mandag 5. juli 2021

Sognefjellsrittet 2021, QR-versjonen. Ein turrapport.

 Kvart år tidlegare har eg forfatta ein slags "rittrapport" for turane eg har hatt fra Lom til Sogndal. Eller, ikkje kvart år, men dei siste ti eller noko i den dur.
Men som vi alle veit, så har covid-19 satt begrensingar på så mangt her i landet, deriblant sykkelarrangementet Jotunheimen Rundt, og lillebroren Sognefjellsrittet. 

Derfor blir det kun ein enkel "Turrapport" i år.

Begge desse flotte turane skulle eigentleg gå av stabelen 25-26. juni, men vart jo da avlyst.
Men arrangøren har i år funne ei konstruktiv og god løysing, nemleg å la oss, dvs. deltakarane, ta turen når vi vil. Fram til slutten av august kan vi nemleg bruke såkalla qr-kodar, som arrangøren har satt opp langs løypa. Dette er berre heilt genialt, og forhåpentlegvis er dette ei løysing som er kome for å bli.

Sjølvsagt kan det gjerne avholdast ein rittdag, med fellesstart, matstasjonar og målgang med speaker og servering i Sogndal, men for oss som ikkje er så nøye på korkje tidtaking eller store folkeansamlingar, så er dette meir enn godt nok.

På Lom er startpunkt nede på ESSO-stasjonen, litt øst for krysset mot Stryn/Sogndal.
QR-koden er satt opp til høgre for inngangsdøra, og er lett å finne. 
Hugs å meld deg på, og sjekk e-posten som stadfester at du er påmeldt. Der vil det ligge ein kode som du tastar inn etter at scanning av QR er gjort. Voila! Tida er i gang.

Vi var to stk som bestemte oss for å ta turen torsdag 1.7.2021. 
Avreise fra Lom kl. 1608, og ikkje noko stress ut fra sentrum denne gang, da det jo ikkje var andre med. Normalt er det full guffe herfra, men det var jo ikkje noko vits i nå.
Vi hadde ein fin medvind også, og sola varma godt.
Ein fin ettermiddag og kveld låg framfor oss!

Men ein liten strek i rekninga kom da eg gløymde Luster kommune sitt varsel om ureina drikkevatn. Det gjorde at den gode bringebærsafta og vatnet måtte tømmast ut, og vi svippa innom S-laget på Galdesand etter knappe to mil for påfyll av drikke. Varmen var ganske så heftig, slik at det var veldig viktig å ha nok drikke med seg.
Etter denne ufrivillige pausen, trilla vi roleg vidare, og stoppa ved avkøyringa inn mot Leirvassbu for å sjå på utsikta. Har aldri stoppa her før, men på ein slik dag, så passa det bra. Dessuten ligg denne midt i ein lang bakke, så da hadde vi ein god grunn for å "sjå på utsikta" i tillegg.

Men turen til Sognefjellshytta kjem ikkje av seg sjølv, og i meir solskinn fortsatte vi forbi Bøvertun, og opp mot dei seige bakkane til Krossbu. Her tok vi ein ny "utsiktspause", og ifølge eit skilt som var satt opp, så var vi allereie på over 1200 moh. Ikkje så mange høgdemeter att!

Oppover her, er det berre til å klare seg så godt ein kan, og min følgesvenn har vel sykla fortare enn meg opp til Sognefjellshytta omlag ni av ti ganger tidlegare, men nå var det min tur. 
I det strålande kveldsværet, vindstille og nesten 20 grader, kom eg meg opp på Sognefjellshytta, kjøpte meg ein Fanta, fekk på tørre klede og så var det berre til å vente ein smule.
Smulen var imidlertid til eit heilt brød, for min "partner in crime" hadde ein dårleg dag, og borte på Herva (utsiktspunkt :-), vart vi samde om at han nok burde stå av for dagen. Ein vennleg mann kom forbi, og tilbaud skyss og hjelp, og herfra måtte eg altså trille åleine. 
Det var sjølvsagt veldig kjedeleg, men helsa må gå framfor det meste. 

Vel, det var inga råd, åtte mil solo låg framfor meg, deriblant nedfarten fra Sognefjell, som var like skøy i år som alltid. Eg tok det med ro, og var oppe i ca. 70 km/t, det er fort nok nå til dags.

Utover Lustrafjorden var det ganske så kjedelig, men eg kom meg til Gaupne utan meir problem.
Der stod familien med drikke, og nå var det altså berre dei tre mila til Sogndal som stod att.

Det skulle vise seg å gå heller sakte opp Indre Hafslo, og sidan eg sykla åleine, så tok eg likegodt gamlevegen opp Indre Hafslo. Litt lengre enn den eigentlege rittraseen, men bort fra trafikken. Dessuten må ein opp på Heggmyrane uansett, så høgdemessig blir det akkurat som på det vanlige Sognefjellsrittet. 

På Heggmyrane var det byrja å bli litt mørkt, men eg hadde gode lys både framme og bak, og dessutan blir det aldri heilt mørkt på denne tida av året.

Ned mot Hafslo slapp eg forbi eit vogntog, som vart så glad for den vesle manøveren at han blinka hyggeleg til meg. Eg hadde ikkje noko ønske om å irritere meir enn naudsynt, så da kunne eg vel berre roe det ned på ein busstopp likevel i to sekundar.
Ned Årøyane gikk det rimeleg bra, og ut Barsnesfjorden var det som vanleg. Gjennom eit par rundkøyringar, og så den vanlege målgangen, med unntak av at det ikkje var nokon andre der. 
Eg fikk trilla opp til QR-koden ved inngangen til Sogndal heradshus, og så var Sognefjellsrittet over for denne gang.

23 ganger har eg tatt denne turen nå, og såklart er det seigt og godt å være ferdig. Men eg får prøve iallfall to ganger til, slik at vi har 25 ganger i boks. Sålenge eg finn glede i dette, og helsa tillet det, så kan eg alltids stille opp.


Oppsummert gikk turen altså heilt greit. Sykkelen fungerte fint, beina var ok, naturen storslagen, og været heilt eventyrleg. 

Og da kjem vi til litt av poenget; Dette med QR-koder vil eg sterkt oppfordre arrangøren til å fortsette med. Ja, de må gjerne avholde ei ritthelg slik som før, men de vil gje mange andre høve til å fullføre hvis de fortset med dette gode tilbodet. Spesielt gjeld jo dette hovedrittet Jotunheimen Rundt, men også for mitt vedkommande var dette midt i blinken. Eg bryr meg som sagt null om tida eg bruker på dei 14 mila, og dessuten kan eg sykle gamlevegen opp Indre Hafslo. Vurderte også Solsidevegen ut fra Lom, men der var det litt for lange grusstrekker.

Vel, da var det gjort for i år.

Blir sikkert med neste år også.



Oppe på Fantesteinane måtte eg jo ha eit bilde av skyggen min.



Lite snø i år, men det lever eg godt med på slike dagar. Her var det 18 varmegrader, vindstille og sol. Og nei; Det skuldast ikkje at vi var heldige med været. Det var planlagd.


Kjende fjell.
Og sykkelen min.


Ein vert unektleg liten i dette landskapet.


Er det så flatt som det ser ut på bildet?
Svar: Nei.


Ser du syklisten nedi der?

Inn mot Leirvassbu.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar