onsdag 12. februar 2020

Knut ser gamle filmer om igjen: First Blood

Tenk at det allereie er gått 38 år sidan Sylvester Stallone slapp laus John Rambo på verda.
Og tenk at eg ikkje fikk sjå denne før eg var i militæret i Nord-Norge tre år seinare. Iflg. mine medsoldater var dette den beste film i verdshistoria, men akkurat den påstanden var eg nå ein smule skeptisk til. Hadde vi ikkje akkurat sett "Alien"?

First blood poster.jpg

Etter stor suksess med figuren "Rocky" måtte Stallone finne må noko nytt, og kva kom han så opp med?
Jo, tidenes einmannshær som vart ein inspirator for utallige liknande filmar av ymse kvalitet.
Vel, det er ikkje spesielt uvanleg med den einslige tøffingen som må forsvare seg mot urett og undertrykking, men MÅTEN Stallone gjorde det på i First Blood var likevel noko særeigent.


Vi treffer iallfall Stallone i rolla som John Rambo på fottur til ein kamerat i Washington, delstaten altså, ikkje hovedstaden.
Da det viser seg at kameraten er død, grunna eksponering av giftstoff i Vietnam, så må han berre labbe vidare.
Han vert stoppa av den lokale sheriffen (Brian Dennehy), som er akkurat så ufordragleg som vi kan tenke oss. Sheriffen ser på Rambo som ein slags omstreifande bråkmaker, og køyrer han vekk fra byen.
Rambo, som berre ville ha litt mat på ei kro, vert arrestert og eigentleg behandla ganske så dårleg.
Dei lokale politifolka oppfører seg så dårleg som kun lokale politifolk på film KAN oppføre seg, dvs. heilt elendig, og det ender med at Rambo rømmer ut i villmarka.
Med eit kobbel av amatørsoldatar, frivillige og politifolk etter seg, så er det vel berre eit spørsmål om tid før han blir tatt?

Neida. Skulle du ha sett.

Rambos gamle sjef, oberst Trautman (Richard Crenna) fra Vietnam dukkar opp. Han informerer sheriffen om at Rambo ikkje er ein vanleg dust som kan forventast å bli fanga sååååå lett.
Mannen er nemleg gamal supersoldat fra Vietnamkrigen, som i 1982 ikkje var eit fjernt minne for mange amerikanarar.
Det skal vise seg å bli ein svært omstendleg affære å stoppe denne maskina av ein ekssoldat.
Han åleine er istand til å føre ein heil krig mot samfunnet som, tross alt, berre har behandla han dårlig. Er det rart han vart sur?


Sidan  "First blood" var den første i ei  rekkje filmar om John Rambo, så veit jo alle at han klarte seg gjennom denne første historia.
Og dette er den soleklart beste av dei tre som eg har sett. Eg gav meg etter trearen, som eg syntes var heilt redselsfull den gang eg såg den på kino i 1988/89 ein gang.
First Blood er ein ganske så spennande og intens actionthriller satt i eit regnfullt og skogkledd Washington, fjernt fra alt som måtte minne om storby. Stallone er best når han seier minst mulig, og berre framstiller den tause, mutte tøffingen som Rambo skal være. Derfor blir det litt pinlig når han på slutten av filmen lirer av seg ein liten fortvila monolog om kor ille han og soldatvennene hans er blitt behandla i heimlandet.

Men her er det skyting, spenning, dumme politifolk, eit slags søkelys på urett behandling og ein Stallone som i sin første film som Rambo ikkje var blitt til denne drapsmaskina vi skulle finne i Rambo 2 og 3. Tvert om, vi synes jo nesten litt synd på stakkaren!

Det er laga mange filmar om soldatar som sleit etter heimkomsten fra Vietnam. I åra etter USA`s nederlag i Indokina, så kom det etterkvart også nokre som ikkje hylla dei tapre amerikanske soldatane som måtte føre ein meiningslaus krig, men i 1982 var det framleis nokre år fram i tid for dei fleste av dei.

38 år etter premiera kan vi slå fast at First Blood har tålt "tidens tann" forbausande godt. Den var ein stor kommersiell suksess, og da det var eit faktum så snudde også nokre av dei meir lunke kritikkane. Filmen er i dag rekna som ein viktig milepæl innan actiongenren, og spør du meg, så har vel Sylvester Stallone aldri vore bedre enn i denne.
Ja, nokre av repikkane høyres litt teite ut i dag, men det får vi tåle. Dette er altså berre sju år etter Vietnamkrigens slutt. Det er framleis noko stort og skummelt som heiter Sovjet, og vi har "Den Kalde Krigen" som ikkje ser ut til å stoppe med det første. Lite visste vi vel da kva som skulle skje sju-åtte år seinare.

Så, takk til TV3 som serverte denne gamle actionhiten til oss her ein kveld. Reklameavbrot i bøtter, men filmen var grei underholdning for det, og tåler godt eit gjensyn.

Bilderesultat for terningkast 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar