lørdag 15. januar 2022

Terrified - filmomtale

 Som meir enn middels filminteressert finn ein stadig nye land å teste ut filmar fra.
Japan og Sør-Korea har vi kjent til lenge. Thailand, Egypt og Polen er nyare bekjentskap, om enn av ymse kvalitet. Eg har sett grøssarar fra Iran, Italia, Spania, India, Pakistan og Bangladesh, men i kveld fikk eg tid til å gløtte gjennom ein fra Argentina, "Terrified" som er den engelske tittelen den har fått på Netflix, org.tittel: Aterrados.
Filmen må som vanleg sjåast med original tale.



Terrified er ein skrekkfilm, som ikkje gir seg ut for å redde verda. Den er lett å samanlikne med blockbusterserien "The Conjuring" eller "Insidious"-filmane.

Handling:
Vi skal til ein forstad til Buenos Aires, der vi treffer ekteparet Clara og Juan. Dei held til i eit heilt gjennonsnitleg (forestiller eg meg) område av byen, med hverken spesielt rike eller fattige i nabolaget.
Det byrjar imidlertid å skje merkverdige ting i huset deira, og ein kveld er Clara sikker på at ho høyrer nokre stemmer nede fra avløpsvasken. Det er som om onde stemmer kviskar at ho må døy. 
Juan, den meir realistiske av dei, avfeier det heile med at det er eit gamalt hus, og dessuten held naboen Walter på med renovering av huset sitt. Han held jo til vegg i vegg, så litt lydar derfra er vel ikkje anna å forvente?
Men det verkar som om Walter bygger om på huset midt på natta, for medan Clara må ta ein nattestur i eit "naudsynt ærend", så fortsett bankinga og underlege lydar. Juan blir irritert, går ut, får ikkje kontakt, og forstår omsider at bankelydane ikkje kjem fra naboen, men fra badet der Clara gikk inn ti minuttar før....

Og enno er vi ikkje kome lenger enn nokre få minutt ut i filmen.

Juan kjem i kontakt med nokre etterforskarar av det paranormale. Det er to eldre herremenn, og ei like gammel dame som undersøker slike fenomen. Det kan være veldig nyttig, for det er ikkje berre Juan som sliter; Også naboen Walter opplever skumle ting, og på andre sida av gata skjer det også ei tragedie som skal sette djupe spor. Der må politimannen Funes hjelpe til.

M.a.o. det vesle nabolaget har fått besøk av noko uforklarleg, skummelt og farleg.



Terrified er kanskje ikkje laga med verdas største budssjett, men har mange fine smågrøssande scener.
Mykje er gamle, kjende triks som høyrer heime i einkvar skrekkfilm, men her er også nokre nye element som puffar opp grøssarstemninga ein smule. 

Fans av dei nemnde The Conjuring og Insidious vil garantert også like denne. Ikkje så mykje effektmakeri, men noko farleg og uforklarleg gøymer seg og ventar på å slå kloa i uforvarande personar som måtte stå i vegen.

Alt i alt må dette seiast å være eit svært positivt møte med argentinsk film. Ja, det blir litt overspeling når Funes får hjerteinfarkt, men totalt sett var filmen ein småguffen opplevelse som absolutt fortjener ein kikk. Det er imidlertid ikkje så lenge att, for Netflix fjerner denne om to veker. Så skal du oppleve grøss fra Sør-Amerika, så bør du kjappe deg litt.

Høgdepunkt: Det som er i skapet og under senga.

Lavmål: Når Funes får alvorlige helseproblem. Slapp av litt da!

Lurde på ein femmar etter den første halvdelen, men det nemnde overspelet trakk ned til ein firar, ein sterk ein sådan. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar