lørdag 29. februar 2020

Knut ser gamle filmer om igjen: "The Texas Chain Saw Massacre"

Oioioioi. Sjølvaste "Motorsagmassakren", filmen som for alvor satte begrepet "videovold" på dagsordnen ca. 1980, i samband med kornete VHS-filmar og innleigde "Movie-boksar".
VHS og Movie-boks er framandord i dag, men for 35-40 år sidan var dette ganske så vanlege fenomen i norske heimar.
Den mest berykta av alle berykta filmar fra den tid var nok denne, "The Texas Chain Saw massacre".

A white film poster of a man holding a large chainsaw, with a screaming woman fastened to a wall behind him. The writing on the poster says, "Who will survive and what will be left of them?"; "America's most bizarre and brutal crimes!"; "The Texas Chainsaw Massacre"; "What happened is true. Now the motion picture that's just as real."

I denne 83 minuttar lange lågbudsjettssaken fra 1974, regissert av Tobe Hooper, vert vi for første gang kjent med ein av filmhistorias mest kjende figurar innan skrekkgenren; Leatherface.
Han er yngstemann i ein brødreflokk som lever av å selge deler AV dei forbipasserande TIL dei forbipasserande. Saman med storebrødrene driv han nemleg ei slags vegkro, der gjestene kan komme forbi og få seg ein matbit, gjerne ein blodig biff hvis det er ferske kjøttvarer tilgjengleg.

Leatherface, spelt av ein velvaksen islandsk herremann, Gunnar Hansen, er lettare tilbakeståande og må utføre alle drittjobbane i familiebedrifta, dvs. skaffe råvarer til vegkroa.
Ned til dette trøysteslause landskapet på den texanske landsbygda kjem så eit billass med teite ungdommar, derav ein i rullestol.
På vegen har dei tatt med seg verdas verste haikar, som snart vert kasta ut. Men ingen fare, haikaren dukkar opp att.
Dei oppfører seg akkurat så dumt som kun dumme ungdommar i ein skrekkfilm kan oppføre seg, og ein etter ein vert dei fanga, hengt opp på slaktekrokar og nytta som ingrediens i diverse matrettar.


Bon appetit!

Leatherface har eit favorittverktøy, og det er ingen pris for å gjette at det er ei......motorsag!
Denne vert brukt flittig, kjøttet må jo delast opp før tilbereiing.
Til slutt er det kun ei av dei teite ungdommane som er att, og ho skal bestefar i huset få lov til å slå i hjel, for han var jo den beste i faget i si tid.
Dette er kanskje noko av den mest absurde filmscena eg har sett: Ein bitteliten, gamal og sjukleg mann prøver gang på gang å slå det stakkars offeret i hjel med hammar, medan gutane hans står klar med ei sinkbalje under. Men han er så svak at til slutt klarer den sterkt traumatiserte jenta å stikke av.
Etter fleire minuttar hyl og skrik i texansk krattskog, med ein gal Leatherface etter seg, så kjem ho seg omsider unna. Filmen sluttar med at islendingen står og viftar med ei rusande motorsag på ein veg i grålysninga.


Bakgrunnen for filmen kan være verdt å få med seg. På samme måte som "Psycho" er også denne inspirert av fortellinga om Ed Gein, ein gal seriemordar på 1950-talet. Hooper trakk imidlertid dette enda litt lenger vekk fra den ekte historia enn Hitchkock hadde gjort, og plasserte handlinga i ei slags familiebedrift beståande av sprøyte gale kannibalar. Spranget er eigentleg veldig stort fra den verklege Ed Gein, men at vi kan sjå spor av han i denne skrekklassikaren, det kan vi jo forstå.

Det er over 30 år sidan eg såg denne første gang, nettopp på ein dårleg VHS. Forventningane var store, men dei vart vel ikkje innfridd heilt den gang, og DEFINITIVT ikkje nå.
Dette var ein lågbudsjettsfilm i 1974, og det synes.
Mange som uttalte seg om filmens råskap den gang i 1980 har sannsynlegvis aldri sett heile filmen i eitt. Ja, det er ekstremt voldleg, men grunna skolissebudsjettet som filmskaparane hadde til rådvelde, så ser vi ingenting av dette. Vi kan likevel TENKE oss kva som skjer. I våre dagar hadde det ikkje vore problem å lage noko skikkeleg guffent, med kroppsdeler, blod og gørr, men slikt ser ein altså omtrent ingenting av i originalen fra 1974. Knoklar er det næraste vi kjem.

Så, er det ein god film?
Nei. Det er eigentleg ein heller dårleg sak. Skodespelarane er ikkje spesielt bra, for å sei det forsiktig. Den beste er vel Gunnar Hansen, som jo ikkje seier eitt ord i heile filmen, og det burde sei det meste. Lyd og bilde er dårleg, nesten som ein datidas dokumentar. Og da kjem vi nok inn på heile poenget, dvs. det som i si tid gjorde dette til den hyperberykta voldsorgien som mange tok den for; Det ser  EKTE ut. Utan samanlikning forøvrig er sketsjen om Balle Klorin og Supperådet noko som kan minne om "Motorsagmassakren"; Enkelt, billig, rått og kornete vert tilsaman  EKTE.

Dette er ikkje ein film for Hvermannsen. Det er ein film for spesielt interesserte, og eit must for einkvar med meir enn gjennomsnittsinteresse for skrekk og grøssar. Hvis du ikkje har sett den, så vær ikkje redd for blod og gørr, slikt ser du omtrent ikkje, iallfall ikkje samanlikna med våre dagars blodorgiar. Men den gufne stemninga er der, og det er det som gjer The Texas Chainsaw Massacre til den milepælen innan genren som den er, sjølv om det tilsaman er ein heller middels film synes eg.

Den fekk forøvrig ei rekkje med oppfølgarar, bl.a. ein heilt hjelpelaus nr. 2 i 1986 ("After a decade of silence, the bzzzzz is back"), ein reboot for ein del år sidan, samt prequel her og oppfølgarar der. Eit heilt lite univers vart altså skapt, på bakgrunn av ein lågbudsjettsfilm som drog inn mange, mange, mange ganger budsjettet sitt. Eg trur det er laga ein sju-åtte filmar i alt, og eg har hatt "gleda" av å sjå fem av dei. Ingen av dei er spesielt bra, berre så det er sagt.

Bilderesultat for terningkast 3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar