fredag 18. mars 2022

Milano - San Remo, føromtale

 Da er det alvor.
Fram til nå har dei fleste sykkelritt hatt preg av førebuingar til det som skal komme.


Og nå, endelig, er vi der; Den finaste tida på heile sykkelåret!
Fra kommande laurdag og ut til slutten av april vil vi sjå fire av dei fem såkalla "Monument" innan sykkelsporten, samt ei rekkje andre store eindagsritt utspele seg.
Dette er den heilt særeigne tida av sesongen som vert kalla "klassikersesongen", om enn vi har fine og krevande eindagsritt utpå hausten også.

Eg kjem til å skrive nokre ord om dei ritta som eg finn mest interessante, da eg har fulgt med på desse i mange år nå, og for meg representerer dei altså årets sykkelhøgdepunkt.

Fk. lørdag brakar det laust med Italias største eindagsritt, Milano - San Remo. Første gang køyrt i 1907, og sidan den gang har det blitt arrangert kvart år, med unntak av krigsåra 1916, 1944 og 1945.
Rittet har beholdt sin tradisjon i mange år nå, med nokre spede forsøk på avvik her og der, som no ser ut til å være lagt bort for mange år framover.
Det betyr at rittet faktisk starter i Milano og sluttar i kystbyen San Remo, ikkje så langt fra grensa til Frankrike. 
Milano - San Remo vert ofte omtalt som det "lettaste" av dei fem monument å gjennomføre, men det er iallfall det desidert verste å tippe utfallet av, og kanskje det vanskligaste å vinne. Opp gjennom åra har vi sett vinnarar fra eit vidt spekter av ryttertypar. Berre dei siste ti-femten åra har vi fått vinnarar som er typisk Grand Tour-syklistar (Nibali), Ardennerspesialist (Alaphilippe), tempospesialistar (Cancellara. Ok, han var mykje meir enn det.), klassikarspesialistar (Kristoff), og sjølvsagt nokre høgst overraskande (Ciolek).

For kva er det som kjenneteikner Milano - San Remo samanlikna med dei fire andre store eindagsritta?
Ja, distansen sjølvsagt. Dette er årets lengste ritt, i år på heile 293 km, og med den nøytrale sona så bikker syklistane 300 km. før dei er framme på Via Roma sju timar seinare.
Det spesielle med desse 300 km, er at det er så uforutsigbart! Det er heilt i det blå kven som kan vinne, heilt fram til den siste spurten, ja faktisk dei aller siste metrane. Iallfall har det vore slik i mange år nå, for det er slutt på den tid at eit utbrot kan holde heilt heim. Eksempelvis leda ein Mobilvetta-syklist med over 30 minuttar i 2000 var det vel. Men han kom ikkje til mål da feltet galopperte forbi han....

Det beste ein kan håpe på er at nokon klarer å stikke av på den siste stigninga, Poggio, for så å holde heilt inn til mål, ca. 5,5 km. fra toppen. 

Litt om traseen: Dei første 14 mila er bortimot heilt flate. Desse mila er der berre for å transportere syklistane ned mot Middelhavskysten, men først skal dei over ein stigning, Passo del Turchino, før det går ganske så bratt ned att til havet. Dei siste 13-14 mila går altså langs Middelhavet, og farten blir berre høgare og høgare. "Morgenbruddet", betsåande av dei mindre italienske laga, vil nå byrje å sprekke opp, og feltet blir gradvis mindre, spesielt når dei skal over dei tre stigningane Capo Mele, Capo Cervo og Capo Berta. Dette er små stigningar, men med over 200 km. i beina, så merkes det godt.
Det bit enda meir i slitne bein når stigninga over Cipressa skal forserast. Denne kjem med berre tre mil att til mål, og er ikkje den mest krevande stigninga på planeten med sine dryge fem km. og eit snitt på 4,1%. Men etter 27 mil, og i eit aldeles avsindig tempo, så er det ille nok. Her vil laga uten ein tøff spurtar, satse på å riste av seg dei tunge spurtspesialistane.

Det same gjeld også rittets aller siste stigning, Poggio, der syklistane når toppen  berre dryge fem km. fra mål. Ein i utgangspunktet ganske så grei stigning på knappe fire km. og beskjeden snittstigning på 3,8.
Dette er ein bakke som einkvar normalt trena person glatt kan sykle opp. Men eg kan garantere at den farten som desse syklistane har, etter 28 mil, dei hadde INGEN av oss vanlig dødelige følgt mange meter. Rekorden for både Poggio og Cipressa er forresten fra midt på 1990-talet, og vi veit alle kva som var årsaka til det....

Fra toppen av Poggio er det ein svært teknisk nedkøyring til San Remo by, der ryttarane har 2,2 km. til mål, når dei er nede på flat veg att. Og her blir det eit fascinerande skue av utbrytarar og dei få hjelperyttarane som måtte være igjen, som vil ha ein samla spurt for kapteinane sine.

Vi veit aldri korleis dette kan gå. Eit utbrot kan holde inn, vi kan få to, tre eller fire mann, eller vi kan få den heilt siste krampetrekninga, berre tohundre meter før mål der ein einsleg ryttar held inn. 


Lørdag er det meldt ein del vind, av typen "Med" og det tyder igjen på stor fart. Kan det være eit håp om at dei klarer ein ny snittrekord???

Så, kven vinn?
Vi har med fem nordmenn, sålangt iallfall iflg. startlistene. Det er Leknessund på DSM, Markus Hoelgaard på Trek, Boasson Hagen på Total Energie, og Bystrøm og Kristoff på Intermache.
Av desse er det kun Kristoff som vi kan forvente i toppen. Boasson har rett nok eit par topp-ti plasseringar i Milano - San Remo fra gamle dagar, men det byrjar å bli ei stund sidan nå. 
Dei tre øvrige får være hjelperyttar, om enn eit lite utropstegn ved Bystrøm da. KAAAAANSKJE han kan få ein sjanse sjølv, ifall eit brot går på Poggio???


Vinnar blir uansett Caleb Ewen. trur eg. 


Så da får vi sjå da, om det mest uforutsigbare av alle sykkelritt viser seg å være det i år også. 

Lørdag altså. Blir GCN+ for min del. Da slepp eg reklame.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar