søndag 9. januar 2022

"Mother/Android" - filmomtale

 Ny Netflix film kom ut 7.1.2021, og med eit kjent og kjært tema: Sivilisasjonens undergang.
Eit såkalla post-apokalyptisk drama der maskinene i ein eller annan form har gjort opprør mot oss, herskarane deira. 



Mother/Android har eit såpass kjent navn som Chloe Moretz på rollelista, og ho er med i omtrent kvar ein scene gjennom heile filmen.

Handling:
Det er julekveld, og unge Georgia finn ut at ho er gravid. Noko ho slett ikkje hadde noko ønske om å bli, ho går jo på college og greier. Barnefaren vil ho eigentleg ikkje vite noko særleg av heller, men dei reiser iallfall på julefeste saman med vennene sine, men stussar litt da robot-tjenaren øsnker dei "Happy Halloween" på veg ut døra, noko som indikerer at noko ikkje er heilt som det skal være. 

På festen går det eigentleg ganske så dårleg med det unge paret, men julekvelden tek straks ei ny og dramatisk vending da vennens tjenarrobot brått blir til ei drapsmaskin som kverkar omtrent heile juleselskapet.
Det kunne kanskje vore til å tåle, men det er altså ikkje berre ein robot som byrjar å gå amok; Det er alle. Og det verste av alt; Mobiltelefonane eksploderer og tek livet av dei som brukar dei. 

Det er berre ein ting å gjere; Flykte ut i skogen.

Ni månader seinare treffer vi den høggravide Georgia ute i villmarka, saman med barnefar. Dei har høyrt rykte om at det er mogleg å komme seg til Asia med båt. Aberet er at båten kun tek med seg babyar og mødrene deira, og at havnebyen, Boston, er under beleiring av dei særs menneskelignande robotane. 
Det å komme seg dit vil bli ein svært vanskeleg og farleg reise.

Til alt hell treffer våre heltar på ein avdeling militære der ute i skogen, kanskje dei kan bidra?

Og medan alt dette pågår, så er altså Georgia på nippet til å føde stort sett heile tid.


Temaet om at maskinene overtek verda har vi sett mange, mange ganger. The Matrix, Terminator samt ei rekkje andre filmar har brukt dette tema. Men likevel er det litt meir uvanleg at vi får sjå samfunnet ei tid etter at maskinene har overtatt. Normalt ser vi kanskje berre forspelet og årsakene til at maskinene overtek, men her går vi altså nokre månader etter også.

Mother/Android er ein heilt ok post-apokalyptisk sak, som etterkvart vart meir spennande enn eg trudde til å begynne med. 
Det er ikkje slik at ein sit ytterst på stolkanten, men ein underholdande sak var det til tider. Bl.a. med ein artig vri da Georgia får hjelp ute i skogen. 

Høgdepunkt: Robotane ser kanskje ut som oss, men dei er mannevonde beist, som ikkje nøler med å bruke vold. Gjerne mot fangar som er fastlenka.

Lavmål: Georgia er ikkje akkurat snill og høflig mot barnefaren. Han er tross alt den einaste som viser ein smule omsorg.


Konklusjon: Ok drama, satt i dystert landskap og under enda meir dystre omstende. Chloe Moretz er dessutan ein svært habil skodespelar, det skal ho ha.
Fin underholdning på laurdagskvelden. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar