fredag 21. februar 2020

Knut ser gamle filmer om igjen: Shogun Assassin

Da skal vi til Japan for å sjå på ein av videovold-debattens verkeleg heite poteter, nemleg "Shogun Assassin", utgitt i 1980, men det er eigentleg to filmar fra 1972 som vart klippa og redigert til ein. Denne utgåva vart så berekna for det engelsktalande markedet, derav dubbing til engelsk.
ShogunAssassin.MoviePoster.png

Vi som har levd ei stund hugsar sikkert noko som heitte "videovold". Dette var i VHS-kassettane sin barndom rundt 1980, da det brått opna seg ei heil ny verd med nye, utanlandske filmar, gjerne med meir action, vold, sex og drap enn vi var vande med fra datidas TV-monopol.
Vi fekk endatil ein eigen betegning på dette, "videonasties", som var ei rekkje voldlege saker, gjerne fra Italia (Zombie og kannibalfilmar), eller som denne fra Japan, ein samuraifilm som altså var klippa saman av ulike nesten 10 år gamle filmar.
"Shogun assassin" må ikkje forvekslast med ein TV-serie som gjekk på byrjinga av 1980-talet, "Shogun". TV-serien var ein snill og påkosta sak samanlikna med "Shogun assassin".


Eg såg denne første gang ca. 1982/83, og det var felles oppfatning i venneflokken om at dette var kanskje det mest hypervoldlige vi hadde sett. Oj, så fælt og blodig det var!

Så da nytta eg sjansen her ein dag, da eg faktisk kjøpte denne på DVD for nokre år tilbake, men ikkje har fått sett før nå nyleg. Filmen var billig i innkjøp, men nostalgi kan jo ikkje målast i kroner.


Handling:
Vi treffer ein liten gutt, Daigoro, som vert trilla rundt i vogna, av sin far, meisterdrapsmannen Lone Wolf. Lone Wolf har fallt i unåde hos den mektige shogunen som i praksis styrer Japan på denne tid, antaglegvis eit par hundre år sidan.
Lone Wolf er enkemann, da shogunens leigemordarar har tatt livet av kona hans, og nå er dei på leit etter vår helt.
Meisterdrapsmannen er imidlertid ikkje så enkel å få has på, til tross for at han er gåande åleinefar ute på vegen stort sett gjennom dei samtlige 90 minuttar filmen varer.
Det er nå ein gang slik; Er du meistermordar, så er du meistermordar!

Lone Wolf må altså forsvare seg mot eit hopetall av drapsmenn, alt dette medan han er på hevntokt. Konas død må hevnast!


Lone Wolf og Daigoro møter ein mildt sagt lett blanding av fiendar og snikmordarar gjennom filmen. Iblanda hevntoktet er det også nokre opprørarar som skal styrte shogunen, men desse er eigentleg berre med i filmen for å få opp drapstala samt å få nokre kuuuule drapsscener på plass.



Gudane må vite kor mange som blir kappa i små og store bitar med sylskarpe samuraisverd i denne filmen, og som eit supplement treffer vi også drapsmenn med ei rekkje andre snedige våpen. Eg trur ikkje nokon av dei overlever dog.


Jada.

Dette VAR ein blodsprutfilm og "videonasty" på øverste hylle i 1983. I dag: Not so much.
Men om ikkje anna, så er det fullt mogleg å le av dei hopetall av urealistiske drapa, og av dei enorme blodspruteffektane som får meg til å tenke:  "Kor stort trykk var det i dei blodårne eigentleg?"
Omtrent ingen av drapa ser eit snev av ekte ut. Kanskje dette var sjokkerande i 1980, men i dag er det altså berre ufrivillig komisk. Blodet er ikkje i nærleiken av å sjå ekte ut, kroppsdeler flaksar over skjermen som forvirra kråker, og INGEN av dei kan heller seiast å sjå ein SMULE realistisk ut. Leftovers fra næraste utsillingsdokkefabrikk er vel det mest passande ein kan komme på.


40 år etter at "Shogun assassin" kom ut, så er den like sjokkerande som eit Donaldblad. Den duger som ufrivillig komikk, og kan, med snille auge, sjåast på som eit tilbakeblikk fra ei tid da det skulle lite til for å sjokkere moralistar.

Bilderesultat for terningkast 2

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar