tirsdag 11. februar 2020

Ekstremværet "Elsa".



Da har denne dama også komen og dratt.

Førte med seg høg vannstand, men kor høg da?

Jo, det kan du finne ut ved å sjå på desse bilda langs Engadalselva, ca. ein km. fra utløpet til Gaupnefjorden. 




Ca. 17 timar etter at "Elsa" var på det høgaste, såg det slik ut på den lokale badeplassen.



Det var litt problematisk å komme seg ut på brua for å ta dette bildet, men det gikk nå på eit vis.
Som vi ser var stien langs elva heilt overfløymd, så eg måtte komme meg over fra Verket.
På sykkel....



Kontrasten til ein fin sommardag er ganske slåande.






I det umiddelbare nabolaget er det nå tørt igjen. 




Ca. v/midnattstider såg det slik ut.





Den gamle brua har sett mange liter vatn under seg.



Ved å samanlikne med dette bildet tatt 18 timar tidlegare kan vi forstå kor høg vannstand det var. Vi er her ca. 800 m. fra elvas utløp til fjorden.




Denne bygningen vart satt opp av Statkraft midt på 1980-talet. Eg tør påstå at det var ingen som den gang trudde at vatnet skulle stå heilt opp til veggane.



35 år seinare har vatnet komen inn til veggen fleire ganger, og i natt var det altså eit førebels høgdepunkt. Eller lavmål. Alt etter som ein ser det. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar