søndag 9. januar 2022

"El Paramo" - filmomtale

 Nyåret har ført med seg meir enn stadige lysare ettermiddager, det har også tatt med seg nye filmar som eg har hatt gleda(?) av å få med meg.
Første film ut i denne omgang er spanske "El Paramo" på Netflix, oversatt til "Ødemarken" på norsk. 



Eit kort blikk på filmplakaten fortel oss eigentleg det meste om kva slags sjanger dette er:
Horror.
Det er godt nok for meg til å ta ein kikk, sjølv om spansk skrekk kanskje ikkje er alle sin kopp te.

"El Paramo" er ganske så ny, i.o.m. at den kom ut nå 6.1.

Handling:
Vi skal til den spanske ødemarka(!) ein gang på 1800-talet. Spania er herja av mange år med krig, og folk flytta gjerne ut fra byane for å leve tryggare og kanskje opparbeide seg eit lite gardsbruk til å leve av.
Midt ute på ei enorm og karrig slette har ein liten familie satt opp småbruket sitt, eit av den heller skrale typen, medan dei prøver så godt dei kan å berge livet ved å dyrke jorda samt oppdrett av kaniner til slakt.
Far i huset er ein kraftkar som vil at sonen må lære seg å bli tøff, slik at han kan klare seg sjølv når foreldra blir borte. Mora, derimot, er av den meir beskyttande typen.
Guten er heilt klart redd og lettskremt av seg, ikkje minst takka være nifse historiar som vert fortalt som ei slags "underholdning" framfor ildstaden og rundt matbordet. 

Så kjem ein båt med ein skamfaren og død mann drivande ned langs elva der dei bur. Ikkje spør korleis det brått kan være ei elv midt ute på sletta, bagatellar, bagatellar. Faren i huset vil gjere den døde den siste æra, og vil frakte liket til byen.
Han skal komme att så fort som mogleg, men dagane vert til veker og månader, og det er kun guten og mora som må klare seg ute i det karrige landskapet.
Mor synker stadig lenger ned i depresjonen og galskapen, og kven veit om ikkje mytene om overnaturlege vesen ute i verda har noko for seg likevel?
Nokre tilbakeblikk gir oss også tegn på at ein av foreldra har litt uønska ballast med seg og...


Det går ikkje akkurat så fort i denne filmen, og med ei rolleliste på fem personar, der kun tre stk. seier noko særleg, så står og fell mykje på stemninga som regissøren klarer å få til.

La det være sagt med ein gang; Dette er langt fra den dårlegaste film eg har sett, men heller ikkje av dei beste. Det er heilt grei skrekkunderholdning i sakte tempo, uten masse blodsprut ala Hollywood sine splatterorgiar. 
Dei få skodespelarane som er med gjer ein svært god jobb, spesielt guten Diego, spelt av ein Asier Flores. Han er verkeleg god.

Så; Kva kan vi samanlikne denne filmen med? Ein dash Antlers kanskje? Dvs. ein slags mytologi om skumle vesen som utgjer ein trussel mot mindreårige?
Ja, det kan passe. 

Personleg syntes eg filmen var heilt ok. Ja, litt småguffen til tider, men sidan det går såpass tregt framover første timen, så vert det til at ein lurer på om det ikkje skjer noko snart. Dei 96 minuttane filmen varer, som er inklusiv rulletekst, er heilt grei underholdning hvis ein er fan av litt meir sære filmar som IKKJE kjem fra Hollywood-fabrikkane.

Høgdepunkt: Utedassar kan være nifse stader å gøyme seg.

Lavmål: Vi kunne hatt med LITT fleire folk.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar