fredag 20. mars 2020

Knut ser gamle filmer om igjen: "Heavy Metal"

Heavy Metal er ikkje berre ein høgt elska og like forakta musikkgenre. Det er også eit amerikansk tegneserieblad som første gang vart utgitt i 1977. Dette er ikkje tegneserie ala Donald, Smørbukk, Fantomet og Sølvpilen akkurat, neida, men litt om det seinare.
Heavy Metal (1981).jpg

I 1981 fant ein nøkkelperson i bladet, eller magasin er vel ei rettare betegning, ut at ein film kunne være ein god ide. Ein heilaftens spelefilm basert på tegneseriemagasinets høgst varierte univers, og som sagt, så gjort.
Dette var lenge før det fantes noko som heitte "green-screen" og andre fiffige effektar som vi kan sjå i einkvar middels spelefilm nå til dags, så det måtte tegnast. Mykje.
Eit kobbel med folk vart henta inn for å lage 90 minuttar med smått forvirrande handling; Ei rekkje korte fortellingar som ved første augekast kan framstå utan samanheng i det heile teke. Første gang eg såg denne, for ein heil del år sidan nå, så satt eg att som ein dust: Kva i helsike hadde eg akkurat sett?
Men nå, årevis etterpå, så forstod eg faktisk litt meir.
Ein sein coronakveld fekk eg somla meg til å dra igjennom nesten 40 år gamal canadisk animasjon, om sci-fi, fantasy, horror og sjølvsagt nokre nakne damer her og der. Akkurat som i bladet altså.
Men framleis i tegna versjon.

Ein tråd i filmen er ein slags grønn rar stein fra "outer space" som kan gjere folk ille. Den er som ein sci-fi versjon av Ringen til Sauron, forheksar alle som kjem nær.... oioioi kor skummelt....
Gjennom dei før nemnde korte fortellingane så møter vi vettskremte småjenter, kule taxisjåførar, pilotzombiar og sjølvsagt ein bråte avkledde tegneseriedamer med enorme pornoboobs, for dei som liker slikt.
Nokre av fortellingane er skumle, nokre er komplett surrealistiske, nokre er rein skrekk, men til slutt får vi altså alt samla når heltinna dukkar opp 10 minuttar før rulleteksten kjem, i delen "Taarna". Heltinna er stum, blond, iført alt anna enn krigarantrekk til tross for at ho altså er ein supersoldat, og flyg omkring på ein slags gigantisk papegøye.

Om ho reddar verda? Såklart. Ved å ofre seg sjølv, vel og merke etter at ho har fått på seg att dei minimale klesplagga som passande nok vart fratatt ho fem minuttar før.


Heavy Metal er ikkje ein film for barna som skal sjå tegnefilm i bursdagsselskapet. Noko seier meg at reaksjonane i heim og hytte hadde blitt rimeleg heftige dersom den håpefulle hadde kome heim fra pølse og kakebursdagen og fortalt om filmen:
"Mamma, pappa, vi såg ein kul film der nakne damer slåss mot zombiar!"
Dette er ein film for voksne fantasyfans.
Og ikkje minst; For dei som liker musikkforma Heavy Metal fra ca. 1980.
For det er filmmusikken som faktisk er det beste ved heile greia. Dessverre er den litt for nedtona, men det kryr av kjende band som utfoldar seg: Black Sabbath, Nazareth, Riggs, Journey, Sammy Hagar, Blue Oyster Cult, Grand Funk, Cheap Trick, samt nokre som ikkje er heavy metal i det heile tatt, så som Don Felder fra Eagles, Stevie Nicks fra Fleetwood Mac og av alle; Devo(!)

Eg kjøpte, eller fikk i julepresang faktisk, dobbeltalbumet med filmmusikken. Trur det var jula 1981, og det er eit av mine mest spelte plater nokon gang. I dag fins det eit lite og visstnok voksande marked for vinylplater igjen, så da kan eg skryte av å ha denne.
Mykje av musikken er å finne på Spotify, men dessverre ikkje Riggs sine to låtar, som sjølvsagt er to av dei beste også.


Men er filmen god i dag?
Teknisk har svææææært mykje skjedd sidan 1981. Og det synes godt. Det ville også vore svært umusikalsk å framstille alle damer som lett/av-kledde objekt/heltinner i 2020. Heldigvis.

Vi må innsjå at Heavy Metal i dag er eit nostalgisk tilbakeblikk på ein filmgenre som nok aldri kjem tilbake, og heller forstå tida og kulturen den vart laga i, nesten som med "Tintin i Kongo".

Handlinga er ikkje så forvirrande ved eit nytt gjensyn, men alt i alt så framstår filmen som ein slags merkverdig og ikkje akkurat lett fordøyeleg sak. Eg vil påstå at tegneseriemagasinet kan være mykje lettare å forstå, og nevner sjølvsagt min favorittserie om Druuna, som kan kjøpast i "samlede verker" på t.d. Outland.
"Waters of Deadmoon" var ein anna serie eg leste fast for ca. ein million år sidan, men kan ikkje erindre å ha sett denne i bokform. Denne postapokalyptiske perla burde være mulig å få tak i på eit eller anna vis...


Oppsummert:
Eit hyggeleg og bedre gjensyn med noko som eg frykta var ... møl.....
Og musikken da. Oh yeah...


Bilderesultat for terningkast 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar