lørdag 7. mars 2020

Knut ser gamle filmer om igjen: "Amadeus"

Da skal vi ta eit laaangt hopp fra skrekkgenren i denne spennande serien "gamle filmar om igjen".
Har akkurat sett igjennom Milos Formans episke musikkdrama fra 1984 om kanskje den største komponist gjennom alle tider: Mozart, og hans langtfra dokumenterte rivaleri med den i dag ukjente italienske komponisten Salieri.

Amadeusmov.jpg

"Amadeus" fekk strålande kritikkar da den kom ut for 36 år sidan, og vant bl.a. heile åtte Oscars, ikkje minst til ein av dei to hovedrolleinnehavarane, F. Murray Abraham i rolla som Salieri.
Den andre hovedrolla, som Mozart himself, vart spela av Tom Hulce, og han var sanneleg også nominert i same kategori.

Men tidene endrar seg; Er dette framleis eit storslått musikkdrama?

JA.


Litt om handlinga:

"Amadeus" tek for seg myta om det nemnde rivaleriet, og Salieri som ikkje kan komme over at Gud hadde gitt dette utrulege talentet til ein ung, dameglad drukkenbolt av ein ungdom, dvs. Mozart.

Filmen er ei slags fortelling, eller skrifting på katolsk, fra da Salieri ligg på det siste på galehuset. Han fortel presten om korleis han eigentleg tok livet av geniet Mozart som eit ledd i hans kamp mot Gud.
Gjennom tilbakeblikk får vi sjå korleis dei to møttes i Wien, i det keisarlege palass, og vi får sjå korleis Salieri stadig konspirerer mot Mozart, som på si side reknar Salieri som ein slags mentor og eit holdepunkt i eit stadig meir utsvevande liv.
Kone, far, venner.... alle vert nærast offer for Mozarts destruktive levesett, samt dei nærast umennesklege krav han stiller til seg sjølv og arbeidet sitt.
Han sjølv vart det største offeret dog.

Den geniale Mozart tryllar fram det eine meisterverket etter det andre gjennom filmen, musikkstykke som står seg den dag i dag, over 230 år etter komponistens død. Han vart kun 35 år gamal, og i filmen havnar han i ei slags kommunal massegrav, ein regnfull vinterdag. Dette er imidlertid fiksjon, og eit filmatisk grep.

Kven har i dag høyrt om Salieri?
Tja, ingen?

Filmen var eit meisterverk i 1984, og står framleis som ein påle. Dette er eit fantastisk stykke kunst, med skodespelarar i ultraklassen på alle frontar. Kostymer, omgjevnader, regi, replikkar.... alt er makelaust bra.
Og likevel; Det er musikken som er det store her. Eller største får ein vel sei.

"Amadeus" fekk ei veldig god mottaking da den kom ut, framleis held dette episke musikkdramaet koken, og til tross for at den altså varer i to timar og tjue minuttar, så er det ikkje eitt kjedeleg sekund.

Eg tør påstå: Hvis du ikkje har sett denne, og reknar deg som over filminteressert, ja da har du faktisk ein jobb å ta fatt i.
Dette er eit must for alle med eit snev av genial musikk, drama, kostymer og da som nevnt; Skodespelarar på aller øverste hylle.

Bilderesultat for terningkast 6

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar