fredag 5. november 2021

Minneverdige sykkelturar 2021

 Da kan eg omsider skrive igjen, så nokolunde normalt, på eit normalt tastatur, med tilnærma normal armstilling. Det mangler mykje før eg kan rette og bøyge armen slik som før, men takka være fysioterapi og eigentrening, så skal eg iallfall kunne leve med etterverknadane av ulukka.

Eg pleier alltid å ta ei lita oppsummering av sykkelsesongen, dei minneverdige turane fra vår/sommar/haust.
Nå som det ikkje blir meir sykling dette året, iallfall ikkje minneverdig, så kan eg like godt ta det nå.

Det er berre eit lite aber; Eg har skreve om to av dei tre turane før.

Den første minneverdige turen tok eg i juli, qr-versjonen av Sognefjellsrittet. Den vart minneverdig grunna finværet, sykkelfølgets problem som vi tok på alvor, og ikkje minst at eg sykla mutt åleine dei siste åtte-ni mila. Tot. ca. 140 km og over åtte timar i alt.
Meir om turen her.


Den andre turen var den fra Rosendal i Kvinnherad og til Sogndal.
Det var makelaust fint, men vart ganske så sliten på slutten av dei 26 mila, to ferjeturar, 3000 høgdemeter og 16 timar på farten.
Meir om turen her.


Men den desidert mest minneverdige turen kom 31. august. 
Ingen lang treningstur, ingen nye rekordar, men den dagen eg velta såpass stygt at eg faktisk kunne ha havna på gravlunda.
Tidligare på dagen hadde eg vore i Bergen, vore med på opninga av kunstutstillinga Straffskader, snakka til statsminister Solberg, fått veksla nokre ord med kunnskapsminister Melby, og møtt superfolka fra rusreformrørsla. You know who you are!

Vel heime ville eg ut å leite etter min kones stolne sykkel. Den vart blitt borte fra arbeidsplassen eit par veker før, og sjølv om det ikkje var ein rådyr landevegssykkel, så hadde den sin misjon. Nyoverhala var den også, og god til sitt bruk.
Normalt blir syklar berre brukt som eit framkomstmiddel, så dumpa, men ikkje denne tydlegvis. Den er framleis ikkje komen til rette, no tre månader seinare, berre så det er sagt.

Eg trilla roleg omkring i bygda, både her og der, på tenklege og utenklege plassar, men ingen sakna sykkel var å sjå. Vel, eg kunne i det minste vatne på gravene på gravlunda medan eg var ute, så da gjorde eg det til slutt.
På veg nedatt kyrkjebakken, i ca. 35 km/t så kom eit vindkast og blåste av meg capsen. Eg tok automatisk etter det flygande hovudplagget med høgre hand, og bremsa med venstre....

Det gikk ikkje bra.

Eg datt i unnabakke, landa på asfalten og kjende umiddelbart at dette ikkje var spesielt godt. Faktisk var det dritvondt, spesielt i venstre arm. Blodet rant fra kutt og sår i ansikt, på hendene, kne  og eg klarte ikkje å flytte med ut av vegen. Totalt mørbanka. Eg har ramla på sykkel mange ganger, og vore til legebesøk eter sykkelvelt med jamne mellomrom, men dette var noko heilt anna.
Eg fekk mumla fram at eg trengde hjelp, og til alt hell var det folk på vegen nedanfor som fekk varsla ambulanse. Den var på plass etter berre nokre minutar, og så gjekk det slag i slag.
Lege kom til, og det gikk i blålys til Sogndal, der eg vart lempa over i helikopter og vidare til sentralsjukehuset i Førde. Eg fekk  til alt hell mykje smertestillande, for når kroppens eige smertestillande lager var tomt, så var morfin godt å ha.
På sjukehuset vart eg lappa saman, men  armen var heilt sjukt vond, og det viste seg at det var brot i albogen. Det hemma meg veldig, og dei første dagane var eg sjeleglad eg var på sjukehus. Dessverre vart operasjonen utsatt dag etter dag, noko som frustrerte meg ikkje så reint lite. Til slutt var eg på nippet til å sette i gang min private helseforsikring, men sju dagar etter fallet, så kom eg omsider til. Dagen etterpå kunne eg få reise heim, og med taxi, fire vegarbeidsstopp og åtte netter på SSSF kom eg  (framleis) mørbanka heim. 
Den første kvelden gjekk eg 50 meter i sneglefart, da var eg utslitt, men heldigvis har det gått mykje framover sidan da.
Eg kunne imidlertid pårekne varige men i form av noko stiv og svak arm resten av livet, men ein får nå ikkje ta sorgene heilt på forskot heller.


Ei stor takk til dei som kom til og hjalp meg på plassen. Til ambulansefolka, sjukehuspersonell, legar, pleiarar, fysioterapeutar og kva det enn måtte være; Eg er sjeleglad for at vi har dykk. 

I ettertid: Eg kunne faktisk ha omkomme der oppi bakken, kun 50 meter fra grava til Kristoffer. Eg kunne blitt ein grønnsak, havna i rullestol, eg kunne ha brote armar, kragebein, ribbein, føtene, indre skader og gud veit kva. 
Konklusjonen må bli: Eg var tross alt heldig. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar