lørdag 31. juli 2021

Topptrimmen 2020 - 2022: Liastølsbreakulen

 Da var det klart for topp nr. ti av ti i denne utgåva av Topptrimmen. Har aldri vore så tidleg ferdig før, det er tross alt berre juli i den andre sesongen enda.

Kva i all verda skal ein finne på resten av hausten og til neste år?
Gå andre turar? Nei, eg går kun toppturar. Får heller sykle litt ekstra da.


Liastølsbreakulen, eit navn som ein utlending må elske, befinn seg mellom dalføra Jostedalen og Tunsbergdalen. Den skal ikkje forvekslast med Liabrekulen som vi besøkte for nokre år tilbake, som ligg inne i Jotunheimen, mellom Nørdstedalseter og Sognefjellshytta ein stad.

Startpunkt er fra Gardshaug, der vi køyrer opp mellom dei to små tunnelane etter Fossøyadn.
Det er skilta, og vi kan køyre heilt opp til ca. 250 moh. Derfra er det merka sti til Liastølen, Sperlestølen og Vassdalen.
Turen til Liastølsbreakulen er sagt å være blant dei tyngre og lengste i denne utgåva av Topptrimmen, så det var med ein smule skepsis vi byrja gå opp mot Liastølen, 2,3 km. fra Gardshaug.
Ein grei sti å følge, men dagsformen var elendig. Dette var for tidleg på dag for min del, klokka var ikkje ein gang 0900, og det er ikkje spøk for ein som likar bedre å starte å gå kl. 2000...

Til Sperlestølen på 650 moh. gjekk det heilt greit å gå, og derfra måtte vi sondere terrenget litt (bokstavlig talt) for å finne kursen vidare. Nokre plastremser var hengt opp, og dei var vi kjende med skulle vise vegen vidare innover dalføret. Vi følgde derfor desse, og kom inn på ein heilt grei sti, om enn helst befordra av storfe. Det gjekk såpass lett innover, at vi ikkje gjekk opp på Grånosi for å komme oss til toppunkt, men valgte å følge elva. Problemet var imidlertid at elva var forholdsvis stor og stri grunna varmen og regnværet dagane før, så vi måtte gå heilt inn i framenden på det vesle vatnet på kote 1152 før vi tok av oss skoa og vassa over i aldeles sjukt kaldt brevatn. Nei, det var ikkje djupt, og eg skal tåle litt kaldt vatn. MEN: Vi fikk ei ekstra utfordring grunna dei kvasse steinane på botnen, så hvis eg kan komme med eit råd; Eit par tjukke ullsokkar kan være smart å ta med seg dersom du vert nødt til å vasse. 
Etter eit par minuttar akking, sukking og klaging over kaldt vatn og skarpe steinar, så fant vi ein grei kurs opp mot det som heiter Grøndalsfjellet. Toppen på Liastølsbreakulen kunne vi allereie sjå, så det var ikkje noko utfordring denne gang, enda det var nesten tre km. att til toppen. 

Fra vatnet og opp var det bratt, men vi kom oss nå opp på eit vis, utan synlege problem. Dvs. heilt til vi var uheldig og ein stein losna. Eg vil anta at den var på eit par hundre kilo, og det var ille nok. Men enda verre vart det da den drog med seg ein stor stein 20-30 meter nedanfor oss, og ei blokk på ein kubikk for deisande nedover. Den gjekk kast i kast eit par hundre meter, heilt til den stoppa delvis ut i vatnet, laaaangt der nede. Akkurat da var eg sjeleglad for at det ikkje var andre som gjekk denne ruta bak oss.

Etter denne smådramatiske hendinga, som oppstod da vi var komne nesten heilt opp det flatare partiet, bestemde vi oss for å gå på den motsatte sida av dalføret nedatt, dvs. ned Grånosi. Grunna rasfaren der som vi gjekk, kan eg ikkje tilrå andre å gå der nå. Greit å ta seg opp, javel, men altså farlegare enn det såg ut. 

Vel oppe på Grøndalsfjellet kunne vi sjå tre store vardar, dei lengst vekke var på Liastølsbreakulen, over to km. borte. Det fine med desse vardane er at det er ganske så greit å finne fram, sjølv om vi gjekk med både kart, GPS og sporsetting på tre apper.
Det var fint å gå, og sjølv om vi var på ein utsatt plass, så var det omtrent ikkje eit vindpust. Sola steikte, og det var i det heile ein flott dag i denne storslagne og ville delen av kommunen vår. 
Toppunkt ligg på eit platå, og kan ikkje seiast å være ein markert topp. Men utsikta var likevel storslagen til alle kantar. Det var nesten rart å sjå nedatt på det vesle vatnet som vi hadde vassa i eit par timar før, laaaaangt der nede. 

Sidan det var så flott på toppen, så tok vi oss god tid. Vi brukte fire timar og 18 minuttar opp, inklusiv alle pausar, og det er eg fornøgd med på ein dag da beina var tunge som bly. 

Vi hadde altså bestemt oss for å gå nedatt via ryggen på Grånosi, og måtte gå over lange snødekte områder i byrjinga. Totalt gjekk vi eit par kilometer på snø denne dagen, seint i juli. Det kan også være greit å være klar over at ein kryssar breparti her, og blåisen var avdekka på begge sider av der vi gjekk nedatt. Men dette er på flatmark, og etter ruteanvisning fra Turlaget, så det er heilt trygt å gå midt over. Det er likevel viktig å unngå kantane, bre er bre. Ellers såg vi kor mykje Liabreen må ha minka siste åra. Berre på karta eg har, fra 2000, 2013 og det nyaste fra 2021 ser vi forskjellar. Bl.a. er det dukka opp enda eit lite vatn i enden av Liastølsbreen, ca. kote 1220. Det er kun ein liten dam på kartet fra 2013, og ikkje med i det heile tatt på det fra 2000. 

Grånosi var lett å følge nedover, men var mykje lenger enn vi såg føre oss. Årsaka var at denne går i ein boge, først nordover, før det snur mot øst og søraust. Ikkje den kortaste vegen altså, men den desidert tryggaste. 

Det var antaglegvis lettare å komme opp på Grånosi enn ned, men hundre meter i litt vidjer og grov ut tålte vi greit, så lenge vi kunne komme ned att til kreaturflokken nede i dalen. Derfra var det berre til å følge spora til Liastølen, og vidare ned til Gardshaug.

Totalt gjekk vi i åtte timar og 25 minuttar, inklusiv alle stopp.
Det vart ein tur på 18,8 km, såleis ikkje av dei lengste i distanse. 
Men høgdemeter vart det, ganske mange også. 1573 høgdemeter, og eg ser ikkje at vi kunne spart oss mange av dei.

Det er framleis ein del topptrimmarar som har denne fine turen att. Personleg hadde eg venta den noko verre, men det gjekk eigentleg greit. Jo, det er drygt å gå, når ein ser toppen på fleire kilometers avstand, men da veit ein iallfall kor ein skal.
Grunna det flate terrenget på begge sider av dalføret, så må eg sterkt anbefale å ta turen i klarvær. Det å subbe omkring her i tåka, vil eg påstå er direkte uforsvarleg. 
På klare dagar ser ein da også mykje, mykje meir, og 30. juli kunne vi sitte i t-skjorte i nesten 20 varmegrader på toppen, og berre slape av. Det fortjente vi da også.

Med dette er Topptrimmen over for denne gang. 50 fjell av høgst varierande karakter er bestegne, og 15 av dei har eg gått to ganger, totalt altså 65 toppturar.

Dessverre er knea skikkeleg plagsomme i nedoverbakkane, så eg får sjå kva som skjer når den nye perioden startar om knappe to år. Det er moro å gå på nye stader, men eg må spørre meg om det er verdt det, såpass plagsomt er det faktisk blitt.

Time will show.

Bilder: 



På turen opp tok eg dette nasjonalromatiske bildet, der det einaste som manglar er ein eller annan populistpolitikar i bunad. På hest.
Sperlestølen nede i dalføret. Men når ein skal til Liastølsbreakulen, så skal ein ikkje gå inn dit, men altså følge skiltinga til Liastølen.


Veldig greit med slike skilt.


Her er vi på veg opp mot vatnet på kote 1152. Allereie her kunne vi sjå toppunkt.
Vi gjekk herfra opp til venstre for bildet, og følgde Grøndalsfjellet innover.

Vel oppe på Grøndalsfjellet var det fint å gå, og vi hadde framleis god sikt til målet for dagen.



Her, på toppen, måtte eg sjølvsagt ta eit bilde tilbake på der vi hadde gått. Det er kanskje ikkje så lett å sjå på bildet, men nede i dalbotnen ligg altså det vesle vatnet der vi måtte vasse over. 


Lett å finne toppen i slikt vær!

Nedatt mot Grånosi. Det ser kanskje fælt og steinete ut, men det var adskillig bedre å gå enn det ser ut som. Heldigvis.

Godt nede på Grånosi måtte eg berre ha eit bilde av Vangsen, med Hurrungane i bakgrunnen.



Her er forresten Stravaspora våre. Hvis du vil vite meir, så kan du følge meg der. 




søndag 25. juli 2021

Topptrimmen 2020 - 2022: Skurvenosi

 Da byrjar det seg verkeleg å nærme seg slutten for desse ti toppane også. Ein sesong før planlagt, men når sjansen byr seg, så kan ein like godt hoppe i det.

Topp nr. ni vart "bestegen" onsdag 21.7.2021, og det var Skurvenosi over Åsetvatnet i dei indre strøk av kommunen. Mrk at det forøvrig er ein topp beliggande på andre sida av Mørkridsdalen med same navn, men den skal få vente nokre år til.

Kortet til Luster Turlag fortel oss at dette er ein heller lang tur, men "slett ikkje vanskeleg".
Det hadde dei rett i.

Jo, det var sjølvsagt litt bratt fra parkeringsplassen og opp til Åsetvatnet og dei mange hyttene på Osen, men det er ein mykje brukt sti, som må seiast å være heller lett å gå, tross det bratte terrenget. 

Eg har aldri vore på Osen og Åsete før, men her var det verkeleg fint. Eg forstår veldig godt kvifor det er såpass mange hytter og stølshus her, for dette er sikkert ein av dei finaste stølane i heile kommunen. Og det seier ikkje lite.

Vi valde å gå for det sikre, om enn noko lengre, alternativet for å komme på toppen av Skurvenosi. 
Og det sikre var å følge stien langs vatnet fra Osen til Åsete. Dette er ein strekning på ca. 2,5 km. som er lett å gå, men også litt kjedelig. Til alt hell er det så fint her, at ein alltids finn noko å sjå på.

Fra Åsete følgde vi stien som er merka til Arentzbu, eller nedatt i Mørkridsdalen. 
Ca. på høgde 1180 dreia vi av rett aust, og kom oss rimeleg greit opp til toppunktet. Med Strava og kart var det ein ganske så enkel sak. Fire timar og eit kvarter brukte vi opp.
Den som vil følge spora mine, kan berre følge meg på Strava.

Eit fint utsyn mot alle dei høge og kjende toppane i Jotunheimen på denne fine sommardagen!

Nå stod berre det verste att, nemleg å gå ned att. Det er mykje verre enn å gå opp. Vi brukte litt tid på å finne ein litt enklare trase ned til stien, og det var svært vellukka. Nede fra stien såg det bortimot uframkommeleg ut, med bratte lier, men det var på avstand. Her var det ingen problem å gå, og vi burde nok tatt denne traseen opp også.
Vi kom ned til stien ca. 1130 moh, og det var ein liten bekk og ein stor stein som var grei å bruke som utgangspunkt. Det kjem bilde fra staden lenger nede i posten.

Herfra var det berre til å følge stien heilt ned til bilen. Enkelt og greit.
Hadde eg visst det var så "enkelt" å komme seg opp på Skurvenosi, så hadde eg glatt valgt denne toppen framfor den langt meir utfordrande Greineggi veka før. 
Jo, det var noko lenger å gå, men i langt bedre terreng.

Med alle stopp, og det var ikkje reint få, så brukte vi totalt over åtte timar på turen. Det gjekk med uhorvelige mengder drikke på denne varme sommardagen, sjølv var eg tom allereie på Osen på veg ned. Da var over to liter drukke. Eg burde hatt med minst ein liter til.
Totalt gjekk vi 21,5 km, og forserte 1450 høgdemeter. Vi KUNNE ha valgt andre ruter fra Osen og opp, og tatt ein rundtur, men valgte som sagt å gå for det sikre. Tross finvær og heller folksomme ruter.


Skurvenosi må seiast å være ein ganske så grei tur. Jo, det er eit stykke å gå, men i lett terreng og i sti. Turen fra Åsete og bort att til Osen var mildt sagt kjedeleg, og eg er sjeleglad for at det var så fint der som det var. Ellers hadde eg vel gått i søvne. Slik blir det gjerne heim att fra toppturar.

Mange topptrimmarar har allereie vore på Skurvenosi, og for dei som ikkje har vore der; Det ser verre ut på kartet enn det er. Og hugs for all del å gå på ein finværsdag. Som vanlig. 


Bilder:


Startpunkt er ved parkeringsplassen i Mørkridsdalen. Det er skilta hit. Vær obs på at ein skal inn i både landskapsvernområde og nasjonalpark, og at mesteparten av turen skjer i slike verna områder.



Denne flotte fossen på veg opp mot Osen er sjølvsagt eit must for å ta bilde av. På kjøpet får ein også ein svalande dusj.


Oppover og oppover går det, og innimellom kan ein snu seg å sjå nedatt mot Skjolden.


Dette bildet tok eg på veg nedatt, like før det bratte partiet byrja. Strålande utsikt!

Altså.....bilder kan ikkje beskrive kor inni helsike vakkert det var her... Vi ser ned på Åsetvatnet, og mot Osen heilt nede ved... ja, osen....

Her ser vi bort på Skurvenosi, der som vi kom ned att i stien. Det ser bratt og fælt ut, men det gjekk veldig greit.

Denne bekken og den store steinen på venstre sidan av stien er grei å nytte for når de skal ta av til aust. Dvs. til høgre i bildet.

Toppen! Ein stor varde, og turlagets lett iaugefallande topptrimkasse.

I bakgrunnen ser vi bl.a. Smørstabtindane.

Oh. My God. 
Landets tredje høgste fjell rager litt over dei mange andre 2000+ toppane i det fjerne.



lørdag 17. juli 2021

Topptrimmen 2020 - 2022: Greineggi

 Ny sommar, og nye toppar ventar på oss.
Nr. åtte i rekka av ti vart Greineggi, 1849 moh, beliggande nord i kommunen, faktisk er det ein grensetopp til Skjåk.

Ut fra kartet skulle ein tru at dette var ein heller grei tur, men det skulle vise seg å bli ein meir utfordrande tur enn eg trudde. Men det skuldast heller lite gåtrening....

Startpunkt var fra parkeringsplassen på Viva, nesten 900 moh, så da skulle ein vel tru at det ikkje vart så mange høgdemeter heller? Dessutan er mykje av turen på T-merka sti, da ein kan gå fra Sprongdalshytta til Arentzbu via Gluggevardholet. På ein slik sti burde det være lett å ta seg fram, og da var det uansett ikkje så langt til toppen.


Men først: Det er viktig å være klar over at Greineggi er eit fjellparti, og ikkje ein topp. På diverse appar og kart har vi nemleg sett at namnet Greineggi står på ein heilt annan stad enn toppunktet. Derfor: Du skal gå til der det står "1849" på kartet, og ikkje der som det står "Greineggi". Dette er tre km. lenger sør enn der posten står, og knappe 1600 moh.

Men attende til ruta:
Opp til Sprongdalshytta, og forsåvidt også forbi ein halv km, er det greit å gå. Her kjem ein til eit stikryss med tilhøyrande skilt. Vi følgde sjølvsagt anvisninga til Arentzbu, til høgre innover Sprongdalen. Fortset ein rett fram, så kan ein gå til Sota i Skjåk, men det er ein annan historie.
I førstninga er stien grei og lett og gå, om enn det kan by på nokre utfordringar å komme seg over elva. Som dei (ironivarsel) gaseller vi var, så kom vi oss over i lette sprang...

Så byrja det å bli brattare, og brattare. Rett nok er det ikkje så langt fra kryssing av elva og opp til Gluggevardholdet, kun halvannan km, men det er bratte parti her, og vi følgde etter ein sti som tok oss vekk fra den merka DNT-stien. Det medførte nesten klatring til slutt, og var iallfall samde om at vi måtte ta ei anna rute nedatt. Ein del snøfenner må ta si del av skulda for at vi gjekk der vi gjorde.

Fra Gluggevardholet på ca. 1480 moh går det altså merka "sti" til Arentzbu. "Sti" fordi det her er mest stein og fjell, som er kronglete å gå i. Ein KAN gå rett opp til venstre her, men det er neppe tilrådeleg. Det er bratt, mykje ur, og kanhende rasfarleg. Vi valgte å følge råda fra Luster Turlag, og gikk forbi meir enn halve Gluggevardvatnet, før vi studerte ruta vidare mot toppen. Knappe to km. og 400 høgdemeter stod att, men her må ein bruke litt tid på å finne ut kor ein skal gå. Det er mykje ur, svaberg og framleis nokre større snøfenner att. Merking finst ikkje, og spor etter andre topptrimmarar kunne vi berre drøyme om.

Det er også verdt å merke seg at toppen ligg inne på eit lite platå. Det kan være fort gjort å dreie for mykje mot Sprongdalen att, men vi hadde kursen på GPS, og gjekk rett på toppunkt. Faktisk var det lettare å finne enn vi hadde rekna med.

Greineggi har eit svært flott utsyn, og herfra kan ein sjå milevis i alle retningar på godværsdagar. Da vi var der, så var det nokre skyer her og der, slik at vi kunne ikkje sjå t.d. Skagastølstindane og Lodalskåpa, men samtidig kunne vi sjå laaaaangt nordover, og sør til Asbjørnsnosi og Hest.

Dei obligatoriske klyppa i kort, notering i bok som nr. 50-52, og så var det berre til å komme seg nedatt. Ein kjølig vind på 1849 moh gav ikkje spesiell meirsmak til å være på toppen altfor lenge.
Fire timar hadde vi brukt opp, og det var med ein svipp innom Sprongdalshytta, matpausar og pustepausar og fotografering. 9,7 km. var gått for å komme opp, betydleg lenger enn eg hadde trudd på førehand.

Nedatt følgde vi Stravaspora til stien Arentzbu - Sprongdalen, og derfra følgde vi stien heile vegen heim. Rett nok måtte vi stoppe ei rekkje ganger for å finne vegen, til tross for ein DNT-merka sti. I dette hardføre terrenget beståande av grov stein og fjell, skal det meir til enn nokre fotturistar til for å slite ut naturen. 

Fra Gluggevardholet og ned gjekk det nå mykje lettare, men stakkars den som skal gå her i regn. Store svaberg som sikkert blir glatte som is, anbefaling om finvær når ein skal opp hit!!!


Fra Sprongdalshytta og ned til Viva verka beina som ville F igjen, men sidan eg ikkje har gå-trening, så kan eg nesten ikkje skulde på andre heller.

Nesten nøyaktig åtte timar etter at vi gjekk fra bilen, så var vi nede att. Det innbefattar alt av pausar, og vi gjekk altså ikkje spesielt fort. Mykje tid gjekk til å finne gode ruter, men det er da allltid ein fordel å gå for det sikre, framfor å ta sjansar. I dette ville landskapet er det ikkje mobildekning før ein kjem ned att til Fåberg, så det er ikkje smart å gå åleine her. 

Oppsummert var det altså ein litt tøffare tur enn eg trudde på førehand. Kronglete terreng i siste halvdel mot toppen og dårleg trening må ta skulda for det.
Greineggi var likevel ein svært flott utsynstopp, og den som trur at det var tilfeldig valgt dag, må tru om att. Fint vær og klar luft gjorde dette til ein gild plass. Det å surre oppi her i regn og skodde, utan å få sjå det praktfulle utsynet, er å kaste vekk ein topptrimtur.

Totalt tok turen åtte timar og ni minuttar. Det vart 19,5 km. og 1260 høgdemeter.
Fin plass, men eg går ikkje opp dit fleire ganger.



Bilder: 


Eg byrjar i feil retning denne gang. Her bilde fra 1849 moh. I bakgrunnen ser vi Styggevatnet.


Framleis oppe på toppen, men denne gang sørover. Her er det mange kjende toppar!

Dette er ved Gluggevardsvatnet, der vi tok av "stien" og gjekk nordaust mot 1849. Den steinen som er lengst til høgre av dei to på midten er kjempestor, og ligg heilt nede ved vatnet. Den er grei å bruke som referanse for når ein kan bryte av.


Fra Gluggevardholet og ned mot vatnet. Som ein ser er det ikkje mykje til sti og juble over her. Stein,stein stein...

Fra Gluggevardholet og ned mot hyttene i Sprongdalen. Vi måtte krysse elva heilt i høgre biletkant.

Jaha, her står eg da midt i elva. Hyttene i bakgrunnen.


Måtte liksom ha eit bilde av nokre skilt. Desse er satt opp på DNT si hytte i Sprongdalen.

mandag 5. juli 2021

Sognefjellsrittet 2021, QR-versjonen. Ein turrapport.

 Kvart år tidlegare har eg forfatta ein slags "rittrapport" for turane eg har hatt fra Lom til Sogndal. Eller, ikkje kvart år, men dei siste ti eller noko i den dur.
Men som vi alle veit, så har covid-19 satt begrensingar på så mangt her i landet, deriblant sykkelarrangementet Jotunheimen Rundt, og lillebroren Sognefjellsrittet. 

Derfor blir det kun ein enkel "Turrapport" i år.

Begge desse flotte turane skulle eigentleg gå av stabelen 25-26. juni, men vart jo da avlyst.
Men arrangøren har i år funne ei konstruktiv og god løysing, nemleg å la oss, dvs. deltakarane, ta turen når vi vil. Fram til slutten av august kan vi nemleg bruke såkalla qr-kodar, som arrangøren har satt opp langs løypa. Dette er berre heilt genialt, og forhåpentlegvis er dette ei løysing som er kome for å bli.

Sjølvsagt kan det gjerne avholdast ein rittdag, med fellesstart, matstasjonar og målgang med speaker og servering i Sogndal, men for oss som ikkje er så nøye på korkje tidtaking eller store folkeansamlingar, så er dette meir enn godt nok.

På Lom er startpunkt nede på ESSO-stasjonen, litt øst for krysset mot Stryn/Sogndal.
QR-koden er satt opp til høgre for inngangsdøra, og er lett å finne. 
Hugs å meld deg på, og sjekk e-posten som stadfester at du er påmeldt. Der vil det ligge ein kode som du tastar inn etter at scanning av QR er gjort. Voila! Tida er i gang.

Vi var to stk som bestemte oss for å ta turen torsdag 1.7.2021. 
Avreise fra Lom kl. 1608, og ikkje noko stress ut fra sentrum denne gang, da det jo ikkje var andre med. Normalt er det full guffe herfra, men det var jo ikkje noko vits i nå.
Vi hadde ein fin medvind også, og sola varma godt.
Ein fin ettermiddag og kveld låg framfor oss!

Men ein liten strek i rekninga kom da eg gløymde Luster kommune sitt varsel om ureina drikkevatn. Det gjorde at den gode bringebærsafta og vatnet måtte tømmast ut, og vi svippa innom S-laget på Galdesand etter knappe to mil for påfyll av drikke. Varmen var ganske så heftig, slik at det var veldig viktig å ha nok drikke med seg.
Etter denne ufrivillige pausen, trilla vi roleg vidare, og stoppa ved avkøyringa inn mot Leirvassbu for å sjå på utsikta. Har aldri stoppa her før, men på ein slik dag, så passa det bra. Dessuten ligg denne midt i ein lang bakke, så da hadde vi ein god grunn for å "sjå på utsikta" i tillegg.

Men turen til Sognefjellshytta kjem ikkje av seg sjølv, og i meir solskinn fortsatte vi forbi Bøvertun, og opp mot dei seige bakkane til Krossbu. Her tok vi ein ny "utsiktspause", og ifølge eit skilt som var satt opp, så var vi allereie på over 1200 moh. Ikkje så mange høgdemeter att!

Oppover her, er det berre til å klare seg så godt ein kan, og min følgesvenn har vel sykla fortare enn meg opp til Sognefjellshytta omlag ni av ti ganger tidlegare, men nå var det min tur. 
I det strålande kveldsværet, vindstille og nesten 20 grader, kom eg meg opp på Sognefjellshytta, kjøpte meg ein Fanta, fekk på tørre klede og så var det berre til å vente ein smule.
Smulen var imidlertid til eit heilt brød, for min "partner in crime" hadde ein dårleg dag, og borte på Herva (utsiktspunkt :-), vart vi samde om at han nok burde stå av for dagen. Ein vennleg mann kom forbi, og tilbaud skyss og hjelp, og herfra måtte eg altså trille åleine. 
Det var sjølvsagt veldig kjedeleg, men helsa må gå framfor det meste. 

Vel, det var inga råd, åtte mil solo låg framfor meg, deriblant nedfarten fra Sognefjell, som var like skøy i år som alltid. Eg tok det med ro, og var oppe i ca. 70 km/t, det er fort nok nå til dags.

Utover Lustrafjorden var det ganske så kjedelig, men eg kom meg til Gaupne utan meir problem.
Der stod familien med drikke, og nå var det altså berre dei tre mila til Sogndal som stod att.

Det skulle vise seg å gå heller sakte opp Indre Hafslo, og sidan eg sykla åleine, så tok eg likegodt gamlevegen opp Indre Hafslo. Litt lengre enn den eigentlege rittraseen, men bort fra trafikken. Dessuten må ein opp på Heggmyrane uansett, så høgdemessig blir det akkurat som på det vanlige Sognefjellsrittet. 

På Heggmyrane var det byrja å bli litt mørkt, men eg hadde gode lys både framme og bak, og dessutan blir det aldri heilt mørkt på denne tida av året.

Ned mot Hafslo slapp eg forbi eit vogntog, som vart så glad for den vesle manøveren at han blinka hyggeleg til meg. Eg hadde ikkje noko ønske om å irritere meir enn naudsynt, så da kunne eg vel berre roe det ned på ein busstopp likevel i to sekundar.
Ned Årøyane gikk det rimeleg bra, og ut Barsnesfjorden var det som vanleg. Gjennom eit par rundkøyringar, og så den vanlege målgangen, med unntak av at det ikkje var nokon andre der. 
Eg fikk trilla opp til QR-koden ved inngangen til Sogndal heradshus, og så var Sognefjellsrittet over for denne gang.

23 ganger har eg tatt denne turen nå, og såklart er det seigt og godt å være ferdig. Men eg får prøve iallfall to ganger til, slik at vi har 25 ganger i boks. Sålenge eg finn glede i dette, og helsa tillet det, så kan eg alltids stille opp.


Oppsummert gikk turen altså heilt greit. Sykkelen fungerte fint, beina var ok, naturen storslagen, og været heilt eventyrleg. 

Og da kjem vi til litt av poenget; Dette med QR-koder vil eg sterkt oppfordre arrangøren til å fortsette med. Ja, de må gjerne avholde ei ritthelg slik som før, men de vil gje mange andre høve til å fullføre hvis de fortset med dette gode tilbodet. Spesielt gjeld jo dette hovedrittet Jotunheimen Rundt, men også for mitt vedkommande var dette midt i blinken. Eg bryr meg som sagt null om tida eg bruker på dei 14 mila, og dessuten kan eg sykle gamlevegen opp Indre Hafslo. Vurderte også Solsidevegen ut fra Lom, men der var det litt for lange grusstrekker.

Vel, da var det gjort for i år.

Blir sikkert med neste år også.



Oppe på Fantesteinane måtte eg jo ha eit bilde av skyggen min.



Lite snø i år, men det lever eg godt med på slike dagar. Her var det 18 varmegrader, vindstille og sol. Og nei; Det skuldast ikkje at vi var heldige med været. Det var planlagd.


Kjende fjell.
Og sykkelen min.


Ein vert unektleg liten i dette landskapet.


Er det så flatt som det ser ut på bildet?
Svar: Nei.


Ser du syklisten nedi der?

Inn mot Leirvassbu.