fredag 15. januar 2021

"The Lighthouse" - filmomtale

 Sidan det akkurat har vore jul, nyttår og greier, så har mange kveldar og netter gått med til diverse filmar som skulle vore sett før, men som ein ikkje har fått tid til før nå. Det er jo vinter må vite. 

Den kritikarrosa grøssaren "The Lighthouse" fra 2019 er ein av desse, funnen på Viaplay nå i romjula.



La det være sagt med ein gang; Sjølv om dette er ein kritikarrosa film, så er det lysår fra å være ein film for kven som helst. Ein må antaglegvis ha meir enn middels interesse av film for å finne underholdning i denne. 

Handling:
Vi skal tilbake til byrjinga av 1900-talet, da det framleis var haugevis med bemanna fyrtårn rundt om i verda. På ein slik forblåst og værhard utpost, utanfor kysten av New England, vert vi kjent med den gamle, og langt fra hyggelege fyrvoktaren Wake (Willem Dafoe). Wake har vore på denne vesle øya som fyrvoktar i mange år, og skal no ut att på post. 
Med seg får han ein tidlegare tømmerhoggar, Winslow (Robert Pattinson), som hjelpar. Wake hundsar og nærast plagar den yngre assistenten sin dei første dagane, som bit det i seg, da dei tross alt berre skal være der nokre veker.

Dagane går, Winslow utfører den eine drittjobben etter den andre, men får til slutt ein smule anerkjenning av den gamle, sure mannen.
Dei største problema oppstår imidlertid når vannforsyninga stoppar opp, grunna hauger med døde måker i vanntanken. Kva må dei gjere da? Jo, drikke sprit.
I stadige uvær, og med eit etterkvart enormt alkoholkonsum, byrjar forstanden å spele dei to det eine pusset etter det andre. 
Og ikkje "puss" som i hyggelege spøkar mot kvarandre. Nei, dette er eit dykk ned i galskapen.


Over 100 minuttar, med omtrent berre to personar, i kvadratisk filmformat, og svart/kvitt, kan det bli noko tess?

Joda, det kan det. Skodespelarane gjer ein praktprestasjon. Dei drikk sprit som gale, med null tanke på alle dei uhyggelege konsekvensar det kan få (og får). Isolasjonen, uværet og fantasien fører dei enda fortare mot avgrunnen, og på toppen får vi gamle sjøfolks overtru.

Filmen er oppgitt å være eit psykologisk horrordrama, og ein meir passande beskriving skal være vanskeleg å finne.
Kombinert med dei nevnte skodespelarane, i knallform, så fortjener denne ein femmar. Vel verdt å gi "The Lighthouse" ein sjanse, hvis ein ikkje skal på ei avsidesliggande hytte med kompisen og masse drikke i næraste framtid da.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar