lørdag 8. februar 2020

Knut ser gamle filmer om igjen: Terminator

"Alt var bedre før", seier vi gjerne.
Etterfulgt av "nei, nå er det så ille blitt"

Stemmer det?

I vår nye spennande serie "Knut ser gamle filmer om igjen", skal vi ta for oss filmar som ALLE sikkert har sett ein eller annan gang. Teknologien har gjort enorme framsteg på filmfronten, som alle andre plassar, og så får vi sjå da; om det verkeleg er slik at ALT var bedre før.

Første film ut er fra 1984, og den var veldig populær den gang. Eg såg den igjen her ein kveld...

Terminator1984movieposter.jpg

"The Terminator" er Arnolds STORE gjennombrotsfilm. Han hadde rett nok vore med i fleire filmar før denne, bl.a. eit par filmar om Conan (dei bør unngås), og halvbiografiske filmar om hans liv som kroppsbyggar og muskelmann.

For den som ikkje har sett "Terminator", så handlar den i korte trekk om Arnold som spelar ein cyborg av den onde typen. Han vert sendt tilbake i tid fra 2029 for å jakte på Sarah Connor (Linda Hamilton) ei ung servetrise i Los Angeles.
Som beskyttar får Sarah den tøffe soldaten Kyle Reese (Michael Biehn), som også er sendt attende fra 2029, men sjølvsagt av dei "gode", dvs. dei få overlevande etter at maskinene har overtatt jorda. Det var nemleg ein atomkrig nokre få år etter 1984, og Los Angeles i 2029 er kun ein mørk ruin, der menneska må gøyme seg for dei fæle maskinene.

Onde Arnold er programmert til å øydelegge Sarah for einkvar pris. Han er ei maskin med menneskeutsjånad, sterk, tåler nesten alt, og tek ingen hensyn for å fullføre oppdraget sitt.


Handlinga og plotet i filmen er faktisk veldig bra, men nå ser ein kor lite budsjett dei hadde til rådvelde dengang. Oioioioi, det ser vi godt i dei meir "tekniske" effektane.
Men alikevel; Dette er ingen dårlig film. Til tross for Star Wars-aktige skytevåpen i 2029-sekvensane, og ein aldeles redselsfull synthmusikk/effektmakeri som lydbilde, så er dette lett underholdande.
Vi ser folk i telefonkioskar, folk som røyker innandørs, 80-tals frisyrer, 80-tals moter, ei ung Linda Hamilton og Michael Biehn som står for det meste av replikkar, ja faktisk alt som høyrer med til ein film fra den tid.

Dette er likevel Arnolds film. Sjølv om han seier berre nokre få ord gjennom dei dryge halvannan filmen varer, så er det han som er verdt å sjå igjen. Fra hans "Nice night for a walk", via hans uforgløymelege "I`ll be back", og til "Terminatoren" omsider blir knust, så er dette den onde maskina sin parademarsj mot ein kommande storsuksess.

Arnold var ikkje spesielt kjent i 1984, og derfor kunne han fint spele skummel maskin. Nettopp grunna denne filmen vart han brått ei stjerne, og derfor vart han  sjølvsagt snill robot i oppfølgaren sju år seinare. Innimellom der rakk han fleire filmar, der den beste (?) må seiast å være "Predator" fra 1987.

"The Terminator" ser enkel og billig ut i dag. Skyteeffektane i det som skal være LA i 2029 er regelrett komiske, og musikken/lydeffektane er altså grusomme.
Men likevel er dette er ein sjarmerande liten sak, grunna spenning, eit godt plot, ein skummel, nesten usårbar Arnold, samt skumle framtidsutsikter om eit verdsomspennande datanettverk....

36 år etter premieren duger den framleis som lettbeina underholdning ei sein kveldsstund.

Bilderesultat for terningkast 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar