fredag 6. mars 2020

"I am not okay with this" - serieomtale

Ny såkalla "web-serie" kom ut på Netflix nå i slutten av februar.
Serien er basert på tegneserien av samme navn, men den er ukjent for meg iallfall.
Sesong 1 består av sju episodar på ca. 25 minuttar kvar.

I Am Not Okay with This Title Card.jpg

Vi møter 17-åringen Sydney, (Sophia Lillis, sist sett som Bev i den nifse remaken av "It) som bur i ein Stephen King-aktig småby saman med mor og lillebror. Faren er død, han tok sitt eige liv året før.
Sydney slit med depresjonar og mildt sagt vekslande humør.
Ho har ei god venninne, Dina, og vert etterkvart også bedre kjent med Stanley som bur i nærleiken.

Gjennom tunge tider vert vi kjent med Sydney som etterkvart byrjar å oppdage nye og høgst uante sider ved seg sjølv; Ho får innimellom, når sinnstilstanden er på visse stadium, ein slags overnaturleg evne. Det kan være seg å kaste småstein hardt og langt, få bowlingkuler til å løfte seg, eller den meir dramatiske varianten; Få trær og bokehyller til å velte.

Dina får etterkvart ein ufordragleg kjæreste, og trekantdramaet utvider seg til firkant og femkant, dvs. litt sidesprang høyrer visst med.

Medan livet går sin skeive gang for Sydney, kombinert med adskillige doser weed fra Stanleys butikk, vert vi også gradvis kjent med hennar avdøde far. Kva var det som fikk han til å ta livet sitt? Kan Sydney forvente å finne ei forklaring, og kven i all verda er den litt underlige skapningen som dukker opp på seine kveldar?


"I am not okay with this" er kanskje først og fremst ein ungdomsserie, men den har element i seg som kan fenge oss med litt interesse for meir uforklarige tema på film.
Serien har fått 16-årsgrense, og da skulle ein vel tru at det var vold eller sex med i bildet?
Men nei. Det er knapt noko av delene.
Det som må ha fått sensuren til å sette 16-års grense på denne, må være den hyppige bruken av ordet "fuck". Det vert brukt støtt og stadig. Forutan dette er ikkje serien så skummelt, men litt spennande er det jo. Dessutan: Det er småmorsomt å sjå kleine ungdommar ute på første date.

Ja, og så har vi avslutninga av heile serien da.

Be prepared! Den vil komme som ei....bombe....

Så, skal du slå ihel nokre timer i helga, så kan denne serien fint anbefalast. Lillis gjer ein svært god figur som den einstøaktige Sydney, og ho bidreg også med fortellerstemme som passar godt.
Det er å håpe at det vert ein sesong 2 også, det er iallfall lagt opp til at så kan skje.

Serien har fått gode kritikkar, og det er på sin plass. Kunne kanskje ønska meg litt lengre episodar, men til gjengjeld gjer formatet det svært enkelt å få med seg mykje på kort tid.

Bilderesultat for terningkast 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar