lørdag 31. juli 2021

Topptrimmen 2020 - 2022: Liastølsbreakulen

 Da var det klart for topp nr. ti av ti i denne utgåva av Topptrimmen. Har aldri vore så tidleg ferdig før, det er tross alt berre juli i den andre sesongen enda.

Kva i all verda skal ein finne på resten av hausten og til neste år?
Gå andre turar? Nei, eg går kun toppturar. Får heller sykle litt ekstra da.


Liastølsbreakulen, eit navn som ein utlending må elske, befinn seg mellom dalføra Jostedalen og Tunsbergdalen. Den skal ikkje forvekslast med Liabrekulen som vi besøkte for nokre år tilbake, som ligg inne i Jotunheimen, mellom Nørdstedalseter og Sognefjellshytta ein stad.

Startpunkt er fra Gardshaug, der vi køyrer opp mellom dei to små tunnelane etter Fossøyadn.
Det er skilta, og vi kan køyre heilt opp til ca. 250 moh. Derfra er det merka sti til Liastølen, Sperlestølen og Vassdalen.
Turen til Liastølsbreakulen er sagt å være blant dei tyngre og lengste i denne utgåva av Topptrimmen, så det var med ein smule skepsis vi byrja gå opp mot Liastølen, 2,3 km. fra Gardshaug.
Ein grei sti å følge, men dagsformen var elendig. Dette var for tidleg på dag for min del, klokka var ikkje ein gang 0900, og det er ikkje spøk for ein som likar bedre å starte å gå kl. 2000...

Til Sperlestølen på 650 moh. gjekk det heilt greit å gå, og derfra måtte vi sondere terrenget litt (bokstavlig talt) for å finne kursen vidare. Nokre plastremser var hengt opp, og dei var vi kjende med skulle vise vegen vidare innover dalføret. Vi følgde derfor desse, og kom inn på ein heilt grei sti, om enn helst befordra av storfe. Det gjekk såpass lett innover, at vi ikkje gjekk opp på Grånosi for å komme oss til toppunkt, men valgte å følge elva. Problemet var imidlertid at elva var forholdsvis stor og stri grunna varmen og regnværet dagane før, så vi måtte gå heilt inn i framenden på det vesle vatnet på kote 1152 før vi tok av oss skoa og vassa over i aldeles sjukt kaldt brevatn. Nei, det var ikkje djupt, og eg skal tåle litt kaldt vatn. MEN: Vi fikk ei ekstra utfordring grunna dei kvasse steinane på botnen, så hvis eg kan komme med eit råd; Eit par tjukke ullsokkar kan være smart å ta med seg dersom du vert nødt til å vasse. 
Etter eit par minuttar akking, sukking og klaging over kaldt vatn og skarpe steinar, så fant vi ein grei kurs opp mot det som heiter Grøndalsfjellet. Toppen på Liastølsbreakulen kunne vi allereie sjå, så det var ikkje noko utfordring denne gang, enda det var nesten tre km. att til toppen. 

Fra vatnet og opp var det bratt, men vi kom oss nå opp på eit vis, utan synlege problem. Dvs. heilt til vi var uheldig og ein stein losna. Eg vil anta at den var på eit par hundre kilo, og det var ille nok. Men enda verre vart det da den drog med seg ein stor stein 20-30 meter nedanfor oss, og ei blokk på ein kubikk for deisande nedover. Den gjekk kast i kast eit par hundre meter, heilt til den stoppa delvis ut i vatnet, laaaangt der nede. Akkurat da var eg sjeleglad for at det ikkje var andre som gjekk denne ruta bak oss.

Etter denne smådramatiske hendinga, som oppstod da vi var komne nesten heilt opp det flatare partiet, bestemde vi oss for å gå på den motsatte sida av dalføret nedatt, dvs. ned Grånosi. Grunna rasfaren der som vi gjekk, kan eg ikkje tilrå andre å gå der nå. Greit å ta seg opp, javel, men altså farlegare enn det såg ut. 

Vel oppe på Grøndalsfjellet kunne vi sjå tre store vardar, dei lengst vekke var på Liastølsbreakulen, over to km. borte. Det fine med desse vardane er at det er ganske så greit å finne fram, sjølv om vi gjekk med både kart, GPS og sporsetting på tre apper.
Det var fint å gå, og sjølv om vi var på ein utsatt plass, så var det omtrent ikkje eit vindpust. Sola steikte, og det var i det heile ein flott dag i denne storslagne og ville delen av kommunen vår. 
Toppunkt ligg på eit platå, og kan ikkje seiast å være ein markert topp. Men utsikta var likevel storslagen til alle kantar. Det var nesten rart å sjå nedatt på det vesle vatnet som vi hadde vassa i eit par timar før, laaaaangt der nede. 

Sidan det var så flott på toppen, så tok vi oss god tid. Vi brukte fire timar og 18 minuttar opp, inklusiv alle pausar, og det er eg fornøgd med på ein dag da beina var tunge som bly. 

Vi hadde altså bestemt oss for å gå nedatt via ryggen på Grånosi, og måtte gå over lange snødekte områder i byrjinga. Totalt gjekk vi eit par kilometer på snø denne dagen, seint i juli. Det kan også være greit å være klar over at ein kryssar breparti her, og blåisen var avdekka på begge sider av der vi gjekk nedatt. Men dette er på flatmark, og etter ruteanvisning fra Turlaget, så det er heilt trygt å gå midt over. Det er likevel viktig å unngå kantane, bre er bre. Ellers såg vi kor mykje Liabreen må ha minka siste åra. Berre på karta eg har, fra 2000, 2013 og det nyaste fra 2021 ser vi forskjellar. Bl.a. er det dukka opp enda eit lite vatn i enden av Liastølsbreen, ca. kote 1220. Det er kun ein liten dam på kartet fra 2013, og ikkje med i det heile tatt på det fra 2000. 

Grånosi var lett å følge nedover, men var mykje lenger enn vi såg føre oss. Årsaka var at denne går i ein boge, først nordover, før det snur mot øst og søraust. Ikkje den kortaste vegen altså, men den desidert tryggaste. 

Det var antaglegvis lettare å komme opp på Grånosi enn ned, men hundre meter i litt vidjer og grov ut tålte vi greit, så lenge vi kunne komme ned att til kreaturflokken nede i dalen. Derfra var det berre til å følge spora til Liastølen, og vidare ned til Gardshaug.

Totalt gjekk vi i åtte timar og 25 minuttar, inklusiv alle stopp.
Det vart ein tur på 18,8 km, såleis ikkje av dei lengste i distanse. 
Men høgdemeter vart det, ganske mange også. 1573 høgdemeter, og eg ser ikkje at vi kunne spart oss mange av dei.

Det er framleis ein del topptrimmarar som har denne fine turen att. Personleg hadde eg venta den noko verre, men det gjekk eigentleg greit. Jo, det er drygt å gå, når ein ser toppen på fleire kilometers avstand, men da veit ein iallfall kor ein skal.
Grunna det flate terrenget på begge sider av dalføret, så må eg sterkt anbefale å ta turen i klarvær. Det å subbe omkring her i tåka, vil eg påstå er direkte uforsvarleg. 
På klare dagar ser ein da også mykje, mykje meir, og 30. juli kunne vi sitte i t-skjorte i nesten 20 varmegrader på toppen, og berre slape av. Det fortjente vi da også.

Med dette er Topptrimmen over for denne gang. 50 fjell av høgst varierande karakter er bestegne, og 15 av dei har eg gått to ganger, totalt altså 65 toppturar.

Dessverre er knea skikkeleg plagsomme i nedoverbakkane, så eg får sjå kva som skjer når den nye perioden startar om knappe to år. Det er moro å gå på nye stader, men eg må spørre meg om det er verdt det, såpass plagsomt er det faktisk blitt.

Time will show.

Bilder: 



På turen opp tok eg dette nasjonalromatiske bildet, der det einaste som manglar er ein eller annan populistpolitikar i bunad. På hest.
Sperlestølen nede i dalføret. Men når ein skal til Liastølsbreakulen, så skal ein ikkje gå inn dit, men altså følge skiltinga til Liastølen.


Veldig greit med slike skilt.


Her er vi på veg opp mot vatnet på kote 1152. Allereie her kunne vi sjå toppunkt.
Vi gjekk herfra opp til venstre for bildet, og følgde Grøndalsfjellet innover.

Vel oppe på Grøndalsfjellet var det fint å gå, og vi hadde framleis god sikt til målet for dagen.



Her, på toppen, måtte eg sjølvsagt ta eit bilde tilbake på der vi hadde gått. Det er kanskje ikkje så lett å sjå på bildet, men nede i dalbotnen ligg altså det vesle vatnet der vi måtte vasse over. 


Lett å finne toppen i slikt vær!

Nedatt mot Grånosi. Det ser kanskje fælt og steinete ut, men det var adskillig bedre å gå enn det ser ut som. Heldigvis.

Godt nede på Grånosi måtte eg berre ha eit bilde av Vangsen, med Hurrungane i bakgrunnen.



Her er forresten Stravaspora våre. Hvis du vil vite meir, så kan du følge meg der. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar