tirsdag 15. februar 2022

Privilegiet - Filmomtale

 Ny "familiegrøssar" kom ut på Netflix nyleg, og den skal visstnok ha blitt ganske så populær. Det er forståeleg, for denne treff godt inn i målgruppa, dvs unge tenåringar som ikkje er altfor bevandra i grøssar og horrorgenren enda. Dessuten kan ein godt ta med kone og barn i sofaen for å sjå denne ikkje altfor skumle grøssaren med nokre overnaturlege element.



Handling:
Som ein liten prolog treffer vi 10-åringen Finn som sitter heime i det ganske så fasjonable huset til foreldra og brukar tida på TV-spel. Han må være heime med storesøster Anna, medan foreldra og tvillingsøstra hans skal på teaterforestilling eller noko slikt.

Brått byrjar underlege ting å skje i luksushuset, og 10-åringen går for å leite etter storesøster, ho skal jo liksom passe på han.
Men Anna er ikkje som før, ho er skada på eit slags vis, og må få med seg Finn ut i bilen. Dei rømmer i all hast, og dette kan sjølvsagt ikkje gå bra. Flukta endar med at Anna ramlar utfor ein demning, og så hoppar vi fram til nåtida.
Finn er blitt ca. 18 år, og går på ein slags eliteskule saman med andre elevar med like velståande foreldre. Han slit framleis med traumer etter storesøsters død, og vert satt på ein ny medisin mot psykiske problem. Desse skal hjelpe han vidare her i livet. Hint og spoiler alert; Det gjer dei ikkje. Tvert om vert alt verre. 
Men det visste eg fra første gang orda "ny medisin" vart sagt.

Problema for Finn og tvillingsøstra Sophie hopar seg opp, men med hjelp av den snåle lesbiske venninna, og diverse andre vellukka ungdommar, så vert det ei slags løysing og forklaring, som ikkje skal utbrettast nærare her.

La oss berre sei; Filmskaparane har iallfall lagt opp til ein del to, hvis denne skulle slå an.


Som grøssar for erfarne horrorfans vert denne tyske saken på dryge 100 minuttar i tammaste laget. Ja, det er forsåvidt ikkje heilt bortreist plot og nokre effektar er bra, andre heilt elendige. Eg hadde håpa på meir spenning, og mindre såkalla "Action" med dei vanlige eksplosjonane.
Vakre ungdommar i påkledd trekant-sex er heller ikkje det vi skrekkfans er ute etter.

Men dette er ikkje berekna på horrorfans. Privilegiet er enkel og grei ungdoms og famileunderholdning som er nifs og spennande nok til å holde nykommarane innan genren på pinebenken. Sjølv skvatt eg ikkje ein einaste gang.
Det er dei første 20 minuttane som er best. Da er det mest grøssarstemning, og ikkje så mykje unødige forklaringar som skal nøstast opp.

Er det så ein bra film?
Tja, derom strides nok publikum. 

For meg er det ein god film å anbefale til 12-14 åringar, sjølv om den har 16-årsgrense. Skremte småbarn bør imidlertid ikkje sjå denne åleine. Såpass guffen er den da dog.


Høgdepunkt:
Kva ligg under senga?

Lavmål:
Sex-scener med klede strategisk plassert er like spennande som gårsdagens værmelding.
Denne scenen er kun lagt inn for å pirre dei som ikkje har debutert enda. For meg var det berre ei passande tid til å sjekke twitterkontoen min.


Alt i alt så gir eg ein firar, og da er eg veldig snill.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar