tirsdag 10. august 2021

Stortingsvalget 2021:

 Etter åtte år med Erna Solberg ser det dessverre ut som om vi får eit regjeringsskifte. Ikkje fordi at H er så innmari bra i alt og eit, men fordi vi får ei grå-"grønn" regjering med snev av ein farge som vi slett ikkje kan tenke oss. Ja, eg tenker på SP, som kaller seg grønne, men det må kun være fordi det er ein fin farge.

I morgon opnar det for førehandsrøysting i kommunen, og eg tek like gjerne turen ned på Rådhuset nå, så er vi ferdig med det. Det skjer neppe noko spesielt siste månaden som får meg til å endre syn likevel.


Kva skal vi stemme på?

Vi bruker eliminasjonsmetoden.

Tilfeldigvis byrjar eg med Rødt. Dei har forsåvidt ein del gode poeng, og har fjerna seg lysår fra det revolusjonære programmet dei hadde tilbake i gamle dagar, da forkledd under navna RV og NKP.
I dag er dei ikkje så veldig forskjellige fra resten av partifloraen, og Moxnes framstår som klok og bestemt. Dog; Eg kan ikkje erindre ein einaste anna person fra Rødt.
Politikken deira har sine gode sider, men feilar kapitalt på andre. Dei vil t.d. ut av EØS, og meiner at USA og Nato sitt nærvær i Norge er ein trussel mot oss og vårt gode forhold til Russland. Alle utanlandske soldatar må ut av Norge, og vi bør ikkje innrette oss som eit haleheng til Nato og USA.

Det er ikkje mogleg å stemme på nokon som meiner dette. EØS er eit gode for landet, og utan USA, er ikkje Europa og Nato verdt ein døyt. Og "vår gode nabo Russland" som Rødt skriv i programmet sitt, har invadert nok naboland allereie til at vi burde ha lært.

Men det verste med Rødt er at dei skal skatte dei med "høy inntekt", dvs. slike "rikingar" som meg.
Ja, det er faktisk slik. Tilfeldigvis er min inntekt på over 600K i året, og har vore det i nokre år. Derfor må eg skatte enda meir enn det eg gjer. Og skatt på eigedom? Etter å ha nedbetalt lån på huset, så skal eg begynne å betale skatt for å få lov til å bo der også?
Og er eigentleg 600 000,- så veldig høg inntekt?

Konklusjon; Uaktuelt å stemme på Rødt.



Krf er neste på lista mi, og igjen, dette er heilt tilfeldig.
Dei har, som Rødt, mange gode poeng, men har bevega seg i heilt feil retning. Unnateke på meiningsmålingane da. Der går det stadig nedover, som seg hør og bør i eit land så sekulært som vårt. Gudstru betyr svært lite for stadig fleire av oss, og sidan eg aldri har trudd på korkje gud eller djevel, så er det heilt blåst å stemme på eit parti som absolutt skal trumfe livssynet sitt inn i samfunnet generelt og skular spesielt.
Dessutan var dobbeltmoralen hysterisk da dei stemte for rusreforma nå i sommar, samstundes som dei ba opposisjonen å gravlegge heile reforma. 

Og innskrekning av abortlova??? Seriøst? La kvinner bestemme over sin eigen kropp.

Konklusjon; Uaktuelt å stemme på Krf.



SV kan være eit alternativ å gi stemma si til. Hell yeah! Eg har endatil stemt på dei før, for fire år sidan var det vel. Det var fordi vi opplevde ein av toppkandidatane som svært behjelpleg da katastrofen ramma oss for snart seks år sidan. Det betydde mykje, og gjer det framleis. SV synes eg har mange gode punkt, men dei har også nokre katastrofale manglar.
Ruspolitikken deira derimot er god, og som twitterbrukar har eg fått med meg nokre av dei ivrige fra SV på den fronten. Dessuten er dei tydlege i dette med religion, noko som også betyr mykje.

Men eit parti som vil sei opp EØS, og er lunkne til Nato-styrker i Norge kan eg ikkje stemme på. Begge deler er viktige saker for meg. Dog, eg håper inderleg at SV kan havne i regjering til høsten, ikkje minst på bekostning av neste parti på denne lista....

Konklusjon: Neppe



......som er Senterpartiet. 
Ein gang i tida hadde eg sans for Vedum og Toppe. 
Det var den gang, og definitivt ikkje nå. Ja, SP er i framgang, og det vil forbause meg mykje om dei ikkje feier inn i regjeringskontora nå til høsten. Da skal vi få opne alle lensmannskontora att, det skal byggast jernbane til Tromsø, tvangssamanslåtte kommunar og fylke skal oppløysast, og alt vil såklart bli mykje bedre.

Den som trur på dette, er mildt sagt naiv.

Men det som er avgjerande for min del, er at SP har framvist den totale kunnskapsløyse i høve rusreforma som dei var med å torpedere nå i sommar. Dette er partiet som hevdar at det nå skulle bli lov å labbe omkring med ein bærepose dop, utan at politiet kunne gjere noko. 
Dette er direkte løgn, og eg stemmer ikkje på løgnarar. 

Og kan Vedun snart begynne å svare seriøst, istaden for å fnise og le bort alle spørsmål? Det er faktisk mange av oss som kunne tenkt å få svar, og ikkje berre babbel.
I mine auge er dette landets mest useriøse partileiar og parti. Av dei parti som har sjanse til å komme på Stortinget altså. Tulleparti som Alliansen, PDK og FNB, og småsekter som Sentrum, Liberalistene, Demokratene m.fl. gidd eg verkeleg ikkje bruke tid på.
I likskap med SP.
Vel, fire år får dei nok, og da får vi sjå kor mykje bedre alt er blitt. (Ironi)

Konklusjon: Ikkje ein snøballs sjanse i helvete om eg stemmer på ein fjasekandidat av Vedum sitt kaliber.


MDG har eg fått høgt på alle valgomatane mine i sommar, og det er ei lita overrasking. Det hadde garantert aldri skjedd for ti år sidan, men heldigvis er ein i stand til endre syn på ting og tang.
MDG sitt store pluss er ikkje berre miljøprofilen deira, men for meg er ruspolitikken deira midt i blinken. Dei går inn for ansvarleg og klok narkotikapolitikk, med bl.a. legalisering av cannabis.

Vidare er dei istand til å faktisk tørre og meine noko, om enn kor lite populært det kan være. Og ikkje minst må dei ha nokre av landets tøffaste politikarar i Bastholm og Berg, som får så hatten passar dag ut og dag inn. Eg må sei eg beundrar desse to tøffe damene. 
Den store feilen med MDG er den øknomiske politikken deira.  Også her føler eg meg som ein slags riking som skal skattast i hel, og forslaget med borgerlønn synes eg er bak mål. Folk må også få lov til tjene godt, spesielt i private bedrifter, sålenge dei samme bedriftene ikkje kjem og ropar på øknomisk nødhjelp fra det offentlige. 
Men igjen: MDG kunne vore eit godt alternativ. 

Konklusjon: Hmmm. Mykje bra. 


Venstre er berre for lærarar og akademikarar, eller? Eg er ingen av delene, men meldte meg inn i V som ein direkte reaksjon på AP sitt landsmøte nå i vår. Nei, eg er på langtnær enig i alt som V har på programmet sitt, men dei har fronta den viktige rusreforma, om enn den vart lansert før dei kom med i regjeringa. 
Melby framstår som intelligent og fornuftig, og med Rotevatn og Raja som støtte, så burde dei ha klart å femne om langt større velgargrupper. Venstre sitt problem må være regjeringsslitasje, og la oss berre håpe dei karrar seg over sperregrensa. Landets eldste parti har etter mi meining så mange gode poeng at vi trenger dei på Stortinget. Dei gjer ikkje ting lett for seg sjølv ved å ta kontroversielle standpunkt, men sålangt er det iallfall det partiet som eg har fått mest sans for.

Konklusjon: Mest sannsynleg.


Arbeiderpartiet slit på meiningsmålingane, og ser ut til å gjere sitt dårlegaste val etter krigen. Til tross for dette, så vil vår neste statsminster heite Jonas Gahr Støre. Trøsta med det, er at dei, ja nettopp, slit på meiningsmålingane. Eg håpar inderleg at valget viser at dei kan utgjere fleirtal med SV, R og MDG, slik at vi iallfall kan slippe SP i regjering. Det hadde da vore noko.
AP har mange gode punkt i programmet sitt, men deira store ulempe er at dei framstår vage, uklare, trege og prøver å ri to-tre hestar på ein gang. 
Dei slit også med forgubbing, noko som spesielt viste seg i den katastrofale rusdebatten. AP vil altså fortsatt straffe sin eigen arbeiderklasse sine barn, etter å ha gått inn for endring i ruspolitikken i årevis. Da det kom til stykket, så hadde dei ikkje ryggrad til å stå for det dei hadde sagt i eit par tiår, og DET er det største politiske sviket på mange, mange tiår.
AP bør kvitte seg med dei middelaldrande kvite menn fra offentleg forvaltning som har dominert partiet deira nå i årevis, få inn unge progressive krefter som tør å meine noko kontroversielt.
Det er nemleg AP sitt store fortrinn; ein stor del av partiet er nemleg nytenkande på så mange vis, men i dette partiet er det ikkje rom for annleistenkande, så kven veit korleis det vil gå.
Nye krefter må iallfall til, og etter det gedigne sviket dei hadde nå i vår, så skal ikkje det bli gløymt med det første. 

Konklusjon: No way. Eg stemmer ikkje på dei som sviktar på denne måten.


Frp har eg merkeleg nok stemt på ein gang i UngDommen. Med vekt på Ung og Dum.
I dag vil eg ikkje ta i dei med ildtang ein gang, iallfall ikkje den vaksne delen av partiet. Med Listhaug, Helgheim, Tybring-Gjedde og andre forunderlege skapningar i spissen, så går det heldigvis berre nedover og nedover på målingane. 
Dette er partiet som seier det er ok med røyk og vin på gamleheimen, ølsalg på bensinstasjonane, promillekøyring i båten, men FY!!!! til hasj.
Slik dobbelmoralisme er til å få fnatt av. 
Dessutan opererer dei i grenseland mot det brunspraglete innimellom, og omtaler utlendingar i, la oss sei, mindre fine ordlag både i tide og utide. Muslimar er visst superfarlige terroristar, noko som er like usakleg som å hevde at Frp-medlemmer er nazistar. Begge påstandane stemmer ikkje.
Og klimapolitikken? Å herre. Dette er partiet der deira gamle partieigar framleis ikkje klarer å halde kjeft, men må komme med noko tullball med jamne mellomrom, berre for å komme i avisa eller på TV. ALT Carl I. seier nå til dags er bortreist. Trist igrunn, han var ein gang både flink og fornuftig.
Not anymore.

Ellers: Nevnte eg Frp si totalt uduglige rekke av justisminstrar? Ikkje? Neivel. Frp si rekke av justisministrar er den største samling politiske klovnar på denne sida av 1945. 

Konklusjon: Ha-ha!!


Så har eg kun eit parti igjen, regjeringspartiet Høgre.
Desse har eg også stemt på før i tida, og det er fordi dei har hatt gode representantar både lokalt og nasjonalt. I mitt hovud hadde ei ideell regjering bestått av H og V med fleirtalet bak seg på Stortinget, men sidan eg ikkje trur på gud eller djevel, så trur eg heller ikkje på nissen.
H og Solberg spesielt har framstått solide, om enn noko slitne siste året. Det verkar som dei kan ha godt av ein pause, og heller komme sterkt tilbake om fire år.
H sin iver etter å reformere, uten at eg kan sjå ein klar raud tråd i arbeidet, kan vise seg å bli deira bane. Kvifor skulle vi absolutt slå saman kommunar og fylke som ikkje ville det? Kunne de ikkje heller lagt ut ein sekk med gulrøtter (som kommunane faktisk kunne FÅTT) istaden for å tvinge gjennom eksempelvis Troms og Finnmark som omtrent ingen i Finnmark ville ha?
Korleis er fylkesgrensene samanlikna med eksempelvis politidistrikta nå? Burde ikkje alle innbyggarar ha krav på tryggleik fra det offentlege?
Jo, eg ser at mange kommunar burde vore samanslått lenge før, men bruk andre virkemiddel enn tvang da. Alt har sin pris.
Høgre sin store fordel heiter likevel Bent Høie. Mannen som har vore istand til å innsjå sine eigne feil, og som dessverre såg sitt store rusreformarbeid bli senka av eit AP som på si side var lurt trill rundt av ein farleg lobbyorganisasjon. 
H har svært mange gode sider, men det er berre til å innsjå at Team Solberg snart må trekke inn årane, og overlate styringa til eit svakt AP og ein fjasete Vedum. O.M.G.

Konklusjon: H er bra, men treng ein pause nå. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar