torsdag 18. februar 2021

Under the shadow - filmomtale

 På mi ferd gjennom ukjent filmterritorium er eg i dag kommen til ein grøssar, som rett nok er britisk basert, men den er eit samarbeid mellom Storbritania, Jordan og Quatar. Handlinga er plassert i Iran tidleg på 1980-talet, under den langvarige og svært blodige krigen mellom Iran og Irak.

Eg føyer til at språket i filmen er persisk, og utan å påberope meg store kunnskaper om Iran, så ser det rimelig autentisk ut.

Under The Shadow, som sjølvsagt er den engelske tittelen, er fra 2016, og er å finne på Netflix nå fra januar av.





Handling:
Vi møter den tidlegare medisinstudenten Shideh, som saman med mannen Iraj og dotter Dorsa bur i eit rimeleg bra strøk i Teheran.
Shideh har imidlertid problem med det lokale moralpolitiet, og det er nettopp dei som gjer at ho må kutte ut medisinstudiane sine. Tidlegare i ungdommen var ho nemleg med i venstre-orienterte grupper, og slike er det sjølvsagt ikkje plass til i den nye Islamske Republikken.

Den vesle familien slit seg gjennom kvardagen, med stadige nærare bombeangrep fra det irakiske flyvåpenet. Og til slutt får legeektemannen Iraj den beskjeden dei alle frykta; Han må til fronten og tjenestegjere. For dei som ikkje hugsar Iran-Irak krigen, så kan det opplysast at det var ein svært blodig konflikt med fleire hundretusen døde.

Shideh og Dorsa vert buande i leileghetskomplekset, men stadige bombeangrep gjer at fleire og fleire av dei andre bebuarane flytter ut.
Til slutt er det kun Shideh og Dorsa igjen, som også sterkt vurderer å reise til ein tryggare del av landet.

Dorsa er imidlertid svært glad i tøydokka si, Kimia, og vil ikkje reise før dokka, som forsvann på underleg vis under eit bombeangrep, vert funnen att. 

Det skal så vise seg at fins verre og skumlare ting enn bomber å bekymre seg for.
Iran er ein svært gamal sivilisasjon, og overtru og myter spelar nå inn i dagleglivet til Shideh og Dorsa.


Filmar fra Iran har eg aldri sett før, og denne er da heller ikkje iransk, men eg kan altså levande forestille meg at det kan ha vore slik i Iran for ca. 40 år sidan. Videospelarar må gøymast, kvinner kan ikkje gå ut med håret synleg, og bakteppet altså; den vonde krigen mot datidas erkefiende; Irak. 


Heile filmen har kanskje ikkje kosta allverden å produsere, og det tek litt tid før den lever opp til "grøssar-statusen".
Men filmen er faktisk slett ikkje verst. Her er det ikkje noko skumle mørke gangar, groteske monster o.l. Neida, alt er stort sett lyst og oversiktleg, men likevel vert det småguffent til tider. Det skumle og uforklarlege er heilt noko anna enn vi er vande med fra Hollywood, noko som jo er heilt naturleg. 

Og ja; Det fins BØ!!!-scener her og, om enn på heilt andre vis enn vi kunne forvente.

Konklusjon:
Film fra eit postrevolusjonert og krigsramma Iran er kanskje ikkje alles tekopp, men har du meir enn middels interesse for film fra alle andre stader enn USA, så vil du muligens finne underholdning i denne.

Eg gjorde det iallfall.
Kritikkane har også vore  gode, og Under the Shadow er langtfra det verste å bruke 84 minuttar av livet sitt på. 

Høgdepunkt:
Ukjent besøk i husværet.

Lavmål:
Det tek litt tid før ting dreg seg til, og det i ein film som varer i kun 84 minutt, medrekna rulletekst.

Ein grei firar. 








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar