mandag 3. januar 2022

"Gaupne 2030"

 Det er lov å drøyme, og bedrive ei primitiv form for "planlegging" utan tanke på politiske prosessar, budsjett, grunneigarar og infrastruktur ellers.

Så her er det altså, mine fem deler om korleis heimbygda burde være. Og ja, eg tek gjerne imot tips, ros/ris og kva det enn skulle være. 



La oss ta den enklaste først.
Vi kaller den del 1. Det kostar jo nokre kroner, men det burde være politisk evne og vilje til å gjennomføre, og berører eigentleg ikkje så store areal heller. 


Den blålilla streken er ferdigstilling av den fine turstien vi har fått til Marifjøra. Det står att 20 meter, fra informasjonsområdet til brua. Det vil ta ca. to dagar å få dette gjort. Så; Kva venter vi på?

Dei raude prikkane er gatelys. Av ein eller annan grunn har det ikkje vorte prioritert å få satt opp gatelys mellom dei to bruene over Jostedalselva. Det kunne eg, og forhåpentlegvis ein del andre, godt tenkt oss å få på plass. 


Del 2: 
Adskillig meir omfattande, iallfall hvis ein skulle ha heile "prosjektet" på plass. Eg anser eigentleg ikkje dette som realistisk, men det er eit stort MEN.



Dei raude prikkane er fortsatt gatelys, denne gang fra gamle Røneid Bru, og fram til avkøyringa til Røneidsvegen. Eigentleg er dette berre ei forlenging av gatelysrekka fra "Nyebrua".
Om det er mogleg å få til? Heile strekninga med gatelys er ca. halvannan km, og eg er ikkje så dum at eg trur dette er gratis. Det hadde iallfall vore fint å få lys på strekninga.

Den lilla streken på Gaupnesida er eit ønske om oppgradert og kommunal veg fra krysset ved Gaupne Barnehage, og fram ca. tre (?) km. til vår tredje, og nyaste bru over Jostedøla. Denne brua vart satt opp i samband med anleggsutbygginga på 1980-talet, og er eigentleg i lite bruk. 
Vegen er i dag privat, og ikkje open for almen motorferdsel. Årsaka til at kommunen burde oppgradert og overtatt ansvaret av denne vegstrekninga ligg i beredskapshensyn. Seinast i vinter såg vi kva krefter det kan være i Jostedøla når isen går, og det så korkar seg. "Nyebrui" er over 50 år gamal, er låg, og med dei klimaendringar som vi kan forvente, neppe så holdbar som vi skulle ønske og like. Det er i dette området ein evt. (enda større)ispropp kan komme, og med dei rette tilhøva på plass, så er eg faktisk ein smule bekymra for heile brua. Derfor; Oppgrader den nemnde vegen, da brua fra 1980-talet er langt tryggare for isgang.
Om det er realistisk å få dette til? 
Ikkje på kort sikt. Dette vil medføre endringar i planverk, og involvering av grunneigarar i aust og vest, men igjen: Av beredskapshensyn. Dessuten burde Røneid Bru, fra 1907, vorte omgjort til gang/sykkel veg. 


Del 3:

Vi går ned mot fjorden og Engjadalselva. Her er det gjort mykje fint dei siste åra, bl.a. er det laga ein fin turveg langs elva, fra Luster Energi og ned mot elveosen. Det einaste minuset er det nye store kloakkanlegget som til tider stinkar ganske brutalt, men bortsett fra det er det overraskande hyggeleg å gå her.
Da må vi utvide ein smule. Og her er korleis vi skal gjere det. 



Del 3 krev heller ikkje noko store summar å få på plass. Nei, eg veit det er ikkje gratis, men dersom eg vinn nokre hundre millionar i Vikinglotto, så skal eg sponse halvparten. Minst.
Alle dei lilla strekane er eigentleg berre enten nye gangvegar, forlenging av eksisterande, eller renovering av gamle.
Den vesle krøllen oppe rundt Luster energi er for å få ein tursti heilt opp til vegen. I dag stoppar turstien i "ingenmannsland". Så, ein liten ekstrakrøll og nytt stikryss opp mot Rådhusvegen. Meir om dette området seinare. 
I dag er det ikkje spesielt fint å være fotgjengar langs FV 55 fra Tvingeborgneset. Derfor kan vi nytte eksisterande undergang like ved krysset FV55/Sandvikvegen. På nedsida av vegen, dvs. mot elva, kan det såleis lagast ein enkel tursti. Vi kan endatil slå to sluger i eitt smekk ved å ta massar fra elva og nytte til stibygging. Ei enkel kanalisering, slik at nausttomtane lenger oppe kan brukast. Det er vel 50-60 år sidan sist... Men i hovedsak altså ein enkel tursti til fotgjengarane, slik at ein slepp å krysse og gå langs FV 55. Det blir ein fin rundtur.
Den siste streken på bildet, mellom Sandvikvegen og FV 55, er for å binde saman gang/sykkelvegen med naturstien langs Engjadalselva. Denne naturstien er blitt veldig populær, og med dei skisserte løysingane på plass, så får vi eit samanhengande stinett av variert kvalitet. Det gjekk forresten ein anleggsveg her før i tida, i høve bygginga av "Nyevegen" på 1960-talet. Det er nokre år sidan siste bil køyrde der dog.


Del 4.
Da byrjar vi å snakke litt meir kostnader, men kanhende er noko av dette rett rundt hjørnet?
Vi snakkar iallfall om den såkalla "Sentrumsopprustninga" langs Øyagatas fremste deler. 


Dei raude prikkane er dei før nemnde gatelysa på Røneid. Den lilla streken langs Øyagata og Gardavegen er fortau. Vi har fortau fram til ungdomshuset, og eg veit ikkje kvifor det aldri vart bygd lengre framover, men det er på høg tid å få dette til. På kva side av vegen eit fortau skal gå, får andre finne ut av. 
Den siste lilla biten er som vi ser fra krysset Øyagata/Gardavegen og over Røneid bru. 
Brua burde vore stengt for motorisert ferdsel for mange år sidan, men sidan vi i realiteten kun har ei anna bru som er open for almen ferdsel, så får det vel bli slik nokre år til.
Og det er enda ein grunn til at vegen og brua omhandla under del 2 burde vore oppgradert og i kommunalt eige. Røneid bru er i forbausande mykje bruk av bilar, enda så smal ho er. Maks vekt er no usle to tonn, noko som gjer at t.d. ein Tesla S ikkje krysse ho. Så altså: Steng brua for motoriserte køyretøy, og gjer det om til ein kort gang/sykkelveg fra Røneidsida og bort til Øyagata/Gardavegen.

Eg ser på dette som eit overkommeleg tiltak å få på plass.


Del 5:
Eg har spart det beste til slutt. 
Men det er så omfattande, så dyrt og så lite realistisk at eg neppe kjem til å oppleve det i mi levetid. Det er da lov å fantasere litt?
Det er vårt såkalla "sentrum", og så får eg heller leve med at det sikkert er ein og anna grunneigar som er uenig. Det lever eg godt med. Skal alle være enige, så vert det stusselig. 


Masse fargar, strekar og forvirrande rot? Joda, men eg har ein plan....
Lilla strekar er framleis nye gang og sykkelvegar. Stipla linjer er sti. Ei vidareføring av gangvegen fra Sandvik, forbi Pyramiden, "grusbana" og til "Nyebrui". 

Lysegrøne områder er nye grøntareal. Og da vil vi sjå at vi sperrar to vegar inn på uteområdet til Gaupne skule. I dag kan bilar køyre rett over plassen, i teorien fra fire(!!) forskjellige vegar. Det er ikkje til å tru at kommunen kan godta dette. Er det verkeleg viktigare å frakte varer lettvint enn skulebornas tryggleik? Med dette grepet stenger vi to innfartsvegar, og lar det kun bli att gang/sykkelveg over skulen. Gjer dette no, Luster kommune. FØR ulukka skjer. 
Andre grønne områder er mellom Byggevareavdeling og FV55, samt noværande innkøyring til Prix/Rådhuset. 
Byggvaren og Prix skal nemleg snu seg mot Pyramiden slik at vi får ei ordentleg torgløysing her. Noværande uteareal kan flyttast til parkeringsplassen som er rutemerka. Varer kan hentast/leverast på ny vegstubb mellom nytt grøntareal, og eksisterande. Sjå dei svarte strekane. 

For svarte strekar er nye vegar/areal til bilar. Eg vil ha ny avkøyring fra FV55, og gangvegen fra Sandvik kan gå i undergang her. Dette av trafikktryggleiken. Eg har skissert det som lilla prikker, som også viser dei eksisterande undergangane vi alt har. 
 

Ny avkøyring fra FV 55 til "Sentrum" medfører at vi stenger den noværande, og gjer denne om til grønt areal med gangveg og gangfelt over FV 55 til stien som kjem opp langs Engjadalselva. Igjen; Samaknyting av sti/gangveg. 

Ny innkøyring til Rådhuset, omlag der det var busstopp ein kort periode, og der vi kan svinge av til Gaupnetunet på motsatt side av Rådhusvegen. Vi får altså eit nytt X-kryss her.
Og mellom Gaupnetunet og gangvegen til Sandvik er det nytt areal, med grøne prikkar. Dette kan altså bli ein ladepark til elbilar. Allereie no ser vi ladekøar, og framleis er under 20% av bilparken elektrifisert. Kva slags ladarar? Ikkje enten eller, men både og. Vi må ha destinasjonsladarar og hurtig/lynladarar. 
Eg har laga samme grønne prikkar på nedsida av FV55. Dette området er i dag til lite nytte, unnateke noko tivoli og sirkus ein gang i blant. Mitt forslag er også her: Ladepark til elbilar, evt. storbilparkering, med nytt anlegg for sjåførane til å ta morgonstellet. 
Kven som skal drifte ladarane, er ikkje mitt problem, men eg peiker gjerne på det faktum at det fins ingen Tesla Superladarar på dei 34 mila mellom Voss og Dombås, dersom ein køyrer Vikafjellet....

Så her er ei utfordring til Luster Kommune; Få på plass ein stor ladepark, jo før jo heller. Om det er i regi av Tesla eller nokon andre er likegyldig for meg, mange destinasjonsladarar er uansett ein forholdsvis kurant affære. Dessutan, vi bur i ein av landets store kraftkommunar. Vi har til og med eige energiselskap i dette området!


Vi nærmar oss slutten nå;
Kva med den gamle gymsalen, som eg har kryssa grått over? Jo, der skal vi ha det nye Fleirbrukshuset vårt. Til kultur og idrett, samt som forsamlinghus for dei som treng det, gjerne også med eit såkalla "livsynsnøytralt hus" som eg  SVÆRT gjerne vil ha på plass. Helst for sju år sidan....

Og til sist; Kva står den store H`en for?
Det er området for nytt helse og omsorgsenter. På EI flate.


So, there you have it.


Send gjerne konstruktive tilbakemelding, og innspel. Det er alltid lov å leike seg litt. Som sagt trur eg vel at svært få av desse ideane vert satt ut i livet så lenge eg går omkring på planeten. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar