onsdag 24. februar 2021

"Vinden snur" - filmomtale

 Det er ikkje kvar dag eg setter meg ned for å kikke på ein norsk film. Siste norske film eg eigentleg venta på var vel Vilmark 2, og den skuffa ganske mykje.

Men "Vinden snur" skuffa ikkje. Dette er ein dokumentarfilm som alle med fordel kan få med seg, og især dei med eit snev av interesse for narkotikapolitikken.



Handling:
Filmen tek oss med tilbake nokre år, og vi vert kjent med tre personar, som alle har og har hatt sine rusproblem. 
I 2016 var stemninga ganske så anleis enn den er no. I dag snakkar stadig fleire om å betre tilhøva for dei tunge rusbrukarane, og såvidt eg kan bedømme, så er vel alle enige om at rusavhengige no må få hjelp, og ikkje straff. 
Kun fem år tilbake i tid, så var situasjonen noko anna.

Og hvis det er nokon som trur at vi er komne dit vi er i dag berre som ved eit trylleslag, så tek dei grundig feil. Det har vore mange viktige stemmer i debatten, men spør du meg, så har kanskje den aller viktigaste vore Arild Knutsen som kan reknast som ein slags hovedperson i denne filmen. 
Han har hatt sitt å stri med, og sidan vi har ein del felles erfaringar, dessverre, så forstår eg han veldig godt. Vi er også på nokolunde samme alder, men har altså vidt forskjellig bakgrunn. Eg har dessverre aldri fått møte han "in person", men eg håper at eg får sjansen ein dag. Det vil være ei stor ære for meg.

Vi treffer også Kim-Jørgen Arnetvedt, som såvidt eg forstår kjem fra Bergenskanten. Det er vondt å sjå all ballasten han må slite med, og som rusen vert ein flukt ifra. 
Som det så passande vert sagt i filmen; "Hvorfor drikker Jeppe?" Fordi han har det vondt, er svaret, og rusen er ein flukt fra det vonde. 
Jeppe skulle berre hatt noko som var mindre farleg enn alkohol, og det er det vanskeleg å være uenig i.

Den tredje personen vi vert kjent med er Michelle Muren. Og rett nok har dei to andre gjennomgangsfigurane sitt å stri med, men Muren gav iallfall meg eit veldig sterkt inntrykk. Eg kan, med handa på hjartet, ønske at eg kunne hjelpe. Det er så ille å sjå personar slite slik.

Åra går, og Knutsen sitt langvarige og møysommelige arbeid vil forhåpentligvis gi resultat. Det første delmålet var da rusreformutvalget la fram si innstilling i desember 2019, som er med i filmen, og det neste kom da regjeringa la fram sitt forslag forrige veke. 

Vegen har vore lang fra filmens byrjing der vi møter dei tre for første gang, og til dei nå forhåpentligvis kan sjå framtida litt lysare i møte; Kanske rusavhengige omsider kan bli sett på som dei pasientar dei vitterleg er, og ikkje kriminelle? 

Er det ein god film?
Ja, som dokumentar er dette eit must å få med seg. Igjen; Både for "folk flest", men især dei som er engasjert i rusarbeid på eit eller anna vis. Den ligg på VGTV. 

Hvis du, etter å ha sett denne, framleis trur at vi kan straffe oss ut av rusproblematikken, så er du ein ond person i mine auge. Kombiner det med dei korte tilbakeblikka vi får fra tidlegare tiders rusdebatt, og vi ser i det minste korleis tidene har endra seg.

Godt er det.

Nå MÅ vi berre få på plass rusreforma, jo før jo bedre. 


Ein viktig og god dokumentarfilm, om betydningsfulle personar som har bidratt til at vi får eit paradigmeskifte i norsk ruspolitikk.







torsdag 18. februar 2021

Under the shadow - filmomtale

 På mi ferd gjennom ukjent filmterritorium er eg i dag kommen til ein grøssar, som rett nok er britisk basert, men den er eit samarbeid mellom Storbritania, Jordan og Quatar. Handlinga skal er plassert i Iran tidleg på 1980-talet, under den langvarige og svært blodige krigen mellom Iran og Irak.

Eg føyer til at språket i filmen er persisk, og utan å påberope meg store kunnskaper om Iran, så ser det rimelig autentisk ut.

Under The Shadow, som sjølvsagt er den engelske tittelen, er fra 2016, og er å finne på Netflix nå fra januar av.





Handling:
Vi møter den tidlegare medisinstudenten Shideh, som saman med mannen Iraj og dotter Dorsa bur i eit rimeleg bra strøk i Teheran.
Shideh har imidlertid problem med det lokale moralpolitiet, og det er nettopp dei som gjer at ho må kutte ut medisinstudiane sine. Tidlegare i ungdommen var ho nemleg med i venstre-orienterte grupper, og slike er det sjølvsagt ikkje plass til i den nye Islamske Republikken.

Den vesle familien slit seg gjennom kvardagen, med stadige nærare bombeangrep fra det irakiske flyvåpenet. Og til slutt får legeektemannen Iraj den beskjeden dei alle frykta; Han må til fronten og tjenestegjere. For dei som ikkje hugsar Iran-Irak krigen, så kan det opplysast at det var ein svært blodig konflikt med fleire hundretusen døde.

Shideh og Dorsa vert buande i leileghetskomplekset, men stadige bombeangrep gjer at fleire og fleire av dei andre bebuarane flytter ut.
Til slutt er det kun Shideh og Dorsa igjen, som også sterkt vurderer å reise til ein tryggare del av landet.

Dorsa er imidlertid svært glad i tøydokka si, Kimia, og vil ikkje reise før dokka, som forsvann på underleg vis under eit bombeangrep, vert funnen att. 

Det skal så vise seg at fins verre og skumlare ting enn bomber å bekymre seg for.
Iran er ein svært gamal sivilisasjon, og overtru og myter spelar nå inn i dagleglivet til Shideh og Dorsa.


Filmar fra Iran har eg aldri sett før, og denne er da heller ikkje iransk, men eg kan altså levande forestille meg at det kan ha vore slik i Iran for ca. 40 år sidan. Videospelarar må gøymast, kvinner kan ikkje gå ut med håret synleg, og bakteppet altså; den vonde krigen mot datidas erkefiende; Irak. 


Heile filmen har kanskje ikkje kosta allverden å produsere, og det tek litt tid før den lever opp til "grøssar-statusen".
Men filmen er faktisk slett ikkje verst. Her er det ikkje noko skumle mørke gangar, groteske monster o.l. Neida, alt er stort sett lyst og oversiktleg, men likevel vert det småguffent til tider. Det skumle og uforklarlege er heilt noko anna enn vi er vande med fra Hollywood, noko som jo er heilt naturleg. 

Og ja; Det fins BØ!!!-scener her og, om enn på heilt andre vis enn vi kunne forvente.

Konklusjon:
Film fra eit postrevolusjonert og krigsramma Iran er kanskje ikkje alles tekopp, men har du meir enn middels interesse for film fra alle andre stader enn USA, så vil du muligens finne underholdning i denne.

Eg gjorde det iallfall.
Kritikkane har også vore  gode, og Under the Shadow er langfra det verste å bruke 84 minuttar av livet sitt på. 

Høgdepunkt:
Ukjent besøk i husværet.

Lavmål:
Det tek litt tid før ting dreg seg til, og det i ein film som varer i kun 84 minutt, medrekna rulletekst.

Ein grei firar. 








fredag 15. januar 2021

"1917" - Filmomtale

 Bedre seint enn aldri. Nesten to timar drama fra første verdskrig, omsider fikk eg somla meg til å sjå den britiske storfilmen 1917.
Laga i 2019, og kan finnast på noko så enkelt som TV2Sumo i dag.


Alle har sett filmar med handling fra andre verdskrig, men dei færraste av oss har vel eigentleg noko særleg kjennskap til den første store krigen, no over 100 år seinare.
Imidlertid har vi fått viktige bidrag seinare år, bl.a. i form av Peter Jacksons "They shall not grow old", og dersom du vil vite litt meir om denne meiningslause skyttergravskrigen, så kan den franske TV-serien "Apokalypse; 1. verdenskrig" anbefalast. Den er i fem delar, og ligg ute på NRK sine nettsider.

Men tilbake til 1917, filmen altså.

Handling:
To unge soldatar, visekorporalar no less, vert henta inn av ein britisk general. Den eine av dei to er flink til å lese kart, og nå må han og kameraten utføre eit svært viktig oppdrag. Dei må nemleg varsle ein oberst om at avdelinga hans for all del ikkje må angripe til tidlegare angitt stad og tidspunkt, da det heile er ei felle som tyskarane har laga. Hvis dei ikkje får gitt beskjeden i tide, så risikerer dei at heile avdelinga på 1600 mann går tapt, deriblant kartlesarens bror.
Dei to unge soldatane har såleis eit stor og viktig oppgåve føre seg.

Med papir og kart på plass begir dei seg ut på den mildt sagt farlege ferda. Dei må gå igjennom nærast uutholdlege prøvelsar, i form av miner, underjordiske eksplosjoner, tyske soldatar, rotter, og ikkje minst; Eit totalt øydelagt landskap, overstrødd med ihelrivne soldatar og dyr, eit sant "hell of the north".


Det skal ikkje seiast om oppdraget vert utført her og nå, men det som vi derimot MÅ nevne er filminga.
Den er superb.
LAAAAAAANGE takningar, slik at det ser ut som heile filmen går i kun to deler, med samanhengande filming heile tida. 
Kontrasten fra opningsscena, der vår eine visekorporal nyter ei fredleg stund, og fram til dei eine pausa i kameraføringa som er registrerbar, ein time seinare, er noko av det beste eg har sett på film.
Rett og slett briljant laga.

1. verdskrig må ha vore eit sant mareritt for dei mange ungdommane som vart sendt ut som kanonføde. Gamaldagse taktikkar mot moderne våpen medførte eit ufatteleg blodbad. I over fire år låg millionar av menn og skaut på kvarandre i skyttargravene i Nord-Frankrike og Belgia, under tilhøve som vi ikkje hadde satt husdyr inn i nå til dags.
1917 skildrar på ein heilt unik måte kor ille dette må ha vore, klaustrofobisk, blodig, meiningslaus krig.

Nesten to timar lang altså, men dette er ein av dei desidert beste krigsfilmar eg har sett. Eit must for einkvar filmnerd.





"The Lighthouse" - filmomtale

 Sidan det akkurat har vore jul, nyttår og greier, så har mange kveldar og netter gått med til diverse filmar som skulle vore sett før, men som ein ikkje har fått tid til før nå. Det er jo vinter må vite. 

Den kritikarrosa grøssaren "The Lighthouse" fra 2019 er ein av desse, funnen på Viaplay nå i romjula.



La det være sagt med ein gang; Sjølv om dette er ein kritikarrosa film, så er det lysår fra å være ein film for kven som helst. Ein må antaglegvis ha meir enn middels interesse av film for å finne underholdning i denne. 

Handling:
Vi skal tilbake til byrjinga av 1900-talet, da det framleis var haugevis med bemanna fyrtårn rundt om i verda. På ein slik forblåst og værhard utpost, utanfor kysten av New England, vert vi kjent med den gamle, og langt fra hyggelege forvoktaren Wake (Willem Dafoe). Wake har vore på denne vesle øya som fyrvoktar i mange år, og skal no ut att på post. 
Med seg får han ein tidlegare tømmerhoggar, Winslow (Robert Pattinson), som hjelpar. Wake hundsar og nærast plagar den yngre assistenten sin dei første dagane, som bit det i seg, da dei tross alt berre skal være der nokre veker.

Dagane går, Winslow utfører den ein drittjobben etter den andre, men får til slutt ein smule anerkjenning av den gamle, sure mannen.
Dei største problema oppstår imidlertid når vannforsyninga stoppar opp, grunna hauger med døde måker i vanntanken. Kva må dei gjere da? Jo, drikke sprit.
I stadige uvær, og med eit etterkvart enormt alkoholkonsum, byrjar forstanden å spele dei to det eine pusset etter det andre. 
Og ikkje puss som i hyggelege spøkar mot kvarandre. Nei, dette er eit dykk ned i galskapen.


Over 100 minuttar, med omtrent berre to personar, i kvadratisk filmformat, og svart/kvitt, kan det bli noko tess?

Joda, det kan det. Skodespelarane gjer ein praktprestasjon. Dei drikk sprit som gale, med null tanke på alle dei uhyggelege konsekvensar det kan få (og får). Isolasjonen, uværet og fantasien fører dei enda fortare mot avgrunnen, og på toppen får vi gamle sjøfolks overtru.

Filmen er oppgitt å være eit psykologisk horrordrama, og ein meir passande beskriving skal være vanskeleg å finne.
Kombinert med dei nevnte skodespelarane, i knallform, så fortjener denne ein femmar. Vel verdt å gi "The Lighthouse" ein sjanse, hvis ein ikkje skal på ei avsidesliggande hytte med kompisen og masse drikke i næraste framtid da.







"Breslaus plager" - filmomtale

 Etter å ha humra meg igjennom min først polske skrekkfilm for nokre veker sidan, så fikk eg også ta sjansen på enda ein av sorten, "Breslaus plager" fra 2018.
Dette er den norske tittelen, slik som den ligg på Netflix, den polske originaltittelen vil eg ikkje eingang forsøke å skrive, enda mindre uttale.


Filmen skal visstnok være (svært) laust basert på ei samling krimromanar, og "Breslau" henviser til det gamle navnet på byen Wroclaw. For nokre hundre år sidan skal området ha vore åstad for ei rekkje groteske drap, og desse skal da ha vore ein slags inspirasjon til ei moderne utgåve, som ein eller annan luring har funne ut kunne være god(?) filmunderholdning.

Handling:
Vi vert kjent med etterforskar Helena Rus, som er alt anna enn ein A4-politi. Ho har sine eigne utfordringar her i livet, er eigenrådig, og arbeider på ein avdeling med komplett uduglige politifolk. Spesielt er leiaren, ein statsadvokat, mest oppteken av å ta selfies og å komme på TV, såsant han ikkje smugdrikk vodka.

Midt i dette lite motiverande miljøet dukkar det opp eit underleg drapsoffer; Ein mann vert funnen død, innsydd i eit okseskinn. Dette skjedde medan mannen var i live, og som ein ekstra bonus så fekk han svidd inn bokstavar i huda, deretter kvalt i innsydd kuskinn.
Så skjer det  eit mest like barbarisk drap neste dag, til samme klokkeslett. Til alt hell får Helena hjelp fra ein om mogleg enda meir uortodoks etterforskar fra Warzawa, og saman må dei prøve å finne ut kven den hensynslause drapsmannen kan være. Etter nitidig etterforskning, som varer i fleire minuttar, finn dei ut at det vil skje liknande hevndrap kvar dag resten av veka, til samme klokkeslett. 
Alle drap vert ganske så kjapt og kløktig kopla saman med middelalderdrapa som herja byen nokre hundre år før, derav filmtittelen, sant?


Og slik går no resten av veka. Det eine meir makabre drapet enn det andre. Maltrakterte lik som vert obdusert av kjeksspisande patologar og kjederøykande politifolk som tek selfies med nevnte maltrakterte lik. 

Joda.

Dette er ikkje filmen som skal redde kloden. Knapt nok kan den redde noko som helst, utanom at vi kan få med oss nokre oppfinnsomme drap som ei slags underholdning på ein januarkveld.
Faktisk var eg på nippet til å gi filmen ein skral toar på terningen, fram til ein småfiffig plot-twist på slutten heva filmen ein hakk.

INGENTING i denne filmen har eit snev av å framstå som truverdig eller sannsynleg. Politifolka er dumme som brød, med eit unntak av Helena. Til gjengjeld ser ho ut som, og oppfører seg som alt anna enn ein lovens utøvar.

Er det ein god film?
Nei.

Ingenting er skummelt. Kun usannsynleg groteske og oppfinnsomme drap hevar dette opp fra gjørma, saman med  den nevnte plottwisten. "Breslaus plager" er ikkje utan underholdningsverdi, men hjernedødt er det jo. Til dei grader.

Så, hvis du liker heilt blåste og grotesk krimrør fra Polen, så da er dette noko for deg. For den meir "normale" filmtittar; Styr unna.

Ein svak trear, kun berga grunna slutten.