torsdag 3. mars 2022

Strade Bianche, føromtale

 Det fins ei rekkje store, tradisjonsrike og gjerne svært gamle sykkelritt på kalendaren.
Det eldste av dei alle, Milano-Torino, vart arrangert første gang i 1876, og vi har også to av sportens fem såkalla monument, Paris-Roubaix med aner tilbake fra 1896, og Liege -Bastogne-Liege som stammar fra 1892.

Dei største etapperitta er også svært gamle, både Giro d`Italia og Tour de France har forlengst feira 100-årsdagen sin.


Så har vi nokre andre eindagsritt som oppnår høg status, men også Milano-San Remo, Lombardia og Flandern er over 100 år nå.

Tradisjon og alder betyr altså svært mykje for å oppnå status i sykkelverda.


Men det fins eitt einaste ritt av ny dato som har fått ein status som dei fleste andre ritt berre kan drøyme om, og det finn stad nå på lørdag, 5. mars.
Ja, vi snakkar om Strade Bianche, tidlegare kjent som Monte Pasche Eroica, arrangert som eit ritt for profesjonelle for første gang så seint som i 2007.
Det året var det eit høstritt, men arrangøren hadde eit ønske om å la rittet være ein slags italiensk variant av Paris-Roubaix, så dei flytta det til vårparten alt året etterpå. Og slik har det forblitt, med unntak i 2020, da det gikk i august.

Kva er det så som har fått Strade Bianche til å bli så umåtleg populært, og å oppnå ein slik status på så kort tid?
Det er fleire årsaker, men den viktigaste heiter: GRUS.
Årets utgåve skal gå over 184 km, men over 60 av dei går på grusvegar. Nå til dags er det ikkje uvanleg med grusdeler på ritt her og der, men i 2007 var dette noko nytt. Eller; Det var jo ikkje nytt, men tvert om ein hyllest til gamle dagars sykkelritt fra før asfalten tok over. Vi snakkar om ei svunnen tid fra før 1940 og enda lenger tilbake. Det hadde i mange år vore eit mosjonsritt i området rundt Siena der Strade Bianche har sitt opphav. Her stilte deltakarane opp i gamle sykkelantrekk, og med gamle syklar, altså ein hyllest til da sykkelritt gikk på grus, og var 300-400 km lange. 
Arrangøren av Giro d`Italia, RCS, fekk såleis mykje oppbakning fra første stund da dei ville lage eit moderne sykkelritt på dei mange grusvegane rundt Siena.

Som  vi ser er ikkje distansen spesielt lang, iallfall ikkje samanlikna med t.d. Milano-San Remo som nærmar seg 300 km. Så forutan grusen, kva er det så som gjer Strade Bianche ettertrakta?
Små, og gjerne dritbratte bakkar. Mange av dei kan samanliknast med dei bratte kneikane vi finn i Flandern Rundt, men også dei litt lengre vi ser under dei såkalla Ardennes-klassikarane i Amstel Gold, Fleche Wallone og ikkje minst; Liege-Bastogne-Liege.
Vi har såleis ein fin miks av både brusteinsryttarar fra Paris-Roubaix og Flandern, kombinert med dei litt lettare Ardennerspesialistane på startlista.

But wait, there`s more! Bakkane i Strade Bianche er nemleg såpass krevande at endatil etapperittspesialistane finn ein sjanse til å vinne eit stort eindagsritt. 

Legg så til at vi får ein fjerde(!) type ryttar som kan hevde seg også, nemleg dei fra vintersporten cyclocross.

Så dermed har vi det: Brusteinssyklistar, Ardennersyklistar, crossyklistar og etappesyklistar i skjønn forening, og det beste av alt er at alle desse har ein fair sjanse til å hevde seg, heilt i toppen. 
Strade Bianche er antaglegvis det einaste rittet på heile kalenderen der alle desse fire ulike syklisttypane kan møtast på ein og samme arena, og faktisk ha ein sjanse til å vinne. Vi såg det spesielt godt i fjor da ein Tour de France vinnar, ein ardennerspesialist og ein sykkelmultikunstnar inntok dei tre plassane på podiet.
Dei einaste som aldri kan vinne, iallfall ikkje med dagens avslutning, er dei reindyrka spurtarane. (Det heiter spurtar, ikkje sprintar. Sykkelsprint er noko vi har på velodromen)


Starten går fra sentrum i Siena i det naturskjønne Toscana-distriktet i Italia. Derfra går turen opp og ned dei mange bakkane rundt i distriktet, gjerne på grus, før dei avsluttar med ein aldeles vanvittig bratt bakke opp trange gater og til mål på Piazza del Campo, eit av dei flottaste målområda i heile sykkelsporten. 


Som nevnt er dette eit ritt der det er ein mengde forskjellige ryttartypar som kan vinne. 

Og det er det som gjer Strade Bianche til eitt av sykkelsesongens store høgdepunkt. 

Jo, vi har Tour de France, VM og dei andre velkjende ritta, men Strade Bianche er eit av få ritt med særpreg. Sjølv om vi i år får oppholdsvær, så er dette eit must for einkvar sykkelentusiast.
Spør du meg, er dei blant årets fem sykkelhøgdepunkt på eindagsritt-fronten. Dei andre er Ronde van Vlaanderen, Paris-Roubaix samt crossritta Koppenbergcross 1. november, og Namur i romjula. Sistnemnde blir i år åstaden for EM i CX litt tidlegare på vinteren, men like skøy for det.


Laurdag altså, og ikkje gløym damenes versjon! Dei startar litt før på dagen, og køyrer ca. 50 km. kortare, men har same ikoniske avslutning. "Problemet" med landevegssykling for damer er at i spesielt denne type ritt så er vinnaren omtrent klar på førehand. I sterk kontrast til herreklassen, der vi glatt kan finne 10-15 som kan vinne, så er det kun ein soleklar favoritt hos damene. Faktisk er Annemiek Van Vleuten så stor favoritt, at alt anna enn ho på toppen vil være ein sensasjon. 


Norske deltakarar i år, er heller sparsommeleg. Stake Laengen stiller som trofast slitar  for UAE, medan vi har kun tre damer med. Kunne vi håpe på eit brukbart resultat for Mie Ottestad, norsk crossmester og greier?


Uansett, laurdag har du altså høve til å få med deg eit av dei mest spesielle ritta gjennom heile sykkelsesongen, og hvis eg MÅ tippe ein vinnar i herreklassa, så går eg for Tadej Pogacar. 

Sjølv er eg på jobb heile laurdagen, og må nøye meg med å sjå det i opptak om natta, men det får nå våge seg. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar