mandag 24. februar 2020

Slipknot i Telenor Arena - konsertmelding

Konsert er alltid skøy. Så lenge det er bra musikk. Eller; Det treng ikkje være så bra musikk ein gang for å ha ein viss sans for det som skjer på scena. Eit døme på det er for ein del år tilbake da eg fekk oppleve Aqua (!!!) live i København. Kven skulle vel tru at dette dansk/norske tegneseriebandet kunne ha eit snev av kvalitet i seg? Men det hadde dei faktisk!

Undra si tid var ikkje over likevel.


Men vi skal over til Slipknot i Telenor Arena nå lørdag 22.2.2020. Nesten utsolgt, iallfall var det rimeleg fullt i hallen. Til alt hell var arenaen delt opp, slik at kun halve hallen vart nytta, "Hell" fordi da kunne lyden kanskje være bedre enn da eg var der med Metallica i 2018?

Neida. Men eg skal komme tilbake til temaet "lyd".

Slipknot har holdt det gåande i over 20 år nå. Dei har hatt sine problem, med dødsfall, konfliktar innad i bandet, ein viss destruktiv livsførsel og andre  trasige saker.
Dei slapp sitt nyaste album "We are not your kind" nå i fjor høst, og da var det fem år sidan forrige plate. Den siste utgjevinga har fått gode kritikkar, og personleg har eg særs sans for "All out life", ikkje minst er videoen knasbra. Og skummel. Ein musikkvideo med Slipknot er gjerne kombinert skrekkfilm og metal på ein gang, og ein bedre blanding kan ein vel neppe få?










Oppvarmingsbandet var det polske deathmetalbandet Behemoth, men eg liker ikkje slike greier, så dei skippa vi glatt.



Eg hadde ikkje sett føre meg at Slipknot skulle samle såpass mykje folk, men kvalitetsmusikk går openbart ikkje ut på dato. Dei fleste i publikum må seiast å være "voksne", dvs. 30-40 år, samt nokre yngre og  oldisar slik som oss.
Kl. 2100 vart lyset dempa, etter pausemusikk beståande av bl.a. disco-funk-bandet Kool & the gang, og AC/DC sin "For those about to rock" satte i gang.
Og midt i denne, så kom så Slipknot på scena. "Unsainted" var opningsnummer, svært passande!

Men noko var galt: Lyden. Og det betyr ein god del når ein er på konsert.
Bortimot håplaust, skulle dette bli Metallica ein gang til?
Synd at ein så stilig låt blir øydelagt av skral lyd.

Vel, energien til bandet skal iallfall ingen klage på. Det er ganske så hektisk til tider, og med eit par nye figurar på plass (Bandet består av ni maskerte skapningar), så er iallfall føresetnadane for MASSE lyd til stades.
For masse lyd var det, om enn dei kunne guffa opp volumet ein del hakk til for min del. Men bandet er tett, dyktig og intense som få.

Det strøymde på med ubroten metal i tre nummer, før vokalist Corey Taylor snakka med publikum. Det gjorde han forresten veldig mykje, og sjølv om det er ein del fraser, så verkar det som han meinte det også. Tross alt er dette levebrødet deira, og uten eit godt forhold til fansen, så er det kroken på døra. 
Litt kunstpausar innimellom, noko seier meg at det vert rimeleg hektisk og ikkje minst; VARMT, å spele med desse maskene. Dessutan kan ikkje bandet skuldast for å stå passive på scena.

Lyden var framleis like skral, iallfall for oss oppe på tribuna, men nokre meir kjent sangar kunne vi da dra kjensel på: Psychosocial  og ikkje minst Duality, som alltid er ein vinnar.

All out life, som er vorten ein personleg favoritt på kort tid, kom også.

Så, etter ein time og 20 minuttar så var bandet "ferdige". Det var dei sjølvsagt ikkje, for nokre ekstranummer var det sjølvsagt plass til.
Meir ros fra vokalist Taylor, med innlagt "fuck" i minst kvar setning.
Og etter 1 time og 40 minuttar, så var det slutt. Litt kort etter min smak, spesielt ettersom eg ikkje fekk høyre den fantastiske The devil in I. Det var litt skuffande.

LITT skuffande er ikkje dekkande for lyden i Telenor arena. Denne idrettshallen bør kuttast ut som konsertarena, jo før jo heller. Det einaste den dug til er å irritere oss som er komne for å høyre musikk. Eit knallband, som også med Metallica i 2018, vart øydelagt av dårlege lydtilhøve.



Men litt om bandet: Det er som sagt NI mann. Spør du meg, så kunne vi nok klart oss fint utan dei to ekstra perkusjonssetta som var heva opp, samt den litt kortvokste mannen i kappe og hette som laga "tekniske" lydar. Ein sekstett beståande av vokalist, keyboard, bass, to gitarar og trrrrrommer hadde holdt lenge. Men det hadde sikkert ikkje sett så kult ut da. Dessutan er den eine perkusjonisten ein nøkkelfigur i bandet og ein av grunnleggarane.
Gitaristane er svært solide, ingen skal ta fra metalgitaristar dei tekniske kvalitetane, og det same kan seiast om bassisten, som er heller ny i bandet. Keyboardisten med den nifse "nagler gjennom hovudet"-maska er forbausande anonym, men den som ikkje er anonym er bandets yngste; Trommis Jay Weinberg imponerte enormt. Sist eg såg han, så var han vikar for fader Max Weinberg på Koengen i Bergen. Da spelte han saman med Bruce Springsteen, men dette er altså noko heilt anna.

Max og Jay kan du forresten sjå i dette fine innslaget.


Oppsummert:
Med Slipknot har eg eigentleg fått med meg dei fleste av band som eg kan tenke meg. Eit lite spørsmål ved Rammstein, som jo skal ha ein ekstrakonsert i Trondheim i sommar, og eitt ved Red Hot Chilli Peppers, hvis det ikkje var for at vokalist Keidis visstnok er ein humørsjuk arrogant nisse som vi aldri veit kor vi har.
Det som var bra var engasjementet til bandet. Frontfigur Taylor har eit enormt stemmeregister, som ikkje kom til sin rett i lydgrauten, og den kanonbra trommisen såklart.

Det som ikkje var såååå bra var at konserten godt kunne ha vart litt lenger, og at dei ikkje framførte nevnte "The devil in I".
Lyden trekker også ned eitt auge på terningen, men det er nå ikkje bandet sin feil.

Alt i alt: Ein svært hyggleg kveld med gode venner, eit par øl og burger som forrett, samt ein god dose metal som hovedrett. Desserten skippa vi.

Bilderesultater for terningkast 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar