søndag 9. januar 2022

"Antlers" - filmomtale

 I fjor høst kom den amerikanske skrekkfilmen "Anters" ut på kino her i alndet. Den fikk eg aldri somla meg til å sjå den gang, men her ein dag dukka den opp på strømmetenesta Disney+, om enn det er ein sjanger ganske så fjernt fra Donald og Mikke som det vel er mogleg å komme.


Antlers er eit overnaturleg horror drama, basert på ein roman, "The quiet boy". Filmen er plassert i byen "Til Nedfalls" oppe i Oregon, USA.


Handling:
Vi møter sjuåringen Aiden som er med pappa på jobb, i eit nedlagt gruvekompleks utanfor ein miserabel liten småby. Landskapet ser ut som det kunne vore i einkvar vestlandsk fjordarm, men livet er ikkje berre enkelt her ute i avkroken av USA.
Pappa Frank er nemleg produsent av methamfetamin, og saman med ein kompis produserer dei dette farlige stoffet inne i gruvene. Brått vert dei merksame på at eit eller anna er kome inn i gruvegangane til dei, kan det være ein bjørn eller noko slikt?

Vi vert så introdusert for 12-åringen Lucas, som viser seg å være Frank sin andre son, og Aiden sin storebror. Mor i familien er long gone død, og med ein amfetaminproduserande far, så er ikkje livet berre enkelt. 
Alt er likevel ikkje som det skal være i heimen til Lucas. Han går omkring på landevegane og samalr opp påkjørte dyrekadaver, set opp feller som smådyra går i, og han tek med seg dei døde dyra....heim. Han slenger desse uappetitlege skrottane opp på det avlåste loftet, der det openbart befinn seg noko som ikkje er heilt friskt.

Etterkvart byrjar Lucas sin lærar å sjå tegn på vanskjøtsel og misbruk hos Lucas, og ho byrjar å engasjere seg i livet hans. Politi og rektor vert kopla inn, og gamle "First Nation"-myter kjem fram i dagen.



I denne nitriste småbyen er det ikkje mykje glede og livslyst å spore. Folketalet går nedover, arbeidsplassane vert stadig færre, og generelt ser framtidsutsiktene mørke ut.
Men dei grå omstenda til tross, så er det unge Lucas som står for eit bittelite lyspunkt. Enda så fælt han må ha det, så viser han ein smule omsorg for sine næraste.

Dei grå dagane, kombinert med urgamal mytologi gir oss ein fiffig skrekkfilm. Nei, det spring ikkje avgarde i stor fart her heller, og noko seier meg at det ikkje har vore verdas største budsjett til rådvelde. Dog; Filmskaparane har fått mykje ut av heller lite. Det er ein ekkel og ufin stemning i store deler av dei 99 minuttane inklusiv rulletekst som Antlers underheld oss.

Så skal du la deg underholde av urinnbyggarmyter og litt kjøtteting, så duger denne fint. Hvis du er av typen som synes Love Actually er verdas beste film; Styr unna. I Antlers er det fint lite som minner det minste om kos eller hygge. 

Høgdepunkt: Myter om overnaturlige vesen er da alltid skøy?

Lavmål: Korleis kan dei lokale styresmaktene la ein 12-åring opebart gå for lut og kaldt vatn i vekes og månadsvis, utan at nokon reagerer?


Fin skrekkunderholdning!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar