fredag 19. november 2021

Lustrabakkar 2022

 November.
Mørkt, regn og vind.

Men om nokre månader er det på ny tid for den megapopulære "Lustrabakkar" på sykkel igjen!

Seks nye bakkar av høgst varierande lengde og utfordringsgrad er plukka fram, og vi byrjar med den kortaste, som er:

"Skildheim climb aust" (Nei, det er ikkje eg som har funne på navnet).
Usle 300 meter, men pene 45 høgdemeter gir eit snitt på 13,5% med parti over 20%.

Kun 13 personar har tatt denne turen, og rekorden er fra 2017. Den lyder på 1:17.

Og hvis du er redd for å trille på grus, så kan eg roe nervane med at segmentet kun omfattar delen med fast dekke. Ca. der grusen byrjar, sluttar segmentet. Skulle være enkelt.



Neste bakke ut er ikkje mykje lengre, men går på grus.
Vi skal bort på Indrebøgdi ein tur, for det som vert kalla "Li bru-klatring1"

Knappe 600 meter lang, og 61 høgdemeter gir eit snitt på 10,5%, med parti på 17 og 18%.
Rekorden er fra 2020 og lyder på 2:43.
Totalt 105 forsøk fordelt på 32 personar sålangt. 

















Vi held oss på Indre Hafslo, og flytter oss nokre steinkast bort til "Fet -Lambhaug, gamlevegen"

Ganske så nøyaktig 1,00 km lang og 69 høgdemeter gir ikkje overraskande 6,9% i snitt. Det er imidlertid korte parti på over 10% også her.


88 forsøk av 40 personar, og rekorden er på 4:01 og vart satt i år.



Da skal vi over på ein litt lengre sak, ute på Hafslo, nemleg det såkalla "RV55 Climb"
Det går fra Stolpen og opp på Heggmyrane, er 2,3 km, stig 104 m, og det gir eit snitt på 4,5%
Sidan alle kjenner denne biten som sin eigen lomme, så treng ein ikkje gå i detaljar om kor det er brattast og greier. Over 700 personar har tatt denne bakken tilsaman over 4200 ganger.
Rekorden er fra juni 2021 og lyder på 4:43.




Om den forrige bakken er mytkje brukt, så er den neste det stikk motsatte, det er nemleg ein av dei minst brukte bakkane i heile kommunen. "Fagredalen, fast dekke"
Vi skal ta av i Fåberg og opp anleggsvegen mot Fagredalen i ca. 4,3 km. Det stig pene 413 høgdemeter her, noko som gir eit snitt på 9,6%.
Det er brattast i byrjinga, med korte parti på 11%, ellers stig det jamnt heile vegen.
Kun ti personar har tatt turen opp kvar sin gang her.


Rekorden er fra 2017 og er på 22:52. Og ja, det er fast dekke oppover her, men det fins parti i svingane som er nedslitt til grus, tilsaman ca. 50 m. Asfalten er grov og slitt, og vegen er mildt sagt lite trafikkert, noko som gir utslag i mose og kanhende sleipe parti. Vær obs når de skal nedatt!
Mål er ved brua der det faste dekket sluttar , dvs. bru nr. 2.



Siste bakke i denne omgang er i dalstroka innafor, Nørstedalen.
For dei av oss som ikkje har sykla inn den flotte og ville dalen lengst inne i kommunen; Her er sjansen. Dette er ein makelaus fin tur, der Stravasegmentet er på 14,8 km. og som gir oss 786 høgdemeter. Det er ein svært ujamn stigning, der bratte bakkar vert avløyst av flater og små unnabakkar. 
Snittstigning er på overkommelige 5,3%, men det fins parti på over 15%.



53 personar har tatt 70 turar her, men vær obs på at satelittilhøva er langtfra dei beste. Sjølv tok eg turen i 2020, og ingen tid vart registrert grunna dårlege mottakarforhold. I såfall skal vi nå klare å få tatt ei tid likevel. 
Rekorden er forøvrig fra august 2020 og lyder på 1:05:53.
Og ja, heile vegen er på grus.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar