mandag 31. januar 2022

Seriesnakk, januar 2022

 Ein av fordelane (kanskje den einaste??) med å være skada og ikkje kunne gå på jobb, er at ein får god tid til å sjå på.....TV.
Når ein i tillegg arbeider turnus i redusert stilling, så vert det enda meir tid til TV-titting. For når ein er skada, så kan ein heller ikkje trene slik som ein gjerne vil.
Derfor har eg sett umåteleg masse TV denne vinteren og høsten, og her kjem tre av dei nyare seriane som er sett fullt ut. Jepp, eg har også sett heile Amerivan Horror Story (10 sesongar, men dei skal få sin eigen post)



Station Eleven, HBO:

Postapokalyptiske seriar kan være knallgode, slik som The Walking Dead.
Dei kan være sære på så mange måtar, slik som Black Summer.

Og dei kan få skryt og ros til himmelen og tilbake, slik som Station Eleven på HBO har fått.


Basert på ei bok fra 2014, og det er nå laga ein miniserie på 10 episodar.
Hovedrolla vert spelt av den alltid dyktige Mackenzie Davis i rolla som den voksne Kirsten, som vi følgjer gjennom ein verdsomfattande pandemi. Den tek livet av 99% av befolkninga, og gjennom ei rekkje tidshopp 20 år fram og tilbake i tid vert vi kjende med Kirsten og folka hennar.

Første episode byrja så bra, der vi får sjå sjukdomen spre seg meir og meir, og korleis nokre få klarer å unnslippe sjukdommen ved å nærast mure seg inne i ei blokkleilegheit.

Deretter går det nedover. Ikkje berre med samfunnet i serien, men resten av dei ni episodane som eg måtte slite meg gjennom også.
Dette var nemleg kjedelige greier.
Jo, vi får ein og annan spennande scene, men dei vert altfor få, og dei engasjerer like mykje som gårsdagens Dagsrevy.
Ein slags kultleiar returnerer, uten at han klarer å være skummel i det heile tatt, og det omreisande teateret verkar meir enn naive som trur dei kan underholde med å kun framføre Shakespeare.

Med unntak av den unge og gamle versjonen av Kirsten, så var dette så usigelig kjedelig. Det får ikkje hjelpe at andre har funne serien knall, og at den har 98% score på Rotten Tomatoes, dette var gørr.






HBO traff langt bedre med ein annan serie, som kom ut rett før jul. 
Ein slags True-crime om eit dobbeltdrap i England i 1998, der forunderleg dotter og hennar mest like forunderlege ektemann vert dømt for drapa.




Ekteparet må på rømmen etter at foreldra er tatt av dage, og gravd ned i sin eigen hage. Dotter Susan i huset, spelt av Olivia Colman (The Crown), melder ikkje fra om dødsfalla, og dei kan såleis leve litt på pensjonen som vert etterlatt, og som stadig dryp inn på konto.
Men fortida innhenter dei, og ektemann Chris (David Thewils fra Harry Potter-serien) må til slutt vedgå kva som har skjedd ovanfor bekjente.
Fra der er ikkje vegen lang til vi får sjå korleis politiet rullar opp saka. 

Landscapers er på kun fire episodar, men forutan å være ein dyster dobbeltdrapssak, så er det også ein dose svart humor. Skodespelarane er i ultraklassen, og det heile vert altså meir givande når vi faktisk veit at dette har skjedd. Dei to sit i fengsel den dag i dag.

Serien har fått gode kritikkar, og eg anbefaler den gjerne.

Verdt å ta med seg!






Så hoppar vi over til Netflix, og deira Archive 81.
Dette er ein grøssar, med innslag av det overnaturlege og okkulte.

Vi møter Dan, som vert hyra inn for å restaurere ei mengde videobånd som vart funnen i ei branntomt i 1994. Dei har lege urørt heilt fram til våre dagar, og vedkommande som stod bak opptaka er borte vekk.
Det er ein rik og mektig mann som står bak oppdraget, som Dan for det meste må utføre i eit avsidesliggande bygningskompleks ute i skogen, der det fins alle tekniske hjelpemiddel som tenkast kan. Unnateke internett og mobildekning....
Serien er på åtte episodar, og vi vekslar stadig mellom synsvinkelen til Dan, og filmskaparen fra 1994. Dette er ein ganske så fiffig måte å gjere det spennande på. Litt uvant, men det fungerer godt.
Og ja, det er ein og annan bø-scene her og der, men det er altså ingen skrekkserie. Meir ein ubehagleg psykologisk thriller er det vel rettare å kalle Archive 81. 
Det vert iallfall lagt opp til ein ny sesong, dersom den skulle bli ein suksess. Iallfall er tilbakemeldingane fra kritikarane gode, og denne gang kan eg godt forstå dei, i motsetnad til når det gjaldt Station Eleven.

God underholdning i vinternatta!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar