fredag 21. februar 2020

Knut ser gamle filmer om igjen: "Himmel og helvete"

Oh.My God.
Norsk megakalkun fra 1969. Ein av det årets mest innbringande filmar på den norske kinomarknaden er altså denne 95 minuttar lange "narkotika-filmen", med Lillebjørn Nilsen og Sigrid Huun i hovedrollene som snill og uskuldig vestkantungdom.
Dei går fra å være badmintonspelande sunne, friske ungdommar, til hallik og hore i Køben i løpet av nokre veker fordi dei prøvde hasj.

Bilderesultater for himmel og helvete

I 1969 stod moralismen sterkt, dette er berre nokre få år etter at narkotikalovgivinga vart stramma til nokre hundre hakk. Heilt fram til 1965 kunne bestemor kjøpe cannabisolje på apoteket, men så fant nokre smartingar ut at dette måtte forbys, og vipps! så eksploderte interessa for hasj, i takt med datidas "sex, drugs and rock`n roll".
Som eit ledd i 1960-talets moraloppbygging, så vart denne filmen laga, slik at ungdommar skulle skremmast fra å prøve "narkotika".
Korleis det gjekk? Ikkje særleg bra.

Handling:
Vi treffer Eva og Arne, veloppdratt vestkantungdom med sans for kvite klede og pyntlige fritidsaktivitetar som badminton og tennis. Vi er på Vestkanten må vite!
Medan dei lever sine beskytta liv bak rosehekk og velfriserte plenar, så herjar skumle jugoslavar i hovedstaden, berre nokre kilometer borte. Jugoslaven smuglar hasj fra Sverige, og er akkurat så karikert ond som kun ein østeuropeisk dopsmuglar kan være i ein norsk film anno 1969.

På skulen til Arne og Eva er det ein "liberal" ansatt, ein voksen person no less, som hevdar at hasj er ufarleg. Det medfører at våre to uskyldige må prøve, og etter to gangers bruk, så er dei hekta. Dei røyker hasj verre enn hippiane på Woodstock og Willie Nelson tilsammen, og med berre ein diger klump igjen (ein halv kilo?), så kjem det uforgløymlege sitatet: "Ånei, vi er snart tomme for hasj, hva skal vi gjøre nå?"
Vel, som ein opplærande og moralbyggande film, så er det ingen stor løyndom at dette går ikkje bra. Det går til helvete kan ein trygt sei.
Våre unge lovande gir blaffen i skulen, må leggast inn på rusklinikk, finn seg nye (dårlige) venner, og havnar til slutt i København, der dei MÅ prøve nye doptypar. Grunna dårleg økonomi, så må Eva ty til prostitusjon for å skaffe pengar til dop.
LSD blir det siste dei prøver. Filmen sluttar med at Arne trur han kan fly og hoppar ned fra eit hustak, medan Eva ser seg i spegelen som eit flådd vesen.


Som filmhistorisk tilbakeblikk er dette hysterisk morsomt.
Som narkotikaførebygging har det null verdi.

ABSOLUTT ingenting av det som skjer i filmen har eit snev av realisme i seg. Det er 95 minuttar rein propaganda, som ein skulle tru var sponsa av Vinmonopolet for å få folk til å drikke framfor å ty til hasjpipa. Du veit, sprit er jo så harmlaust samanlikna med hasj...
Filmen var ein stor publikumssuksess da den kom ut, og heile skuleklassar vart sendt avgarde på kino for å lære om narkotikaens farer.
Problemet var imidlertid at alt saman var berre rør. Det kan godt tenkast at ein og annan gikk ut av kinosalen litt skremt, men det tok jo ikkje lang tid før alle og einkvar visste at det bildet som filmen skapte var tull og vås.

Men er det da ikkje noko som er bra i desse 95 minuttane?
Jo, Lillebjørn Nilsen og Sigrid Huun gjer faktisk ein brukbar jobb. Det er ikkje deira feil at manuset er som det er.
Det regelrett stygge er framstillinga av utlendingar som narkokyniske monster, med passande solbriller, bart og aksent. I dag ville ein akademikar kalla framstillinga "fremmedfiendtlig".

"Himmel og helvete" har i mange år gått sin sigersgang på diverse filmklubbar, der folk samlast og ler seg skakke over denne ufrivillig morsomme saken. Det er blitt ein av norsk filmhistories aller største kalkuner, etter mi meining overgår den faktisk "Dis". Det seier ikkje så reint lite.


Så, skal du få med deg ein 51 år gamal norsk "klassikar" som ikkje har eit minste strøk av realisme i seg, så lykke til. Heile godbiten ligg ute på YouTube, men vær førebudd; Dette kan medføre tung nesepusting og høge latteranfall.

PS: Vil du lese meir om denne og andre doprelaterte filmar, så er dette ein grei stad å begynne.

Bilderesultater for terningkast zero



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar