lørdag 17. juli 2021

Topptrimmen 2020 - 2022: Greineggi

 Ny sommar, og nye toppar ventar på oss.
Nr. åtte i rekka av ti vart Greineggi, 1849 moh, beliggande nord i kommunen, faktisk er det ein grensetopp til Skjåk.

Ut fra kartet skulle ein tru at dette var ein heller grei tur, men det skulle vise seg å bli ein meir utfordrande tur enn eg trudde. Men det skuldast heller lite gåtrening....

Startpunkt var fra parkeringsplassen på Viva, nesten 900 moh, så da skulle ein vel tru at det ikkje vart så mange høgdemeter heller? Dessutan er mykje av turen på T-merka sti, da ein kan gå fra Sprongdalshytta til Arentzbu via Gluggevardholet. På ein slik sti burde det være lett å ta seg fram, og da var det uansett ikkje så langt til toppen.


Men først: Det er viktig å være klar over at Greineggi er eit fjellparti, og ikkje ein topp. På diverse appar og kart har vi nemleg sett at namnet Greineggi står på ein heilt annan stad enn toppunktet. Derfor: Du skal gå til der det står "1849" på kartet, og ikkje der som det står "Greineggi". Dette er tre km. lenger sør enn der posten står, og knappe 1600 moh.

Men attende til ruta:
Opp til Sprongdalshytta, og forsåvidt også forbi ein halv km, er det greit å gå. Her kjem ein til eit stikryss med tilhøyrande skilt. Vi følgde sjølvsagt anvisninga til Arentzbu, til høgre innover Sprongdalen. Fortset ein rett fram, så kan ein gå til Sota i Skjåk, men det er ein annan historie.
I førstninga er stien grei og lett og gå, om enn det kan by på nokre utfordringar å komme seg over elva. Som dei (ironivarsel) gaseller vi var, så kom vi oss over i lette sprang...

Så byrja det å bli brattare, og brattare. Rett nok er det ikkje så langt fra kryssing av elva og opp til Gluggevardholdet, kun halvannan km, men det er bratte parti her, og vi følgde etter ein sti som tok oss vekk fra den merka DNT-stien. Det medførte nesten klatring til slutt, og var iallfall samde om at vi måtte ta ei anna rute nedatt. Ein del snøfenner må ta si del av skulda for at vi gjekk der vi gjorde.

Fra Gluggevardholet på ca. 1480 moh går det altså merka "sti" til Arentzbu. "Sti" fordi det her er mest stein og fjell, som er kronglete å gå i. Ein KAN gå rett opp til venstre her, men det er neppe tilrådeleg. Det er bratt, mykje ur, og kanhende rasfarleg. Vi valgte å følge råda fra Luster Turlag, og gikk forbi meir enn halve Gluggevardvatnet, før vi studerte ruta vidare mot toppen. Knappe to km. og 400 høgdemeter stod att, men her må ein bruke litt tid på å finne ut kor ein skal gå. Det er mykje ur, svaberg og framleis nokre større snøfenner att. Merking finst ikkje, og spor etter andre topptrimmarar kunne vi berre drøyme om.

Det er også verdt å merke seg at toppen ligg inne på eit lite platå. Det kan være fort gjort å dreie for mykje mot Sprongdalen att, men vi hadde kursen på GPS, og gjekk rett på toppunkt. Faktisk var det lettare å finne enn vi hadde rekna med.

Greineggi har eit svært flott utsyn, og herfra kan ein sjå milevis i alle retningar på godværsdagar. Da vi var der, så var det nokre skyer her og der, slik at vi kunne ikkje sjå t.d. Skagastølstindane og Lodalskåpa, men samtidig kunne vi sjå laaaaangt nordover, og sør til Asbjørnsnosi og Hest.

Dei obligatoriske klyppa i kort, notering i bok som nr. 50-52, og så var det berre til å komme seg nedatt. Ein kjølig vind på 1849 moh gav ikkje spesiell meirsmak til å være på toppen altfor lenge.
Fire timar hadde vi brukt opp, og det var med ein svipp innom Sprongdalshytta, matpausar og pustepausar og fotografering. 9,7 km. var gått for å komme opp, betydleg lenger enn eg hadde trudd på førehand.

Nedatt følgde vi Stravaspora til stien Arentzbu - Sprongdalen, og derfra følgde vi stien heile vegen heim. Rett nok måtte vi stoppe ei rekkje ganger for å finne vegen, til tross for ein DNT-merka sti. I dette hardføre terrenget beståande av grov stein og fjell, skal det meir til enn nokre fotturistar til for å slite ut naturen. 

Fra Gluggevardholet og ned gjekk det nå mykje lettare, men stakkars den som skal gå her i regn. Store svaberg som sikkert blir glatte som is, anbefaling om finvær når ein skal opp hit!!!


Fra Sprongdalshytta og ned til Viva verka beina som ville F igjen, men sidan eg ikkje har gå-trening, så kan eg nesten ikkje skulde på andre heller.

Nesten nøyaktig åtte timar etter at vi gjekk fra bilen, så var vi nede att. Det innbefattar alt av pausar, og vi gjekk altså ikkje spesielt fort. Mykje tid gjekk til å finne gode ruter, men det er da allltid ein fordel å gå for det sikre, framfor å ta sjansar. I dette ville landskapet er det ikkje mobildekning før ein kjem ned att til Fåberg, så det er ikkje smart å gå åleine her. 

Oppsummert var det altså ein litt tøffare tur enn eg trudde på førehand. Kronglete terreng i siste halvdel mot toppen og dårleg trening må ta skulda for det.
Greineggi var likevel ein svært flott utsynstopp, og den som trur at det var tilfeldig valgt dag, må tru om att. Fint vær og klar luft gjorde dette til ein gild plass. Det å surre oppi her i regn og skodde, utan å få sjå det praktfulle utsynet, er å kaste vekk ein topptrimtur.

Totalt tok turen åtte timar og ni minuttar. Det vart 19,5 km. og 1260 høgdemeter.
Fin plass, men eg går ikkje opp dit fleire ganger.



Bilder: 


Eg byrjar i feil retning denne gang. Her bilde fra 1849 moh. I bakgrunnen ser vi Styggevatnet.


Framleis oppe på toppen, men denne gang sørover. Her er det mange kjende toppar!

Dette er ved Gluggevardsvatnet, der vi tok av "stien" og gjekk nordaust mot 1849. Den steinen som er lengst til høgre av dei to på midten er kjempestor, og ligg heilt nede ved vatnet. Den er grei å bruke som referanse for når ein kan bryte av.


Fra Gluggevardholet og ned mot vatnet. Som ein ser er det ikkje mykje til sti og juble over her. Stein,stein stein...

Fra Gluggevardholet og ned mot hyttene i Sprongdalen. Vi måtte krysse elva heilt i høgre biletkant.

Jaha, her står eg da midt i elva. Hyttene i bakgrunnen.


Måtte liksom ha eit bilde av nokre skilt. Desse er satt opp på DNT si hytte i Sprongdalen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar