fredag 21. februar 2020

Knut ser gamle filmer om igjen: Psycho

Har du sett "slasher"-filmar? Som Halloween, Friday 13th. for å nevne to kjente og nå etterkvart gamle eksempel?
Vel, skrekk og grøssargenren hadde aldri blitt det den er i dag hadde det ikkje vore for Alfred Hitchcocks svart/kvitt sak fra 1960 (!), the one, the only; "Psycho".
The poster features a large image of a young woman in white underwear. The names of the main actors are featured down the right side of the poster. Smaller images of Anthony Perkins and John Gavin are above the words, written in large print, "Alfred Hitchcock's Psycho".
Ein kontroversiell film på så mange vis da den kom ut, og innspelt på labert budsjett. Den fekk også like laber mottaking av kritikarane rett etter premiera, men dro inn så enorme pengesummer at kritikarane ombestemte seg.
I dag er "Psycho" ofte nevnt som ein av tidenes beste filmar, men er den verkeleg det? 38 år etter at eg såg denne for første gang (på språkreise i England), fikk eg gleda av å ta ein kikk her ein kveld.

Som sagt er "Psycho" ein grøssar, og det var slett ikkje berre voldsscenane som skapte oppstuss da den kom ut i det puritanske USA for 60 år sidan.
Vi får bl.a. sjå eit toalett, der vatnet vert tappa ned (OIOIOIOIOI!), noko som skapte stor baluba av ein eller annan uforståeleg grunn kan vi sei i dag.
Vi får også oppleve ei dusjscene, der drapet sikkert var ille nok, men det at vi (nesten) fekk sjå ei naken dame i nevnte dusj var også hyperkontroversielt.


Handling:
Vi treffer innleiingsvis Marion Crane (Janet Leigh) som gjer eit grovt underslag fra arbeidsgivaren sin, og rømmer for å være med kjærasten sin. Ho får imidlertid kalde føtter, angrar og vil tilbake til byen for å ta si straff. Ho må berre ta ein avslappande dusj først.
Det avsidesliggande motellet der Marion har tatt inn, Bates motel, vert dreve av ein litt sær type, Norman Bates (Anthony Perkins), som forutan å være motellvert også stoppar ut fuglar og pleier si gamle mor.
Etter ei av filmhistorias mest berømte/berykta drap, så ser vi ikkje snurten av filmens store stjerne Leigh igjen. Hitchcock tok livet av det einaste kjente navnet han hadde på rollelista si, før halvparten av filmen var gått. Dette var enda eit kontroversielt trekk, og ikkje så reint lite genialt, sett i ettertid.
Men, Marion har pårørande, søstra Lila, og Sam, Marions kjæraste. Dei byrjar å etterforske forsvinninga på eiga hand, da privatdetektiven dei leigde fekk møte Normans mor på toppen av trappa...
Kva finn så dei etterlatne av spor og ugjerningar? Ikkje så reint lite skal det vise seg.


Eg var ein smule skeptisk før eg såg igjen denne, men det var ubegrunna. "Psycho" var, er, og kjem i årevis framover til å være ein trendsettar og eit banebrytande verk innan skrekk og grøss.
Nei, det går ikkje unna i hyperfart. Nei, det er ikkje hopetall med drap og kroppsdeler som flyg over skjermen, men det er ein guffen og ekkel creepy stemning gjennom dei knappe 110 minuttane filmen varer. Etter min smak vil det sei: Slik som ein grøssar SKAL være.
Sjølvsagt er det ting å utsette, og allereie i 1982 likte eg lite den ganske så amatørmessige figuren i gyngestolen der nede i kjellaren. Den såg ut som ei dokke for snart 40 år sidan, og ser definitivt ut som ei dokke i dag. Dette trekker eitt auge på terningen åleine.


Duger "Psycho" i dag?

JA.

Det er forutan grøssande stemning, og nokre få BØ!-scener som kvikkar opp, eit nostalgisk blikk på ei tid med skrivemaskiner, telefonar, kontantar, store bilar, og eit økonomisk system med heilt andre summar enn vi kjenner i dag. Og så har vi nokre uforgløymlege scener. Dusjscena er nevnt, privatdetektiven i trappa og greia i kjellaren likeså. Men det som vi verkeleg bør legge merke til er kameraføringa. Både i dusjen, og ikkje minst det første klippet av ei død Marion. Dette er kunst.

Til slutt må det nevnast at filmen er basert på boka av samme navn, av forfattar Robert Bloch. Bloch var visstnok inspirert av fortellingane om Ed Gein, ein gal seriemordar på 1950-talet, som også gav spiren til filmen "The Texas Chainsaw Massacre" som kom ut i 1974, meir om den ein annan gang.

Konklusjon:
Heile 60 år etter at den vart laga, er "Psycho" framleis eit meisterverk, dog med eitt unntak; den nevnte figuren som Lila finn.
Dusjscena er kanskje verdas mest kjende minutt på film, etterapa og parodiert utallige ganger, men den fekk millionar av folk til å dusje utan forheng i årevis etterpå.
Hvis du framleis ikkje har sett eit av filmhistorias viktigaste og mest innflytelsesrike filmar, så er den å finne på Netflix, HBO, Viaplay eller kor det enn var eg såg den.

PS: Filmen vart nyinnspelt i 1998, og den versjonen må unngåast for einkvar pris.

Bilderesultat for terningkast 5

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar