lørdag 22. januar 2022

Sykkelturar 2022

Dei som kun kjenner meg gjennom twitter og Facebook, trur kanskje at eg er ein levning fra Woodstock som sit inne i min NAV-betalte kjellarleiligheit og røyker hasj heile dagen.

Vel, det stemmer ikkje.

Min store fritidsinteresse er ikkje å diskutere ruspolitikk, men det å trille på sykkel.
Jo, eg har MC-lappen også, hadde seriøse planar om å kjøpe slik doning også, men grunna ein solid baksmell på skatten i 2015, samt tragedia som ramma oss den gang, så dala MC-interessa markant.

Den vanlige sykkelinteressa har imidlertid bestått, både som trening for den stadig eldre kroppen, og ikkje minst som ein slags terapi etter det vonde vi har opplevd.

Dei siste åra har eg sett litt utover kommunens grenser ang. sykkelturar. Etter å ha sykla til Skjolden nokre hundre ganger, så må ein vedgå at det ikkje er det mest spennande her i livet. 

Derfor; Her er seks enkle turar som eg kunne tenkt meg til neste år. I fjor oppnådde eg iallfall eitt av måla mine som var å sykle i 12 timar. Det vart 15, men bagatellar, bagatellar.


Tur 1:



Eg har aldri vore utover mot Framfjord og Arnafjord. Ikkje med bil eingang, og eg har køyrt svært mange avkrokar i dette fylket.
Kvifor eg har lyst å sykle hit?
Jo, fordi eg aldri har vore der vel. Ein tur på  sju-åtte mil totalt, på rasfarlege vegar rett nok, men neppe særleg mykje trafikk. Det må bli i mai/juni eingang. Reknar med at nokre av mine pensjonistvenner blir med.



Tur 2: 


Denne turen krever litt meir planlegging, men vil nok være ein av dei mest minneverdige eg kan tenke meg. Dombås ligg over 600 moh, og vil være det høgaste punktet på turen ned til Åndalsnes ca. 11 mil ned mot kysten. Noko av landets mest spektakulære natur i Romsdalen, og ikkje minst ein fantastisk jernbanetur tilbake på Raumabanen. Denne turen krev at ein kjem seg avgarde heimefra litt tidleg på morgonen slik at vi rekk ettermiddagstoget tilbake til Dombås fra Åndalsnes.
Turen må finne stad i slutten av mai/byrjinga av juni, da fossane er størst og før turisttrafikken gjer dei siste fem mila til eit nervedrama.



Tur 3:


Lom-Sel-Otta-Lom. Ca. 12 mil, og med ein seig bakke opp snarvegen til Sel. Poenget her er å trille på sidevegane, dvs. holde seg unna dei sterkt trafikkerte Europavegane. Eg har sett forholdsvis nøye på kartet, og den einaste staden eg kan risikere litt trafikk vert på brua før Vågå. Kanskje det er gang/sykkelveg der også??
Utpå seinsommaren eingang??


Tur 4


Lom-Juvasshytta. Den hadde eg på lista mi i fjor også, og eg hadde faktisk seriøse planar om å ta denne i byrjinga av september. Så skjedde ulukka i august, og alle planar gjekk skeis.

Men Juvasshytta og vegen opp der ligg nå der enda. Heile turen er ikkje så lang, men det som vert beskreve som landets tøffaste bakke er neppe til å leike seg meg.
Juvasshytta ligg på 1841 moh, og Lom ligg på i underkant av 400 moh.....
Så; kvifor slite seg halvt i hel for å komme opp på høgfjellet?
Jo, fordi vegen er der.
Kun derfor.
I august/september. Da er det kanskje snøfritt. Kanskje. 



Tur 5:
Mjøsa Rundt.
Det er eit turritt som går rundt Mjøsa, men da må vi sikkert stresse ein del, og det gidd eg verkeleg ikkje lenger.
Dessutan, hvis ein køyrer eige opplegg, så kan vi reise akkurat når det passar OSS. Vi kan bruke den tid vi vil. Vi kan stoppe der det passar, og vi kan trille på dei vegar som vi ønskjer. Ikkje E6.
Kvifor ikkje parkere på Lillehammer, sykle på den gamle RV4 (?) ned til Gjøvik, vidare ned mot Skreia, Feiring og Minnesund, før vi snur hjula nordover att? Da tek vi gamle E6, som sikkert er betydleg mindre trafikkert nå til dags, mot Hamar, Brumunddal og på austsida opp att til Lillehammer. Rundt Mjøsa er ca. 24 mil, så dagen går jo.
Terrenget er i det minste noko heilt anna enn vi er vant til.




Tur 6:
Lom - Dalsnibba.
"Alle" snakkar om turen til Dalsnibba, ein av landets tøffaste bakkar. 
Når du syklar rett opp fra Geiranger ja.
Det vert berre ein omveg for oss, så vi velgjer ei anna løysing; Ta bilen (m/syklar) over til Lom, parker der, og voila! Lom ligg på ca. 380 moh, og opp til Bjorli er det knappe seks mil, og ca. 550 høgdemeter. Men det er først litt lenger inne på fjellet det blir SKIKKELIG skøy. Vi triller forbi avkøyringa til Gamle Strynefjellsvegen i denne omgang, og vidare til vi ser FV 63 "Geiranger". Derfra er det kun sju km. til avkøyring på bomvegen opp til Dalsnibba, 1476 m.o.h. Dei siste 4,5 km. stig 430 høgdemeter, så det er ein fin avslutning.
Utsikta fra Dalsnibba er heilt magisk, og kan ikkje kjøpast for hverken kroner, dollar eller euro.
Vi set av ein soldag i midten av august til denne turen, som er på 17 mil tilsaman. 

Eg gledar meg alt!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar