tirsdag 22. februar 2022

The Texas Chainsaw Massacre - filmomtale

 Det er snart 50 år sidan den første originale filmen om den degenererte kannibalfamilien i Texas fant vegen til kinoane.
Ein film som skulle skape bruduljer over store deler av mediaverda, og som vart sjølve Symbolet på videovolddebatten her heime på tidleg 1980-tall.

Enter so; Film nr. ni(!!) i serien.


18.februar 2022 var Netflix sin premieredato for det siste tilskotet i den tilsynelatande utømmelege serien om Leatherface, men denne gang er han for det meste uten familien sin. For dei som ikkje kjenner bakgrunnen til denne nifse massedrapsmannen, så er han da yngstemann i ein søskenflokk som har utnytta han ganske så grovt. Han er heller lite pen, openbart noko "enkel", men veldig sterk, og ikkje minst så liker han verktøy.
I 1974 var Leatherface ein stor, sterk ung mann, men i denne siste filmen, som gir seg ut for å være ein slags direkte oppfølgar, så er han ein stor, sterk eldre mann.

"Handling":
Ein elektrisk bil kjem køyrande på dei langstrakte vegane i Texas, der dei skal inspisere ein heil liten by som dei har kjøpt. Byen er forfallen og bortimot fråflytta, men med hjelp av rike, unge mennesker i buss, så skal byen atter blomstre.
Dei fire i den elektriske bilen, ein dårlig kamuflert Tesla, kjem noko før busslasta med investorar, og får eit ublidt møte med ei eldre dame og hennar storvokste sønn. Hint, og spoiler alert; Gjett kven den store sønnen er.
Dessverre er mor ute for eit uhell, og må straks til lege med ambulanse. Med i bilen vert hennar næraste pårørande, den føromtala store, sterke sonen, og den ambulanseturen kan sjølvsagt ikkje gå bra.

I mellomtida går investorfesten sin skeive gang i byen, kun avbrote av eit regnskyll av ei anna verd. Det er vel heller ikkje noko stor løyndom at Leatherface ikkje liker slike nymotens ting som "fest", så han iverkset tiltak for å få slutt på moroa.

MEN, det Leatherface sikkert ikkje tok høgde for var den eine overlevande fra 1974, Sally Hardesty. Ho har nemleg leita etter sitt store Nemesis i snart 50 år, og hemnens time kan no være her.


Blodet flyt og sprutar, kroppsdeler flaksar, og innvoller sig nedover veggar, så "gorehounds" vil nok finne ein viss underholdningsverdi i denne voldsorgien.
Men til tross for alle dei groteske drapa, i hopetall, så fins det ikkje eit fnugg av å være skummelt.
Dette er voldsunderholdning, så hemningslaust urealistisk at det ikkje er håp om å finne eit einaste hint av farlig og nifst.
Vi aner korleis det går når Leatherface entrar partybussen, oh my god for eit slaktehus.

Er det ein god film. Nei. Det er knapt antydning til kvalitet i denne voldsorgien på 81 minuttar, inkl. rulletekst. Jo, det er fiffige drap, som ser nesten forbløffande ekte ut, men det blir FOR voldsomt. 
Gjengen i bussen er så gjennomført pappfigurar at du nesten HÅPER at dei skal sagast i to. Eller tre. Eller fire. Noko dei jo blir. 
Filmskaparane har liksom prøvd å få til ein smule samfunnskritikk mot SoMe, men det forsvinn i blodtåka.

Dog; Som skrekkentusiast er ikkje filmen uten verdi, men for alle andre; Styr unna. Dette er berre sinnssvak blod og gørr av ei anna verd.

Kuriosa: Filmen skal være fra Texas, men er innspela i Bulgaria. Den har stort sett vorte "slakta" av kritikarane, og ein skal være diehard-fan av blod/gørr-genren for å like dette.
Dessuten er Sally spelt av ein annan skodespelar enn i 1974. Marilyn Burns, som spelte den einaste overlevande fra Tobe Hoopers skrekklassikar, døydde nemleg i 2014. 

For min del vart det kun eit gjensyn med ein figur eg har sett i ei mengde filmar, trur eg har sett sju av dei ni filmane i serien. Kunstnerisk har jo dette absolutt null verdi.


Høgdepunkt: Leatherface liker andre ting enn motorsag. Bl.a. ein stor hammar.

Lavmål: Influencers som vert innestengt på bussen. Med ein rablande gal motorsagdrapsmann. 


Terningkast: 





tirsdag 15. februar 2022

Privilegiet - Filmomtale

 Ny "familiegrøssar" kom ut på Netflix nyleg, og den skal visstnok ha blitt ganske så populær. Det er forståeleg, for denne treff godt inn i målgruppa, dvs unge tenåringar som ikkje er altfor bevandra i grøssar og horrorgenren enda. Dessuten kan ein godt ta med kone og barn i sofaen for å sjå denne ikkje altfor skumle grøssaren med nokre overnaturlege element.



Handling:
Som ein liten prolog treffer vi 10-åringen Finn som sitter heime i det ganske så fasjonable huset til foreldra og brukar tida på TV-spel. Han må være heime med storesøster Anna, medan foreldra og tvillingsøstra hans skal på teaterforestilling eller noko slikt.

Brått byrjar underlege ting å skje i luksushuset, og 10-åringen går for å leite etter storesøster, ho skal jo liksom passe på han.
Men Anna er ikkje som før, ho er skada på eit slags vis, og må få med seg Finn ut i bilen. Dei rømmer i all hast, og dette kan sjølvsagt ikkje gå bra. Flukta endar med at Anna ramlar utfor ein demning, og så hoppar vi fram til nåtida.
Finn er blitt ca. 18 år, og går på ein slags eliteskule saman med andre elevar med like velståande foreldre. Han slit framleis med traumer etter storesøsters død, og vert satt på ein ny medisin mot psykiske problem. Desse skal hjelpe han vidare her i livet. Hint og spoiler alert; Det gjer dei ikkje. Tvert om vert alt verre. 
Men det visste eg fra første gang orda "ny medisin" vart sagt.

Problema for Finn og tvillingsøstra Sophie hopar seg opp, men med hjelp av den snåle lesbiske venninna, og diverse andre vellukka ungdommar, så vert det ei slags løysing og forklaring, som ikkje skal utbrettast nærare her.

La oss berre sei; Filmskaparane har iallfall lagt opp til ein del to, hvis denne skulle slå an.


Som grøssar for erfarne horrorfans vert denne tyske saken på dryge 100 minuttar i tammaste laget. Ja, det er forsåvidt ikkje heilt bortreist plot og nokre effektar er bra, andre heilt elendige. Eg hadde håpa på meir spenning, og mindre såkalla "Action" med dei vanlige eksplosjonane.
Vakre ungdommar i påkledd trekant-sex er heller ikkje det vi skrekkfans er ute etter.

Men dette er ikkje berekna på horrorfans. Privilegiet er enkel og grei ungdoms og famileunderholdning som er nifs og spennande nok til å holde nykommarane innan genren på pinebenken. Sjølv skvatt eg ikkje ein einaste gang.
Det er dei første 20 minuttane som er best. Da er det mest grøssarstemning, og ikkje så mykje unødige forklaringar som skal nøstast opp.

Er det så ein bra film?
Tja, derom strides nok publikum. 

For meg er det ein god film å anbefale til 12-14 åringar, sjølv om den har 16-årsgrense. Skremte småbarn bør imidlertid ikkje sjå denne åleine. Såpass guffen er den da dog.


Høgdepunkt:
Kva ligg under senga?

Lavmål:
Sex-scener med klede strategisk plassert er like spennande som gårsdagens værmelding.
Denne scenen er kun lagt inn for å pirre dei som ikkje har debutert enda. For meg var det berre ei passande tid til å sjekke twitterkontoen min.


Alt i alt så gir eg ein firar, og da er eg veldig snill.





tirsdag 1. februar 2022

American Horror Story, ein gjennomgang sålangt.

 Gjennom åra har det vore mange skrekk og grøssarseriar som har vore verdt å følge med på.
Det er likevel først nyleg at eg har fått tid til å pløyge gjennom resten av antologiserien American Horror story, først sendt i 2011.

Serien har vore ein suksess, om enn mottakinga har variert ein smule alt etter kva sesong vi snakkar om.
Men etter 11 år er det nå på tide med ein kjapp gjennomgang av alle sesongane, ti i talet.

Det fine med denne serien er at ein ikkje treng å følge dei i den rekka dei kom ut, kvar sesong omhandlar nemleg kvart sitt tema.  Kvar sesong er avsluttande, og varer gjerne 10-12 episodar, og faktisk såg eg sesong ein heilt til slutt.

Men ein kort gjennomgang følgjer altså, og  byrjar eg med den eg avslutta forrige dagen, nemleg sesong ein, subtittel "Murder House".



Vi vert kjent med familien Harmon, far Ben, mor Vivien og tenåringsdotter Violet som flytter til ein stort, flott og av ein eller annan grunn, veldig billig hus i Los Angeles.
Ben startar praksis som psyikater, medan Violet slit på skulen. Vivien blir gravid, og dette skaper mildt sagt forviklingar, spesielt sidan Ben var utro på samme tid med ein av sine tidlegare elevar.

Men det er huset som er hovedpersonen i serien. For etterkvart dukkar det opp den eine figuren etter den andre i huset. Og den eine er merklegare enn den andre. Ein skulle nesten tru at alle budde i huset og ikkje kunne reise derfra...?
Den spesielle nabojenta og mor hennar spelar også ei svært viktig rolle.
Alt i alt, ein fin og småguffen introduksjon i form av ei spøkelsesforteljing utanom det vanlige.
12 episodar på ca. tre kvarter som trygt kan anbefalast.


************************************************************


Grunna suksessen til Murder House, så fikk skaparane straks beskjed om å følge opp, og det gjorde dei til gangs, med det som mange reknar som den kanskje beste sesongen av dei alle, "Asylum".
Her skal vi tilbake i tid, til midten av 1960-talet, på eit slags dystert galehus, Briarcliffe, som vert drive av ei nonnestifting.


Inne på galehuset er behandlinga lysår fra å være human og omtenksom. Nei, dette er reine fengselet, med streng moral, medisinske eksperiment som går heilfeil, ein dasj aliens og ikkje minst ein ukjent seriemordar. Inn i dette miljet havnar gravejournalisten Lana, som  etterkvart vert ein så stor trussel at ho sjølv havnar innafor murane.
Det skal vise seg å bli ein prøvelse av dei store.
Mrk forresten opningsscena i episode ein der Maroon Five vokalisten Adam Levine gjer ein gjesteopptreden. Det går ikkje spesielt bra. For han.
Eg er einig med kritikarane i at dette er ein av dei aller beste sesongane, og anbefaler den høgt. Hvis ein liker slikt. 
13 episodar fra dystert psykiatrisk behandling ala 1965.


***********************************************************


Sesong tre vart heitande "Coven", og har henta inspirasjon fra dei berykta hekseprosessane i Salem på slutten av 1600-talet. 
Ei rekkje hopp i tid fram og tilbake gjorde denne sesongen ein smule forvirrande til å begynne med, men det kom seg heldigvis. 

Mesteparten av handlinga finn stad i eit slags moderne heksehus i 2013. Der bur det fire moderne og unge hekser som skal opplærast i den edle heksekunst, og ikkje minst skal dei finne ut kven som skal bli den nesten hekseleiaren. 
Coven fikk svært gode kritikkar, men var ikkje så god som dei to føregåande synes eg, utan at nokon sikkert bryr seg om det.
Det vart litt for snilt og hyggeleg til tider, sjølv om sesongen framleis høyrer inn under begrepet "horror". Hvis du er litt sart og ønskjer ei innføring i grøssargenren, så kan dette være ein grei start. Flott laga, men altså ein smule kjedeleg etter min smak.
13 episodar.

**************************************************

Sesong fire fikk også gode kritikkar, og har undertittel "Freak Show".
Her skal vi bli med tilbake på byrjinga av 1950-talet, og den tids framvisning av underlege menneske. Dvs. menneske med medfødte fysiske skavankar. 

I våre dagar vil vi sjå på det som menneskefiendtleg å sjå på "freaks" som underholdning. Men dette var stor industri på 1800-talet og fram mot 1950-talet. Folk gikk mann av huse for å sjå damer med skjegg, siamesiske tvillingar, folk med seks tær og ellers dei misdanningar vi kan forestille oss.
Dette omreisande showet blir også terrorisert av ein sosietetsmann, som ser på dei ansatte nærast som dyr. Vi blir også kjent med ein dritekkel klovn som slakter unge par i skogen.
"Freak Show" var faktisk den første heile sesongen av AHS som eg såg, og eg lurte vel på kva dette var for noko. 
Denne sesongen framstår framleis som ein av dei meir sære.
13 episodar.


****************************************************************************


Sesong fem vart lausleg basert på dei tragiske hendingar på eit ekte hotell i Los Angeles, og fekk såleis undertittel "Hotel". Her treffer vi hotelleigaren "The Countess", ypperleg spela av ingen ringare enn Lady Gaga.

Vi møter eit mildt sagt underleg klientell på dette hotellet, inkludert ei rekkje kjende seriedrapsmenn, slitne politimenn, jålete kunsthandlarar, naive svenske turistar og altså på toppen av næringspyramiden; Ei blodtørstig og veldig gamal hotellbestyrerinne i form av "The Countess". Ho er briljant i denne rolla, og sesongens klare høgdepunkt.
"Hotel" er rekna som ein av dei meir erotisk orienterte i AHS, noko eg forstår. Her er det adskillig meir "kos" i form av blodsuging, enn i nokon av dei andre sesongane. Ei fin intro til serien hvis ein i tillegg vil sjå Gaga i minimal bekledning. 
Gode kritikkar, men ikkje min favoritt. 
12 episodar.

*********************************************************

Sesong seks vart min andre, og den baserer seg på forteljinga om ein forsvunnen nybyggarkoloni i New Foundland på 1600-talet. Dette skjedde i Roanoke, som også er undertittelen.





Dette er ein mørk og brutal sesong, med bisarre ritualdrap, spøkelser og kultdyrking. I utgangspunktet kunne dette vore eit godt grunnlag, men dessverre koka serieskaparane det bort ved å lage ein slags liksomdokumentar inn i serien, med forteljingar i studio som skulle forklare det heile, før det endar "uventa". Hint; Det gjorde det ikkje.
Seriens svakaste sesong, og den gikk tom etter 10 episodar.



****************************************************

For sesong sju gjekk serieskaparane heilt bort fra det overnaturlege elementet igjen, og til noko som kanskje var mykje meir skremmande. Vi skal nemleg til USA i 2016, der vi vert kjent eit skeivt par, som fryktar kva som skal skje etter at idiot-Trump blir president. Undertittel "Cult".

Ein soleklar oppgang fra Roanoke, med sannsynlege utfall og hendingar, og ikkje minst oppbygginga av ein etterkvart svært skummel og mektig kult som støttar dei høgreekstreme kreftene i samfunnet så langt det er mogleg. Kulten er ikkje redd for å ta i bruk svært kraftige verkemiddel for å oppnå sine mål, og alt skal føre fram til det endelege målet, presidentsetet i Washington. Når Trump kan klare det, så kan vel dei klare det også?
Ein veldig bra sesong, ein av dei klart beste i heile serien. Og altså heilt utan overnaturlege element. Kanskje det er det som gjorde den ekstra nifs?
11 episodar.

**********************************************************************

Sesong åtte tek oss med til kva som kan skje ETTER at ein gal mann har bestemt seg for å ta makta. Kva vil vi da få? Jo, ein "Apocalypse".

Her treffer vi igjen fleire av heksene fra sesong tre Coven, men dei har fått selskap av fleire av sorten, samt ein slags antikrist.
Jorda er ubebueleg etter apokalypsen, og kun dei sterkaste kreftene kan stå imot. Mesteparten av handlinga føregår i noko som skal førestille bunkerar, berre i nokre små glimt får vi sjå kor øydelagt det er oppe i dagen.
Jo, ein del stilige antrekk, men eg syntes desse heksene var ganske dølle denne gang også.
Ein av dei svake sesongane, men kul plakat da.
10 episodar.




***************************************************************

Sesong ni skulle bli ein  småmorsom hyllest til 80-talets slasherfilmar, og fekk derfor undertittel "1984".


Året er 1984, og vi skal til ein leirskule, Camp Redwood, som skal opnast igjen etter ein lengre periode med nedstenging. For kva skjedde vel der i 1970? Jo, ein drapsmann gjekk laus, og han vart aldri tatt. Men nå, 14 år etter, er det vel trygt?
Neppe.
For ellers hadde det vel ikkje blitt ein sesong i AHS.
Sesongen er som sagt ein hyllest til vår ungdoms slasherfilmar, og er ikkje meint å redde verda. Det er blodig på ein morsom måte, hvis ein er i stand til å sjå humoren i det da. 
Også denne sesongen kan være ein god start hvis ein ikkje er kjent med AHS fra før.
Ni episodar lett underholdning.


***********************************************************

I fjor høst, eit år covidforsinka, kom så sesong 10. Det var ein ny variant, da sesongen var todelt.
Derav også undertittelen, "Double Feature".


Del 1 finn stad i nåtid, oppe langs kysten i Massachusetts, der ein liten familie flytter for å hente inspirasjon til skriving, interiør og fiolinskriving. Dog manglar det siste som skal til for å få alt på plass, så da vert dei frista til å teste ein ny effektiv medisin. Det har imidlertid stygge biverknader. Del ein, også kjent som "Red Tide" er ein av dei soleklart beste i heile AHS sin historie, og varde dessverre berre i fem episodar. Del to av sesong 10, undertittel "Death valley"  handlar om byttehandel med aliens i etterkrigstida, fram mot våre dagars influencers og mellom der ein politisk skandale.
Fiffig plott i del to, men del ein var langt bedre.
Ein sterk femmar på del 1, og ein likegyldig trear på del 2.


********************************************************




So, there you have it. Ein kort gjennomgang av alle ti sesongar, høgst subjektivt.
AHS er ikkje for alle og einkvar. Nokre episodar er groteske og ekle, andre er meir underfundige. Men alle sesongar har til felles at det alltid skjer noko uventa. Det er eigentleg eit forfriskande innspel å oppleve nokre nye og originale twists.

American Horror Story er fornya med ytterlegare tre sesongar, men fram til da kan alle sesongar finnast på, av alle, Disney+, der du også kan finne ein spin-off; Americar Horror Story: Stories. Det er i samme univers, men over berre ein, to ellr tre episodar.

Lykke til.