tirsdag 22. februar 2022

The Texas Chainsaw Massacre - filmomtale

 Det er snart 50 år sidan den første originale filmen om den degenererte kannibalfamilien i Texas fant vegen til kinoane.
Ein film som skulle skape bruduljer over store deler av mediaverda, og som vart sjølve Symbolet på videovolddebatten her heime på tidleg 1980-tall.

Enter so; Film nr. ni(!!) i serien.


18.februar 2022 var Netflix sin premieredato for det siste tilskotet i den tilsynelatande utømmelege serien om Leatherface, men denne gang er han for det meste uten familien sin. For dei som ikkje kjenner bakgrunnen til denne nifse massedrapsmannen, så er han da yngstemann i ein søskenflokk som har utnytta han ganske så grovt. Han er heller lite pen, openbart noko "enkel", men veldig sterk, og ikkje minst så liker han verktøy.
I 1974 var Leatherface ein stor, sterk ung mann, men i denne siste filmen, som gir seg ut for å være ein slags direkte oppfølgar, så er han ein stor, sterk eldre mann.

"Handling":
Ein elektrisk bil kjem køyrande på dei langstrakte vegane i Texas, der dei skal inspisere ein heil liten by som dei har kjøpt. Byen er forfallen og bortimot fråflytta, men med hjelp av rike, unge mennesker i buss, så skal byen atter blomstre.
Dei fire i den elektriske bilen, ein dårlig kamuflert Tesla, kjem noko før busslasta med investorar, og får eit ublidt møte med ei eldre dame og hennar storvokste sønn. Hint, og spoiler alert; Gjett kven den store sønnen er.
Dessverre er mor ute for eit uhell, og må straks til lege med ambulanse. Med i bilen vert hennar næraste pårørande, den føromtala store, sterke sonen, og den ambulanseturen kan sjølvsagt ikkje gå bra.

I mellomtida går investorfesten sin skeive gang i byen, kun avbrote av eit regnskyll av ei anna verd. Det er vel heller ikkje noko stor løyndom at Leatherface ikkje liker slike nymotens ting som "fest", så han iverkset tiltak for å få slutt på moroa.

MEN, det Leatherface sikkert ikkje tok høgde for var den eine overlevande fra 1974, Sally Hardesty. Ho har nemleg leita etter sitt store Nemesis i snart 50 år, og hemnens time kan no være her.


Blodet flyt og sprutar, kroppsdeler flaksar, og innvoller sig nedover veggar, så "gorehounds" vil nok finne ein viss underholdningsverdi i denne voldsorgien.
Men til tross for alle dei groteske drapa, i hopetall, så fins det ikkje eit fnugg av å være skummelt.
Dette er voldsunderholdning, så hemningslaust urealistisk at det ikkje er håp om å finne eit einaste hint av farlig og nifst.
Vi aner korleis det går når Leatherface entrar partybussen, oh my god for eit slaktehus.

Er det ein god film. Nei. Det er knapt antydning til kvalitet i denne voldsorgien på 81 minuttar, inkl. rulletekst. Jo, det er fiffige drap, som ser nesten forbløffande ekte ut, men det blir FOR voldsomt. 
Gjengen i bussen er så gjennomført pappfigurar at du nesten HÅPER at dei skal sagast i to. Eller tre. Eller fire. Noko dei jo blir. 
Filmskaparane har liksom prøvd å få til ein smule samfunnskritikk mot SoMe, men det forsvinn i blodtåka.

Dog; Som skrekkentusiast er ikkje filmen uten verdi, men for alle andre; Styr unna. Dette er berre sinnssvak blod og gørr av ei anna verd.

Kuriosa: Filmen skal være fra Texas, men er innspela i Bulgaria. Den har stort sett vorte "slakta" av kritikarane, og ein skal være diehard-fan av blod/gørr-genren for å like dette.
Dessuten er Sally spelt av ein annan skodespelar enn i 1974. Marilyn Burns, som spelte den einaste overlevande fra Tobe Hoopers skrekklassikar, døydde nemleg i 2014. 

For min del vart det kun eit gjensyn med ein figur eg har sett i ei mengde filmar, trur eg har sett sju av dei ni filmane i serien. Kunstnerisk har jo dette absolutt null verdi.


Høgdepunkt: Leatherface liker andre ting enn motorsag. Bl.a. ein stor hammar.

Lavmål: Influencers som vert innestengt på bussen. Med ein rablande gal motorsagdrapsmann. 


Terningkast: 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar