torsdag 10. juni 2021

Rosendal - Sogndal

 Ein treng ikkje være lokalpatriot for å synes at Hardanger og Sogn er to av landets flottaste regionar.

Så; Kvifor ikkje sykle fra den eine til den andre?
Inspirert av min spreke niese, fant eg ut at ein tur fra Kvinnherad til Luster burde være mogleg på ein dag, eller rettare; Eit døgn.
Avstanden målte eg opp til ca. 320 km. heilt fra Matre og heim, men det vart litt for voldsomt. Derfor fant eg ut at å starte fra Rosendal var passe. Derfra er det ni km. ut til ferjekaien på Årsnes, dvs. ein fin liten oppvarmingstur.

Men først litt om utstyret, dvs. sykkel og det som skulle være med. Påmontert var billigcomputeren min, eit par drikkeflasker, ein reserveslange og dekkspaker. I ein liten sekk hadde eg med klesbytte, samt ein del ting som eg i ettertid ser var ganske meiningslaust å ha med, kva skulle eg vel med ein sykkellås?
Ein reserveslange til, vindvest, skoovertrekk og sokkebytte viste seg også være kun ekstra ballast, og det samme var multiverktøyet. Det som derimot var smart å ha, var solbeskyttelse, faktor 30 og 50. Ibux, Voltarol og paracet var også med, men det vog heller lite. Uansett; Ein lærer så lenge ein lever, og det var altså litt for mykje å drasse på.

Sykkelen var den gode Cannondale CAADX, med ny kjede og ny kassett. Dessverre er det nå uråd å få tak i kassett 11-34 i Shimano sin 105 utgåve, så eg hadde fått ein ny Ultegra istaden, men kun i 11-30. Og kva betyr det? Jo, eg manglar eit par lettare gir i dei verste motbakkane. Driv var framleis 48-32, så det skal likevel være ganske bratt før ein må stå av.
Dekk; 35 mm kombidekk, med 85 bar. Litt lågare trykk og litt breiare rullebane enn på ein fullblods landevegsdoning, men komforten er betydleg viktigare på ein slik laaaaangtur.

Strava på iPhonen vart satt i gang, og så: Avreise fra parkeringsplassen nedanfor Rosendal kyrkje kl. 0820, og eg måtte sjølvsagt stoppe og ta ein selfie med stadsnavnet i bakgrunnen. Foto er lenger nede i posten.
Ut fra Rosendal er det gang og sykkelveg eit lite stykke, og det var lite trafikk. Ein fin formiddag, litt skya, vindstille og ca. 17 grader. Dette var ein perfekt dag! 

Ute på ferjekaien var det litt venting, men det var ikkje så nøye. Er ein på TUR så er ein på TUR.
Eg kom litt i snakk med nokre motorsyklistar fra Ullensvang, og vi var samde om at ein slik fin dag var vel verdt å bruke på to hjul, anten med eller utan motor.

Kl. 0840 la ferja til på Gjermundshamn ferjekai, og så snart alle bilane vare køyrt av, var det berre til å begynne å sykle. Første pause hadde eg tenkt å ta i Norheimsund, ca. 56 km avgarde. 
Så da trilla eg åleine avgarde, såg bort på Varaldsøy uti Hardangerfjorden, høyrde på fuglekvitter, sykla svææært roleg opp alle dei tallause småkneikane som vegen kunne by på, da eg visste det skulle bli ein lang dag. Da er det viktig å ikkje svi av for mykje energi for tidleg.

Mundheim var ei lita grend, der har vi kome med bil fra Bergen og Trengereid tidlegare. Vidare til Strandebarm, åstaden for norsk kristenlivs meir absurde idear for nokre år tilbake "Strandebarm prosti og den norske kirke i eksil". Stadig nye små bakkar opp og ned, opp og ned....
Tørvikbygd, der ein kan ta ferja over til Jondal, og så etter ca. 55 km altså; Norheimsund. Men eg kjende meg såpass bra at eg trilla likså godt til Øystese, der eg stoppa på ein Essostasjon for litt påfyll av drikke og inntak av mat. Så da låg eg litt føre skjema, iallfall pausemessig. Hadde alt sykla 70 km. fra Rosendal, og hadde det veldig fint, men det er klart, 70 km. skal takast dei også.

Neste stopp hadde eg planlagt i Granvin, og dit var det ca. ny 50 km. Men nå var eg iallfall på ein vegstrekning som eg hadde sykla før, på Bergen-Voss for ein del år tilbake. Og da visste eg godt at det var ein del småartige bakkar, samt den stilige Fyksesundbrua som venta. På brua var det raudt lys, men det virka til å skifte etter eiga fri vilje. Eg venta uansett til det vart grønt, og møtte ikkje meir enn fem-seks bilar på vegen over. 
Nå var det Ålvik som var neste stad. For mange år sidan blanda eg gjerne saman Ålvik og Ulvik, men det er altså to forskjellige bygdesamfunn i Hardanger. Ulvik lever vel av turister og frukt, medan Ålvik er ein meir reindyrka industriplass. Begge deler er like viktige, sjølv om ein neppe stoppar for å nyte utsynet ned på den store fabrikken nede ved sjøen i Ålvik da :-)

Fleire bakkar, og nærma eg meg den nye tunnelen forbi Lussand. Den var stengt for syklistar, men det gjer berre gamlevegen langs fjorden til eit sant paradis å trille. Spektakulær veg, som altså var ein del av hovedvegen mellom Oslo og Bergen for ikkje så altfor mange tiår sidan. Det er nesten ikkje til å tru.

Kvandal ferjekai har eg stoppa på mange ganger, og også brukt som matstasjon på Bergen-Voss. Nå var det berre til å karre seg innover mot pausestaden Granvin. 
Innover Granvinfjorden var det medvind, noko som var velkomme etter å ha passert tresifra antal kilometer. Dei stadige småklatringane sleit ein sakte, men sikkert ned. 

I Granvin hadde eg sett meg ut ein kombinert Jokerbutikk og Circle K eller noko slikt. Nå hadde eg sykla 120 km totalt, og varmen byrja å bli ganske betydleg. Sola steikte, og da gjorde det seg med enda meir drikke, samt eit wienerbrød og ei banan.
Herfra og til Voss visste eg at det ville bli mykje trilling utanfor nord-sør sambandet RV 13, på gang og sykkelvegar. Eg fulgte skiltinga, samt førebuingane om å trille på den nedlagde jernbanetraseen inn mot enden av Granvinsvatnet.

Dette vart den finaste biten på heile turen. Fin flat sykkelveg med god asfalt og gjerne lange rettstrekker, det gikk jo tross alt tog her for nokre tiår sidan. Det kalde og djupe Granvinsvatnet lokka nærast til ein kjapp dukkert, men eg trilla forbi, og byrja på bakkane opp mot Skjervet. 

Isolert er ikkje bakkane opp Skjervet ei utfordring, men etter 130 km, og med sola steikande, så da var det noko heilt anna. Eg tok likegodt ein pause langs fossen, var ingen grunn til å stresse og slite unødig. 
Denne biten er langt mindre trafikkert enn da det var hovedveg, men det var langtfra bilfritt. Sjølv om det var tidleg i juni, så møtte eg mange turistar som tok ein liten avstikkar for å få med seg denne flotte perla før Voss.

Omsider kom eg da opp forbi fossen, og nå var eg byrja å merke det bra, enda eg hadde hatt ein god pause i Granvin. Det var berre til å trille vidare, framleis på den gamle jernbanelinja, ned på Palmafoss og vidare til Skulestadmo rett forbi Voss. Der tok eg av hovedvegen, for eg visste det gikk ein veg på andre sida av Lønevatnet, og den hadde eg sjansen til å utforske nå. Nedkvitne og Nesheim trur eg det var som stod det på eit skilt. 

Men denne avstikkaren var ein megatabbe. Ja, eg kom vekk fra den trafikkbelasta E16/RV13 opp mot Vinje, men på andre sida av vatnet venta det meg nokre dritbratte små stigningar i hopetall verka det som. Ikkje lange, men mange og nokre av dei altså svært bratte. 
Eg tapte mykje tid og energi på denne omvegen, men fikk iallfall fin utsikt, og trilla på nye vegar. Hadde eg starta på Voss, så hadde det vore veldig fint.

Oppe på Tvinde kom eg inn att på hovedvegen, og om sykkelstien fra Granvin var praktfull, så vart den neste mila eit sant mareritt. Her er det mykje trafikk, og eg søkte konstant etter utkøyrsler og gangvegar, som det dessverre er altfor lite av. 
Langt dei fleste bilane tok hensyn, men ein og annan nisse fins det jo der ute. Og ja; Eg tenker på deg, idiotsjåfør i semitrailer fra Synnøve Finden. Måtte du verkeleg såååå nær meg med den enorme doningen din? Fikk du litt føling i buksa da? 
Eg låg på kvitelinja, eller gjerne på skuldra så sant det var mogleg.

Aldri har eg vore så glad for å komme inn på Esso-stansjonen på Vinje som da. Over 150 km. tilbakelagt, og sukkernivået var byrje å bli farleg lågt. Her trengdes det næring. Fort.
Pratemaskina på Essostasjonen var hyggeleg og grei, så eg satt der til klokka var 1800. Da var det stengetid, og eg håpte at eg nå hadde energi til å slite meg opp dei næraste to mila, men det ville bli tøft.

På andre sida av vegen stod det eit busskur, så eg sjekka om det gikk bussar mot Vik, og vær sikker; Hadde det gått ein buss da, så hadde eg tatt den til kommunegrensa. Bakkar kan eg klare, men fjell er noko heilt anna, og Myrkdalen, samt hårnålssvingane lengst inne i dalføret skulle vise seg å bli tøffe. Veldig tøffe. 

I Myrkdalen pågår det framleis bygging til den store medaljen, og om Synnøve Finden hadde ein kødd av ein sjåfør lenger nede i landskapet, så må eg også nemne ein stor lastebil fra Jordalen Maskin AS som dura forbi meg fleire ganger. Denne tok godt hensyn, og la seg godt ut kvar gang han køyrde forbi på skyttelruta si. Det synes eg var veldig fint. Ein lokal tulling i Jeep MÅTTE absolutt presse meg omtrent inn i eit rekkverk, noko som vart heller dårleg motteke. Også her låg eg på kvitlinja, og vedkommande måtte vente minst tre sekundar. Ikkje rart han vart sur da.

Inni dalbotnen var det framleis fint vær, sol og varmt. Drikkepåfyllet fra Esso på Vinje var byrja å bli skummelt lite alt, her måtte det streng rasjonering til. To flasker på 0,6 går fort, og det var det tredje påfyllet alt. Samt nokre brusboksar og RedBull...
Stratosen eg hadde med meg smakte omtrent som lim, men eg måtte tvinge i meg noko, og så var det berre til å slite seg opp hårnålssvingane. 
Dette gikk ikkje fort. Faktisk tok eg haugevis med pausar oppover, men OMSIDER, kom eg da opp på kommunegrensa. Eller den gamle fylkesgrensa, som visstnok var supersmart og sjempeviktig for regjeringspartiet Høgre å få bort, og som det (dessverre ser det ut til) kommane regjeringspartiet SP synes er supersmart og sjempeviktig å få på plass att.

Her oppe, på over 900 moh. var det ikkje like varmt, så derfor måtte eg få av meg dei søkkvåte kleda eg hadde hatt sidan Rosendal 12-13 timar før. 
Nå var berre til å komme seg ned Vikafjellet, og bunkre opp med enda meir og drikke, samt sjå seg ut ei ferje kanskje?

Vikafjellet var ei positiv oppleving. Fint og rullande terreng, sjølv om den siste kneiken opp til tunnelen var seig nok, enda så lite bratt og kort den var. Rare greier.

Men om det hadde gått trengt opp, så var det ikkje det nedatt. Vikafjellsvegen er som skapt til høg fart på sykkel, og her er det ingen problem å klare 100 km/t. Hvis ein vil og tør.
Eg har vokst fra slikt, men bikka 70, det var nok for ein gammal mann.

På Spar i Vik fikk eg bunkra opp med enda meir drikke, samt ein sjokolade som eg ikkje hadde lyst på i det heile teke. 
Nå var det om å gjere å komme seg til Vangsnes, slik at ein kunne unngå unødig venting på ferja.
Eg såg ferja ta av fra Hella, og trilla på litt ekstra forbi den nye tunnelen og utover mot ferjekaien. Klokka var nå over 2200, og 220 km. var unnagjort. Eg var derfor ikkje spesielt interessert i å sitte ein time på Vangsnes, sjølv om det er fint der.

Ferja rakk eg med grei margin, så nå var det berre til å sjekke Stravaen enda ein gang.

Og da kollapsa heile driten. Det var faktisk innihelsike irriterande, da ein tross alt har slitt seg over 20 mil og 3000 høgdemeter, og så får ein ikkje det registrert, fordi.....ja, ein eller anna grunn. Opplevde det samme, om enn i litt mindre omfang, under Trondheim-Oslo i 2017. Kan det være noko med lengden og tida som streiker på iPhone-appen?

Midtfjords satte eg derfor i gang Garmin-klokka, som eg sjølvsagt kunne ha brukt heile turen, hvis det ikkje var for at den sluker batteriet. Fikk nå i det minste registrert "Midtfjords-Sogndal".

På Hella slapp eg alle bilane før meg, så fikk eg sykle heilt for meg sjølv inn til Leikanger. Nå var det begynt å bli skikkelig vondt i eit kne, og på Slinde måtte eg bite i det sure eplet og be min bedre halvdel hente meg i Sogndal.
Jo, hadde det vore målgang i Gaupne, så skulle eg karra meg over Heggmyrane, men ein skal ikkje øydelegge seg totalt heller.

Kl. 0030 stoppa eg turen, på rasteplassen ved Barsnesfjorden, 261 km. var unnagjort.
Høgrekneet var ikkje bra, men eg hadde klart meg greit i nesten 25 mil, heilt åleine. Var fornøgd likevel.

Så, kva lærte eg ellers, forutan at eg hadde med meg litt for mykje i sekken?
Det er viktig å følge planen. Det gjorde eg, men avstikkaren på Voss var altså ei stor ekstrabelastning som eg burde og skulle ha unngått. 
Dernest; ALDRI meir skal eg sykle mellom Tvinde og Vinje. Det var ikkje morsomt i det heile teke.

Forutan det?

Ta det som ein tur. Hugs å sykle sakte nok i byrjinga. Det er verre enn det høyres ut som, men du har garantert att for det.
Eg såg på naturen, tenkte forbløffande lite, høyrde på fuglane, passa meg for bilane, slappa av og hadde det bra. 

Neste langtur satser eg blir herfra til Odda. Men når, det veit eg ikkje. Merkar det godt i beina dagen derpå iallfall.


Bilder:


Klokka er 0820, og eg trilla ut fra Rosendal. 



Eg kunne ikkje sykle forbi Strandebarm og det forunderlege kristenlivet der, 
utan å ta eit bilde av kyrkja. Kunne eg vel?


Her var eg komen over Fyksesundbrua, og det var like greit.


Den gamle vegen forbi Lussand er no eit lite paradis for oss som søker spesielle sykkelvegar. 


Turens høgdepunkt; Sykkelvegen på den gamle Hardangerbana fra Granvin.

Skjervet. Her var det kokvarmt, og det samsvara godt med ein pause.

Omvegen nord for Voss gav meg mange seige småbakkar, samt dette fine utsynet nedatt.
Nesheim trur eg det heiter her.

På den gamle fylkesgrensa. Som altså var suuuperviktig å få bort, og openbart like suuuuperviktig å få på plass att.


Sommaren let gjerne vente på seg her på Vikafjellet.

No filter!

Måtte berre.

Omsider; Sogndal. 


Reiseruta. Strava lot meg ikkje få registrere dette, uviss grunn.