fredag 7. januar 2022

"Don`t look up" - Filmmelding

 Det er lenge sidan forrige gang eg skreiv om film, men årsaka ligg for det meste i ein skada arm. Har sett lassevis av filmar og ikkje minst seriar sidan ulukka i august. Noko må ein jo finne på for å få dagane til å gå.

I kveld var det altså tid for ein av Netflix sine store hitar, "Don`t look up", ein mørk satirisk komedie, med eit stjernelag av skodespelarar i hovedrollane, og ellers ei rekke kjende fjes i diverse større og mindre rollar.


Filmen har fått mykje omtale etter at Netflix satte den opp på menyen i desember 2021, og har nå segla opp som strømmegigantens tredje mest sette film nokon gang. Det er slett ikkje verst. 
Omtalen har vore polarisert, nokon har likt den veldig bra, andre ganske så dårleg. Mykje tyder vel på kor hen i det politiske landskapet ein måtte befinne seg, og ikkje minst kor opptatt ein måtte være av klimasaka.

Handling:
Astronomstudent Kate Dibiasky (Jennifer Lawrence) oppdager ein ny komet på stjernehimmelen.
Ho vert svært oppglødd over denne storhendinga, og melder fra til sin næraste lærar Randall Mindy (Leonardo DiCaprio). Dei feirar denne storhendinga som akademikarar sikkert gjer, ved å løyse matteoppgåver i form av kor kometen si framtidige bane skal gå. 
Det er neppe noko stor bombe at kometen er på veg mot jorda og vil kollidere med den i løpet av eit halvår. Ikkje berre kollidere; Den er så stor at den kan utslette alt liv på jorda.
Så, kva gjer vi når vi veit at dommedag er på veg?
Jo, vi varslar sjølvsagt regjeringa og ikkje minst presidenten Janie Orlean (Meryl Streep) som her er dum, ufordragleg og sjølvopptatt, akkurat slik USA sin forrige president var. Noko som vel var heile poenget.

Dommedag må holdast hemmeleg nokre veker, grunna mellomvalget som er nært føreståande, men media klarer sjølvsagt å få snusen i kometkollisjonen likevel.
Og kva reaksjonar får vi da?

Det er nettopp det som er det gode ved denne filmen. 

Vi skal ikkje røpe meir av hendingsforløpet her og nå, men det er ikkje mykje tvil om at her kan nokon og einkvar kjenne seg att. 

Satiren ligg tjukk gjennom heile filmen, og dei dryge 130 minuttane som den varer. Parallellen til vår tids klimakrise er openbar, der vi nå i årevis har fått vite kva som er i ferd med å skje, utan at vi er villige til å ta naudsynte grep. 
Her, i denne svarte komedien, tek styresmaktene vitterleg grep, om enn på sitt vis. Dei er så heldige at dei har eit høgst verkeleg problem som krev snarleg handling, i motsetning til oss her ute i realiteten, der det tek lenger tid. Problemstillinga er likevel den samme.

Er det så ein god film?
Absolutt.
Eg er ingen miljøkrigar på noko vis, men synes vi skal lytte til dei som har bedre greie på sitt fag enn oss andre. Dette gjeld uansett kva fagfelt det måtte være snakk om. 
Og i "Don`t look up" må vi innsjå at vi skal høyre på fagfolka, ikkje på populistar, konspiskruer og andre med sine "alternative fakta".


Det er som nemnt eit sant stjernespekter på rollelista. Nokre av dei viktige er nemnt, men vi må også i sær ta med Cate Blanchett som men-eating TV-vertinne. I mindre roller finn vi Ariana Grande som ein slags parodi på seg sjølv, samt at vi får glimt av t.d. Sarah Silverman og Michael Chiklis som Alex Jones-kopi. 
Som ein slags moderne og søkkrik versjon av ein Andy Warhol-kopi finn vi Mark Rylance i toppform, og ellers kryr det som sagt av kjende navn vidare også.


Eg er kjend med at mange har slakta filmens bodskap, men det må være fordi dei ikkje liker å høyre ting som er sanne. Vi står ovanfor ei klimakrise, men er ikkje villige til å ta alle grep som skal til. Hvis ein ikkje liker å høyre det, så vil ein også sterkt mislike denne filmen.
Eg derimot, likte den godt. Skodespelarane er i ultraklassen, handlinga og personane er ubehagleg ekte og bodskapet kan altså ikkje mistolkast.

Til tross for at "Don`t look up" varer i godt over to timar, så er det ikkje ein langtekleg sak. Kunne godt har vore lenger for min del.
Eit godt tips kan være å få med seg rulleteksten.


Høgdepunkt: På slutten, når den amerikanske presidenten skal klappe den søte fuglen.

Lavmål: Tja, var det eigentleg nokon?


Årets første terningkast blir ein knallsterk 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar