onsdag 9. mars 2022

"Marianne" - serieomtale

Liker du grøssarseriar? Skrekkfilmar?
Da er du som meg. Men etterkvart som åra går, så blir ein meir og meir kresen på utvalget. 

Ein har sett det meste, og svært mykje skal til for å virke ein smule originalt, og ikkje minst; Skummelt.

Da kan den franske serien "Marianne" på Netflix være eit alternativ.



"Marianne" er heilt tilbake fra førcoronisk tid, dvs. 2019, men eg har ikkje fått somla meg til å feie igjennom denne før nå. Årsaka er at mine erfaringar med Netflix sine grøssarseriar og filmar er heller labert. 
Det er derfor hyggelig å sjå at dei traff adskillig bedre med denne saken i åtte delar, som altså hadde sin premiere hausten 2019.

Handling:
Vi treffer Emma, ein suksessrik forfattar av skrekkromanar, gjerne med eit bakteppe fra hennar barndomstid i den vesle kystbyen Elden.
Emma bor nå i storbyen, men eit tragisk sjølvmord i høve hennar siste bok gjer at ho må reise heim ein tur. Ho har ikkje vore der på mange år, grunna eit heller traumatisk tilhøve til familie, venner og byen generelt.
Men nå er det inga veg utanom, og saman med sin assistent Camille, og ein gedigen ballast i form av mareritt om ei slags heks, så set dei seg i bilen for å dra heim til barndommens "idyll".

Vi treffer foreldra, som tross alt vert glade for å treffe att den suksessrike veslejenta si, og det same kan vi og sei om den gamle vennegjengen. Både familie og venner har dog sine sterke forbehold.
Det har mykje skjedd i byen sidan sist, og når Emma kjem, så er det akkurat som alt liksom blir verre. Det er som om heksa fra mareritta, ei lokal dame ved navn.....Marianne.....som vart dømt for kjetteri på 1600-talet, dukkar opp og plager vettet av byen igjen. 
Born forsvinn, folk forsvinn og døyr, dyr hoppar på sjøen, og den lokale presten kan ikkje fordra at Emma er tilbake. Kvifor? Jo, kanskje han har sine grunnar....
Og det verste er at desse hendingane finn ein att i Emma sine grøssarromaner.


"Marianne" låner mykje inspirasjon fra grøssarfilmseriar som Insidious og The Conjouring, men det er jo ikkje det verste ein kan bli inspirert av.
Jo, det blir nokre jumpscares her og der, men det er også ein litt guffen stemning som ein grøssarentusiast setter pris på. La gå at ein og annan effekt ser noko billig ut, men totalt sett er "Marianne" eit overraskande hyggeleg tidsfordriv på seine nattetimar. 

Persongalleriet er større og meir variert enn vi er vant med fra Netflix. Skodespelarane er for meg stort sett ukjende, men gjer ein god jobb. Jo, Emma kan være både uforskamma og plagsom, men etterkvart som episodane går, så forstår vi at det er ein grunn til at livet hennar er blitt slik som det er. 

Så, konklusjonen må bli at "Marianne" er eit høgst brukbart seriegrøss fra Frankrike.
Dessverre vart det med denne eine sesongen, da Netflix sjølvsagt kansellerte vidare oppfølging når dei omsider hadde noko bra å by på.
Men det er ingen stor cliffhanger i siste episode, så serien kan trygt sjåast utan at ein vert irritert over sluttscena.

Episodane er på ca. 40-45 minuttar, og eg såg heile greia på tre kveldar. Såpass bra var den iallfall.


Høgdepunkt: Den ganske så overraskande brutale hendinga som får Emma og Camille til å dra til Elden.

Lavmål: Jada, Marianne er ei 400 år gamal heks, men det trynet vi ser i ei open grav er ikkje egna til å skremme ein kjeft. Det ser FOR kunstig ut.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar