onsdag 12. februar 2020

Knut ser gamle filmer om igjen: Alien

Ein av mine desiderte favotittfilmar fra ungdommen, science-fiction grøssaren Alien, måtte sjølvsagt gjennomsjåast her ein kveld.
Rett nok har eg sett denne mange ganger sidan premieredatoen i 1979, men nå er det fleire år sidan.
Korleis har denne tålt alle åra som har gått?

A large egg-shaped object that is cracked and emits a yellow-ish light hovers in mid-air against a black background and above a waffle-like floor. The title "ALIEN" appears in block letters above the egg, and just below it in smaller type appears the tagline "in space no one can hear you scream".[1]

Svaret er kort og godt: Veldig bra!
Ja, det er ikkje lenger tekniske detaljar og spenstige effektar i ultraklassen som gjer dette til ein toppfilm. Men stemninga, oppbygginga, plotet.... det er framleis noko av det beste innan sci-fi genren.
"Alien" fekk tre oppfølgarar, og som så ofte før er den første best. Ingen av dei tre etterfølgarane er direkte dårlige, men det vart for mykje mas og stress, gørr og rør i det neste.
Til slutt fikk vi da ein crossover med Predator-filmane på 2000-tallet. Den første var ein litt tam sak plassert på Bouvetøya, og den siste var regelrett dårlig. Ikkje litt dårleg, men grusom er vel rette ordet.
Til alt hell fekk vi eit betydleg løft da ein luring fant ut at ein "prequel" eller to var smart.
Den første, "Prometheus" fra 2014, fortel om tida FØR "Alien", og var faktisk ein høgst brukbar sak. Den siste, fra 2017, har eg ikkje sett enda, og det er såleis den einaste innan Alien og Predator eg ikkje har fått med meg.


Over til den første, originalen fra 1979:
Romskipet Nostromo er på veg tilbake til jorda etter å ha henta råvarer på ein eller annan planet ein stad. Med dei enorme avstandane som fins i rommet, så er mannskapet i dvale.
Men brått vert det vekka av eit signal fra ein øde planet, som dei tolkar til å være fra nokon i nød.
Etter litt intern usemje om bonus og betaling for dette tilleggsoppdraget, så reiser dei ned til planeten, og finn eit digert, stranda romskip. I nærleiken kjem dei også over ein slags åker, fullt av krukkelignande egg, og da er vi eigentleg i gang.
Den vesle parasitten utviklar seg til eit skrekkmonster av eit romvesen, derav filmtittelen "Alien" ikkje sant?

Mannskapet ombord på Nostromo, som ikkje er soldatar i det heile tatt, må ta opp kampen mot dette monsteret, og det er her vi for første gang kjent med tøffe Ripley. Ho er spelt av Sigourney Weaver, som hadde svært lite filmerfaring i 1979.
Andre kjende er jo John Hurt, som vi gjerne hugsar som tryllestavselgar i Harry Potter-filmane, og ikkje minst Ian Holm som robot. Holm kjenner vi også godt fra ei rekkje filmar, deriblant Lord of the Rings, der han spelar hobbiten Bilbo.

Dette er ein veldig spennande film, den dag i dag. Rett nok er som nevnt teknologien småkomisk, særleg i form av dei DOS-baserte datamaskinene, men det vert detaljar, baby, detaljar.
Vi har få BØ!-scenar, slik som vi finn i dusinvis av skrekkfilmar siste 30 år, men heile tid denne krypande, ekle stemninga når dei skal leite etter dette syreblodinnehaldande romvesenet med dobbelt sett gap.

Mange sci-fi filmar ser i dag komisk elendig ut, "Alien" er ikkje ein slik. Dette er framleis ein superkul og god film i dei knappe to timane den varer.
Høgdepunktet må seiast å være ei viss stund rundt matbordet, der John Hurt sikkert kunne fått bruk for både den eine andre tryllestaven..... YI-HAAAAA!!! for ein kul scene!

Ellers: Alle røyker, når dei er ferdig med maten. Æsj!

God og fin tidtrøyte, 41 år gamal til tross.

Nevnte eg taglinen? Neppe: Vel, "In space noone can hear you scream"    Oh yeah.....

Bilderesultat for terningkast 5

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar