TO DA CHOPPER!"


Høgdepunkt: At franske pelsjegarar får på....pelsen...

Lavmål: Sitatet fra 1987. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar