mandag 30. mars 2020

Knut ser gamle filmer om igjen: "Tightrope"

Clint Eastwood er kanskje mest kjent for "Dirty Harry", men andre figurar han har framstilt tiltaler meg adskillig meir.
Den såkalla "Gode" fra tidenes(?) spaghetti-western "The good, the bad and the ugly" er min personlege favoritt.
Men i 1984 kom Clint med denne vesle perla, "Tightrope".
Tightrope film.jpg
Iallfall var det ein spennande krimsak med innslag av film-noir og ein gal seriemordar på hevntokt den gang for 36 år sidan, første gang sett ein fredagkveld i Steinkjer kino.
Tilfeldigvis gikk denne på MAX her ein kveld, og det kunne jo være spennande å sjå om Clint, nå i rolla som aleinepappa og kinky politimann i New Orleans framleis holdt koken.

Eastwood spelar hovedrolla, og produserte, "Tightrope", som på norsk fekk tittelen "På stram line",ein nesten to timar lang krimsak, der også hans da 12 år gamle dotter Alison har ein birolle som...ja...dotter hans.
Clint, med rollenavn Wes Block, må etterforske ei rekkje brutale drap på prostituerte, og etterkvart kjem drapsmannen nesten uhyggeleg nær Wes, på så mange vis.
Block er nemleg ein flittig brukar av dei nemnde prostituerte, og har også ein trang til å lenke dei fast med håndjerna sine, evt. binde dei fast med slipset sitt.

Drapsmannen kjem altså nærare og nærare, kven veit om det ikkje har ein samanheng?

I ei viktig rolle treffer vi også Genevieve Bujold i rolla som Beryl. Ho hjelper kvinner til å unngå voldtekter i form av sjølvforsvarskurs.
Wes og Beryl vert såleis godt kjent med kvarandre, muligens er ein liten romanse på gang, til tross for førstnemnde sine tendensar til å dominere sine "bekjentskap".


Mange krimfilmar er søppel. Det er stort sett ikkje eit snev av realisme i nokon av dei, og Wes Block gjer ikkje mykje anna på dei stadige åstadene enn å øydelegge spor. Men det betyr nå ikkje all verden, dette er film, ikkje ein slags dokumentar om korleis politiet skal te seg på ein åstad. La oss berre konkludere med at dersom det hadde vore slik fatt i ei VERKELEG sak, så hadde det neppe blitt oppklart eit einaste drap her i verda.
Filmen var spennande i 1984. Og utruleg nok held den ein brukbar standard enda. Ja, dei leser aviser, bruker hustelefonar og røyker innandørs, men det får stå sin prøve.
Eastwood gjer ein svært god figur som drapsetterforskar med småperverse tendensar og Bujold gav her ein god forsmak på den creepy saken "Dead Ringers" som skulle komme nokre år seinare.
Men hatten må også av til Alison Eastwood i rolla som Amanda Block. Eit utvilsomt talent, som satsa på andre levebrød enn berre skodespelarjobben og eit kjent etternavn.
"Tightrope" er framleis ein spennande krimfilm, med "noir"-stemning, og ein heilgal drapsmann, som vi ikkje får sjå særleg mykje til.
Det er nesten synd at Eastwood (Clint altså) ikkje brukte meir tid og energi på denne rollefiguren framfor den meir eindimensjonale Harry Callahan.

"Tightrope" var, såvidt eg har forstått, ein brukbar publikumssuksess, og har også ein god score hos kritikarane.
Konklusjonen må bli at det fins langt verre ting å ta seg til ein laurdagskveld enn å sjå denne saken om att.

Hyggeleg!

Bilderesultat for terningkast 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar